Rapport frå ei klaustrofobisk og dyster framtid

Epp
Axel Jensen (illustrert av Pushwagner).
CappelenDamm 2008, første utg. 1965.
99 sider.

Eg har lese Epp av Axel Jensen, ein kort roman som i etterordet av Fredrik Wandrup blir karakterisert som “OBOS-bladet på speed” (s. 108), noko som må seiast å vere ein svært treffande karakteristikk. Det er ei klaustrofobisk atmosfære som blir skildra, av Epp, den pensjonerte automasjonarbeidaren, som sitt på hybel 1411 i blokk 982 i framtidsbyen Oblidor og skriv rapportar over kvardagen sin. I 982 bur pensjonistane som har slått seg til ro “med betydningsløse navn og trange rom”. For namna er viktige for folk i Oblidor. Denne klassen med pensjonerte arbeidarar, som Epp høyrer til har tre bokstavar i namnet sitt. Men vi forstår tidleg at jo lengre namn ein har, jo meir har ein fått til her i livet. I eit brev til søstra, som er uroleg for sonen Epp (junior) som ikkje bruker nok tid på talenta sine, skriv han:

Det er jo godt hode på gutten og blir han ikke Eppen i første omgang så blir han nok Eppe og han først blitt Eppe så blir han nok Eppen til slutt også. Et trinn av gangen, sier alltid jeg. En bokstav til på toppen av Epp vil skjerpe guttens ambisjoner, men uten å sette for store griller i hodet på ham. Og det er jo stor forskjell på å bli Eppe og Hep som ble He. Så engst deg ikke, kjære søster, for dersom det verste skulle skje og det går galt for det lille lyset ditt så er det vel ikke verre for ham enn for oss andre. Alt han risikerer er jo å bli hetende det samme som sin gamle onkel her i hovedstaden. (s. 62).

Epp bur saman med den kjøttetande planten sin, Ili og har eit kjølig vennskap med den fråflytta naboen Lem, som han ser ned på. Dagane hans er prega av rutiner, og romanen er relativt tom for handling. Samtidig er ritualene til den negative gamle mannen, skildra ned til minste detalj. Romanen bruker fem sider på å beskrive korleis Epp koker eit egg slik at det blir perfekt og deretter spis det.

I eit radiointervju seier Axel Jensen at Epp spring ut av “Ønsket å foreta en montasje mellom science fiction og Becketts forfatterskap” og han beskriv Epp som “en knirkende olding i futuristisk sammenheng”. Og denne knirkande oldingen og det klaustrofobiske drabantbymiljøet blir godt illustrert av Pushwagner sine teikningar. Eg kjenner eg blir litt glad i Epp, til tross for at han er negativ til det meste og har eit svært nedlatande syn på folk rundt seg. Han er veldig opptatt av korleis andre har det på hyblane sine og dømmer folk som ikkje liker dei same tapeta som han sjølv. Han har forsøkt å finne nokon med same lidenskap for tapet som han sjølv, men dette er vanskeleg. Han er pertentleg og nøyaktig, på ein svært sjarmerande måte, noko som både kjem fram gjennom eggekokinga og -spisinga, men også gjennom tellinga av piller. Han får nemlig 63 piller i posten, med jamne mellomrom. Desse tar han ikkje, men han tel dei før han kastar dei, slik at han skal kunne klage dersom det er 62 i ein pakke. Og sidan eg blir litt glad i denne pertentlege gamle mannen, blir eg og litt trist, når han på slutten av boka ikkje får til å koke egget sitt, likevel.

Romanen er satirisk og samtidskritisk, samtidig som skildringa av den framtida Epp lever i, er langt frå lys. Den gamle mannen som bur saman med den kjøttetande planten sin, har ikkje lenger nokon betydning for samfunnet. Han kjem til å visne bort og etterkvart bare vere E. Det effektive samfunnsmaskineriet er organisert på ein måte som isolerer menneska frå kvarandre.

Det er fascinerande å sitte i år 2012 og lese ein framtidsvisjon frå 1965. Det er snakk om svevande leiketøy, koking ved hjelp av strålevarme og bruk av skjermar og lasersag. Men når Epp har skrive brev til søstera, skriv han det med penn og papir, putter brevet i postpatronen og sender det avgårde med lufttrykk. I 1965 må postpatronar og lufttrykk ha vore ei god løysing på korleis ein kan få posten til å gå fortare, medan det heile høyrest litt komisk ut, i vår digitaliserte tid. Denne lufttrykkposten får meg til å tenke på kor vanskeleg det faktisk er å seie noko om framtida. Det har vore ei utvikling på post- og kommunikasjonsfronten. Men utviklinga har tatt ei heilt anna retning enn den Axel Jensen klarte forestille seg.

Epp er ein veldig fin, kort roman, og illustrasjonane forsterkar inntrykket av boka. Det er sjeldan eg blir sittande å sjå på bilete i ei bok, men den mørke, dystre blokkbebyggelsen, teikna av Pushwagner er verkeleg prikken over i-en i Epp. 

2 comments

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s