Hei Bloggen

Eg ser at det er heile 15 månadar sidan forrige innlegg her. Og det er nok i stor grad Instagram som har skulda for det – Instagram og Snaplioteket. For eg har lese og eg har snakka om bøker på Internett, sjølv om eg ikkje har blogga. Men eg har brukt andre plattformer enn deg, Bloggen. Dei siste gongene eg har skrive om bøker på Instagram, har eg kjent litt på at eg sakner eit meir tekstbasert medium, der eg kan skrive meir og grundigare om bøkene eg har lese. For sjølv om det å jobbe med det visuelle på Instagram og Snapchat er veldig, veldig gøy, er eg jo i botn eit skrivande menneske som liker å skrive om bøker. Så eg har bestemt meg for å vekke bloggen til live igjen, og skrive meir og grundigare enn det Instagram tillet meg å gjere. Eg sakner å drøfte og utdjupe, særleg når eg har lese bøker som gjer spesielt sterkt inntrykk på meg. Så nå er planen å blogge meir om det eg les.

Eg har sakna å skrive.

Sidan sist eg blogga har eg blitt singel og flytta frå hus til leilighet. Ein slik prosess har mange konsekvenser, men ein av dei praktiske konsekvensene er at eg har blitt mindre boksamler og meir aktiv bibliotekbrukar. Ganske enkelt fordi eg har mindre plass. Eg har jobba litt med meg sjølv, for dei som kjenner meg, veit jo at eg har nokre tvangstanker knytta til det at bibliotekbøker er skitne. Og eg må innrømme at eg framleis oftast låner nye bøker på biblioteket og at eg ikkje les bibliotekbøker medan eg et. Men eg begynner likevel å bli ganske glad i å bruke biblioteket. Og eg er ikkje like utålmodig lenger, tåler å stå på venteliste (for eg har jo nok av bøker i hyllene mine, som eg kan lese medan eg venter). Der eg tidlegare kjøpte mykje bøker og tok i mot mange leseeksemplar frå forlaga, har eg nå gått over til å låne bøker. Og innimellom hender det at eg kjøper bøker etter at eg har lånt dei og lese dei, fordi eg kjenner at dette er ei bok eg skal ha. Eg har framleis altfor mange bøker sett opp mot kor mykje plass eg har til bokhyller. Så eg planlegg ei ny gjennomgang av boksamlinga mi, i løpet av vinteren. Målet er at alle bøkene eg har skal få plass i hyllene mine, og at skal sette av nokre hyller til bøker eg planlegg å lese i nær framtid. Det er eit stykke igjen til eg når det målet. Når eg først kjøper bøker, så tenker eg oftare gjennom om det er nødvendig å ha dei på papir, eller om det er greit med e-bøker. Og veldig ofte er det jo greit med e-bøker. Eg liker framleis best å bla i ei papirbok. Men ein Kindle tar definitivt mykje mindre plass enn ei bok. Og så lenge plass er ein issue, er det greit å ha ein del bøker digitalt. Likevel, eg kjem aldri til å gi slipp på papirbøkene. Ikkje heilt.

Nå er det tid for å rydde og støvsuge leilighet og finne fram advensstaken. I år har eg kjøpt Simon Strangers nye bok Adventsstjernen, som eg skal lese saman med åtteåringen framover. Eg har bladd litt i boka, og det er nokre nydelige illustrasjoner, så eg gleder meg til å lese den. Eg ser fram til å sette meg ned i kveld med Kindle og ein kopp te, i ein rein og ryddig leilighet.

Det er alltid litt underleg å poste eit første blogginnlegg etter ein lengre pause. Kven skriv eg til? Og skriv eg eigentleg framleis til nokon, eller roper eg bare ut i skogen? Eg håper det framleis er nokon igjen blant dykk som har lese her før. Eg er i alle fall her framleis.

10 comments

  1. At du vil blogge igjen er som musikk i mine øyre ❤ Eg liker så godt å skrive at eg kjem neppe til å gi opp bloggen med det første sjølv om det av og til føles som å rope i skogen 😉 God lørdag til deg!

  2. Veldig kjekt å se at det er litt liv og røre her inne! Jeg gleder meg til å lese omtalene dine 🙂
    Selv har jeg lest veldig mye i år godt hjulpet av lydbøker men jeg har knapt blogget i hele år, noe som er veldig uvanlig for å være meg. Ulempen med dette er nettopp dette som du nevner i innlegget-jeg får ikke diskutert eller reflektert like mye over det jeg har lest når jeg i etterkant ikke har skrevet om de leste bøkene. Nå er kanskje ikke behovet tilstede etter hver eneste bok jeg har lest men jeg har noen ganger har jeg gått litt til det.

    Har prøvd meg på instaomtaler men har ikke fått det helt til og bruker nok plattformen noe annerledes enn bookstagrammerne.

    Kjenner meg litt igjen i dette med å låne godt brukte bøker på biblioteket, det er nok derfor jeg ikke er en ihuga låner hos bibliotekene.

    Simon Stranger sin bok har jeg lest og likte den veldig godt, blir nok en fin fortelling for 8-åringen din 🙂

    Så forresten storyen din om reklamemerking,veldig bra!

    Lesing og en god kopp te høres ut som en fin kveld 🙂

    God lørdag til deg, Bjørg! 🙂

    • Takk for det! Det er noko med det å snakke og tenke litt rundt bøker. Eg liker insta og, men er nok ikkje i den harde kjernen på bookstagram, akkurat. Ja takk, begge deler. God helg til deg og.

  3. Kjekt å se at det er liv igjen på bloggen din. Ser jo at du er aktiv på insta, men insta er mye kjappere, synes jeg. Det er annerledes med blogg. Litt roligere, grundigere..

    Kjenner igjen det med biblioteket. Har nok litt tvangstanker der jeg og, eller er det bakteriofobi, ikke godt å si.. Låner helst de nye bøkene, som ikke er så mye tafset i. Hvis jeg må låne noen gamle, skitne, godt brukte synes jeg det er ekkelt , men hvis boka er veldig god hender det jeg glemmer det mer litt uti. Kan hende.. langt i fra alltid. Lånte en slik gammel godt brukt med brune kanter for en ukes tid siden, som jeg hadde stått på venteliste på en stund. Heldigvis fant jeg den på bookbites like etterpå, og det føles adskillig renere…

    • Ja, insta går veldig fort. Og så merker eg ein må vere veldig «på» og følge med heile tida der. Det er gøy det og, men det er jo utvilsomt det visuelle og ikkje diskusjonane som er i fokus.

      Haha, kjenner meg igjen i det med gamle bibliotekbøker. Eg utsatte meg for eit eksemplar frå venteliste sjølv, i sommar, som eg ikkje klarte lese etter ein fæl flekk på ei side. Endte med å kjøpe e-boka i staden.

  4. Så kjekt å se liv på bloggen din igjen:-) Jeg er ikke spesielt aktiv noe sted digitalt for tiden (bortsett fra jobben sin nettside), men det kommer da et og annet innlegg på bloggen. Innleggene har blitt kortere enn det de en gang var, men de er utrolig nyttige å ha som en logg, både privat og i jobbsammenheng. Jeg har prøvd å lage en logg som ikke publiseres, men da blir det fort stikkordsform, og det får jeg ikke særlig mye ut av etterpå.
    Vi skal også lese Adventsstjernen, enten for en eller begge barna. Vi må bare skynde oss å lese ferdig den boken vi holder på med i dag:-)

    • Må kikke innom og lese litt hos deg igjen og ein dag snart. Eg har og av og til skrive stikkord, før eg har skrive innlegg. Er einig i at det ikkje er det samme.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s