Et lite liv av Hanya Yanagihara

REKLAME: INNHELD SALGSLINKER/BETALT SAMARBEID MED POKKET.NO

Et lite liv har stått i bokhylla i mange år. Eg har fått ei tilråding om å lese boka av mange. Men så er det noko med desse mursteinane. Det sitt langt inne for meg å ta fatt på ei tjukk bok. Ikkje fordi tjukke bøker er dårlege, men fordi dei er fysisk tunge å dra rundt på, dei er vanskelege å lese på senga og tunge å halde. Og dermed har Et lite liv blitt nedprioritert. I vinter melde eg meg imidlertid på Vår- og påske-bokbingo, og ein av kategoriane var å lese ei bok eg har tenkt å lese lenge. Valet blei Et lite liv. Det at dette blei den einaste boka eg las mellom påske og sommarferien, betyr ikkje at det var ei dårleg bok. Men det var ei mektig bok og ei bok det var krevjande å lese. Det er òg ei bok det er vanskeleg å skulle skrive noko om, derfor har eg ikkje lagt ut boka verken her eller på instagram, etter at eg blei ferdig med ho. Eg har gått rundt og lurt på kor personleg eg skal vere, når eg skriv om boka.

Eg har vore psykisk sjuk i mange år nå. Eg er i ferd med å bli friskare, frå ein alvorleg traumelidelse. Og når eg skal skrive noko om Et lite liv er det vanskeleg å ikkje komme innpå kor ekte og realistisk Jude sine reaksjonar på hans traumer er skildra i denne boka. Eg veit liksom ikkje heilt kor eg skal begynne å skrive, viss eg skal la vere å nemne mi eiga sjukdomshistorie her. Samtidig er det alltid skummelt å utlevere for mykje, Internett, du veit … Men eg kjem ikkje unna det, for eg vil så gjerne seie noko om kor djupt denne boka har gripe meg, kor realistisk eg synes ho er og kor sterkt og vanskeleg det var for meg å lese ho. Derfor er eg litt meir utleverande enn eg pleier å vere.

Då eg las dei første kapitla i Et lite liv, tenkte eg: Kva er all fuzzen om? Det er jo ikkje som om eg ikkje har lese om ein gjeng unge vaksne, fattige menn med kunstnarambisjonar i New York før. Men så les eg vidare. Og eg les om Jude, som beskytter seg frå den djupe sjølvforakta og skamma han er blitt påført i oppveksta, gjennom å skade seg sjølv og halde avstand til andre mennesker. Sjølv dei nærmaste rundt han, held han på avstand. Han møter mange gode mennesker i sitt vaksne liv, og det er gjennom desse gode menneskene vi får bli kjent med Jude. Jude er lukka, han vil ikkje ha hjelp, han har heile livet kompensert for alt det vonde gjennom å vere flinkast og best og samtidig døyva smerta ved å skade seg sjølv. Han vil ikkje skilje seg ut eller ha spesialbehandling. Og når han møter mennesker som elskar han ubetinga, blir smertene større og tranga til å skade seg sjølv sterkare.

Dette blei eit knyttneveslag for meg som lesar. Kanskje fordi eg venta denne “unge kunstnarar som finn seg sjølv”-romanen, etter dei første kapitla? Kanskje fordi det var så nært at Jude blei personleg for meg? Eg er ikkje sikker. Et lite liv gir ikkje svar på nokon av dei store spørsmåla rundt korleis traumer former eit menneske. Men samtidig viser boka det fram, gjennom Jude, gjennom sjølvbiletet hans, adferden hans og korleis han heile tida kjemper mot seg sjølv for å klare å vere nær andre mennesker. Ein skulle jo gjerne tru at mennesker som har opplevd store svik, treng og ønsker mykje omsorg. Et lite liv viser kor vanskeleg det er for Jude å ta i mot omsorg og nærleik frå andre mennesker. Sjølv om han møter mennesker som vil han godt, er såra hans for djupe, han klarer ikkje å sleppe dei inn.

Boka handlar ikkje bare om Jude. Ho handlar og om dei som står rundt han, særleg Willem og Harold. Eg blir gripen av kor vondt det er for desse to, og dei rundt dei igjen, å stå på sidelinja og ikkje klare å tvinge Jude til å ta i mot hjelp. Og dette oppfatter eg som svært realistisk. Det er slik det er å vere pårørande til eit menneske som ikkje klarer å vere glad i seg sjølv. Det er ikkje bare Jude som må leve med si smerte, dei rundt han må òg leve med hans smerte. Og det gjer vondt for dei.

Eg reagerer ofte på helsepersonell, medmennesker og storsamfunn som kritiserer folk som ikkje klarer å ta vare på seg sjølv i vaksen alder. Det kan vere mange formar for sjølvdestruktiv adferd, i Jude sitt tilfelle er det sjølvskading, suicidalitet og det at han ikkje tar tilstrekkeleg ansvar for å søke hjelp for den fysiske sjukdommen sin, som er uttrykket for hans sjølvforakt. Historia om Jude hjelper meg som lesar å sjå dette innanifrå. For Jude er ikkje ein type som ikkje tar vare på seg sjølv. Han er ein mann som har opplevd så mykje vondt i oppveksta at ikkje klarer å tru at han fortener å bli tatt vare på. Og igjen, Hanya Yanagihara fortel oss ikkje dette. Ho viser oss dette, gjennom å vise oss Jude. Og ho viser oss det på ein måte som gjer at eg som lesar får kjærleik for Jude.

Bare tittelen, Et lite liv, A Little Life. Det lille livet til Jude, han som heile tida prøver å gjere seg mindre enn han er, mindre verdig, mindre menneskeleg … Jo mindre Jude blir, jo meir synleg blir han for dei rundt seg. Og jo høgare elskar dei han. Og likevel er det så vanskeleg å reparere skadene Jude er blitt påført. Historia til Jude er ikkje unik. Eg har sjølv høyrd mange liknande historier av medpasienter, gjennom mine år som psykiatrisk pasient. Det som går igjen er at hjelpeapparatet og storsamfunnet ber dei ta ansvar, slutte å skade seg med knivar, mat, rus, alkohol eller kva det nå enn er dei skadar seg med. Men så er det bare dette eine som lindrer og hjelper dei. Eg får lyst til å seie: Sjå på Jude! Han forklarer det så godt. Han viser kor vanskeleg det er å ta i mot og han skildrar det som riv han i stykker frå innsida så presist.

Eg er så heldig å ha fått ein liten bokhandel hos Pokket.no. Her kan eg legge ut bøker eg vil anbefale og få nokre kroner i provisjon for salet. Så viss du tenker at du gjerne skulle ha lese Et lite liv (noko eg sjølvsagt meiner at alle som ikkje har lese boka ennå må gjere!) kan du kjøpe ho her: https://pokket.no/produkt/3057/

One comment

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s