Den gode vennen

innbundet_fullbokEin mann og kona hans møter tilfeldigvis ein selgjar i ein butikk. Selgjaren er kanskje  ein mannen kjenner frå barndommen. Dette møtet blir ein katalysator for ei rekke minner får oppveksta til eg-personen, minner som samtidig preger den voksne mannen.

Den gode vennen er ein kort roman på 155 sider. Sjølv brukte eg ikkje mange timane på å lese boka, men eg har brukt mykje tid etterpå på å fordøye ho. Karine Judit Urke i Dag og tid har samanlikna kjensla ho sitt med når ho les Den gode vennen med kjensla ein får når ein les ein god dystopi. Og det er den mest presise skildringa eg har sett, i den litt blanda mottakinga av boka. Den gode vennen er ei intens skildring av den voksne mannen sine flashback til vonde opplevingar i oppveksta.

Minnene kjem som sceniske framstillinger, utan kronologi, men på ein måte som inviterer lesaren til å bruke sansene sine og visualisere eg-personen sine minner. Dei som kjenner meg, veit at eg er ein lesar som liker at skildringane er sanselege. Når eg kan gå inn i teksten og oppleve hovudpersonen sine opplevingar saman med denne, blir eg begeistra. Samtidig er dette med at lesaren får ta del i hovudpersonen sine opplevingar gjennom sansane ein faktor som kan skape forvirring. For vi får ikkje presentert ein klar konflikt som skal løysast, som eit samanhengande narrativ. Vi får presentert ei skildring av noko som er vondt og vanskeleg og brutalt, utan at det blir sagt i klartekst kva det er som eigentleg skjer, under denne eller desse vonde og vanskelege og brutale hendinga eller hendingane. Det at handlinga apellerer så sterkt til mine sanser og mi forestillingsevne er med på å styrke romanen, fordi det fungerer. Men forfattaren balanserer på slak line her, for det skal ikkje så mykje til før ei slik oppbygging ikkje fungerer. Likevel, det gjer eigentleg bare teksten til Almaas endå meir elegant, nettopp fordi det er eit grep der han lett kan miste balansen og tippe over i det uforståelege.

Eg ser at fleire av mine medbloggarar (Tine og Åslaug) er kritiske til kronologien i romanen og finn denne forvirrande og uklar. Eg opplever dette som heilt uproblematisk. Sjølv om boka er springande, er alle avsnitta daterte. Dersom ein tar seg tid til å lese kapitteloverskriftene, vil ein raskt sjå at minnene frå barndommen kjem i omvendt kronologisk rekkefølgje. Og er ikkje dette bare med på å gjere eg-personen meir truverdig? For meg personleg kjem i alle fall aldri minner som ei kronologisk forteljing. Min hukommelse er akkurat like hoppande og springande som hukommelsen til eg-personen i Den gode vennen. Og det at kronologien i boka samsvarer med hukommelsen sin karakter, gjer at eg les Den gode vennen som ei truverdig oppvekstskildring. I alle fall dersom ein samanliknar med oppvekstromaner der hovudpersonen blir dratt inn i ei “frå A til Å”- forteljing frå oppveksta i det øyeblikket han eller ho sett seg på eit fly. Men ja, det er ei bok som krev litt av lesaren, slik komplekse og gode bøker gjerne gjer.

Eg får assosiasjoner til boka Farvel til Eddy Belleguelle av Edouard Louis. Nå er det lenge sidan eg las Louis sin roman, men inntrykket eg sitt igjen med etter å ha lese ferdig boka, gjer at eg likevel assosierer desse to romanane. Det brutale i å vekse opp med vald og trakassering, bli oversett av dei vaksne og stå aleine medan alle rundt svikter, blir skildra på ein ekte og truverdig måte i begge bøkene. Den gode vennen er ei sterk og god bok, sjølv om ho på ingen måte er hyggelig lesing.

Den gode vennen
Bjørn Esben Almaas
Oktober forlag, 2019
155 sider

Eg har fått mi utgåve av boka som leseeksemplar frå forlaget på bestilling. Det innebærer ingen forpliktelsar eller økonomiske fordelar for meg, utover det at eg har fått eit fritt tilsendt eksemplar av boka. 

 

Legg igjen ein kommentar