Episke Tinder-dikt

Eg et før eg kjem er ei episk diktsamling, og då meiner eg episk i den opphavlege tydinga av ordet: Ein tekst som fortel ei historie. For gjennom drøye 200 sider med dikt, fortel denne boka ei historie om ei namnlaus Ho, som går frå kjærasten sin og forsøker å finne lukka på Tinder. Først er ho motvillig til å i det heile tatt prøve denne moderne datingteknologien, deretter møter ho Kulturmannen, som ho faller pladask for. Problemet er at han ikkje elskar henne tilbake, og dermed er det tilbake til Tinder og ei lang rekke meir eller mindre håplause datingerfaringar. Ho er så opptatt av Tinder og dei mange forsøka på å finne kjærleiken der, at Ho ikkje ensar hipsterbaristaen som lager hjerter i skummet på kaffen hennar.

Eg fekk boka Eg et før eg kjem uoppfordra i posten frå Samlaget, og hadde eigentleg lagt ho i den stabelen med bøker eg tvilte på at eg kom til å lese. Eg tok ho fram igjen, fordi Trine i Snaplioteket, aka @meirbok på Instagram, snakka varmt om denne. For dei bøkene Trine anbefaler, pleier vere gode! Og eg er glad for at eg gjorde det, for dette var ei bok eg likte å lese.

Kari Anne Bye blandar alvor og humor, såre kjensler og varme betraktningar i noko som til slutt blir ei sterk samling tekstar som skildrar einsemd, lengsle og sakn etter å høyre til i eit parforhold. Eg et før eg kjem er absolutt ei bok som er veldig nåtidig, i og med at ho skildrar bruken av dei mest vanlege appane for kommunikasjon nå i dag: Tinder, Snapchat, Messenger. Det er òg ei samtidsskildring i den forstand at Ho skildrar og observerer trender og tendensar som er veldig aktuelle og nåtidige. Møtet med Kulturmannen med skinnyjeans, hipsterbaristaen og NAV-angsten til det arbeidslause, men høgt utdanna subjektet i teksten, er eksempler på element som ikkje akkurat er tidlause, verken i språk eller tematikk.

Samtidig skriv Bye seg inn i etterkrigstida si nynorskdikting, gjennom ein aktiv og velfungerande bruk av referanser til dei store nynorske lyrikarane frå siste halvdel av 1900-talet. Eg finn element frå Haldis Moren Vesaas, Tor Jonsson, Olav H. Hauge og Jon Fosse i dikta til Bye. Det er heilt sikkert fleire referanser her, som eg ikkje såg ved første gjennomlesing. For det er mange av dei. Denne intertekstualiteten fungerer veldig godt, og får meg til å tenke på korleis samfunnet har endra seg dei siste søtti, femti eller tretti åra. Det allmennmeneskelege og tidlause i lengsla etter å høyre til og å finne nokon ein kan elske, som elskar ein tilbake, blir tydeleg gjennom desse referansene. Og balansen mellom det nåtidige og det som viser til dei gamle diktarane si lengsle, er god.

Formmessig er det òg tydeleg at Bye har lete seg inspirere av diktarane frå etterkrigsstida og slutten av forrige århundre. Både rytmen i dikta og bruken av språket passer saman med desse referansene. Det kvardagslege og nære er utgangspunkt for refleksjonar rundt det store og abstrakte, samtidig som det er konkret og gjenkjenneleg, akkurat som hos Hauge, Vesaas og Jonsson. Dermed blir tekstane både universelle og veldig konkret knytta til den kulturen vi lever i akkurat i dag.

Eg brukte omlag to timar på å lese Eg et før eg kjem frå perm til perm. Og som episk dikt, er boka fin å lese frå perm til perm. Det gjer at dei einskilde tekstane blir ein del av ein større samanheng. Nokre av tekstane må lesast i denne samanhengen for å gi meining. Men veldig mange av dikta er gode som einskilddikt òg. Det tenker eg på som ei styrke, når det kjem til denne typen diktsamlingar, som fortel ei historie. Dikta er ikkje bare eit element i ei større forteljing, men dei er òg gode og konkrete augneblikkskildringar.

Eg er heilt klart begeistra for Eg et før eg kjem. Eg vil gjerne takke både Kari Anne Bye for ein god og solid debut og @meirbok for at ho gjorde meg merksam på at dette er ei bok det er verdt å lese.

Legg igjen ein kommentar