Merking av bokinnlegg

Leseeksemplar? Anmeldereksemplar? Reklame? Annonse? I samarbeid med …? Bokgave? Gratis bok? Sponsa?

Forrige veke snappa først Julie og så eg på Snaplioteket om reklamemerking i sosiale medier. Dette er eit vanskeleg tema, som har blitt diskutert heilt sidan vi bloggarar begynte å motta leseeksemlar frå forlaga i 2010. Det er mange aspekt ved denne problematikken og desse diskusjonane. Og diskusjonane blir ofte betente, for betyr reklamemerking at vi ikkje er ærlige i det vi seier om bøkene? Og er framvisning av gratis bøker eigentleg reklame? Er det forskjell på korleis vi snakker og skriv om bøker vi har fått gratis og bøker vi har kjøpt? Og er eigentleg heile denne diskusjonen eit forsøk på å mistenkeleggjere einskildpersonar i bookstagrammiljøet? Treng vi eigentleg å snakke om dette?

Først av alt: Ja, vi treng å snakke om det. Vi treng å gjere oss sjølv, kvarandre og dei som les det vi skriv bevisst på kva slags haldningar vi har til det å få bøker tilsendt. Denne diskusjonen er nyttig, viss vi klarer å la vere å rette peikefinger til kvarandre, men heller snakke om korleis vi tenker rundt det. Og eg tenker at det er nyttig at kvar enkelt tenker gjennom om og korleis vi lar oss påverke av å få tilsendt bøker. Lar du deg ikkje påverke? Les du meir kritisk? Les du mindre kritisk? Føler du deg forplikta til å vise fram alt du får i posten? Deler du bilete av leseeksemplar før du har lese dei, eller venter du til du har lese dei? Eg tenker at det er ikkje noko fasitsvar på noko av dette. Men eg trur det er viktig at vi snakker om korleis vi tenker rundt dette. Sjølv har eg 900 følgjarar på instagram. Og eg tenker at eg skuldar dei at dei veit korleis eg tolker retningslinjene frå Forbrukertilsynet.

Personleg tenker eg at litteraturformidling er noko anna det mange andre influencarar driv med. Samtidig er det eit stort spekter innafor det som foregår på bookstagram for tida. Det er innlegg som heilt udiskutabelt er reklame, for eksempel såkalla unboxing-vidoar, der folk filmer at dei pakker ut bøker dei har fått i posten. Korfor tenker eg at dette utvilsomt er reklame? Jo, fordi så lenge ein ikkje har lese den boka ein viser fram, har ein ikkje forutsetningar for å seie noko om boka. Eg tenker òg at dersom ein skal merke, skal merkinga vere synleg og leseleg. Ein skal kunne sjå at det er ei gratis bok, utan å måtte leite etter det! Det handler om å vere ærleg ovenfor følgjarane sine. Dette står også klart i retningslinjene frå Forbrukertilsynet.

Eg har lenge kjent på ei motvilje mot å bruke ord som “reklame” og “annonse”. Den største innvendinga mi, personleg, er ei innvending eg ser går igjen i mange instagramdiskusjoner nå: Desse orda impliserer at ein har fått betalt for å poste innlegget. Når ein bare har fått ei gratis bok, gjerne med eit stempel i, slik at ho ikkje er salgbar, er det då betaling? Nokon vil seie ja, andre vil seie nei. Eg meiner òg at kritiske innlegg om bøker, der ein vurderer positive og negative aspekt ved ei bok og kjem med ein konklusjon i form av “Denne burde du lese” eller “Denne boka var eigentleg fem timar av livet mitt eg aldri kjem til å få tilbake”, eller noko midt i mellom, ikkje er reklame, nettopp fordi det a) ikkje er betalt og b) ligg nær opp til kulturjournalistikk i tradisjonelle medier. Dette skreiv eg i eit brev til Forbrukertilsynet, som blei signert av mellom 20-30 bloggarar, i 2019. Svaret til Forbrukertilsynet var tvetydig, men kan oppsummerast slik:

  • Gratis bøker er eit gode, ein fordel ein får framfor andre forbrukarar, derfor skal det merkast. I ein del tilfelle er det bare “reklame”, “annonse” eller “sponsa av ….” som er god nok merking.
    • Mi tolking av dette er at innlegg som ikkje er kritisk vurderande og som ikkje gir ei grundig gjennomgang av korfor ein liker eller ikkje liker ei bok, er reklame. “Denne boka er såååå spennande”, “Denne boka elsker eg!”, unboxing-innlegg og andre former for innlegg som handler om bøker ein ikkje har lese (bokfrokost, boklunsj, bok og kaffe … what not…) eller forhåndsomtale av bøker som ikkje har komme ut ennå. For meg personleg er det veldig sjeldan eg legg ut slike innlegg om bøker eg ikkje har lese, nettopp fordi eg veit at sjølv om eg ikkje er den største på bookstagram, så vil eg at mine følgjarar skal ha tiltru til at det ligg ei lesing og ei vurdering bak bøker eg anbefaler. For meg handler dette om min integritet.
  • Ord som “konkurranse”, “i samarbeid med …” ol. er aldri god nok merking. Det seier Forbrukertilsynet heilt eksplisitt.
  • Om ord som “bokgave”, “leseeksemplar” og “gratis bok” er godt nok eller ikkje, vil avhenge av det enkelte innlegget og samanhengen det er skrive i. Det er ikkje aldri godt nok, men det er heller ikkje alltid godt nok.
    • Mi tolking og min praksis rundt dette, er at når eg tar meg tid til å skrive grundige og vurderande omtaler, som minner om litteraturkritikk, er denne typen ord god nok merking. Den store forskjellen på ei grundig vurdering og “Denne boka elska eg, den er bare så spennande!” er at publikum får vite korfor eg likte eller mislikte eller syntes boka var midt på treet.
    • Ulempa med ordet “leseeksemplar” er, som fleire òg har peikt på i diskusjonane rundt omkring, at det er eit omgrep som krev ein viss form for innsyn i bokbransjen. Eg trur ikkje dette er eit ord som gir meining for alle.

Eg gjer eit forsøk på å laste opp både brevet til Forbrukertilsynet og svaret frå dei, for dei som er interessert i dette.

For meg, personleg, er det viktig å fasthalde at eg ikkje liker dei assosiasjonane eg får av ord som “reklame” og “annonse”, nettopp fordi eg tenker at den litteraturformidlinga eg driv med i ulike former for sosiale medier, er lystbetont, på hobbybasis og ikkje betalt. Likevel er det nå ein gong slik at vi ikkje kan gå rundt og velje bare dei reglane og retningslinjene vi liker.

For min del er det sjeldan eg les bøker eller forfattarar eg ikkje veit nokonting om på førehand. Og eg les ikkje nødvendigvis alle bøker eg får i postkassen. Ein periode, rundt 2011- 2014, var det fleire forlag som sendte ut heile katalogen sin til eit utval bloggarar. Eg hadde ikkje sjans til å lese alt eg fekk, og mange av desse bøkene er nå donert til ein institusjon, for dei tar jo opp mykje plass også. Nå er det meir vanleg praksis å sende inn ønsker på bøker ein kan tenke seg leseeksemplar av, og så vurderer forlaget kor mykje av dette dei sender ut. Likevel hender det eg får bøker dei sender til alle, som eg tenker er fullstendig skivebom, med tanke på kva bøker eg pleier å like. Og då les eg dei ikkje. Og nettopp fordi bokblogging, bookstagram og Snaplioteket er ting eg driv med på hobbybasis, er det viktig for meg at eg les bøker eg sjølv ønsker å lese. Likevel, eg kan ikkje seie at eg aldri har blitt skuffa over ei einaste bok. Eg har til og med blitt skuffa over bøker av forfattarar eg vanlegvis liker veldig godt. Sjå sjølv om eg har lese forhåndsomtaler, kjenner til ein forfattar og har likt tidlegare bøker, har eg ikkje grunnlag for å anbefale ei bok eg ikkje har lese ennå. (Og derfor lar eg stort sett vere). Det hender sjølvsagt at eg seier noko om bøker eg har sett i haustkatalogen, som eg trur er interessante og som eg håper eg rekk å lese. Men då er det viktig for meg at dei som følgjer meg på instagram eller her på bloggen veit at dette bare er ei magekjensle. For, som sagt, det hender eg har høge forventningar til ei bok basert på kunnskap og tidlegare erfaring, men så er boka heilt rævva. Det hender eg ikkje orker lese ferdig bøker, fordi dei er så dårlege. Og i sånne tilfeller er i alle fall eg glad for at eg ikkje praktiserer framvising, eller gratisreklame, av bøker før eg har lese dei.

Under dei seinaste diskusjonane har eg tenkt litt på mi eiga motvilje mot å bruke ord som “reklame”, “annonse” eller “sponsa av”. Kven er det eigentleg som tener på det, dersom eg framstiller det som om eg elsker ei bok, og samtidig kamuflerer det at eg har fått boka gratis med uleseleg tekst som går i eitt med bakgrunnen? Eg tener ikkje ei krone på det. Forlaget derimot, som har vald ut kven som skal få kva for nokre bøker tilsendt, får veldig billig synlegheit. Ei annonse i Aftenposten på størrelse med eit instagram-bilete vil koste 26.500, dersom den når ut til 50.000 mennesker. Ei masseutsending av bøker til 50 bookstagrammere som viser fram boka til 1000 følgjarar kvar, koster ikkje meir enn produksjonskostnaden av desse bøkene. Ofte er marknadsverdien av ei slik annonse langt større også, fordi følgjarane på instagram aktivt har vald å følgje desse bookstagrammerene og dei har større tillit til dei anbefalingane dei får, enn til ei tilfeldig annonse i ei nettavis. Eg kjenner at i lys av dette, sitt eg igjen og lurer på korfor eg har vore så motvillig til å bruke desse orda og uttrykka? Det er jo ikkje eg som tener på at ein bokreklame er dårleg merka, eller at det ser ut som noko anna enn reklame. Det er forlaget som sparer annonseutgifter på mi motvilje mot å bruke desse orda. Og det kjenner eg at eg ikkje vil vere med på lenger.

Kvar gong dette temaet er oppe til diskusjon, kjem det ein del innlegg i debatten av typen: Eg vil jo bare formidle leseglede. Og det er kjempebra at det er eit så stort miljø som snakker om bøker i sosiale medier. Eg er veldig glad for å vere ein del av dette. Den perioden eg fekk tilsendt veldig mange leseeksemplar, uoppfordra, gjekk dette utover lesegleda mi. Stabelen med bøker eg følte meg forplikta til å lese, veks, og eg fekk ikkje tid til å lese bøker som var to-tre år gamle, som eg trudde eg ville hatt glede av. Og dette er den viktigaste grunnen til at eg har blitt meir restriktiv med å motta leseeksemplar – eg orker ikkje øydeleggje lesegleda mi med det stresset eg kjende på for fem-seks år sidan, det blei eit jag etter å alltid ha lese det nyaste først, som til slutt blei ganske utmattande. For meg forsvann mykje av gleda i det eg dreiv med, det blei bytta ut med pliktkjensle og stress. Dersom eg skal formidle leseglede i sosiale medier, vil eg jo gjere det på mine premisser. Og eg kan formidle like mykje leseglede ved å hente fram ei svensk bok frå 2008, som eg gjer ved å bare snakke om bøker som framleis er til fullpris i norske bokhandlarar! Det er veldig få bøker som er ferskvare, sjølv om bokbransjen vil ha oss til å tru det. Eg tenker ofte på dei 1300 bøkene eg har i bokhylla mi, som eg har lese ein tredjedel av. Og eg tenker på kor mykje glede eg kan ha av å endeleg få lese ei bok eg har hatt ståande og tenkt på å lese lenge. Eg tenker på det når eg kikker i hyllene på biblioteket: “So many books, so little time”. Eg trur i alle fall ikkje at eg alltid må vere først ute med å skrive om dei siste bøkene som har komme ut, for å kunne formidle leseglede.

Og derfor kjem eg til å legge bort mi motvilje mot ord som “reklame”, “annonse” og “sponsa av …” dersom eg les bøker eg har fått gratis frå forlaget. Og eigentleg kjenner eg at dette er ein litt befriande konklusjon.

4 comments

  1. Fin konklusjon! Eg trur at min motvilje mot å merke med reklame er at det antydar at eg kan kjøpast, og det vil eg ikkje. Men løysinga mi har blitt å nesten utelukkande skrive om bøker eg har lånt.

    • Ja. Eg kjenner at det er stor forskjell på korleis landskapet er nå og for bare få år sidan. Særleg etter at Instagram har tatt over mykje, og gjort at det visuelle kjem meir i fokus samanlikna med tekstane og vurderingane på blogg.

  2. Jeg tenker at “synlighet” er et veldig viktig stikkord i denne diskusjonen. I bunn og grunn er det jo nettopp det det handler om for forlagene – god omtale er bra, men at dine 900 følgere får sett omslaget og hørt om tittel og forfatter er viktigere. Det er ikke nødvendigvis de mest begeistrede kritikkene som gjør meg (og sikkert mange andre) mest nysgjerrig på en bok – en ambivalent omtale (eller en saftig slakt) kan være vel så effektivt. At man får tilsendt et leseeksemplar påvirker forhåpentligvis ikke hvordan man leser eller omtaler boken, men det kan bidra til at man leser eller omtaler nettopp den boken i stedet for en annen – og dermed har forlaget påvirket bloggen og skaffet seg gratis synlighet.

    • Det er eit veldig godt poeng. Eg ser i alle fall veldig tydeleg at frå den første tida med leseeksemplar for min del, fortrengte leseeksemplara bøker eg elles ville vald frå bokhylle, bibliotek og bokhandel. Så det er også absolutt eit viktig aspekt!

Legg igjen ein kommentar