2022 oppsummert

Innlegget inneheld reklamelenker til Pokket-butikken min.

I 2022 registrerte eg 89 bøker på goodreads. Eg har eit mentalt skilje mellom bøker eg les og bøker eg høyrer som lydbok, dels fordi eg vel andre typar bøker som lydbok enn dei eg les. Og dels fordi eg les på ein annan måte når eg les enn når eg lytter til ei lydbok. Eg har ofte ei lydbok på øyret når eg slapper av, strikker, gjer husarbeid eller går tur. Og det gjer noko med fokuset – når eg sett meg ned for å lese i ei bok, gjer eg berre det og er konsentrert om teksten på ein annan måte. Likevel tel eg alt som lesne bøker. Dermed er eg i den situasjonen at eg kjenner at 2022 har vore eit labert leseår, til tross for 89 registrerte bøker. Det har vore eit gjennomsnitteleg lytteår, men eg har ikkje lese så mykje som eg pleier. Det er fleire forklaringar på det: Utover våren hadde eg tre månadar med post-covid, der eg sovna kvar gong eg sette meg ned. Eg hadde ein aktiv sommar, med mange turar der lydbøker passa betre enn fysisk lesing.

Lese i 2022

Eg las 20 bøker i løpet av 2022. Eit høgdepunkt var Et lite liv som eg har skrive meir om her. Denne kan du kjøpe i min Pokket-butikk her. Eg brukte fleire månadar på Et lite liv, det er ei mektig bok som må lesast i passelege porsjonar.

Eit anna høgdepunkt var Maren Uthaugs Og sånn blei det. Her følgjer vi Risten, født i Finmark på midten av 70-talet, halvt samisk og halvt norsk. I åtteårsalderen blir ho rykka opp og flytta med faren til Danmark, saman med stemora Grethe. Vi følgjer henne dels gjennom oppveksta og dels då ho som vaksen reiser tilbake til Kirkenes for å møte familien sin der. Det er ein roman om kultur- og språkforskjellar, utanforskap, angst og lengsel og eg lengtar på Risten/ Kirsten sine vegne etter nokre vaksne som kan sjå og ta vare på dette barnet.

Pappa var nesten på Woodstock av Ane Barmen gjorde òg inntrykk. Boka er blitt rosa på instagram og eg slutter meg til fanskaren. Dette er ei forteljing om skam, alkoholisme, vanskelege og skjøre relasjonar skrive i eit lett, humoristisk og sanseleg språk. Det same gjeld Dama til Rune av Mariann Teie, som eg las i romjula. Her blir vanskelege relasjonar til foreldra, psykisk sjukdom og alvorleg tematikk fortald gjennom forteljinga om eg-personen dama til Rune. Ho har dratt til hytta på Sjusjøen i høghæla skor, etter ein krangel med Rune. Her mimrer ho om den smått absurde oppveksta si, medan ho forsøker å få tak i mat og drikke utan å måtte gå til butikken.

Eg ser at eg har lese fleire bøker om folk som faller utanfor samfunnet dette året. Musikk for folk i trøbbel av Ingelin Westeren og Invictus av Sunniva Lye Axelsen er to av desse. Samfunnskritikken er klar i begge – den første er alvorleg, den andre er meir humoristisk. Begge handlar om folk som ikkje klarer seg sjølv, men der Ida i Westeren si bok gradvis får styrka trua på eigne evner og beveger seg bort frå systemet, er Hugo i motsett situasjon, med overdriven tru på eigne evner og eit system som nær sagt bokstaveleg talt klapper saman over han.

Eg har lese nye bøker av to gamle favorittar: Trude Marsteins Egne barn var akkurat så god som eg venter at Marstein skal vere, medan Kairos av Jenny Erbenbeck var skuffande. Marstein har ei heilt unik evne til å male bilete av situasjonar gjennom tekst, slik at eg kan kjenne på følelsane til den forteljande hovudpersonen. Og det gjer ho så til dei grader godt i Egne barn.

Ungdomsbøker

Eg har lese fire ungdomsromanar, tre av dei var gode og den fjerde var ekstremt oppskrytt.

Eg begynner med den oppskrytte: Arvingen av Anne Gunn Halvorsen. Ærleg talt, instagram, ei bok så dårleg redigert, så full av logiske brestar og med så enkelt språk – kva er grunnen til at denne boka blir løfta fram som heilt fantastisk på instagram? Er det bare ungpikedraumen om å bli saman med kronprinsen som gjer at alle les denne med lyserosa filter og stjerner i auga?

Dei tre som fortener skryt er Splintra av Hilde Myklebust, Litt redd bare av Aleksander Kielland Krag og Eg blir her av Ann Helen Kolås Ingebrigtsen. Både i Splintra og Eg blir her er hovudpersonen ei jente på vestlandet nær ein ferjekai, som blir dratt mellom flammen frå heimbygda og den nye, spennande fyren ho faller for. Men her stoppar likheitene. Tittelen Splintra skildrer sinnstemninga til hovudpersonen i Myklebust sin roman. Ho blir dratt mellom det spennande hybellivet i byen og barndomsvenen og sommarflørten Are. Og når Are blir alvorleg sjuk, blir det endå vanskelegare for henne. Det er ytterst sjeldan eg begynner å gråte, fysisk, av bøker. Men då eg las denne trilla tårene. I Eg blir her blir Oda dratt mellom kjærasten Sondre og den kjekke Daniel som kjem til bygda sommaren før ho skal begynne på vidaregåande. Medan alle andre lengter vekk frå den vesle plassen med ferjekai, kjenner Oda seg heime i heimbygda, hos faren og besteforeldra. Men ho er uroleg for faren, han drikk for mykje og det blir alvorleg.

Litt redd bare er ei nydeleg skildring av korleis angst arter seg og korleis hovudpersonen Cornelius forsøker å bagatellisere symptoma for venene sine. Eg ser at boka blir kritisert fordi Cornelius er priviligert og vi ikkje får noko forklaring på angsten. Eg synes ikkje det gjer noko, for det er skildringa av angsten og skammen rundt det å ikkje ha kontroll som er i fokus her.

Sakprosa

Kvart år seier eg til meg sjølv at i år skal eg lese meir sakprosa. Og kvart år blir det med tanken.

Eg hadde ein plan om å lese alt av Tove Ditlevsen, for omlag eit år sidan. Eg begynte med Barndom, ungdom, gift, som òg ligg i Pokket-butikken min. Dette er ei sterk og levande historie om eit tøft diktarliv, frå den vesle, fattige jenta som skriv dikt sjølv om ho blir latterleggjort av familien, til den voksne dama som er avhengig av både rus og sterke menn. Eg har ikkje fått lese meir av Ditlevsen (men det skal eg fortsette med), men dette er ei veldig god bok der eg verkeleg kjem på innsida av diktaren.

Eg har oppdaga illustratøren Nora Krug. Først gjennom biografien Heimatt, der ho utforskar den tyske identiteten i lys av andre verdskrigen. For går det eigentleg an å snakke om tysk nasjonalkjensle, utan at ein assosierer det til Hitler? Denne boka kan du òg kjøpe i Pokket-butikken min. Seinare i haust las eg Om tyranni av Timothy Snyder, og denne finn vi òg i illustrert utgåve av Nora Krug. Eg liker hennar måte å kombinere avisutklipp, teikningar, handskriven tekst og teikneserie i ein slags collage i bokform. Det gir eit sterkt visuelt uttrykk, som understrekar innhaldet i tekstane.

Gender Queer: A memoir av Maia Kobabe er òg ein grafisk biografi, denne i vanleg teikneserieformat. Kobabe skreiv og teikna denne boka fordi hen ville forklare familie og nærståande korleis hen opplevde livet som aseksuell og ikkje-binær. For meg, godt vaksen, heterofil cis-kvinne, var dette ei veldig lærerik bok å lese. Og sjølv om eg ikkje kan relatere til kjønns- og seksualitetsproblematikken, er det ei bok som gir eit sterkt innblikk i ei vanskeleg reise for å finne seg sjølv.

Lydbøker

Og så var det lydbøkene … Eg har lytta til 69 lydbøker i 2022, og høgdepunktet frå covid-tåke-våren er dei 17 Roy Grace-bøkene til Peter James. Eg er blitt veldig glad i krimseriar, der eg får følgje etterforskaren privat over mange bøker. Men denne serien må vere rekordlang – i alle fall er det personleg rekord å høyre 17 bøker på rad av same forfattar. Eg har latt meg fenge av Kristina Ohlsson sine bøker om Fredrika Bergman og Alex Recht – desse trudde eg faktisk eg hadde lytta til før, men eg oppdaga at eg ikkje har det.

Utover dette har eg begynt å gå litt tom for den typen bøker som eg liker å høyre på lydbok, og det er veldig synd, for eg slapper veldig godt av med å lytte til bøker. Men eg scroller i lydbokapper, med eit håp om at det skal dukke opp ein serie av samme kaliber som desse to, som eg ikkje har oppdaga ennå.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s