Når hypen er fortent!

9788203363771

Det hender at eg blir så overvelda av at enkelte bøker får veldig mykje spalteplass, og då putter eg dei i hypekarante (for øvrig eit flott ord, som eg har plukka opp frå ei eg kjenner), og venter til hypen har lagt seg litt. Og den siste boka til Simon Stranger, Leksikon om lys og mørke var eigentleg på god veg inn i hypekarantene. Eg kjøpte boka då ho kom ut i sommar, men innan eg rakk begynne på ho, var eg lei alt snakket.

Så skulle eg snappe om Nordisk litteraturuke på Snaplioteket i november, og der dukka ungdomsromanen De som ikke finnes opp. Då eg henta denne ut av bokhylla og bladde i den for å snakke om boka, hugsa eg korfor eg alltid har likt Simon Stranger sine bøker så utruleg godt. Eg har jo eigentleg sagt at alle burde lese Simon Stranger sine bøker, heilt sidan eg las boka Mnem i 2008. Det var litt tilfeldig at eg blei merksam på denne boka. Eg var i arrangementgruppa til “Forfatteraften” på Studentersamfundet, på den tida. Og ein ivrig representant for forlaget ville gjerne sende Simon Stranger med Mnem til oss. Etter intervju og høgtlesing med forfattaren, gjekk eg frå bokhandel til bokhandel og leita etter boka, før eg til slutt bestilde ho på nett. Og heilt sidan eg las Mnem, har eg sagt at alle burde lese Simon Stranger sine bøker – og då ville det jo vere urimeleg å putte Leksikon om lys og mørke i hypekarantene bare fordi at “alle” omsider les boka til Stranger.

Leksikon om lys og mørke er ei sånn bok som det er vanskeleg å skrive om, for det er så utruleg mykje eg har lyst til å trekke fram. Det er ein kompleks roman som begynner ved ein snublestein i Trondheim. Forfattaren sjølv, som heile tida er det tekstlege eg-et, og familien hans står ved snublesteinen med namnet til Hirsch Komissar, som er oldefaren til kona til Simon Stranger. Historien om snublesteinane, jødeforfølginga og andre verdskrigen, får dermed eit svært personleg utgangspunkt. Det personlege i denne forteljinga blir oppretthalde ved at forfattaren heile tida hendvender seg til eit tekstleg du, når han skriv om oldefaren til kona. Vidare kjem det fram at svigerfamilien til Simon Stranger ikkje bare mista ein av forfedrene sine under Holocaust. Etter krigen flytta besteforeldrene til Stranger si kone inn i ein stor villa sentralt i Trondheim, det same huset som hadde vore hovudkontoret til Rinnan-banden. I eit intervju uttalte Stranger at då han høyrde historia om huset som svigermora hadde vekse opp i, tenkte han “Her ligg det ein roman”.

Leksikon om lys og mørke er historia om etterkommarane etter Hirsch Komissar, om dei unge gutane som flykta til Sverige etter at faren deira var sett i fangeleir på Falstad og om familien som strevde med å finne seg til rette i huset som stod tomt etter Rinnan-banden. Men boka er òg historia om den kortvokste guten frå Levanger, som aldri fann seg til rette i det sosiale miljøet, blant jamnaldrande. Det er historia om ein einsam og sint gut, som veks opp og som får ei stadig sterkare trong til å vise at han kan hevde seg over dei som ein gong lo av han. Han hevder seg først gjennom nasking og småsteling frå onkelen sin butikk, seinare, når tyskarane kjem til Norge, oppdagar han at han kan bruke kontaktnettverket sitt, spele dobbeltagent og avsløre motstandsrørsla for tyskarane. Dette gir han ein heilt spesiell posisjon, inntekter og goder som ikkje var tilgjengelege for vanlege folk under krigen. Og slik får Henry Oliver Rinnan heva seg over dei som ikkje tok han på alvor i barndommen.

Desse to hovudlinjene¸ om skjebnane til dei som på ulikt vis er knytt til huset i Trondheim, er fletta saman gjennom ein komposisjon som er så sterk at eg kjenner det i magen medan eg les. Den overordna komposisjonen, leksikonet, er elegant. Ved å gå gjennom bokstav for bokstav og trekke fram ulike stikkord knytta til denne bokstaven, blir historia om familien Komissar og historia om Henry Oliver Rinnan fortald i nokonlunde kronologisk ordning. Overgangen mellom B for barndom (Rinnan sin barndom) til B for bygningene (på Falstad) er blant mange overganger der kontrastane blir framheva gjennom dei rekkjefølgjen på dei alfabetiserte avsnitta. Teksten veksler frå lange episke parti knytta til nokre av stikkorda og tankevekkande kortprosa knytta til andre stikkord. Det skaper variasjon i teksten og det er absolutt ei styrke.

Både under lesinga av Mnem, En fremmed i verden og under lesinga av Barsakh-trilogien og særleg De som ikke finnes blir eg veldig fascinert over korleis Stranger har ei heilt spesiell evne til å skrive sterke skjønnlitterære tekstar om etikk, moral og politiske tema, som får meg som lesar til å tenke meg om, utan at det politiske er eksplisitt og moraliserande. Då eg var frivillig i Ubok, hadde eg lyst til å intervjue Stranger om dette. Men eg kom aldri så langt, før sjukdom og elendigheit tok meir av plassen i kvardagen min. Likevel, i eit kulturelt og litterært klima kor forfattarar stadig blir anklaga for å vere navlebeskuande og sjølvopptekne. Og her skil Stranger sine bøker seg ut, gjennom at han skriv tekstar som får meg som lesar til å tenke gjennom det ansvaret vi mennesker har for jordkloden og for kvarandre, i eit mellommenneskeleg perspektiv og i eit globalt perspektiv. Når alt kjem til alt er alle mennesker.

B for barndom, dette landet som hver og en av oss kommer fra, uvitende om hvordan ansamlingen av hendelser og følelser fra de første årene skal synke sammen som sedimenter på havbunnen og lagre seg dypt inni oss, danne landskap og væremåter som preger oss for resten av livet.

Dette er innleiinga til første kapittelet om Rinnan. Han som historiebøkene har framstilt som eit monster, ein landssvikar og ein av dei ondaste nordmennene som har leve på 1900-talet, blir presentert som ein 10 år gammal gutt. Og som alle andre, har Henry Oliver ein ein barndom full av hendingar og kjensler som former han. Eg får lov til å bli trist på vegne av barnet, sjølv om eg veit kva han skal gjere som vaksen. Eg får sjansen til å sjå verda gjennom ungdommen Henry Oliver sitt blikk, kjenne på varme kjensler når han går aleine og riste på hovudet når han gjer dårlege val. Og sjølv om handlingane til Rinnan etter kvart viser seg å blir meir og meir uforståelege, er eg så imponert over måten denne mannen blir skildra på. Stranger klarer nemleg å framstille ein av norgeshistoria sine mest usympatiske personar som eit heilt menneske med tankar, kjensler og erfaringar som i varierande grad vekker sympati hos lesaren. Og det er godt gjort! Det er tross alt Henry Oliver Rinnan vi snakker om!

H for hender. Hender som knytter en skolisse. Hender som holder et barn og ser opp mot blomstene på et frukttre. Hender som børster vekk smulene fra et bord, med harde og raske bevegelser. Hender som banker inn nagler i en skosåle. Hender som griper rundt en pisk. Hender som knytter seg, og som slår inn i en annens kinn. Hender som er bundet sammen med tau. Hender som holder rundt et glass. Hender som stryker over et kinn. Hender som sklir inn i en hanske. Hender som dras gjennom et stoff med tweed. Barnehender mot et vindu, mot et håndtak. En jentes pekefinger som legges mot leppene. Det er Jannicke Komissar. Ansiktet hennes gløder i skinnet fra stearinlyset hun holder i den ene hånden, og flammen flakker så vidt av vinden fra pusten hennes idet hun snur seg mot søsteren og hvisker. “Kom, Grete. Det er en hemmelig gang her oppe!”

I dette korte avsnittet er både uskyldige barn og strenge fangevoktarar, fangar og foreldre til små barn framstilt gjennom hendene. For meg blir det ei veldig sterk skildring av at alle er mennesker. Alle har hender. Og desse hendene kan utrette så mykje forskjellig.

M for monsteret som hviler inni hver og en av oss.

M for människor, og for minnet om en av de andre setningene som ble værende igjen i meg etter besøket hos Lillemor i Stockholm: “Mennesker er det råeste av alle dyrene. Mennesker kan være så grusomme … og så gode. Kan være både og,” sa hun og vippet den skrukkete hånden i en rask bevegelse. Et både, som var håndens utside, den som knyttet seg og slo, og deretter innsiden av hånden, den som kan legge seg over et kinn og stryke varsomt for å gi trøst, holde et spedbarns hode eller forme en snurrende krukke av leire på en dreiebenk mens jorden sirkler inn mot håndflaten.

Det er så mange slike sitat som eg gjerne skulle trekke fram. Men eg nøyer meg med desse to. Dei får fram noko av det eg kjenner at er det viktigaste eg sitt igjen med, etter å ha lese Leksikon om lys og mørke; Nemlig at vi er av det same utgangspunktet. Det er handlingane, det vi vel å bruke hendene til, som avgjer om vi blir gode eller onde mennesker. Og vi er alle forma av dei opplevingane og erfaringane vi har.

Nokre passasjer i boka er så vonde å lese at eg kjenner det går kaldt nedover ryggen på meg. Andre passasjer får meg til å smile, over varmen som blir formidla. Og mange av passasjene har eg vore nødt til å stoppe opp ved og lese om igjen og bruke tid på å fordøye.

O for ordene vi bruker om hverandre, ordene som ikke bare behandler virkeligheten, men som også skaper den.
Det er ordene som kan lage kategorier, som kan kalle folkegrupper kakerlakker, fortelle om konspirasjoner, om veikhet, om ødeleggelse av den hvite rase.
Da er det logisk å fjerne andre, med de midler som måtte synes nødvendig. Slik blir det grusomme ikke bare virkelig, men nødvendig.

Dersom du er som meg og putter bøker i hypekarantene, så må du gjere eit unntak for denne boka. Den er så enormt verdt å lese, at eg allereie har kjøpt tre eksemplar av den. Eit til meg og to i gåver.

Simon Stranger
Leksikon om lys og mørke
Aschehoug, 2018
Papirutgåva har 400 sider

 

5 comments

  1. Jeg leste boka nokså nylig og selv om jeg likte den følte jeg etterpå at det var foe mye mørke og for lite lys. Din lesning synes jeg trekker fram lyset (og betydninga av å belyse mørket!) på en måte som gjør boka enda bedre for meg. Takk!

    • Så fint at du seier det. Det er mykje mørke, det er eg einig i. Men samtidig kjenner eg at det er mykje av begge deler, fordi det blir så tydeleg at det er dei vala vi gjer som former oss. Og så synes eg det er veldig interessant å sjå på ondskap i eit sosiologisk perspektiv, så eg blir veldig fascinert framstillinga av Rinnan.

  2. Denne rykker stadig fram i lesekøen hjå meg, no er eg klar. Det hjelp at forsida ikkje er klistra over.alt. meir, eg er nyfiken, gler meg og har teke boka ut av karantena.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s