Olavs draumar
Jon Fosse
Det Norske Samlaget, 2012.
80 sider.
Eg har lese Olavs draumar av Jon Fosse. Den 80 sider lange (eller skal eg seie korte?) boka er ei oppfølging til Andvake frå 2007. Eg kjende litt på at eg ikkje hadde den første boka friskt i minne då eg begynte på denne andre boka. Eg hugsa vagt at Andvake handla om den gravide jenta Alida og kjærasten hennar Asle, som i analogi til Josef og Maria gjekk frå dør til dør og søkte husly. Til slutt blir kjærasten, Asle, så desperat at han drap ei eldre kone som stod i vegen for dei. Men eg hugser ikkje detaljane og det kjenner eg at eg burde gjort. Eg trur eg kjem til å lese begge bøkene om igjen, rett etter kvarandre.
Olavs draumar blir innleiia med at Asle, som har bytta namn til Olav, går nedover vegen og blir gjenkjend av ein eldre mann, gamlingen. “Nei, er det den karen, seier Gamlingen og han pustar tungt Så det er den karen ja, seier han”. (s. 8). Olav blir skremd over at han blir gjenkjend, til tross for namnebyttet og at han har flytta bort frå Bjørgvin. Etterkvart kjenner Olav seg stadig meir forfulgt av Gamlingen, som kjem med antydingar til drapet som blei begått og dreparen dei ikkje har funne. Den lesaren som har Andvake friskt i minne, vil hugse drapet og vite at Gamlingen har rett. Viss ein ikkje kjenner historia om Asle og Alida frå Andvake, vil det oppstå ei heilt anna spenning, knytta til kor vidt Gamlingen har rett eller ikkje. Uansett blir mykje av spenninga i boka bygga opp rundt skuld og skuldkjensle. Olav er i Bjørgvin igjen, for å kjøpe ringane som skal knytte han og Åsta, som er Alida sitt nye namn, saman. Og her blir han jaga rundt i byen, i dei trange, mørke gatene som fører han tilbake til denne fortida han ikkje vil kjennast ved, både av Gamlingen og av sine eigne tankar og si eiga skuldkjensle.
Fosse er utruleg god til å skrive fram steminger og vanlegvis er det denne framskrivinga av stemningar eg liker så utruleg godt, med Fosse. Olavs Draumer skil seg frå andre bøker eg har lese av Fosse, på dette punktet. Stemningane kjem fram på same måten, men ho vekker eit langt større ubehag hos meg, enn Fosse sine bøker vanlegevis gjer. Naturen, det åpne havet og lyset er omtrent fråverande i Olavs draumer. Handlinga foregår i Bjørgvin, med trange smaug og mesteparten av historia som blir fortald er lagt til kveld og natt. Mørket er klart tilstade, noko som gir ei klaustrofobisk og “tett” stemning. Denne klaustrofobiske kjensla av å vere innelukka i byen og dens trange smaug og lukka gater, er med på å forsterke Olav si kjensle av å bli forfulgt og innhenta av fortida. Olav minner meg om K i Prosessen og Raskolnikov i Forbrytelse og straff, der han blir jaga rundt i nattemørket, innestengd i si eiga skuldkjensle. Denne mørke og tunge stemninga understreker og forsterker tankane til Olav og lidinga han går gjennom. Samtidig vekker ho eit sterkt ubehag i meg som lesar, eit ubehag som gjer Olavs draumar til ei bok det er tungt å lese.
Takk til Samlaget for leseeksemplar.
Jeg sto faktisk med den boka i hånda en dag på bokhandelen, men så skjønte jeg at jeg burde lese forgjengeren først. Så da ble Jon Fosse litt glemt i farta. Men man bør jo virkelig lese sin Fosse, Norges største nålevende dramatiker som han er. Spennende sammenligning med Prosessen & Forbrytelse og straff forresten. Har ikke lest mer enn utdrag fra dem selv (to til på den lange Bøker-jeg-vet-jeg-skal-lese-en-gang-lista), men jeg stoler på at du vet hva du snakker om:)
Den beste boka til Fosse (og ei av dei beste bøkene i det heile tatt), er Morgon og kveld. Men Andvake og Olavs draumar er gode dei og, sjølv om dei ikkje kan måle seg med førstnemnde. Men eg anbefaler deg å lese Andvake først, ja. Eg las ho då ho var ny, for fem år sidan, og kjende at eg burde hatt ho litt friskare i minne.
Bøker-eg-veit-eg-skal-lese-ein-gong-lista mi blir bare lengre og lengre, så eg kjenner kjensla. Men slike lister skal vel ikkje slutte å vekse, heller.
å-! Jeg må lese mer av Fosse! Og du, nå har jeg lest Mnem! TAkk for tipset. Du verden for en bok…!
Så bra at du likte Mnem. Eg likte ho så godt sjølv, at eg blir veldig glad kvar gong nokon andre har oppdaga ho.
No skal eg gjere eit nytt forsøk på å skrive kommentar. Denne boka får eg neste veke og gler meg vilt. Eg likte også morgon og kveld betre enn Andvake. Eg synest faktisk ikkje Andvake er så god som “alle” skal ha det til. Altså, god er ho, men eg er mykje meir glad i mange av dei andre bøkene til Fosse.
Det er litt slik eg tenker om Olavs draumar og. Ho er god, men ikkje like god som mange av dei andre bøkene til Fosse.
Åhåi! Det verka! Da må eg også benytte sjansen til å seie, velkomen attende til blogglandia. Ein finfin blogg, dette her!
Utan komma!
Haha! Takk.