Korleis kan ein få god variasjon i den seriøse lesetreninga, leksemaset og alle læringsmåla? Ved å blande inn ein god porsjon æsj, bæsj, rumpe og fis, kjem ein i alle fall langt, etter responsen frå førsteklassingen min å dømme.
ABC for barske barn er full av André Bjerke-inspirerte, morsomme, tøysete rim skrivne av Anne Østgaard. Boka har eit dikt for kvar bokstav, ledsaga av endå morsommare illustrasjonar av Johan Reisang. Illustrasjonane er detaljerte og det er heile tida mange element i illustrasjonane som ikkje er med i versa. Det gjer at det er morsomt å gå på jakt etter ord på den aktuelle bokstaven i teikningane, i tillegg til å lese rimet. Dette engasjerer husets førsteklassing og pedagogen i meg synest det er eit skikkelig godt grep.
Til og med dei «vanskelege» bokstavane, som Æ og Q har fått gode illustrasjoner.
Seksåringen og eg er einige om at denne boka er veldig «kul og morsom». Og sjølv om humoren apellerer meir til seksåringen enn til mammaen, er vi einige om at det er eit blinkskot. Vi tar likevel eit forbehold: Ikkje les denne boka ved matbordet!
Takk til Cappelen Damm for anmeldareksemplar.
Så bra med en bok som engasjerer og som samtidig er pedagogisk og humoristisk 🙂
Nå oppdaga eg at eg hadde gløymd å svare på denne kommentaren. Unnskyld! Men ja, det er skikkelig fint!