Lørdagslenker

Marknaden for norske e-bøker har tatt seg opp det siste året, melder Klassekampen. Men fleirtalet av dei registrerte kundane les bare ei bok. Lesebrettkundar kjøper fleire e-bøker enn folk som les via apper på telefon og nettbrett. Dette kjem ikkje som ei stor overrasking, i og med at ein som investerer i eit lesebrett truleg har større motivasjon for å lese e-bøker, enn ein som bare skal prøve ut ein e-bok-app på telefonen.

Danske Mofibo, også omtalt som bøkenes Spotify, starta opp 2. juli. For 99 kr./mnd. får du fri tilgang til bøkene i databasen og du kan prøve ein månad gratis. Det kan ta tid før dei store norske forlaga finn fram til ei løysing for strømming av bøker, melder NRK. Eg har ikkje prøvd Mofibo endå, sjølv, men har planer om å bestille eit abonnement i løpet av relativt kort tid.

Svenske Fredrik Nyberg har skrive doktoravhandling om litterær gestaltning. I boka Hur låter dikten? skriv han om det lydlege aspektet ved diktinga, melder Sveriges Radio. Her stiller han blant anna spørsmål ved kva som skil eit dikt som blir opplese frå eit dikt i ei bok og han håper med dette å kunne åpne for eit nytt område innan kunstforskning.

J. K. Rowling gav i april ut ei kriminalromanen The Cookoo’s Calling under pseudonymet Robert Galbraith. Etter ein lekkasje frå advokaten har det denne veka komme fram at det er suksessforfattaren bak Harry Potter-serien som skjuler seg bak pseudonymet. Lekkasjen har ført til at salet steig med 150 000 prosent og  boka nå ligg på topplistene hos Amazon. Både pseudonymet og avsløringa av forfattaren minner mistenkeleg om eit PR-stunt, likevel melder  The Guardian at Rowling er sint på advokaten som står bak lekkasjen. Avsløringa kom uansett på eit passande tidspunkt, midt i den største agurksesongen, og avisene kastar seg over anledninga til å skrive om pseudonym. Du kan derfor ta The Guardian sin littærere pseudonym-quiz (eg klarte 6 av 10) og lese pseudonymhistorie i same avis

Det er framleis ikkje for seint for reisetips. Dersom du skal til London i sommar, har The Guardian saman med Zadie Smith arrangert ein fotokonkurranse for å vise fram urban living i frå storbyen. Her kan du sjå vinnarfotografia. Og er du i London, må du besøke Hyde Park, kor  200 års-jubileet til romanen Pride and Prejudice blir markert med ein 12 feet høg statue av Colin Firth som den badande Mr. Darcy. (Biletet er henta frå The Sun).

4 comments

    • Ja, eg skal bare komme litt ned i stabelen av bøker på nattbordet, før eg tar ut prøvemånaden min på Mofibo. Eg er spent på korleis det verkar.

  1. Fine lørdagslinker! Interessant det med krimromanen til Rowling, og den statuen av Mr. Darcy…stilig – skjønt, nesten litt grotesk 😀

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s