Godt nytt bokår!

2020 blei eit rekordår for meg, når det kjem til lesing. Eg las 133 bøker. Mykje av grunnen til at eg les såpass mykje, er at eg lytter til ein del lydbøker. Men samtidig har den vanlege lesinga løsna igjen, etter ein lengre periode der andre sider ved livet har tatt for mykje plass. Etter fleire år med store konsentrasjonsproblemer, har eg nå klart å finne roen til å lese igjen og eg klarer å lese på dei språka eg har klart å lese på tidlegare (norsk, svensk, dansk og engelsk), ikkje bare norsk. Det er godt å kjenne. For dei som har fulgt meg lenge, veit de jo at årsaken til mangel på konsentrasjon og leseevne har vore langvarig sjukdom. Og derfor er det ekstra godt å kjenne at eg klarer å lese meir, ikkje bare lytte til enkle lydbøker på morsmålet mitt. Det har eg sakna.

Dei siste åra har kapasisteten vore såpass dårleg at eg har halde meg langt unna utfordringar og mål, og bare hatt fokus på å lese etter innfallsmetoden, eller vere ein ekornleser*, som vi seier i Snaplioteket. I det siste har eg klart å konsentrere meg om lengre, samanhengande leseøkter og meir kompleks tekst igjen. Og derfor har eg bestemt meg for å sette meg nokre mål for året som kjem. Dette er eg ikkje heilt ferdig med, men eg har bestemt meg for å lese fleire av dei bøkene eg har ståande i bokhylla mi, som ikkje er lesne endå og for å delta i Elidas 1001-lesesirkel igjen. Eg deltok i den tilsvarande lesesirkelen då den blei drifta av tidlegare bokbloggen Lines bibliotek. Og eg synes det er spennande å utfordre seg sjølv på det å lese bøker som har vore viktige i ulike litterære perioder, ikkje bare nye bøker. Eg har òg som mål å lese minst ei bok til frå bokhyllene mine kvar månad. Og på tirsdag har eg tenkt å gå gjennom bokhyllene mine medan eg snapper for Snaplioteket og velje ut kva bøker eg skal lese.

1001-lesesirkelen i 2021:

Dette er dei kategoriane Elida har satt opp for 2021:

Januar: Bok utgitt mellom 1961 og listas ende. Mi liste inneheld utgivelsesår.
Februar: Forfattar frå Afrika.
Mars: Kvinneleg forfattar.
April: Forfattar frå Amerika (Nord-, Mellom- og Sør-Amerika).
Mai: Bok utgitt mellom listas begynnelse og 1799.
Juni: Forfattar frå Europa.
Juli: Bok på minst 500 sider eller meir. Må ha med minst ein murstein.
August: Forfattar frå Asia.
September: Mannleg forfattar.
Oktober: Victober.
November: Bok utgitt i ditt fødselsår. Har du lest alle som er utgitt det året du er fødd, kan du velge fritt. Eg kjem ikkje til å finsjekke om du faktisk er fødd det året boka du vel er utgitt – eg stoler på dykk.
Desember: Bok utgitt mellom 1901 og 1960.

  • Eg har vald ut desse bøkene foreløpig:
  • Januar: En passende ung mann av Vikram Seth (Her har eg tjuvstarta litt i desember)
  • Februar: Americanah av Chimamanda Ngozi Adichie (Denne begynte eg eigentleg på i fjor rundt påske, men eg måtte levere boka tilbake på biblioteket. Dermed tok eg pause i den før eg kjøpte den som e-bok. Eg kjem til å lese dei første kapitla på ny)
  • Mars: Elskede av Toni Morrison (Denne har eg òg begynt på fleire gonger. Eg hadde ho faktisk med meg på føde-obs-posten i 2012, men den var altfor tung til å lese under ein fødsel)
  • April: The Brief Wonderous Life of Oscar Wao av Junot Diaz
  • Mai: Litt usikker endå, men her trur eg eg kjem til å velje ente Fatalisten Jaques og herren hans av Dennis Diderot eller Unge Werthers lidelser av Johan Wolfgang von Goethe. (Eg har begge eksemplara i Verdensbiblioteket-utgåve)
  • Juni: Ei av bøkene til Ishiguro som eg har ståande i hylla. Litt usikker på kva for ei, endå.
  • Juli: Her har eg ikkje bestemt meg ennå.
  • August: Ville svaner av Jung Chang
  • September: Middlesex av Jeffery Eugenides
  • Oktober: North and South av Elisabeth Gaskell
  • November: Enten Midnight Children av Salman Rushdie (som eg har i bokhylla mi) eller July People av Nadine Gordimer (som eg ikkje har i bokhylla mi).
  • Desember: Den gyldne notatbok av Doris Lessing (denne har eg òg i Verdensbiblioteket-utgåve)

Lese frå bokhylla

Når eg skal velje ut bøker eg skal lese frå bokhylla mi, har eg to kriterier eg har lyst til å ha fokus på. Det eine er å få lese fleire av bøkene i Verdensbiblioteket-serien, som eg tross alt har brukt ei halv formue på å abonnere på (særleg dersom ein reknar inn alle purregebyra eg fekk på forseinka betaling og rentene til Lånekassen, sidan eg abonnerte på desse i studietida). Det andre er å lese fleire bøker av forfattarar som ikkje er skandinaviske og anglo-amerikanske. For brorparten av det eg les, er skrive av forfattarar frå desse språkområda.

Nå er det ei stund sidan eg fylte ut eit google spreadsheet med alle bøkene eg hadde i samlinga mi. I mellomtida har eg flytta, og undervegs i flyttinga gav eg bort omlag 200 bøker eg ikkje trudde eg kom til å lese om igjen. Eg har òg fått ein del nye bøker i hus etter denne opptellinga og eg har ikkje lagt inn bøker eg har på Kindlen min i denne oversikta. Men altså, i januar 2019 hadde eg 1288 papirbøker og eg hadde lese 21,2% av dei. Nå har eg gitt bort ein del, kjøpt ein del nye og så har eg rundt 600 bokfiler på Kindle. Eg vil tru at om eg rekner med e-bøker, har eg mellom 15-1600 bøker i samlinga mi. Prosentandelen bøker eg har lese har gått ned, sidan eg gav bort ein del bøker eg ikkje kom til å lese om igjen. Det betyr med andre ord at eg har nok å ta av.

Å “tvangslese”

Er det nå eit poeng i seg sjølv å drive med tvangslesing av bøker for å lese etter ei liste? Og er det eit poeng å telje kor mange bøker ein les? Nei. I seg sjølv er ikkje det eit poeng. Det viktigaste er å faktisk lese og kose seg med det ein lese. Og derfor har eg hatt fokus på nettopp det, dei siste åra, medan eg har forsøkt å bygge opp igjen kapasiteten og konsentrasjonen til å få lese, gjennom å ekornlese. Men samtidig har eg jo ei boksamling som består av bøker eg har tenkt å lese på eit eller anna tidspunkt. Og for meg er det viktig å finne noko som motiverer meg til å gjere nettopp dette. Dermed blir slike mål om å lese bøker eg kan checke av på ei liste eit nyttig verktøy, for å jobbe meg gjennom boksamlinga mi. Men etter fleire år der eg ikkje har lese stort anna enn krim som lydbok, tenker eg det er veldig viktig å vurdere både livssituasjon, form, konsentrasjon og kapasitet, før eg sett meg slike mål. For lesinga skal ikkje vere styrt av plikt.

Å prioritere

Eit delmål for meg, er å lage meg rutiner for å prioritere å lese bøker. Eg har gode rutiner for å høyre på lett underhaldning i lydbokformat samtidig som eg gjer husarbeid, strikker eller når eg prøver å sove om kveldane. Eg mangler rutiner for å lese meir konsentrasjonskrevande litteratur, når eg er opplagt nok til det. Ofte sett eg på Netflix og ser ein eller annan døll serie, når ungen er i seng. Og innimellom er det det eg treng, etter ein travel dag. Men samtidig merker eg at eg finn ei heilt anna ro, når eg sett av ein time til å lese bok, enten like etter at ungen har gått til skulen, eller etter middag. Eg føler meg meir utkvilt, når eg klarer å slappe av med ei bok enn når eg slapper av med ein eller annan skjerm. Og derfor vil eg jobbe med å prioritere meir lesetid.

Eg blir lett distrahert av mobilen og bruker mykje tid på sosiale medier og nyheiter på mobilen. I november og desember har eg jobba med å legge bort mobilen, sette han på “ikke forstyrr” eller skru av varsler, når eg bestemmer meg for å lese. Og det er eigentleg veldig deilig. Eit nyttig verktøy for meg er appen Forest. Her planter ein eit virtuelt tre, med tidsinnstilling, og legg bort mobilen. Dersom ein åpner ein annan app i løpet av den tida treet bruker på å vekse, visner treet. Dermed kan ein ikkje bare ta ein pause i lesinga for å sjekke instagram og plutseleg oppdage at ein har surfa i halvannan time. Og dersom eg planter eit tre, for å sette av ein halvtime til å lese, før eg surfer, hender det ofte at eg blir så oppslukt av boka i løpet av den halvtimen at når treet har vekse ferdig, setter eg mobilen på “ikke forstyrr” og les eit par timar til. Dei siste månadane har eg òg hatt fokus på å starte dagen analogt. For ofte våkner eg og bruker mykje tid på å surfe på mobilen, før eg oppdager at tida plutseleg har gått frå meg. Med skulebarn, så må eg sjekke meldingar som kjem frå skulen eller frå foreldregruppa til dei ungen slår følge med til skulen frå morgonen av, så heilt analog kan eg ikkje vere. Men å legge bort mobilen, medan eg drikk morgonkaffen min, gir meg ein god start på dagen, dei dagane det praktiske ligg til rett for at eg kan gjere det. Mange har òg nytte av å bruke skjermtidfunksjonen. Men i min livssituasjon, blir det for rigid for meg. Eg er uføretrygda/ frilanser og har ikkje så mange naturlege treffpunkt med venner i kvardagsrutinene mine. Så mykje av den sosiale kontakten eg har med nettverket mitt foregår over messenger eller snapchat. Og eg vil ikkje lage meg rutiner som innskrenker det sosiale livet mitt ytterlegare – ein spontan “skravlekveld” over chat har stor verdi den òg.

Likevel, for 2021 har eg som mål å fortsette å jobbe mot rutiner i kvardagen som gir meg meir tid til å plukke opp ei bok, før eg ramler ned i eit hull i sosiale medier og plutseleg har brukt opp tida mi på ingenting. I første omgang har eg bestemt meg for at eg skal prøve å plante eit tre på ein time, kvar dag i januar.

*Ekornleser: Ein leser som hopper planlaust frå bok til bok, som ekornet hopper frå grein til grein.

Korleis er det med deg som les bloggen min? Liker du å lese etter lister, eller foretrekk du ekornmetoden? Fortel gjerne om dine lesemål for det nye året. Og er slike mål med på å hjelpe deg med å prioritere å lese, eller blir det bare forstyrrande?

2 comments

  1. Så flott oppsummering. Her er det mange interessante tema, og evalueringer. Jeg kjenner meg igjen i mye av det du skriver om. Jeg tenker at jeg må finne mine egne mål for lesing, uten å bli for opphengt i lister og utfordringer. Et par slike er greit, men jeg er nok litt ekorn, og vil helst være uavhengig og fri til å hive meg over nye bøker som dukker opp. Godt nytt leseår!

    • Ja, eg kjenner det har vore riktig å legge alle slike krav og sjølvpålagte forventninger bort ein periode nå. Men nå er eg klar for å utfordre meg sjølv litt meir.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s