Bokåret 2018

Denne hausten har eg verkeleg komme i gang med å lese igjen, etter fleire år der sjukdom og konsentrasjonsvansker har trengt seg fram og tatt plassen til bøkene. Og eg gleder meg over framgangen kvar gong eg forsvinn inn i eit eller anna litterært univers. Eg har verkeleg sakna det å lese. Og det er så utruleg godt å finne tilbake til evna til å konsentrere meg om ei bok. Det gir håp å kunne lese andre ting enn alle breva med dei ubehagelege orda “nedsatt arbeidsevne” og “langvarig” er bytta ut med endå meir ubehagelege ord som “kronisk” og “ufør”.

snaplioteketlogo

Eit av haustens verkeleg store høgdepunkt har vore å vere med å starte opp snapkanalen Snaplioteket! Saman med sju andre bokbloggarar/Booktubarar har eg begynt å skravle om bøker på snap omtrent ein gong i veka. Det er både morsomt og lærerikt å vere med i eit slikt prosjekt. Og ikkje minst er det veldig inspirerande. Samanlikna med blogg og instagram, gir snap-formatet ein endå nærare og meir direkte kommunikasjon med følgjarane, og eg koser meg veldig med det. Både dei andre snapliotekarane og publikum bidrar med veldig mykje inspirasjon! Eg gleder meg til å fortsette med snappinga inn i 2019!

Dei siste åra har eg stort sett bare lytta til lydbøker og det er framleis stor overvekt av lydbøker på lista over bøker eg har komme gjennom dette året òg. Det er ikkje noko gale med lydbøker som sådan, men eg ender opp med å lese andre bøker i det formatet enn når eg les teksten. Lydbok er eit format som, for meg, krev mykje meir handlingsdriv enn andre format. Så for tredje år på rad har eg ei ganske stor overvekt av krim, noko dei som kjenner meg veit at eg ikkje har lese mykje av tidlegare. Men utover hausten har eg lese stadig fleire papirbøker og e-bøker, i undersjangrar som eg las mykje av tidlegare.

Bokhausten i år har vore spesielt sterk. Det er lenge sidan eg har bladd gjennom forlagskatalogane og sett så mange sterke og godt etablerte norske forfattarar på ein haust. Og samtidig er det fleire nykommarar som har blitt både nominerte og kåra til viktige prisar. Inspiriasjon fører til bokshopping og eg har kjøpt fleire nye norske fullprisbøker enn eg har gjort på lenge. Fleire enn eg har rekke å lese, men heldigvis går ikkje bøker ut på dato sjølv om vi runder eit nytt år.

Her er eit usnitt av bokhylla mi på ebok.no. Eg har mange timar med gode bøker framføre meg denne vinteren:

Dei litterære høgdepunkta i 2018, er (foreløpig):

Tante Ulrikkes vei av Zeshan Shakar: Dette er ei av dei bøkene eg allereie veit at eg kjem til å lese fleire gonger. Eg har skrive eit grundigare blogginnlegg her.

Så mye hadde jeg av Trude Marstein: Marstein er ein gammal favoritt, som eg blei kjend med under studiene. Og ho har levert denne hausten òg. Eg har blogga om boka her.

Leksikon om lys og mørke av Simon Stranger: Nå bryt eg eit prinsipp og skriv om ei bok eg ikkje har lese ferdig. Men denne boka fortener verkeleg all hypen ho har fått denne hausten. Eg har vore begeistra for Stranger sitt forfattarskap heilt sidan eg las Mnem og eg synes det er stort at han endeleg får den merksemda han fortener. Eg er drygt halvvegs i boka, og årsaken til at eg ikkje er ferdig endå, er at dette er ei bok eg liker å lese i store jafs. Med julestri og familieforpliktelsar har det ikkje vore tid til den typen lange leseøkter som denne boka fortener. Likevel, både teksten, tematikken og komposisjonen gjer at boka fortener den merksemda ho har fått.

27161156Hillbillyens klagesang av J. D. Vance er ei bok som gir eit sterkt innblikk i tilhøva hos den amerikanske arbeidarklassen. Eg har forstått så mykje meir av det eg har lese i kommentarartiklar og kronikkar, om politikarforakt og avstand mellom klassane i USA. Det som gjer at eg opplever at akkurat denne boka er meir relevant enn ein del av dei andre kommentarane eg har lese, er at J. D. Vance har eit innsideperspektiv. Han er ikkje ein eller annan sosiolog som sitt på eit universitet og skildrar ei folkegruppe på avstand. Han er ein mann som skriv om oppveksta si i denne folkegruppa. Og sjølv om J. D. Vance si historie har mange element av “from rags to riches”, skriv han om familie og nærmiljøet han veks opp i på ein respektfull og nær måte. Han understreker stadig at det at han har fått ei høg utdanning og ein god jobb, er eit resultat av at han hadde nokre gode mennesker rundt seg. Dette er ei av dei bøkene som har festa seg hos meg. (Eg høyrde boka på norsk på Storytel. Der har dei både norsk og engelsk lydbok).

39798228

Gratis og uforpliktande verdivurdering av Marit Eikemo er ei av dei bøkene eg ser fram til å skrive eit lengre og grundigare blogginnlegg om. Denne korte romanen begynner som ein litt overflatisk og komisk roman om eit stereptypisk par der kvinna lengter etter større bustad og betre plass, medan mannen eigentleg er ganske tilfreds med det han har. Men utover i boka blir det stadig mørkare og parallellane til dei realistiske dramaa til Ibsen blir klarare. Eg har veldig mykje eg kunne tenkt meg å skrive om denne boka, men eg nøyer meg med å seie at det er ei av dei (mange) gode norske 2018-bøkene.

Dette året har ungen min blitt eldre og vi har fått til å lese lengre bøker med fleire kapitler saman. Og ikkje eit vondt ord om verken Bukkene Bruse på badeland, Den utrolig historien om den kjempestore pæra eller Super Lykkelige Magiske Skogen. Men etter fleire år med desse tre bøkene om og om igjen, er det veldig stas å kunne lese lengre bøker. Vi har lese SVK, Den kjempestore krokodillen og Georgs magiske medisin, og sidan Roald Dahl er så aktuell her, har eg gjenlese Boy. Bøkene om Detektivbyrå nr. 2 og Gutta i trehuset er òg populære høgtlesingsbøker.

Nå som det nærmer seg nyttår, sitt eg og tenker gjennom måla mine for 2019. Og eit av måla mine er å blogge meir om det eg les. Når eg forsøker å skrive korte omtaler av dei beste bøkene eg har lese, kjenner eg at skrivetrangen veks og at det er vanskeleg å skrive kort. Eg er blant dei som er veldig glad for at nominasjonsfristen til Bokbloggerprisen ikkje er før i midten av februar. Eg trur fokuset den første månaden kjem til å ligge på å lese dei norske bøkene eg har skaffa meg fordi eg har trua på dei. Eg ser fram til å lese både Per Petterson, Gunhild Øyehaug og Jan Grue.

8 comments

  1. Snaplioteket har vore det kjekkaste på snappen dei siste månadane! Det trur eg har verkeleg slått an 🙂 Det gler meg (som har kjent deg i nokre år) at du leser meir utenom lydbøker. Eg høyrer mykje lydbok sjølv, men eg har ikkje brukt det på same måten som deg. Håper du får eit minst like bra 2019 og på bokfronten! ❤

    • Åh, så kjekt å høyre at du liker det vi driv med! Vi koser oss i alle fall veldig med å lage snappen. Og takk! ❤️ Det er godt å kjenne at eg har litt meir fokus, for min eigen del og.

  2. Hei! Veldig kjekt å høre om lesepreferansene dine, og få med meg at vi liker mange av de samme bøkene. At det er flere krimlesere der ute, er også kjekt å vite 🙂 Selv prøver jeg å følge med på snaplioteket, men får ikke helt dreisen på det, får tromme igang en tvangslesing på nyåret og få litt hjelp av de to bergenstøttene som er med. Takk for det gamle Bjørg, og riktig godt nytt leseår!

    • Godt nytt leseår til deg og!

      Det med krim er litt morsomt, for eg synes bare det funker på lydbøker. I og med at eg nesten ikkje har lese det tidlegare, har eg hatt mykje å ta igjen. Så det blir ein del eldre krimserier frå start til slutt. Eg har endå til gode å lese ny krim. 😅

      Eg trur snap er litt enten-eller, mange liker formatet, medan andre synest det er stressande. Uansett koser vi oss med å lage det!

  3. TUV har jeg lest og hørt flere ganger allerede og siden Eli og meg skal på teater i juni og se nettopp TUV skulle det ikke forundre meg om jeg kommer til å høre den èn gang til. Av de du har bilde av har jeg lest 8 pluss Tante Ulrikkes vei og Eikemo sin bok som jeg likte men det var noe med slutten som trakk ned hos meg så jeg er spent på omtalen din av den. Likte veldig godt Marstein sin nyeste bok, jeg har ikke lest noe av henne før men det blir garantert flere. Stranger sin bok er veldig bra, det samme er Kinderwhore som er en av årets sterkeste for min del, og Ut av ensomheten likte jeg godt. Øyehaug sin nyeste har jeg også på vent og den blir nok lest i løpet av 2019 tenker jeg.
    Jeg har lagt bokbloggerprisen på hyllen men jeg vurderer om jeg skal lage et innlegg over de norske bøkene jeg har lest i år likevel,eller i hvert fall om de jeg syntes var gode. Snapchat har jeg prøvd mange ganger men har aldri forstått meg på det og er heller ikke interessert i flere apper å holde styr på, for meg er det mer enn nok med blogg, insta og facebook men jeg tviler ikke på at dere har det kjekt og det er vel det viktigste! 🙂

    Godt nytt leseår, Bjørg! 🙂

    • Godt nytt leseår til deg og!

      Det gir absolutt meining at det kan bli for mange apper – eg kjenner innimellom på det same, eg og.

      Så dumt at du har lagt prisen på hylla. Det har vore veldig morsomt å følgje med på samlesings-heiinga som du og Eli har drive med.

      Slutten hos Eikemo er det eg synes løfter boka ut av den litt enkle «sit-com»-scenariet, til noko meir. Det er spennande at vi les bøker så ulikt.

      Eg høyrde om teateret. Eg må prøve å skaffe billettar sjølv og.

  4. Heilt einig med Elida; Snaplioteket er utruleg kjekt å følge meg på, og ikkje minst inspirerande. Eg har lese fleire av dei same bøkene som deg, og sit att med dei same gode opplevingane. Dei tre du ser fram til å lese skal eg også lese. Elles tenkjer eg å halde fram med bøker frå 1001-lista, prøve å følge med på Elida sin lesesirkel + lese dei 14 kvinnelege Nobelprisvinnarane, som er Beathe sitt prosjekt. Sistnemnde blir nok litt meir laust for min del. Godt nytt år!

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s