Min bakgrunn
Mitt namn er Bjørg Augestad Ims. Eg er født i 1981 og er utdanna lektor med faga psykologi, KRL og nordisk litteratur. i 2010 leverte eg masteroppgåva Den djupa livsupplevelsen ved Universitetet i Oslo. Eg skreiv om En Mölna-Elegi, ein diktsyklus av den svenske diktaren Gunnar Ekelöf. Både lyrikk som sjanger og modernismen, som er den littaturhistoriske
perioden Ekelöf gjerne blir plassert i, er blant dei områda eg er spesielt interessert i. Dei seinaste åra har eg jobba som lærar ved ein vidaregåande skule, kor eg har undervist i norsk og religion og etikk. På grunn av sjukdom, har eg ikkje vore i arbeid dei siste åra, men nå er eg på beina igjen og jobber litt frilans med ulike former for tekstarbeid. Ta gjerne kontakt med meg på linjene[at]myhre-ims.no ved behov for korrektur og språkvask (begge målformer), manuskonsulent eller skribent.
Om bloggen
“Mellom linjene” blei starta opp i september 2012. Namnet på bloggen min er henta frå Ekelöf sitt dikt “Poetikk” kor han skriv “Vad jag har skrivit är skrivet mellan raderna” (heile diktet). Det er ambisiøst å ha Ekelöf sin poetikk som overskrift og motto. Samtidig er den lesemåten Ekelöf beskriv i dette diktet, kor han skriv “Det är till tyssnaden du skall lyssna” eit stort førebilete for mi lesing.
Eg har blogga sidan april 2008 (tidlegare skreiv eg boklesebloggen, anonymt). Eg blogger om bøker og litteratur fordi eg liker å lese, fordi eg liker å skrive og fordi eg er trur at mi stemme har noko å bidra med i den offentlege samtalen om litteratur. Og alt dette er gode grunnar til å blogge om bøker. Men den viktigaste grunnen til at eg har vald å bruke bloggmediet til skrivinga mi, er at eg er veldig begeistra for den kommunikasjonsformen som bloggen åpnar for. Bloggen er eit medium som gjer det mogleg med ein heilt unik tovegskommunikasjon mellom meg som skribent og dei som les og kommenterer. Eit blogginnlegg er aldri ferdig, når det blir publisert, slik som tekstane i meir etablerte medier er. Eit blogginnlegg lever vidare i kommentarfeltet og i dialogen med lesaren etter at innlegget er publisert. Det er det dialogiske og sosiale aspektet ved bloggmediet som gjer at eg liker å bruke fritida mi på å blogge om litteratur. For blogginga mi er ein hobby. Det er ingen som betaler meg for å skrive og det er ingen som gir meg pengar for å blogge. Eg er min eigen redaktør og det er eg personleg som står ansvarleg for alt eg skriv her. Sidan dette ikkje er eit lønna arbeid, vil det hende at oppdateringane er mindre hyppige i periodar kor eg har mykje å gjere i resten av livet.
Litteraturutvalet på “Mellom linjene”
Du som les bloggen min, vil sjå at eg skriv om ganske mykje forskjellig. Eg skriv litt om dikt, både gamle og nye dikt. Eg skriv mykje om skandinavisk samtidslitteratur og det siste året har eg fått augene opp for ein del danske forfattarar som er nye for meg. Eg forsøker å lese meg opp på gamle klassikarar og eg les ulike sjangrar, både skjønnlitteratur og sakprosa. Tyngden ligg nok på skandinavisk, britisk og amerikansk litteratur, men eg har ei målsetting om å lese fleire bøker frå andre språkområde enn det skandiviske og det anglo-amerikanske. Og eg forsøker stadig å bevege meg ut av komfortsona og lese ukjende forfattarar og litteratur som utfordrer meg. Du vil raskt oppdage at det er lite krim, fantasy og bøker med blomster på omslaget her. Eg har ingen redaksjonell strategi bak bøkene eg vel å lese og eg skiv om bøker eg har lyst til å skrive om her i bloggen. Over tid er lesinga mi variert sjølv om eg skulle få ei Atwood-dille ein periode og ei Jon Fosse-dille ein annan periode.
Etter ein lang periode med sjukdom og konsentrasjonsvansker, har eg blitt meir og meir glad i å lytte til sakprosa og krim på lydbok. Det er eit format som har vekse veldig på meg, dei siste åra.
Leseeksemplar
Det hender eg får tilbod om leseeksemplar frå forlaga. Dersom dette er bøker eg er interessert i å lese, takker eg ja. Men eg lar sjeldan tilbod om leseeksemplar styre val av bok. Avtalane med forlaga er i desse tilfella uforpliktande og eg vurderer sjølv om og kva eg eventuelt skriv om boka. Eg oppgir alltid i blogginnlegget om det er eit leseeksemplar eg har fått frå forlaget. Viss ikkje det står noko i innlegget, er det ei bok eg har kjøpt, fått eller lånt på bibiloteket på eige initiativ. Og om eg har lånt ei bok på biblioteket eller fått ho i posten frå eit forlag, tener eg uansett ikkje penger på å skrive om bøkene her på bloggen.
Om du ønsker ein nærmare presentasjon av meg som lesar, kan du lese innlegga “Lesarprofil”, om korleis eg vel bøker og ei litterær sjølvmelding.
Kontakt
Dersom du vil ta kontakt på e-post når du meg på linjene[at]myhre-ims.no.
Viss du vil ha med deg alle blogginnlegga eg legg ut, anbefaler eg deg å følgje “Mellom linjene” via e-postabonnement (trykk på knappen i margen) eller like “Mellom linjene” på facebooksida til bloggen. Då får du beskjed når eg har oppdatert. Du kan og følgje meg, @bjoims, på twitter. Eg er òg aktiv på Instagram på @mlm_linjene.
Dersom du er interessert i å vite meir om meg og mi bakgrunn, kan du besøke LinkedIn-profilen min.
Så godt at du er tilbake igjen! Nå ble jeg glad!
Pst: Siden du er lektor i norsk, må jeg reklamere for temabanken vår for fordypningsoppgaven på vg3. Den er under stadig revisjon og forbedring. http://senjavgsbiblioteket.wordpress.com/