Då eg var ferdig med å lese Penger på lomma av Asta Olivia Nordenhof, satt eg igjen med så mange tankar om boka, at det nesten er vanskeleg å skrive noko om boka. Men eg vil gjerne prøve, likevel. For dette er ein roman som er heilt annleis enn alt anna eg har lese, og det er så mykje å ta tak i: Handlinga, språket, forteljarposisjonen, kronologien, oppbygginga … Og ikkje minst, det faktum at boka er den første i eit planlagt sjubindsverk med Scandinavia Star-brannen i 1990 som omdreiingspunkt. Nordenhof har satt seg føre eit ambisiøst prosjekt, og prosjektet startar godt!

Romanen handler om Maggie og Kurt, eit par som lever taust, side om side i ein relasjon som har mista gnisten, på ein gard på Fyn. Vi får fortald historia om dei to gjennom glimt frå ulike periodar i livet deira. Først gjennom eit innblikk i livet deira på garden, som ikkje er datert; Eit tilbakeblikk på Maggie sin ungdom, ein ungdom med utanforskap og vald; Ein passasje om slutten på Maggie sitt liv; Ei hending som er definerande for relasjonen mellom dottera Sofie og foreldra; Eit tilbakeblikk på Kurt sin ungdom. Det er to triste skjebnar som lever saman på denne garden. Men sjølv om historiane deira er vond lesing, er romanen i seg sjølv realistisk og usentimental.
Midt i denne forteljinga om Maggie og Kurt, er det eit brot i teksten, der vi får ei essayistisk samanfatning av bakgrunnen for brannen på Scandinavian Star. Her får vi innblikk i det forvirrande konglomeratet av selskap og underselskap som kjøpte og solgte skipet mellom seg, like før brannen som tok 159 liv gav dei ei skyhøg forsikringsutbetaling.
Den springande kronologien er i seg sjølv interessant, men romanen får eit heilt unikt preg gjennom at historia om Maggie og Kurt er ramma inn av eit forteljande eg, som ikkje blir vidare definert. Dette forteljar-eget er ein instans som er nær både Maggie og Kurt, som kjenner liva deira og tankane deira, på ein måte som gir meg assosiasjonar til forteljarteknikken i dei franske og russiske 1800-talsromanane. Det er ein instans, eit eg, som ligg tydeleg mellom lesaren og karakterane, som er overordna karakterane og som henvender seg til lesaren. Når vi kjem til det essayistiske partiet, presenterer dette eg-et seg. Fiksjonen blir brote opp, og forteljaren nærmer seg den faktiske forfattaren veldig, ved å fortelje at ho var to år då Scandinavian Star-brannen fann stad. Dette er eit interessant grep, som gjer at eg blir veldig nysgjerrig på fortsettinga av dette sjubindsverket.
Eg har veldig lyst til å skrive noko klokt og gjennomtenkt om språket òg. For det er språket som gjer heile teksten. Det er usentimentalt og nøkternt, samtidig som det er poetisk og levande, sterkt omsett av Trude Marstein. Gjennom språket tar Nordenhof oss med på innsida av det tause samlivet til Maggie og Kurt og dei vonde hendingane som forma desse to tidlegare i livet. Samtidig er det heile tida denne distansen som oppstår mellom dei fiktive karakterane og det udefinerte forteljareg-et som skaper ei spenning i teksten.
Romanen er absolutt eit politisk og samfunnskritisk arbeid. Eg-instansen viser tydeleg fram korleis dei globale stor-kapitalistiske strukturane spenner beina under folk som har strevd for å klare seg økonomisk heile livet. Ikkje bare spenner dei beina under folk, men dei tar også livet av 159 mennesker, gjennom ein mordbrann der motivet er pengar. Forfattaren er sjølv tydeleg på at prosjektet er eit kapitalismekritisk prosjekt og seier i eit intervju med Dagsavisen av denne skandinaviske tragedia er uadskilleleg frå den kapitalistiske tragedia.
Nordenhof er nominert til Nordisk Råds litteraturpris og har fått EU’s litteraturpris og Per Olov Enquist-prisen for Penger på lomma. Og eg kan ikkje seie anna enn at denne boka fortener desse utmerkelsane. Eg kjenner eg gleder meg til å lese dei neste bøkene i dette verket. Dessverre har Nordenhof planer om å bruke 14 år på dette prosjektet, og dermed er 12 år til alle sju binda er utgitt. Så eg må bare smøre meg med tålmod her.
Asta Olivia Nordenhof
Penger på lomma
Utgitt i Danmark, 2020
Omsett av Trude Marstein
Utgitt på norsk i 2021
170 sider
Oktober forlag