Kjell Askildsen
Thomas F’s siste nedtegnelser til almenheten
Oktober forlag, 1983.
94 sider.
Sist eg var på biblioteket, slo det meg plutseleg at eg berre har lese sporadiske noveller av Kjell Askildsen, ein av dei få nordmennene som av og til blir nemnde i nobelprissamanhengar. Eg kjende at eg kan ikkje gå rundt og ikkje ha lese ei samanhengande novellesamling av Askildsen i heile mitt liv, så eg tok med meg Thomas F’s siste nedtegnelser til allmenheten, boka som ifølgje Dagblad-lesarane er den beste boka som har komme ut i Norge dei siste 25 åra. Det var eit godt val. Boka inneheld to lange noveller, “Carl Lange” og tittelnovella “Thomas F’s siste nedtegnelser til allmenheten”, og det einaste negative eg har å seie om boka, er at ho inneheld alt for få noveller. Eg har lyst til å rase av gårde til nærmaste bokhandel og skaffe meg heile forfattarskapet til Kjell Askildsen med ein gong (noko eg ikkje skal gjere, fordi eg har litt i overkant mange i overkant store stablar med bøker som eg ikkje har lese, liggjande rundt i stova, på kjøkkenet og på soverommet).
“Thomas F’s siste nedtegnelser til allmenheten” er den mest kjende novella, av dei to, den eg har høyrd om før, og òg tittelnovella. Likevel er det “Carl Lange” som gjer størst inntrykk på meg som lesar. Eg blir bergtatt av denne kriminalnovella, kor den uskuldige går i oppløysing under mistanken. På grunn av eit signalement blir Carl Lange oppsøkt av kriminaletterforskar Osmundsen, som fortel at ein mann med bukkeskjegg og frakk er meldt for valdtekt av ei mindreårig jente. Etterforskaren blir stadig meir overbevist om at Lange er skuldig, etterkvart som Lange i stadig større grad oppfører seg som ein forbrytar. Carl Lange overbeviser lesaren om uskulda si, tidleg i novella. Likevel begynner både eg som lesar og Carl Lange sjølv å tvile, etterkvart som den pågåande etterforskaren bryt ned hovudpersonen. “Carl Lange” blir ei omvent kriminalforteljing, kor vi gjennom ei rekke møter mellom den mistenkte og etterforskaren bygger opp stadig større sympati for den mistenkte. Heile novella framstår som ein Kafkask prosess, kor eg blir redd og kor eg blir dratt inn i anklagene. Hovudpersonen mister seg sjølv og går i oppløysing i ei slags paranoia, under anklagene, etterkvart, noko som kjem spesielt godt fram når han gøymer seg i si eiga leiligheit:
Da ringte det på døra. Han stivnet, lyttet, hørte bare blodet banke. Det ringte en gang til, lenge, liksom utålmodig, syntes han. Jeg har jo full rett til å ikke åpne, tenkte han, jeg vet jo ikke en gang hvem det er. Men jeg må få en sikrere lås.
Han ble liggende og vente i noen minutter, så stod han opp og listet seg som en tyv ut i entreen, bort til døra. Han la øret inntil, hørte ikke noe, men våget ikke å åpne for å bli sikker, ikke ennå. Han gikk inn igjen i stua, fant frem blokken med blanke ark, skrev: “Er dratt til hytta i Hallingdal for å få ro til å jobbe. Kommer tilbake om ca. 14 dager.” Så brettet han arket sammen og skrev “Robert” utenpå. Han åpnet alt-mulig-skuffen og fant en tegnestift, så gikk han på ny ut til entrédøra, lyttet, åpnet den og festet beskjeden under ringeklokka. Smart, Carl, sa han til seg selv, opprømt. Men etter en stund kom han til å tenke på at Robert jo visste at han ikke hadde noen hytte i Hallingdal, og han skrev en ny lapp: “Er dratt til en hytte jeg har fått låne i Hallingdal for å få ro til å jobbe. Du hører fra meg.” Og utenpå det sammenbrettede arket skrev han “Sylvia”, vel vitende om at ingen Sylvia noen gang ville komme og ringe på. Nå er jeg ikke her lenger, tenkte han. (s. 36-37).
Novella har to sentrale karakterar, den mistenkte Carl Lange og etterforskaren Osmundsen. Det er som om Carl Lange speglar seg i Osmundsen sitt syn på han og mister sjølvet sitt og identiteten sin, under mistanken som Osmundsen retter mot han. Novella viser korleis subjektet får – eller i dette tilfellet mister – sin identitet gjennom Den andre sitt blikk og definisjonskraft. Til slutt sitt både hovudpersonen og lesaren igjen som tvilande på den innleiingsvis så åpenbare uskulda til Carl Lange.
“Thomas F’s siste nedtegnelser til allmenheten” handler om den gamle mannen, Thomas F’, som knapt kan gå, er svimmel og bare venter på å døy. Novella er delt inn i ti episodar, kor det meiningslause i den gamle mannen sin kvardag blir skissert på ein veldig god måte. Det er lite refleksjon rundt desse episodane. Handlinga er òg nærmast fråverande, medan det daglegdagse er tydeleg tilstade på ein veldig nøktern og konkret måte. Dei enkle skildringane får fram kor krevande det er å bli gammal og sjuk, kor vanskeleg det er å bevege seg og å gjere heilt daglegdagse ting og korleis det er å vere meir eller mindre fanga i sine eigne kroppslege begrensningar. Thomas F. er ein kikkar. Han ser seg rundt og registerer dei minste detaljar. Han bruker oppmot ei side på ei skildring av to floger som parrer seg, i ein veldig nøktern og observerande stil. Denne rollen som betraktar plasserer på ein måte hovudpersonen i ei outsider-rolle. Han er ikkje ein del av den verda han betraktar, han observerer ho heile tida med distanse. Heilt til han i siste avnsitt gir ein tilfeldig loddselgjanade gut ei ugle, då tar han og steget inn i verda og inn i ein interaksjon med menneska.
Kjell Aksildsen sa i eit intervju med tidsskriftet Vinduet, at “..jeg er kommet fram til samme erkjennelse som Thomas F: Livet er meningsløst. Punktum”. Og det er denne erkjenninga som skriv seg fram, bak trivialitetane i “Thomas F. sine nedtegnelsar til allmenheten”. Begge novellene tar i aller høgste grad opp eksistensiell tematikk. Der Thomas F. får meg til å tenke over alderdommen og meininga med å leve eit langt liv, gir Carl Lange rom for refleksjon omkring korleis mennesker sitt syn på kvarandre er med på å påverke og definere identiteten deira.
Ei av mine favorittbøker – god skildringa av novellene. Eg las ein stad at Askildsen brukar lang tid på å skrive nokre få setningar, og eg forstår kvifor. Han har ikkje med eit einaste unødvendig ord når han skriv. Eg opplever at alle setningane hans er “perfekte”.
Ja, det har du rett i. Han har eit veldig finslipt og minimalistisk språk.
Leste denne i går. Em flott bok.:) Har linket til deg i min korte omtale.God sommer!
Så fint! Eg likte og boka veldig godt. Eg skal lese omtala di. 🙂
Wow, så godt du skriver! Leste den nylig, også min første Askildsen.