Innsirkling

InnsirklingCarl-Frode Tiller imponerte meg allereie i 2003, då eg meir eller mindre tilfeldig kom over Skråninga, ei brutal skildring av skjebnen til ein ung gutt som raser utføre «skråplanet». Eg var sterkt gripen av måten Tiller gav meg innsyn i hovudpersonen si psykologiske utvikling. Eg fekk forståing og sympati for hovudpersonen, samtidig som eg kjende avsky for han. Eg festa meg med forfattarnamnet. Og etter kvart som eg har lese Innsirkling, Innsirkling 2 og nå Innsirkling 3, har eg fått stadfesta førsteinntrykket av Tiller. Denne forfattaren skildrar menneska si psyke og viser fram korleis det indre livet til personane påverkar mellommenneskelege relasjonar på ein heilt utruleg sterk og overbevisande måte.

Men først, dersom det skulle finnast litteraturinteresserte i Norge som framleis er ukjende med Tiller sin trilogi, ei kort presentasjon av bøkene: I den første boka får vi presentert ei annonse i ei lokalavis i Trøndelag. Ein ung mann, David, har mista hukommelsen. Er det nokon der ute som kjenner mannen på biletet og som kan hjelpe han å hugse kven han er? Alle tre bøkene har tre delar kor vi følgjer åtte brevskrivarar som svarer på denne annonsa i kvardagen deira der dei er her og nå og får lese breva dei skriv til David. Som lesar får ein dermed innblikk i liva til åtte mennesker som på ulike måtar har betydd noko for David og David sitt liv. Brevskrivarane fortel om delvis overlappande epokar i livet til David, frå oppvekst til og med studietid. I den siste delen av romanen, møter vi David sjølv. Den delen kor David er hovudpersonen er òg bygd opp som dei tidlegare delane, med glimt frå kvardagslivet. Men brev-delane er erstatta med David sine samtaler med ein psykiater.

Eg var snar med å kjøpe Innsirkling 3, då ho kom ut. Eg ville vite korleis det gjekk med David og om han fekk vite kven han eigentleg var. Og så var eg veldig nysgjerrig på om eg kom til å få svar på kva slags prosjekt som eigentleg låg bak annonsa om hukommelsestapet. Då eg begynte å lese, var eg i tvil ei lita stund. Burde eg ha lese Innsirkling og Innsirkling 2 om igjen, for å komme inni forteljinga om David igjen? Då eg las bok 2 hadde eg akkurat vore på teateret og sett oppsettinga av den første boka, så då hadde eg fått friska det opp. Burde eg gjere det nå og? Eg var for utålmodig, så eg begynte rett på den tredje boka. Og det gjorde ingenting at det var fire år sidan sist eg hadde lese om David. Likevel, ein gong i framtida kjem eg til å lese alle tre bøkene i samanheng. Eg trur det vil gi ei endå rikare lesing av trilogien.

Den utilfredese, unge mannen

Eg hugser eg syntest Innsirkling 2 begynte å bli litt repeterande og gjentakande, samtidig som eg gleda meg veldig til å finne ut korleis det gjekk med David, og ikkje minst kva som eigentleg var historia bak annonsa om hukommelsestapet hans. Og då eg las første del av Innsirkling 3, kjende eg ein kombinasjon av den gamle begeistringa for Tiller sin skrivemåte og ei litt oppgitt kjensle av å lese meg gjennom nok ein mistilpassa ung mann i utkantnorge sine kvardagsproblem. Men samtidig som Tiller gjentar seg sjølv, er det jo akkurat dette han er god på, å skildre vanskelege sosiale relasjonar og indre prosessar.

Eg svelger, må prøve å glømme dette, er ikkje noko å bry seg om, det eg ser som personlege katastrofar, viser seg alltid å vere bagatellar i andre folk sine auge, så dette skal gå greitt, dette ordnar seg, fattar ikkje kva eg drog hit for, men det speler inga rolle, skal kjøre tilbake til hytta igjen uansett no snart, skal berre drikke opp kaffien, så drar eg, fem minutt til så er eg vekk herifrå. 

Innsirkling 3 startar med ei brilliant skildring av eit middagsselskap kor deltakarane ikkje er heilt på bølgjelengde. Stemninga som veks seg klammare og klammare og som etter kvart går over i vondskap er utruleg sterkt skildra. Eg er innom klassikarar som Festen og Babettes gjestebud, når eg leiter etter ord som kan beskrive dette middagsselskapet, men eg finn ikkje den rette samanlikninga. Dette er særeigent og unikt, det er Tillersk (Rose-Marie meiner det er Strindbergsk. Og det er kanskje ei adekvat samanlikning). Og likevel er den første delen, Marius, kanskje den svakaste i heile trilogien. Den mistilpassa, unge mannen som eg eigentleg er litt metta på, er veldig framtrendande, både i samtidsforteljinga om Marius og i brevet han skriv til David. Dette ville nok blitt endå meir påtrengande om eg hadde lese alle tre bøkene i samanheng. Men det tar seg opp, både på handlingsplanet og på eit metaplan. Utover boka kommenterer boka ikkje bare seg sjølv, men ho kommenterer og diskuterer nettopp den mistilpassa, unge, norske mannen. Først gjennom David sin eks-kjærast, Susanne deretter gjennom David sitt eige blikk. Og nettopp dette metaperspektivet som blir introdusert og som blir gradvis sterkare utover romanen, er på ein måte med på å nulle ut det monotone i dei tidlegare skildringane av dei mange unge mennene.

Ein klisjé som er sint på klisjéane

Gjennom Innsirkling og Innsirkling 2 blei det teikna eit portrett av David som ein ungdom med ein sterk kunstnardraum. Og når vi til slutt møter David, har han debutert som forfattar. Forfattarrolla står sentralt i sjølvbiletet hans, sjølv om han bare har gitt ut ei bok. Både gjennom breva til dei som kjende David og gjennom samtalane hans med psykiateren, får vi teikna eit bilete av ein akademisk kunstnartype, som forsøker å protestere mot det etablerte. Han vil ikkje bli sett i bås og han vil ikkje vere ein del av det den mellomklassen han har vekse opp i representerer. Samtidig avviser han dei meir borgarlege verdiane, noko som blir konfliktfylt i forholdet til kona. Dette sjølvbiletet blir særleg tydeleg i Susanne sitt brev, der ho skriv om ein backpackartur dei to gjorde til Mellom-Amerika:

Forskjellen mellom backpackaren og charterturisten var langt mindre enn vi likte å tru. Ja, når vi møtte andre backpackarar, kunne du få lyst til så å seie å spele charterturist, sa du. Du fekk lyst til å seie at du hadde komme til Mellom-Amerika på grunn av sola, den billige spriten og alle dei villige backpackerjentene, og at du ikkje var så veldig opptatt av å lære meir om kulturen her nede. Du fekk rett og slett lyst til å fornekte alle dei verdiane og normene som backpackarane prøvde å uttrykke. Spesielt når vi kom i snakk med dei mest ekstreme representantane for backpackerkulturen, kunne du bli fylt av ein slik trong. Den i overkant verdsvante bergensaren vi vart sittande og drikke rom og cola med då vi var i Stantiago Atitlán, hadde for eksempel irritert deg noko grenselaust. Han oppførte seg jo som om det var han som oppdaga heile det jævla kontinentet, meinte du. Ja, måten han ordla seg på når han fortalde frå den ni månadar lange turen sin, hadde faktisk fått deg til å sjå for deg ein slags bergensk dr. Livingstone som med machete i hand og fare for eige liv kjempa seg gjennom ei tett, uframkommeleg jungel, for til slutt å oppdage ein paradisisk liten landsby, langt utanfor allfarveg og fullstendig uberørt av andre backpackarar. 

Gjennom del to og tre av Innsirkling 3 er samfunnskritikken skarp og det er ei oppbygging av ei sterk protest mot det etablerte. Men på same måte som David er ein backpackar med avsmak for backpackarar, eller ein akademisk forfattarklisjé som er sint på andre klisjéar, er han heile tida ein del av det samfunnet han kritiserer.

Happy ending?

Og derfor har eg brukt mykje tid på å tenke på slutten på romanen. Og eg veit at det er delte meiningar om kor vidt ein skal kommentere slutten på ein roman, men i denne trilogien er det eit så stort antiklimaks at eg ikkje kan la vere. Derfor støtter eg meg heller til at Ane Farsethås har skrive om slutten i Morgenbladet, før meg. Medan ho kritiserer Tiller for å ikkje overbevise heilt, vil eg seie at han undergraver sitt eige prosjekt, ved å forsøke å få til ein happy ending. For sjølv om det har vore mange stemmar som har forsøkt å presentere David for lesaren gjennom trilogien, er ikkje den David som med viten og vilje gir seg over til det etablerte forretningsmiljøet i siste kapittelet, den same David som vi har blitt kjend med gjennom romanane.

Ein kan trekke inn det same perspektivet som Susanne peiker på, når ho gjenforteller David sin kritikk av backpackarane. Medan David og Susanne er på reise, kritiserer han backpackarane for å vere backpackarar i flokk. Og han tar heile tida avstand frå flokkmentalitet, både i oppveksta og gjennom studietida. Men til slutt viser det seg at han ikkje kan velje bort det samfunnet han lever i og dei verdiane han er omgitt av. Og han omslutter dei, til tross for at han tidlegare har tatt avstand frå dei. Alt dette er begripeleg. Og det er ei rimeleg lesing, dersom vi legg backpackerkritikken til grunn for lesinga.

Men då sitt eg som lesar igjen med eit nytt spørsmål. For korfor kjem ikkje motivasjonen til David fram i teksten? Tiller si styrke er jo nettopp å gi lesaren innblikk i psyka og beveggrunnane til karakterane. Men når det kjem til dei store vala til David, er den stemma som elles analyserer kvar minste rørsle, fråverande. Og dermed blir ikkje utgangen av trilogien, kor David nærast gir seg over til det veldig etablerte og går inn som kommunikasjonsrådgivar i familiebedrifta til den nyoppdaga, biologiske faren sin, overbevisande. Ikkje bare er det eit val som ikkje står i stil med den kunstnartypen David sjølv definerer seg som. Men det er eit val som ikkje er motivert i romanen. Det kan kanskje lesast som ein form for resignasjon, at David gir opp, og gir seg over til den kulturen han har brukt heile livet på å etablere avstand frå. Men samanhengen er uklar.

Sanning og samanheng

Eit av dei meir åpenbare temaa i trilogien, er hukommelse og konstruksjon av minner. Som lesar får vi presentert åtte ulike versjonar av den same livshistoria. Det er naturleg å tenke på det gamle ordtaket «The truth is in the eyes of the beholder», for dei åtte som skriv brev til David, fortel og kvar si sanning, ei sanning som er sett gjennom den aktuelle brevskrivaren sine auge. Når David til slutt blir konfrontert med dei mange versjonane av historia om seg, seier han:

Vi er alltid på leiting etter uventa og interessante forklaringar på ting, trur eg det var eg sa. Om forklaringa er sann eller ikkje, skit vi i, så lenge ho er god. Og slik er det for deg når du sitt her og analyserer pasientane dine også. Meg inkludert! 

Innsirkling-bøkene har ei spenning som gir ein pageturnar-effekt, som kan samanliknast med kriminalromanen. Men det er ikkje først og framst spenninga på handlingsplanet som driv meg som lesar. Samtidig som Tiller si styrke ligg i karakterskildringane, har han lånt eit viktig element frå kriminalromanen. Som lesar blir eg driven av eit begjær etter å finne ut kva som eigentleg er sanninga. Gjennom dei første åtte delane, blir forteljinga om David fortald gjennom åtte ulike stemmar og frå åtte ulike perspektiv. Ein del av opplysningane som kjem fram får stå uimotsagt, medan andre opplysningar er tvetydige og motstridande. Historia om David sitt liv blir fortald gjennom ulike mennesker si hukommelse,  innimellom er forteljingane overlappande, innimellom er det store sprang. Og dermed reiser trilogien ein del store spørsmål om kva hukommelse og sanning er. Når David les breva som har komme til han, blir dette understreka. David seier at dei som har skrive brev overdriv si eiga rolle i livet hans, det er ingen av dei han kjenner verkeleg godt som har skrive brev. Og kanskje er det valet han gjer, når han går inn i det etablerte, nettopp ein demonstrasjon av akkurat denne mangelen på forklaringar og samanhengar, eit slags fuck you, til alle som trur dei veit sanninga om David og livet hans? Igjen er problemet at motivasjonen til David ikkje kjem fram i teksten. Og der det å beskrive motivasjonen til karakterane er forfattaren si store styrke, blir dette eit antiklimaks. Ikkje at slutten er lykkeleg, for så vidt, men at samanhengane og beveggrunnane til David blir borte i siste kapittelet. Og dermed faller trilogien litt her. Og det er veldig synd, for det er eit slikt godt prosjekt.

Eit post-postmodernistisk prosjekt

I samtalen med psykiateren minner psykiateren, Maria, David om at nittitalet og postmoderniteten er over.

Eg prøver å seie at det eg nettopp har sagt om deg, er meir sant enn mange av alle dei andre versjonane det er muleg å gi av deg. (…) Det verkar som om du går rundt med ei forestilling om at alt er fiksjon og at sanninga er umuleg å nå – også nå det kjem til spørsmålet om kven du er.

For meg blir dette ein nøkkel, når eg ser tilbake på trilogien. Og det kjem til å vere eit sentralt perspektiv, når eg ein gong skal lese bøkene om igjen. For der den postmoderne litteraturen er opptatt av å dekonstruere det moderne prosjekt, gjennom å kommentere seg sjølv, viske ut grensene mellom fakta og fiksjon og vise korleis det ikkje finst noko høgare sanning som får alt til å gå opp, er Tiller sin trilogi eit prosjekt som igjen dekonstruerer det postmoderne prosjektet. Og kanskje får den elles så meiningslause happy ending- slutten kan få meining, dersom han blir lesen som eit slags post-postmoderne postulat.

Dei siste åra har det vore ein stadig større diskusjon i litteraturen, om forholdet mellom fakta og fiksjon. Diskusjonen, som begynte med dei filosofiske spørsmåla om kor vidt litteraturen kan seie noko om verkelegheita, har utvikla seg til Knausgårdske romanar kor det er vanskeleg for lesaren å skilje mellom fakta og fiksjon. Innsirkling 3 inviterer til ei lesing i lys av diskusjonane om fakta og fiksjon, gjennom å nemne 90-talets postmodernisme som noko vi har lagt bak oss. Men òg gjennom den eksplisitte problematiseringa av sanninga, som forblir uklar og opp til den einskilde brevskrivaren.

Innsirkling 3
Carl Frode Tiller
Aschehoug forlag, 2014
e-bok

12 comments

    • Eg har prøvd å ikkje røpe alt for mykje, samtidig har eg diskutert slutten. Eg har brukt ganske lang tid på å skrive dette, fordi eg har vore usikker på korleis eg kan diskutere boka, utan å røpe for mykje. Og samtidig prøvde eg å advare mot å lese vidare med å vere tydeleg på at eg kom til å diskutere slutten. Det høyrest fint ut å lese boka først, altså. Eg styrde unna veldig mange bokmeldingar og intervju, før eg hadde lese boka sjølv.

      Eg lurer på om eg skal vere såpass frekk at eg takker nei til utfordringa di. Som du ser har eg ikkje blogga så mykje i det siste, og eg har litt behov for å la skrivinga vere “kun hobby” for tida, fordi eg har begrensa med overskot. Så eg kjenner at det ikkje er heilt tida for å skulle skrive om eit tema “på bestilling” akkurat nå. Men takk for at du tenkte på meg, det er ei fin utfordring.

      • Det er ikke noe problem at du takker nei til utfordringen!

        Jeg holder på å lese Tartt nå og holder meg unna anmeldelser, det er som om meninger og diskusjoner ødelegger litt av leseropplevelsen når jeg er midt oppi handlingen.

        Tekstene dine er alltid gode, og jeg er glad for å ha funnet deg! Jeg liker tyngden, dybden i tekstene dine. Du gir et løft til bokbloggeverdenen!

        • Oi, det var då voldsomt. Eg raudnar.

          Ja, eg held meg òg ofte borte frå anmeldingar og diskusjonar om bøker eg held på å lese. Samtidig er eg litt blanda. Innimellom er det berikande å lese om bøker, særleg gode bøker som ikkje bare er handlingsdrivne. Og det gjeld bøker som Innsirkling 3, trur eg. Eg trur ikkje noko av det eg skriv om slutten her vil øydeleggje lesaropplevinga av boka. Men eg las Snømannen av Jo Nesbø, etter at ein elev hadde røpa kven mordaren var i ei stiloppgåve. Og det punkterte heile spenninga i boka. Så det kjem litt an på kva slags bok det er og. Eg les jo ofte bøker fordi eg har lese om dei først, og fått lyst til å lese. Samtidig synest eg det er greit å vere tydeleg på at ein skriv om slutten, når ein gjer det. (Men sjølv om eg skriv om slutten, røper eg ikkje det som faktisk er spenningsmomentet i bøkene, altså, bare så det er sagt!).

  1. Hmm, dette likte jeg å lese. Jeg var så urutinert at jeg klarte å lese Ane Farsethås da jeg midtveis i boka. Da jeg leste det synes jeg det virket nesten litt utenkelig – at slutten skulle være for positiv. Frem til da hadde det strengt tatt vært 2,5 bøker med lite håp, men etter å lest slutten er jeg tilbøyelig til å være enig. Slutten ble litt for lett, jeg tror kanskje (advarsel til dere som ikke har lest boka) for mye familielykke sammenlignet med tidligere. Jeg synes uansett at den litt lette slutten ikke ødelegger så altfor mye, den blir som en svak del i noe som er veldig stort.

    For uansett så står disse bøkene som noe stort for meg – og når jeg får treeren litt på avstand har jeg planer om å lese disse bøkene på nytt igjen. Jeg er veldig nysgjerrig på hva en ny lesing av trilogien vil føre med seg!

    • Ja, eg er einig i beskrivelsen din, eigentleg, i at slutten er ein litt svak del i noko veldig stort. Samtidig klarer eg ikkje heilt å avfeie slutten som ein svak del heller, så eg leiter etter meining i han. Førsteinntrykket var litt sånn «Nå var Tiller lei av å skrive, så nå måtte han bare runde av». Men han slipp ikkje heilt taket og eg må fortsette å bla fram og tilbake i boka og leite etter noko som gir slutten og meining.

      Og ja, eg trur nesten ein må lese trilogien på nytt, i samanheng, etter at ein har lese siste boka. Eg merker i alle fall at eg fekk inn så mange nye perspektiv i tredje del av trilogen, at eg må putte det inn i den nye samanhengen – noko David åpenbart ville ha kritisert meg for.

  2. Jeg har enda ikke lest Tiller og takker for at du tok tiden til å gi en presentasjon av bøkene som var kort, men samtidig god nok til å vekke interessen. Jeg ønsker å lese refleksjonene dine om slutten på nytt, etter å ha lest alle tre bøkene.

  3. Jeg leste ut treern for knappe 2 dager siden. Har klart å unngå alle omtaler til nå. Du er den første. Skulle egentlig vente til jeg hadde samlet tankene, sortert følelsene og skrevet eget innlegg, men så falt jeg for fristelsen.
    Slutten: Jeg tenker at selv om jeg også synes slutten virker litt lettvint, et slags postulat, der boka føltes slutt hos psykologen (psykiateren?), er den egentlig passende. Den ‘ekte’ David, er en veik David. Og jeg har hele tiden følt at han var en svak og vinglende sjel – de alt dette backpacker/miljø/kjemp mot det etablerte var påtatt. Ihvertfall til en viss grad. Det kan vel også leses som en paralelle til 68-ere running big business. Barrikadehippie på sekstitallet, biz-eier 80/90-tallet.
    Eller kanskje som lykken som endelig mål, der den ultimate lykken (har litteraturen lært meg) alltid er tilhørighet.

    Når det er sagt er jeg helt enig i det merkelige at disse valgene kom så fort, og jeg synes også at det forsøket som ble gjort på problematisering (på båttur), om å ‘feie’ han av veien, var litt malplassert. Han bøyde av for pengene David
    , nesten litt ‘My Prescious’ tanker der på slutten -)

  4. Jeg har skrevet mye kritisk om bokbloggere, men jeg har også skrevet at det finnes noen lyspunkter. Du er blant dem. Det finnes 4-5 andre også. Kritikere som går de fleste avisanmeldere en høy gang og som nesten gir meg litt av troen på litteraturen tilbake.

    Dette er en fantastisk grundig og god bokanmeldelse. Et eksempel til etterfølgelse.

    • Takk for det. Det er litt artig å sjå at dei gamle postane som dukker opp nå, med nye kommentarar, er postar eg har lagt mykje arbeid i.

      Eg er einig i at det er stor forskjell på nivåa på bokbloggarar og det er veldig kjekt å høyre at du plasserer meg i eit slikt sjikte. Det sett eg stor pris på. Utover det må eg bare trekke fram kjepphesten min: Det er like store forskjellar på bloggarar og kritikarar som forfattarar. Og eg synest det er rart at så mange skriv og snakkar som om blogg er ein sjanger, når det eigentleg er eit medium. Det er jo ingen som vil snakke om at ei bok er ei bok, men når det kjem til bloggar har mange som elles er veldig kritiske lett for å blande saman skitt og kanel.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s