Årets mest oppskrytte roman?

Svoem-med-dem-som-druknerLars Mytting sin nye roman, Svøm med dem som drukner har fått mykje merksemd, er synleg i alle bokhandlarane og blei nyleg nominert til bokhandlerprisen. Eg har lese boka som handlar om den unge Edvard, som reiser ut i verda for å finne sanninga om foreldra, som døydde då han sjølv bare var tre år gammal, og vurderer å nominere ho til prisen for årets mest oppskrytte roman.

Svøm med dem som drukner har mykje til felles med kriminalromanen. Boka er spennande og hovudpersonen forsøker å finne årsakane til nokre mistenkelege dødsfall. Og spenninga på handlingsplan, gir akkurat passe mykje driv i boka, til at eg ikkje klarer å avskrive ho som full av klisjéar. Sjølv ikkje når eg ifølgje Kindlen min har lese 43% av boka og begynner å bli ganske sikker på at eg har gjetta meg til mesteparten av dei trådane som skal nøstast opp, gir eg opp. Så boka har jo eit noko, som får meg til å lese ho ferdig. Men det at boka er så spennande at eg ikkje klarer å legge ho frå meg, gjer boka i større grad til ei irriterande lesaroppleving, enn ei god lesaroppleving. For sjølv om eg må fullføre for å finne ut korleis det går og om det viser seg at sanninga er den eg aner (noko ho sjølvsagt er), er ikkje boka spesielt god.

Boka handlar, som nemnd, om den foreldrelause Edvard, som veks opp saman med bestefaren på ein går i ein dal på austlandet. Dei driv skog og dyrker poteter og Edvard har lært alt han kan om gardsdrift frå bestefaren sin. Han har lenge visst at foreldra hans omkom i ei ulykke, då han var tre år gammal. Dei hadde forvilla seg inn i eit minefelt frå første verdskrigen og blitt drepne av ei mine som blei detonert, då dei var på ferie i Frankrike ein gong på 70-talet. Edvard sjølv hadde drive nedover ei elv og blitt funnen, litt forkommen, fire dagar seinare, på eit legekontor. Frå før veit han at bestefaren har ei historie som landssvikar, medan broren hans, Einar, var aktiv i motstandsrørsla. Han veit at dei to brørne ikkje har hatt kontakt i mange år, og han har heile tida trudd at dette handlar om ideologi. Men når bestefaren døyr og Edvard begynner å rydde i gamle papir og fotografi, skjønner han at det er noko han ikkje veit om foreldra, Einar og om dei fire dagane då han var forsvunnen. Og dermed begynner han å grave i fortida si.

I beste fall ligg originaliteten i romanen i at det er eit svært spenannde studium i elendige metaforar og dvaske klisjéar. Vanlegvis, når eg blar gjennom sitata eg har markert frå ei e-bok, er dette sitat eg synest er gode. Men høgdepunkta denne gongen er formuleringar, ord og vendingar som gjer meg fnisete. Kjende uttrykk blir skrivne om, samanblanda og strekt litt lenger enn nødvendig. For eksempel er uttrykket «Spredt for alle vindar» formulert slik, etter ein kremasjon:

«Svaret var borte, mor og far var borte, borte slik vinden sprer aske»

Uttrykka «Å legge korta på bordet» og «Å spele med dei korta ein har fått utdelt» blir miksa saman til noko som ser slik ut:

«Jeg har alltid mislikt folk som sutrer. Det meste lar seg ordne. Tobakk og kaffe hjelper. Det, og å få kortene på bordet. Er det kløver to og ruter tre, så ja vel. I dag tapte du. Eneste grunn til å klage er hvis du får fire kort når du skulle hatt fem.»

Svøm med dem som drukner er ein slik roman som får meg til å føle meg undervurdert som lesar. Det blir for mange brot med den klassiske skriveregelen «Show, don’t tell». Og med for mykje telling og for lite showing, for mange sjølvkommenterande avsnitt og for mange analyser, blir det intrikate plottet og spenninga mellom karakterane – som i utgangspunktet er komplekst – brote ned. Forteljarstemma er overivrig og overanalyserande. Dermed blir eg som lesar litt irritert over at alt skal forklarast og potensialet i sjølve forteljinga druknar i usannsynlege tolkningar og vurderingar som ikkje passer inn med den kunnskapen hovudpersonen har på det aktuelle tidspunktet:

«Jeg strøk støvet av høvelbenken. Jeg hadde sjøl hatt både anger og plager, og jeg hadde fått det på avstand med hardt arbeid. Dette enkle, spartanske stedet var ikke boligen til en som fråtset, en som meska seg i vinning, det var alteret til en som gjorde bot. Hva straffet han seg selv for? Det virket som han hadde hatt et annet mål enn å snekre, som om han holdt tankene i sjakk med nitid innsats.»

Det er heilt usannsynleg at Edvard tenker alt dette, når han kjem inn i dette rommet. På dette tidspunktet kjenner han ikkje onkelen, og tankane om hans anger og ønske om å gjere bot, er fullstendig urimelege. Det er ingen logikk i desse refleksjonane, på dette tidspunktet i forteljinga. Når Edvard til slutt kjenner heile historia om foreldra og om onkelen, kan det vere meining i desse tankane, som eit tilbakeblikk. Men det er ikkje samanheng mellom analysen Edvard gjer av dette rommet og det han på dette tidspunktet i forteljinga veit om onkelen. Dermed fører den overivrige forteljaren til ei rekke logiske brist og bryt ned truverdigheita til karakterane. Denne overfortolkninga eller overanalyseringa går igjen i heile romanen. Når Edvard møter den mystiske jenta Gwen, som etter kvart skal vise seg å spele ei sentral rolle i oppklaringa av historia om foreldra hans, tenker han:

«Det ligger en historie bak når ei ung jente går med et gammelt, oppskrapt herreur. Iallfall når den unge jenta drar ermet over uret straks en annen kikker mot det. Det ante meg at hun kunne dra ermet over langt større hemmeligheter.»

Korfor ikkje bare beskrive klokka og ermet som blir dratt over, utan alle desse fortolkningane? Korfor ikkje bare la det vere opp til lesaren å vurdere kva eit herreur som blir skjult under genserermet kan bety?

Og medan eg er inne på fortolkningar og forklaringar: Når ein forfattar ser seg nødt til å forklare metaforane han sjølv bruker, for at lesaren skal forstå samanhengen og assosiasjonen, er det kanskje ein tanke å revurdere heile metaforen.

«Men slik hun hadde sin sminke, hadde jeg min. Saksum var uendelig langt vekk fra Raba Resturant i Lerwick. Så jeg satte et finmasket dørslag under det jeg slapp ut til henne, og da jeg var ferdig med sammendraget over Edvard Hirifjells liv, var dørslaget bulende tungt. Jeg hadde kokt saft på ei bøtte urenska bær og silt unna en dryppende graut av småkvist, maur og barnåler, bare at mitt dørslag var bulende tungt av frontkjempere, taushet og skulende blikk utenfor samvirkelaget.»

Nå har eg ikkje kommentert vekslinga mellom radikal og konservativ bokmål, mangelen på konsekvens i bruken av -a- og -en-endingar i hokjønnsord og bruken av sjøl og selv i same avsnitt. Dette er slett forlagsarbeid, men hadde resten av boka vore god, ville det kunne passere.

Svøm med dem som drukner er ei spennande historie med pageturnar-effekt. Men dersom ein skal sile haustens mange romanar gjennom et finmasket dørslag, anbefaler eg å velje denne bort.

Svøm med dem som drukner
Lars Mytting
Gyldendal norsk forlag
Norge, 2014
472 sider

(Mi utgåve er kjøpt gjennom ebok.no, og eg har derfor ikkje sidetal på sitata).

18 comments

  1. Eg hadde denne på lå i ebokbib, men sletta den pga manglande tid og mange dårlege anmeldelser frå bloggere. Ser meg ikkje nøydd til å lese denne akkurat nå, mykje meir interessant med Booker-prisen og Nobelprisen.

  2. Jeg sitter her og smiler etter å ha lest omtalen din. Ser jeg har mye å lære, men er nesten glad jeg ikke har en mastergrad, for jeg likte boken veldig godt. Øver meg på å overse “hull” og usannsynligheter, og merker at om jeg gir en bok litt slingringsmonn så blir leseopplevelsen bedre for meg. Jeg leser omtalen din igjen, og suger til meg lærdom av hele mitt hjerte 🙂 God helg!

    • Eg synest faktisk ikkje det er eit mål i seg sjølv å oversjå hull og usannsynlege trekk i ei bok, eg vil faktisk la meg overbevise når eg les. Og bare så det er sagt, trur eg ikkje det er noko eg har lært på Blindern, eg var ein kresen lesar før eg begynte å studere. Det var kanskje heller derfor eg valde den retninga.

  3. Denne romanen har jeg – egentlig uten noen grunn – styrt unna denne bokhøsten. Kanskje er det fordi den har fått en del hype uten å pirre nysgjerrigheten min? Uansett, det er en fryd å lese anmeldelsen din, velskrevet og velbegrunnet som alltid. Og det siste sitatet!? Skal jeg le eller gjemme hodet inni puta? Så kleint!

    • Akkurat det spørsmålet stilde eg meg og gjennom store deler av boka. Eg vel å le, eg orker ikkje bli flau på andre sine vegner. Men ja. Kleint er ordet.

  4. Jeg oppfatta fortelleren som et tilbakeskuende jeg, som nettopp kunne kommentere på situasjonene slik han gjør underveis. Fortellerstemmen vet mer enn hovedpersonen der og da, og uttaler seg med mer refleksjon rundt hendelsene enn det vi forventer av en ung mann i tyveåra som er midt oppe i det som skjer. Når du trekker sitater ut på den måten, forstår jeg hva du mislikte med fortellerstemmen, men jeg er uenig i at det er klisjétungt språk. Nettopp det å ta tak i kjente uttrykk og vri på dem, kan være tegn på at man tenker nytt, og ikke minst er både kortspill, dørslag og aske over jord noe som passer med en potetbondes tankesett, som for meg sa mer om hovedpersonen enn om forfatterens ordvalg.

    • Interessant innspel. Og eg ser poenget med å trekke ut sitat utan kontekst. Men dette er bare nokre få av dei formuleringane eg reagerte på. Kan hende bileta passer hos ein potetbonde, men det språklege var likevel over the top, etter min smak. Eg stusser litt på dette med tilbakevendande forteljar. Romanen er fortald i førsteperson og eg fann ingen andre klare indikasjonar på avstand mellom forteljar og eg. Snarare oppfatter eg forteljarinstansen som samanfallande med hovudpersonen, både i perspektiv og tidshorisont. Og det er nettopp dette som gjer at det ikkje blir truverdig for meg.

  5. Jeg er veldig enig i det du skriver selv om jeg ikke hadde klart å formulere det så bra selv:-) Jeg var kanskje litt negativt innstilt til boken i utgangspunktet og hadde nok aldri lest den og ihvertfall ikke fullført den om ikke den var utvalgt til å leses i en lesesirkel jeg er med i. Hvis jeg virkelig lar meg rive med av en bok kan nok også jeg overse språklige klisjeer og små sannsynlighetsbrister. I denne boken tar det dog litt av med metaforene og sammenligningene, spesielt for en som egentlig foretrekker et mer strippet og eksplisitt språk. Jeg leste noen av kommentarene på bokelskere der folk mente språket var så nydelig a de måtte markere avsnitt. Jeg har derimot for første gang markert avsnitt av motsatt grunn. Det siste sitatet du nevner tar nok kaken, kanskje sammen med fortellerens reaksjon på maten de fikk på den indiske restauranten, om du husker det.

    • Ja, den indiske maten hugser eg veldig godt! Det er eit av dei mange avsnitta eg har markert, fordi eg blei fnisete av å lese det. Men det høyrest jo ut som om det litt overdådige språket treff nokre lesarar då, og det er jo bra.

      Eg er einig i at det går an å oversjå klisjéar og logiske brist, dersom resten er godt, men det er jo litt av problemet her. Resten av boka er ikkje god nok, til at eg klarer å legge godvilja til.

  6. Så hva er årsaken? Som jeg tror: korrupsjon og kameraderi? Det at selv dårlige bøker får gode kritikker, priser eller free pass fordi forfatteren er “godt likt” i miljøet? Og fordi kjedene ser noe de kan tjene penger på – noe motstandsløst, ukontroversielt og “lett likandes for alle”?

    For dessverre må dette ha en grunn, og den grunnen tror jeg er så ubehagelig at nesten ingen våger å ta i den, og de som gjør det – som jeg – blir fort utstøtt.

    • Eg trur i alle fall du har rett i at dreininga mot motstandslaus underhaldning er styrt av marknadsavdelingane i forlaga. Men det er du langt i frå aleine om å påpeike. Vi er fleire som ser at den dreininga som har vore i tida etter at dei store forlaga kjøpte opp kvar sin bokhandlarkjede, har gått ut over mangfaldet. Eg har skrive om det tidlegare ved fleire anledningar her på bloggen, mest utfyllande i innlegget “Det folk vil ha?” https://linjene.wordpress.com/2013/06/05/det-folk-vil-ha/ . Bokelskerinnen skreiv ein kronikk som blei trykka i Dagbladet om bokmøtene og bokhandlerprisen og både Nora med bloggen Kasiopeia og Line med bloggen Lines bibliotek har vore inne på dette. Så du er langt frå aleine om å sjå dette. Det har og vore gjort meir seriøs forskning på dette, mellom anna frå Cecilie Naper ved HiOA, som har kobla forlaga sine oppkjøp av bokhandlarkjedar og endringa i Bokavtalen til ei einsretting i marknaden. Eg kan anbefale artikkelen “Fra mangfold til enfold” i så måte. Og debatten som går nå, mellom Bernard Ellefsen og Tore Renberg kan og koblast på.

      Det er klart det har ein grunn. Men eg trur det er meir komplekst enn “bare” korrupsjon, sjølv om det er klart at pengar og salgbarheit er ein viktig maktfaktor og motivasjonsfaktor, særleg når det kjem til forhåndseksemplar. Og eg sakner verkeleg ei breidare marknadsføring av smalare litteratur. Det er rart at ikkje forlaga ser at dei kunne ha tent på å presentere den bredda dei gir ut i større grad.

  7. Eventyret om “Keiserens nye klær” var det “rant meg ihu” etter å ha lest halve boka…
    Kan det være sånn at når vi på forhånd blir bombardert med 5’ere og 6’ere og at boka har fått BOKHANDLERPRISEN 2014 (!) så er det liksom litt vanskeligere å være helt ærlig i vår omtale av boka til andre?

    • Haha, veldig fin samanlikning!

      Eg ser i stadig mindre grad på Bokhandlerprisen som ein seriøs pris, for kvart år som går. Det er åpenbart at marknadsinteressene styrer både nominasjonar og utvelgelsane i så stor grad at det ikkje framstår som ei reell kåring. Og både årets og fjorårets vinnar framstår for meg som litterære makkverk og klare eksempler på slett forlagsarbeid.

      Eg synest det er litt underleg at eg har fått såpass mange positive tilbakemeldingar, både her i kommentarfeltet og i andre samanhengar, frå folk som er einige i at Mytting sin roman er oppskrytt, samtidig som det ser ut som den beste boka i heile verda, når ein går inn i bokhandlarane.

      Og det som undrer meg meir, er at det er fleire bokbloggarar som har kommentert dette innlegget i andre fora, med “Eg vil ikkje lese omtalen din før eg har lese boka sjølv og gjort meg opp ei meining”. Det å ikkje ville lese negativ omtale av ei bok som har fått så stor hype, trur eg personleg er eit uheldig val. Sjølv bruker eg andre sine omtaler til å navigere i overfylte bokhyller, og tenker at det å lese om bøker før eg vel kva eg skal bruke tida mi på, er heilt nødvendig. Eller, som Tine skriv i kommentarfeltet over «Øver meg på å overse “hull” og usannsynligheter, og merker at om jeg gir en bok litt slingringsmonn så blir leseopplevelsen bedre for meg.» Ville ein lesar lese ei bok med denne innstillinga, dersom ein ikkje var bombadert med 5-arar og 6-arar på førehand? Og er det å oversjå «hull og usannsynligheter» eit mål i seg sjølv? Eg tenker at bloggarar som går laus på bøker med dette utgangspunktet i veldig stor grad gjer seg sjølv uinteressante som stemmar i den litterære debatten. Og dette er kanskje eit perspektiv som går igjen blant fleire av dei som har framheva denne boka.

      Eit anna aspekt er lesaren si sjølvtillit. I diskusjonar om bøker har eg ved fleire anledningar høyrd folk seie ting som «Denne boka likte eg ikkje, men eg trur ikkje eg forstod ho, for ho har jo fått så gode kritikkar». Og då er vi jo tilbake til Keiserens nye klær. Det hender eg tenker at ein del lesarar ikkje våger å stole på si eiga vurderingsevne, og automatisk konkluderer med at dei ikkje har forstått eit eller anna, når dei ikkje liker ei bok som har fått gode kritikkar. Og det er nok og med på å dempe den negative kritikken av bøker som blir framheva av bransjen.

  8. Interessant! Men det eneste jeg mislikte med boka var at jeg skulle ønske den varte lenger. Jeg storkoste meg. Jeg kjøpte den heller ikke fordi jeg gjenkjente forfatteren fra tidligere, men fordi jeg ble tipset om boka på FB og fikk lyst til å lese den.

    • Det viser jo kor forskjellig smak ein kan ha. Eg har vel gjort ganske grundig greie for korfor eg ikkje likte boka, men det ser jo ut som om ho appellerer til ein del lesarar likevel. Og det er jo ein del forfattarar som ender opp med ein lesarskare har eit elsk- eller hat-forhold til. Eg får litt assosiasjonar til den kåringa som var for nokre år sidan, då bokbloggarar skulle stemme fram dei beste og verste bøkene sine til to lister. Coehlo kom på topp fem på begge listene. Og det åpner jo igjen for ein diskusjon om kriterier for vurdering. Det kan godt hende mine kriterier er annleis enn ein del av dei lesarane som har lese og anbefalt denne boka vidare. Men for meg blir dette ståande som eit eksempel på ein relativt platt tekst som blir hypa fram av bransjen.

Legg igjen ein kommentar