Rapport frå drabantbyen

Det hender at eg gir bøker karantene, fordi det er så mykje hype rundt dei at eg ikkje orker delta i lesinga, skrivinga og diskusjonane rundt boka. Men sjølv om “alle” har snakka om Tante Ulrikkes vei ei god stund nå, kjenner eg at eg og bare må snakke om denne boka. Eg bare må slå meg saman med røkla og skamrose Zeshan Shakar si sjukt gode Stovner-bok og eg bare må seie til alle som ikkje har lese Tante Ulrikkes vei at dette er ei god og viktig bok. Men når eg gjer det, blir orda mine så platte, fordi Tante Ulrikkes vei er så mykje! Tante Ulrikkes vei er både ein oppvekstroman frå Groruddalen, den store norske innvandrerromanen, som vi har gått og venta på i mange år nå og eit veldig, veldig solid portrett av oppveksta til to norskfødte ungdommar med innvandrarbakgrunn, frå Stovner.

Dette er Stovner, sett frå Stovnertårnet ein søndag i august 2018.

dsc_0109

Dette er det området som karakteren Mo fortel om, som er “en rød flekk på karta til Aftenposten” (finn sitat). Og det er så lett å sjå seg blind på forskningsrapporter og bekymringsmeldinger frå Groruddalen, drabantbyen og dei store sosioøkonomiske forskjellane i Oslo øst. Sjølv bur eg i andre enden av Groruddalen, og det hender eg ser ut over dalen med drabantbyar og store blokker. Heimefrå kan eg sjå Tveita og Linderud. Frå Stovnertårnet, der biletet er tatt, ser ein Ammerud og Romsås.

Når eg ser utover byen og ser alle blokkene og alle vindua, tenker eg på at bak kvart av desse vindua bur det mennesker. Vindua skjuler familier, bokollektiv, sambuarpar, enker, skulebarn, studenter, barn med altfor mykje ansvar, skuleflinke barn, familiar med sjuke foreldre, friske og hardtarbeidande foreldre, veganere, treningsnarkomane, familiar med to mødre, familiar utan mødre, katolikkar, muslimar, innvandrarar, nordmenn, bussjåførar, innflyttarar frå distrikta, besteforeldre, barnebarn, crazy cat ladies, akademikarar, resturanteigarar, sosialklienter …. Kvart  vindu i drabantbyen skjuler eit menneske, ei historie, eit liv. Og desse liva kjem ikkje fram, når vi ser på statistikk og les sjokkoverskriftene frå Groruddalen.

Dette er også Stovner:

img_1862

Gjennom Mo og Jamal viser Zeshan Shakar fram innsida av to av vindua i Tante Ulrikkes vei. Ramma for forteljinga er at ein forskar frå NOVA har knytta til seg nokre ungdommar med minoritetsbakgrunn frå Groruddalen, som skal fortelje om dagliglivet sitt. I romanen får vi følgje bidraga til Mo og Jamal over ein seksårsperiode, frå overgang frå ungdomsskule til vidaregåande, til tidleg voksen alder. Dei fortel om både gode og dårlige dagar, om familie, venner, skulekvardag, møte med arbeidsliv, jenter, festing og i det heile tatt det som foregår rundt dei i kvardagen. Mo, eller Mohammed, som han eigentleg heiter, har ei sterk driv til å komme bort frå Stovner, noko som motiverer han til å jobbe hardt på skulen. Jamal har mykje ansvar heime og strever veldig med å finne seg til rette i skulesystemet og dropper ut frå vidaregåande ganske tidleg. Mo har ein stabil familie, og sjølv om foreldra ikkje er i arbeid, har dei høge forventningar til sonen sin. Jamal har i periodar ansvar for ei deprimert og traumatisert mor og ein lillebror aleine. Begge skildrer på kvar sin måte korleis dei i kvardagen samtidig er ein del av det norske storsamfunnet og på utsida av det, på ulike måtar.

Sjølve rammeforteljinga, med denne forskaren som mottar rapporter frå dei to guttane er det eg ser på som det svakaste punktet i denne romanen. Eg finn det rett og slett ikkje truverdig, særlig ikkje at Jamal-figuren skal følgje opp på den måten han gjer. Samtidig er ikkje denne ramma påtrengande, og dermed drukner denne kritikken litt i det store biletet. I og med dette grepet med eigenrapporter frå dei to ungdommane, får romanen eit preg som ligg nær dagbok- og brevsjangeren. Og dette er ein sjanger som gir eit veldig godt utgangspunkt for innblikk i dei enkelte hovudpersonane sin kvardag.

Språkføringa i rapportane frå Jamal og Mo er med på å styrke biletet av to ungdommar som har tilpassa seg samfunnet rundt på kvar sin måte. Jamal-stemma har ein gjennomført og truverdig slang som høyrer til her i Groruddalen. Alt frå setningsstruktur, ordstilling, feil bøying av verb til innslag av ord frå arabisk og persisk er svært gjenkjennelig for meg, som har bakgrunn som lærar på Østkanten. Partia med Jamal sitt slangprega, munnlege språk står i stor kontrast til Mo sin korrekte og skriftlege bokmål. Og det er med på å understreke forskjellen på den rotete, surrete og ustrukturerte Jamal, som har altfor mykje ansvar for broren og den streberske og korrekte Mo, som kjem heim til ferdige måltid og har foreldre som har høge forventingar til han. Shakar har gjort eit veldig godt val, når han har vald å skildre to så ulike ungdommar. Gjennom desse to stemmene får lesaren eit veldig tydeleg innblikk i at ikkje alle invandrarar er like. Og det er nettopp dette som er den store styrken til Tante Ulrikkes vei. Det er ei bok som nyanserer og viser lesaren korleis like statistiske faktorar får ulike utfall i det verkelege livet.

Tante Ulrikkes vei har blitt omtalt som ei viktig bok, av veldig mange. Og eg er einig. Dette er ei viktig bok! Det er ei bok som viser fram menneskene bak statistikken og to av individa som kan finnast bak dei mange vindua som ein får sjå, dersom ein tar seg ein busstur gjennom Groruddalen. Dette er ein roman som tar oss med på innsida av Stovnerblokkene! Og det er det som gjer ho både god og viktig.

 

 

5 comments

  1. “Det hender at eg gir bøker karantene, fordi det er så mykje hype rundt dei at eg ikkje orker delta i lesinga, skrivinga og diskusjonane rundt boka” – der kjenner jeg meg veldig igjen selv om det selvsagt hender at jeg skriver om en bok omtrent samtidig som “alle andre”, men kjenner at jeg av og til får nærmest en motvilje mot å lese en bok alle andre leser. Helst skulle jeg lest en bok ingen andre leser. Hehe.

    Veldig kjekt å se at du likte boken og du har skrevet en fint innlegg om den. Jeg husker at jeg savnet litt mer input fra NOVA mannen første gang jeg leste boken selv om det selvfølgelig er guttenes hverdag og ting som skjedde rundt dem som er det sentrale her. Selv etter fire sesonger av Skam med mye slang der så “slet” jeg noe med Jamal sin stemme til å begynne med, men det gikk seg heldigvis til.

    Boken og språket forfatteren valgte viser at de med utenlandsk bakgrunn er like forskjellige som alle andre mennesker er det.

    Veldig kjekt å se litt liv her inne på bloggen, dere er mange som er savnet selv om dere er å finne på andre plattformer! 🙂

    • Takk for det, Beate! Det er eit fellesskap rundt blogging, som eg og har sakna. Men det hender livet kjem litt i vegen for andre ting.

      Interessant det du seier om «NOVA-mannen». Eg kjenner at heile den ramma blei så rar at eg var glad den var såpass tona ned.

      Skam-slangen er mykje meir «alminnelig» eller kva ein skal seie, enn Jamal sin talemåte. Det er Vestkant-/ Sentrumstalemålet som er representert der. Og denne innvandrerungdom-frå-Groruddalen-talemåten er skil seg frå det. Men det går seg jo til, som du seier. Eg var veldig begeistra for opplesinga av Jamal sin tekst i lydbokutgåva. Der blei det endå meir truverdig enn som tekst.

  2. Nå har jeg snoket litt rundt her inne på bloggen din, og må legge igjen et lite spor. Takk for veldig fine og detaljerte anmeldelser. Gøy å lese og jeg har fått noen nye titler på must read-lista mi.
    Vil gjerne tipse deg om en bok som kom ut i høst av en spennende debutant. Tre Kvinner av Mari Ann Augestad. Den boka traff meg midt i hjertet og burde spres!

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s