aside Den store amerikanske romanen

The Great Gatsby 1925
Francis Scott Fitzgerald
Frå F. Scott Fitzgerald’s Collection
Kindle Edition

20130724-070850.jpg

Nick Carraway flytter til området West Egg på Long Island for å jobbe på børsen i New York. På andre sida av bukta bur søskenbarnet hans, Daisy, saman med ektemannen Tom, ein gammal aristokrat som har arva det flotte huset på East Egg. Allereie tidleg i første kapittel får vi høyre at Tom Buchannan har ei dame i New York, likevel tviheld Daisy på fasaden til den vesle familien. Jay Gatsby er ein nyrik mann som arrangerer ekstravagante festar for alle som vil komme i Nick sitt nabohus. Det er ingen som veit kor han kjem frå eller korfor han er rik, men det blir spekulert i store heltedåder under første verdskrigen. Etterkvart som Nick og Gatsby utvikler eit nærare vennskap, får Nick vite at grunnen til at Gatsby har kjøpt det store huset på West Egg, er at han vil bu nær sin ungdoms kjærleik, Daisy. Og dermed er grunnlaget for trekantdramaet lagt.

Nick Carraway har forteljarstemma og perspektivet i romanen. Han er ein figur vi i svært liten grad kjem innpå, personleg, før i det siste kapittelet. Han deltek på festane til Gatsby og han snakker med både Daisy, Tom og Gatsby. Han har og eit overfladisk forhold til Jordan, venninna til Daisy. Men det er trekantdramaet mellom ekteparet Buchannan og iden nyrike og fascinerande Jay Gatsby romanen handlar. Nick, som er eg-personen og forteljaren står på sidelinja, som ein observatør, reporter eller betraktar, samtidig er han deltakande i dramaet som utspelet seg. Som lesar er eg nødt til å stole på Nick, ein mann som deler svært lite av seg sjølv. Det er eit interessant forteljarteknisk grep, som skaper spenning i teksten. På den eine sida opplever eg ei viss avstand til Nick, fordi han gir så lite av seg sjølv. På den andre sida opplever eg at han er den einaste av karakterane, som eg faktisk kan stole på. Gatsby, som viser seg å ha tent heile formua si på smugling, som skifta namn for å komme nærare dei rike og som har brukt store deler av livet på å bygge ei fasade for å bli lagt merke til av Daisy, er ikkje påliteleg. Daisy, som ikkje våger å ta steget ut av ekteskapet og tilbake til sin ungdoms kjærleik, sjølv om mannen Tom ikkje er trufast og heller ikkje verdsett henne, er for redd for sitt gode namn og rykte til å i det heile tatt fortelje denne historia. Og Tom har ein alt for klar agenda, han vil avsløre Gatsby som ein løgnar og bedragar slik at Daisy skal bli heilt og fullt hans igjen. Vi må stole på Nick, han er den einaste som kan fortelje denne historia. Men det at forteljaren ikkje deler meir av seg sjølv, skaper ei spenning i teksten.

The Great Gatsby er ofte omtala som den store amerikanske romanen, romanen som viser fram og samtidig knuser det amerikanske draumen. For i tida etter første verdskrigen kunne kven som helst bli rike. Men kven som helst kunne ikkje bli aristokratar. Og medan Gatsby og Nick, som har tent seg rike på spritsmugling og aksjer, har råd til å leve på The West Egg, er det bare dei riktige aristokratanen som Tom Buchannan og kona, som kan leve i ein nedarva herregård på The East Egg. Denne geografiske skilnaden mellom dei to områda blir ein klar klassemarkør og eit nesten overtydeleg symbol i romanen. For medan både spritsmuglaren Gatsby og aksjespekulanten Nick nærast går til grunne i den vulgære overfloden til dei nyrike, overlever ekteparet Buchannan intrigene og kjem seg unna med verdigheita i behald. The Great Gatsby skildrar eit rikmannsliv med fest og overflod. Gatsby, som har trekke til seg utallege folk til overdådige og generøse festar, har når det kjem til stykket ingen som stiller opp for han i det siste kapittelet. Og her blir kontrastane igjen tydelege. Det den nyrike Gatsby har, er ikkje ekte. Og dermed blir den amerikanske draumen plukka frå kvarandre.

5 comments

  1. Fin omtale av en godt komponert roman, men beveger boken deg? Det har nok sannsynligvis med fortellerstemmen å gjøre, jf det du påpeker, men jeg husker at jeg ikke ble engasjert av teksten, og at jeg derfor ikke ville ha pekt på denne som ‘den store amerikanske romanen’, om en bok skal kunne være noe så ambisiøst da!

    • Både og. Eg kjenner at den store distansen som blir skapt mellom meg og forteljarstemma fascinerer meg. Eg kjem ikkje heilt innpå Nick, samtidig som eg er nødt til å stole på det han fortel. Eg blir ikkje gripen av han personleg, men eg blir gripen av det han fortel, særleg av historia til Gatsby, som meir eller mindre går til grunne i forsøket på å leve ut “den amerikanske draumen”. Eg meiner det er andre amerikanske romanar som engasjerer meg meir. Samtidig synest eg The Great Gatsby fortener statusen den har fått, nettopp fordi han plukker frå kvarandre myta om at kven som helst kan komme seg opp og fram i det amerikanske samfunnet. Boka blir langt meir realistisk enn ei rekke andre romanar om “den amerikanske draumen”, kor draumen blir oppfyllt i eit stort og rungande happily-ever-after.

  2. I lys av diskusjonen på FB de siste dagene, legger jeg inn en lite kommentar her!
    Interessant og fin omtale av en klassiker 🙂 Tosidigheten i boken, som gjennomsyrer alle menneskene, kombinert med det vakre språket, gir en egen stemning– Jeg skrev selv en ganske lyrisk omtale av denne boken ifjor!
    Jeg har aldri lest TGG som en kjærlighetshistorie, men som en kommentar til et klassesystem. “..han plukker frå kvarandre myta om at kven som helst kan komme seg opp og fram i det amerikanske samfunnet.” slik har jeg også alltid sett boken. Den gjør mer enn det og, fordi den handler ikke bare om illusjonen om den amerikanske drømmen, at den ikke er oppnåelig, men også desillusjonen om den amerikanske drømmen, det motsatte, at drømmen ikke var verd å følge i utgangspunktet, fordi overklassen er så grunn, kald og overfladisk.
    Det er interessant for meg at du fremhever hvem du kan stole på i boken, Nick er jo en klassisk upålitelig fortellerstemme, men for meg er dualiteten i de andre karakterene noe av det som virkelig løfter boken. Det underbygger også hovedtemaet om at overklassen er tiltrekkende og samtidig forkastelig.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s