Det folk vil ha?

Kjære De Norske Bokklubbene, Bokkilden, Ark, Norli, Platekompaniet og Aschehoug. Eg vil ikkje forhåndsbestille den nyaste boka til Nesbø! Nå har de sendt meg epostar med tilbod om å vere blant dei 10.000 som får lese boka før alle andre, fleire gonger i veka sidan januar. Dersom eg ønska å forhåndsbestille boka portofritt med heile 12,5% rabatt på fastpris, ville eg slått til på tilbodet i eit av dei 82 “nyheitsbreva” de har sendt ut i løpet av våren! For eg kjøper norske bøker. Eg kjøper til og med innbundne norske bøker i fastprisperioden, dersom eg har lyst til å lese dei. Det er riktignok litt bittert å kjøpe nye norske bøker i fastprisperioden, som eg ikkje rekk å lese før mai året etter, slik det er tilfelle med Monstermenneske i år og Det dyrebare i fjor. Men eg er interessert i å lese nyare samtidslitteratur og bruker med glede pengar på bøker. Dersom de hadde sendt ut 82 nyhetsbrev om 82 ulike bøker, ville det vore ein viss sjanse for at eg hadde kjøpt opptil fleire av dei. Kanskje eg til og med hadde fått høyre om titlar eg har gått glipp av. Men i løpet av snart seks månadar har eg altså fått 82 epostar om at Harry Hole ikkje er død likevel.

Den 27. april skreiv Kristin Storrusten “Bøkene må formidles!”. Debattinnlegget var eit svar på Dagsrevyen sin reportasje om at unge nordmenn les ebøker på engelsk istadenfor norsk, fordi norske bøker er for dyre. Kristin meiner at dei labre salstala til norske (e)bøker ikkje bare handler om pris, slik Dagsrevyen framstiller det, men og om formidling:

Tenk om jeg fikk et godt tips til en bok jeg ville like i en bokhandel! Tenk om nettbokhandlene hadde ansatte som blogget om gode bøker, andre bøker og eldre bøker! Tenk om nettbokhandelen var koblet opp mot min konto på bokelskere.no slik at den kunne anbefale meg bøker basert på det jeg tidligere har lest. Tenk om jeg kunne ta en norsk e-bok, trykke på den og vite at den helt uten problemer la seg på lesebrettet eller nettbrettet mitt! Da, kjære bokhandel, da ville jeg kjøpt norske e-bøker. Og kanskje til og med norske p-bøker som ikke er på salg.

Eg vil leggje til: Tenk om de hadde sendt ut epostar med informasjon ulike bøker?

Den 22. mars tok Bernhard Ellefsen opp bestselgjartematikken i Morgenbladet, i kronikken “Å lese seg nedover”. Med utgangspunkt i eksplosjonen av det han omtaler som “kommersiell kvalitetslitteratur”, eksemplifisert ved forfattarar som Cecilia Samartin, Victoria Hislop, Ildefonso Falcones, Kate Morton og E.L. James, kritiserer han marknadsorienteringa i den norske bokbransjen. Han viser til Cecilie Naper sitt studium frå 2009, som beskriv endringane i nordmenns lesevanar over dei siste 20 åra, med utgangspunkt i utlånsstatistikk og salslister (artikkelen til Naper kan kjøpast her). Naper viser ein markant endring i lesevanar, frå prisvinnande forfattarar til det ho kaller formellitteratur, som inkluderer krim. Det har skjedd ei dreining i nordmenn sine lesevanar, mot eit stadig større jag etter underhaldning. Og det har skjedd ei kommersialisering av norsk bokindustri.

Ellefsen blei kritisert av Knut Gørvell i Forlagsliv, 26. april, under overskrifta “Kunsten å se ned på leserne”. Dette kan sjølvsagt ikkje lesast utan eit sideblikk på Gørvell sine interesser som utviklingssjef for skjønnlitteratur i eit av landets største forlag. Gørvell er programforplikta til å forsvare kommersialiseringa av bokbransjen, det er jobben hans. I sin iver etter å løfte fram Cathrine Krøger si varme anbefaling av ein av CappelenDamm sine suksessforfattarar, Lucinda Riley, gjer Gørvell ei noko underleg lesing av Ellefsen sin kronikk. Han framstiller det som om Ellefsen kritiserer lesarane. Og lesarane reagerer. Anja, med bloggen “The Witch of the North” skriv det flammande innlegget “Den litterære snobb og bokmobbing”, på vegne av lesarane. Eg sitt igjen som eit spørsmålsteikn og lurer på om Gørvell og Anja har lese den same kronikken i Morgenbladet som eg las. For til tross for at Ellefsen  kan kritiserast for å vere svært lite diplomatisk i måten han uttrykker seg på, er det verkeleg ikkje lesarane han kritiserer! Det er kommersialiseringa av bokbransjen, dreiinga frå katerdral til børs. Ellefsen kritiserer forlaga for å ikkje følgje opp det forvaltningsansvaret dei har fått:

I Kulturdepartementets høringsnotat til ny boklov er det opplagt at de store forlagene nyter tillit som kontinuitetsbærere og kvalitetsgarantister. Til kulturpolitikkens premisser ligger det at «litteraturen står i en særstilling i arbeidet med å trygge og utvikle norsk språk generelt og norsk skriftkultur spesielt» (departementets egen prosa er ikke noe skriftkulturelt eksempel til etterfølgelse). Privilegiene bokbransjen innvilges har som mål å skape «kvalitet, bredde og tilgjengelighet». Fastpris skal «gi forlagene rom til å kunne satse på nye forfatterstemmer og den smalere litteraturen».

Det er altså forlaga si rolle som ansvarlege for å “trygge og utvikle norsk språk generelt og norsk skriftkultur spesielt” Ellefsen diskuterer i “Å lese seg nedover”. Gørvell svarer “Jeg har et fromt ønske om at intellektuelle som Ellefsen snart kommer i kontakt med sin egen lystlesning og at de slutter å se ned på alminnelige lesere.” Men Ellefsen snakker ikkje om lesarane i sin kronikk. Han snakker om forlaga og det forvaltaransvaret dei har, både for språk og kultur. Og det er betimeleg å stille spørsmål ved om forlaga tar ansvaret sitt på alvor, når dei nye forfattarstemmene og den smalare litteraturen drukner bak masseprodusert utanlandsk litteratur. For det første fordi marknadsavdelingane ser ut til å plukke ut eit fåtal titlar og promotere desse, på bekostning av bredde og nye forfattarstemmer. For det andre fordi (med unnatak av Nesbø) desse sterkt promoterte forfattarane i stor grad er oversett litteratur. Ein kan dermed diskutere om forlaga bidrar til “å trygge og utvikle norsk språk generelt og norsk skriftkultur spesielt”, ved å framheve den omsette litteraturen på bekostning av den norske. Men det er heile tida forlaga som er objektet for Ellefsen sin kritikk. Ikkje lesarane.

I innlegget “Den litterære snobb og bokmobbing” skriv Anja “Forlagene gir ut det folk vil ha, slik fungerer det i et kapitalistisk samfunn”. Og dermed rører ho ved kjerna i Ellefsen sin kronikk, utan å reflektere vidare over det ho sjølv skriv. For Ellefsen kritiserer forlaga fordi dei har konkurransefortrinn men likevel oppfører seg som om marknadskreftene styrer. I “Språkarbeidet svekkes” reiser språkkonsulent Kristin Hammer den same kritikken:

– Forlagsredaksjonene har endret karakter fra å være et sted hvor folk sitter og vurderer tekster, til å være en samling markedsorienterte redaktører.

Forlaga arbeider etter kapitalistiske og marknadsorienterte prinsipp. Det går på bekostning av både litterær kvalitet på dei verka dei vel å fronte og på bekostning av kvaliteten på arbeida som blir gitt ut. Eit eksempel på dette er  Zadie Smith sin siste roman NW, som blei trekt frå marknaden og erstatta med ei ny oversetting, på grunn av slett arbeid i første omgang. Tekst- og språkarbeidet blir nedprioritert til fordel for marknadsinteresser. Andelen sals- og marknadskonsulentar tilsette i faste stillingar i forlaga er høg medan tekstarbeidet blir sett bort til underbetalte frilansarar.

Eg vil vende tilbake til uttrykket “Det folk vil ha”. For kven er “folk”? Og kven er det som styrer kva dei vil ha? Når Bokklubene, Bokkilden, Ark, Platekompaniet, Aschehoug og Norli tilsaman skriv om ei og same bok i ikkje mindre enn 82 epostar i løpet av eit halvår, er det då tilfeldig at “folk” kjøper akkurat denne boka? Er det “folk vil ha” eit uttrykk “folk” sine sjølvstendige og kritiske vurderingar?

Marknadsføring dreier seg i stor grad om å få folk til å kjenne igjen eit produkt. Når ein har eit val mellom eit kjend og eit ukjend merke, vel ein det ein kjenner igjen. Det er derfor bedrifter bruker millioner på å trykke logoane sine på kleda til idrettsutøverar og tribuner. Når folk går til bokhandelen og ser ei bok dei har sett før eller høyrd om, er sjansen større for at dei vel den boka, enn når dei går til bokhandelen og ser ei bok dei aldri har høyrd om. Ein annan faktor som styrer folk sine val, er tilliten til andre. Når 10 000 lesarar har forhåndsbestilt Politi må det jo vere ei god bok, forsøker marknadsavdelinga i Aschehoug å få meg til å tenke. Det er derfor salstal blir brukt aktivt i marknadsføringa. Men sanninga om Politi, som kjem med eit oppsiktsvekkande førsteopplag på 270.000 eksemplar, er at det bare er eit fåtal forlagsfolk som har lese ho. I dette tilfellet er det åpenbart at dei tusenvis som har kjøpt boka før lanseringa, ikkje kan gå god for kvaliteten. Om det viser seg at boka er ein flopp, at Nesbø har mista gnisten og går på tomgang, at Harry Hole ikkje lenger er ein tiltrekkande og fascinerande karakter, eller at han faktisk døydde i Gjenferd likevel og at den siste boka handler om korleis arva hans skal fordelast, så er det like fullt 10 000 lesarar som har kjøpt boka. Men det er endå ingen av dei som har lese boka, dei får ho ikkje før i morgon.

Det er i beste fall tøysete av Gørvell og hans meiningsfeller å påstå at det er lesarane som står bak denne utviklinga. Og det er jo mykje av svakheita i argumentasjonen til dei som er veldig kritiske til bokloven og. Dei trur at marknadskreftene er kundestyrt. Eg kjøper ikkje at bestselgjarfenomena er eit uttrykk for kundane sine genuine ønsker og kva folk vil ha. Dersom kundane valde bøker, utelukkande med grunnlag i litterær smak, trur eg neppe sals- og marknadsfolka hadde hatt så sentrale roller i forlaga.

Og så gjenstår spørsmålet om kven sitt ansvar det er å ta vare på det norske språket og bredden i litteraturen. Kven sitt ansvar er det at nye forteljarstemmer når ut til ny lesarar? Kva ville skjedd dersom Ukjend Debutant X og Ukjend Forfattar Y hadde fått ein fjerdel av dei 82 epostane som er sende ut om Politi? Kva ville “folk” hatt då? Sjølv om mange framleis ville lese Nesbø, ville dei kanskje fått auga opp for fleire nye forteljarstemmer. Og det er bokbransjen sitt ansvar å formidle. Det er marknadsavdelingane sitt ansvar å gi folk moglegheit til å velje kva dei faktisk vil ha. Forlaga og bokhandlarane må presentere bøker av nye forfattarar, for å gjere seg fortent til å ikkje bli behandla som alle andre aktørar som driv med kjøp og salg av andre ordinære varer.

33 comments

  1. Veldig godt innlegg, Bjørg! Mange viktige sider av litteraturen som det er vanskelig å diskutere, ofte fordi man nettopp har på seg litt for mange og dominerende hatter.

    • Takk for komplimentet. Eg trur det er uheldig å ikkje våge å diskutere desse problemstillingane. Sjølv om eg, som er i ein jobbsøkarfase, må innrømme at eg tok meg sjølv i å tenke gjennom konsekvensene av å kritisere forlagsbransjen på denne måten. Eg trur det er viktig at vi som forbrukarar blir litt bevisste dei mekanismene som styrer vala våre, og når det kjem til bøker og lesevanar.

  2. Jeg bøyer meg i støvet, for et knakende godt innlegg du har skrevet, Bjørg! Jeg håper forlagene leser dette innlegget og tar til seg det du skriver her. Gjør de det skal jeg vurdere å trykke på noe annet enn DELETE på nyhetsbrevene som dukker opp i min innboks.

  3. Jeg hadde først tenkt å bare si Amen, men så tok taletrangen overhånd her.

    Jeg er helt enig – og da jeg fikk nok en e-post om Harry Hole i dag kjente jeg at jeg begynte å bli ganske så lei. Ikke noe galt med Harry eller andre som selger, men som du sier – når skal mangfoldet markedsføres?

    Det er ikke så rart at Harry og co., selger – de aller fleste som leser i dette landet de leser ikke 100 bøker i året som oss bokbloggerne. De leser kanskje 10-20, da er det jo logisk at de kjøper det de hører masse om. Jeg kjenner mange som leser og de fleste av de er på jakt etter noen tips, men de fleste av de bruker ikke masse tid på å orientere seg. Så ender de opp det første de møter når de går inn i en bokhandelen og det er jo bestselgere… De fleste av disse blir så utrolig glad når man kan anbefale noe de ikke har hørt om før…

    Vi trenger bestselgere for å ivareta de smale utgivelsene, men vi trenger også større markedsføring av de bøkene som ikke når ti-på-topp-listene.

    Bra innlegg forresten:-)

    • Eg høyrde ein gong at ein typisk “storlesar” er ein som les 12 bøker i året. Så du har nok rett i det, ja. Men nettopp fordi mange av dei som les og er på jakt etter tips, ikkje bruker tid på å orientere seg, men likevel sett pris på å få høyre om bøker dei ikkje har høyrd om frå før av, overrasker det meg litt at forlaga og bokhandlarane ikkje utnytter potensialet i denne gruppa. Det er jo gjerne ein god del folk med kjøpekraft, som gjerne vil lese, men som ender opp med Coelho, Brown, Nesbø og Samartin, fordi det er dei dei har høyrd om. Dersom forlaga og bokhandlarane hadde vore flinkare til å la folk høyre om andre bøker, trur eg fleire titlar ville selgje betre. Og då ville kanskje folk ha snakka meir om andre forfattarnamn og.

  4. Er så enig, så enig – eg har også sletta eindel eposter om Politi og Inferno i det siste… Når det gjeld det du skriv om formidling, så blir eg veldig glad når eg møter engasjerte ansatte i bokhandelen med kunnskap om andre bøker enn bestselgarlista, og som kan anbefale meg bøker utfrå kva eg liker. Dessverre møter eg ikkje så ofte desse; kanskje fordi mine to lokale bokhandlar er ganske små “kjøpesenterbokhandlar” der pynt og stæsj tar opp like mykje plass som bøker i butikken… Er difor glad for å ha eit godt bibliotek i nærheten, der dei aktivt driv med formidling gjennom temautstillinger, kampanjer og ulike litteraturarrangement:)

    • Ein skal ikkje undervurdere biblioteka si rolle, nei! Samtidig blir eg litt oppgitt over korleis ein del bokhandlarar har blitt interiørbutikkar eller leikebutikkar. Det var jo ikkje det eg kom for. Men eg synest det er viktig å ikkje bare seie “Jaja, vi har i det minste biblioteka”. Bokbransjen har ein del konkurransefortrinn, for eksempel momsfritak, fastprisordming etc., og desse fritaka har bransjen fått fordi det er ei politisk vilje om at bøker skal vere noko anna enn klede, skor og andre ordinære varer. Og dette inneberer eit ansvar som verken forlaga eller bokhandlarane tar, noko Nesbøkampanjen er eit klart eksempel på. Staten lønner forlaga og bokhandlarane med momsfritak, men dei har slutta å gjere det dei blir lønna for.

  5. Svært bra innlegg i ein veldig interessant debatt. Me som er bokbloggarar har ei viktig rolle oppi dette; å finne fram til og å framheva bøker og forfattarar som ikkje har ressursar til all denne marknadsføringa.

    • Vi har absolutt ei viktig rolle på det området ja. Men vi har ikkje noko ansvar i same forstand som forlaga og bokhandlarane. Og det at ei gruppe frivillige gjer ein jobb på eige initiativ, betyr ikkje at forlaga, som faktisk blir subsidiert for å formidle bredde, ikkje skal gjere denne jobben. Og som Karin (http://karinleser.wordpress.com) er inne på over, det er eit fåtall av dei ordinære “lystlesarane” som les eit titals bøker i året som gjer grundig forarbeid før dei vel ei bok. Vi skriv jo i stor grad for kvarandre og ei gruppe spesielt interesserte lesarar, dessverre. Med det meiner eg sjølvsagt ikkje at bokbloggarar ikkje har ei viktig rolle, men det er ikkje riktig at forlaga skal spele den ballen tilbake til oss og betale med ei gratis bok i ny og ne. Forlaga har eit sjølvstendig ansvar for å formidle bredden i den norske litteraturen.

  6. For å si det som allerede er sagt: Amen!
    (Irrelevant snippet: Fikk med meg en kommentar, der jeg leste at bokbloggene skulle stå for bredde, eller muligens hadde ansvar for å framehve det smale. Smilte litt, for kuriøst nok har jeg aldri lest så mange bestselgere eller bokhandlerpushede bøker som etter jeg begynte å blogge (4år). Det var også et av prosjektene når jeg startet bloggen, jeg ville lese det alle andre leste, være som alle andre. Hverken forlag eller bransjen sin feil – intet lesereksemplar i sikte.)

    • (Akkurat der følte jeg behov for å komme med en like irrelevant side-snippet… Jeg har heller ikke lest så mange bokhandlerpushede bøker som etter jeg begynte bloggingen for et par år siden! Man BLIR jo påvirket av markedsføringen før man ser lyset og setter foten ned! Jeg har også begynt å lese 1001-bøker, så bredden er der jo – på bekostning av favorittsjangeren min sci-fi (som jeg syns svært få om ingen leser). Jeg har imidlertid og heldigvis beholdt hype-allergien min gjennom disse to siste årene, og idag måtte jeg begynne å telle Nesbø-email i innboksen min. 18! Den skal jeg ikke lese! Av prinsipp! (..og av et par andre årsaker som at jeg faktisk ikke er så veldig glad i Nesbø, men det er vel ikke lov å si i disse Nesbø-pushede tider? …og fordi jeg har mye annet, gammelt og godt ventende i hyllene:)
      Viktig diskusjon! Og jeg skulle ønske (som noen nevnte over her) at forlagene kunne lese dette blogginnlegget og virkelig ta det inn over seg!

      • Eg liker Nesbø, altså. Det er ein av dei få krimforfattarane eg har lese mange bøker av, eg er normalt veldig kresen når det gjeld krim. Så dette har ingenting med at eg ikkje liker bøkene å gjere. Men det Nesbø-hysteriet som marknadsfolka har sett i gang dette halvåret, synest eg er eit veldig klart eksempel på korleis heile bokbransjen kjem veldig skeivt ut, i alle fall når vi ser på dei konkurransefordelane dei har. Eg har for så vidt ikkje hype-allergi heller, så lenge bøkene er gode, gjer det meg ingenting om dei er hypa. Men eg synest det er veldig uheldig at det denne våren er ei norsk og ei utanlandsk bok som blir marknadsført i Norge. Det blir gitt ut mykje som drukner i marknadsføringa av dei få, på førehand definerte bestselgjarane. Og eg skjønner ikkje at det ikkje er i forlaga og bokhandlarane si interessa at folk som vil lese bøker har høyrd om fleire forfattarar enn den alle største.

    • Det er jo litt interessant. Eg lurer på om min lesesmak har utvikla seg i tida eg har blogga. Eg er usikker. Eg kjenner eg må tenke litt på akkurat den. Men eg trur lesesmaken min utvikla seg meir (mot større bredde) medan eg studerte, eigentleg.

  7. Et lite apropos. I dag fikk jeg sånn Bokfesthefte fra haugenbok.no (de som er kunder der vet hva jeg mener). Jeg kikket gjennom det og jeg fant ingen reklame for Inferno eller Harry Hole. Det synes jeg var fint. Ok, det var noen bestselgere der, men jeg fant flere ukjente titler som jeg kikker på. Poenget mitt er at det er håp – og det er noen der ute som tar lesere på alvor også. PS: Jeg er bare stor fan av haugenbok.no altså, jeg har bindinger til bokhandelen.

    • Det er lenge sidan eg har handla frå Haugenbok nå, men det er nesten så eg vurderer å gjere det til favorittbokhandelen min, bare fordi dei er veldig annleis i reklamen sin. Dei, Tronsmo og Audiatur synest eg har eit veldig annleis fokus enn dei store bokhandlarkjedane, Bokkilden og Bokklubbene. Så det er ikkje bare svartmaling.

  8. Interessant og viktig innlegg! Sidestilt med de kommersielle aktørene som utgir bøker for barn (0-3 og 4-6) så er kommersialiseringen av bokbransjen for voksne temmelig lik. Forskjellen er at vi KAN avgjøre selv, mens barn er avhengig av oppegående voksne for å få formidlet bøker både av kvalitet og kvantitet. Men som du skriver; gjør vi det når aktørene bombarderer oss med reklame…

    • Ja, gjer vi det? Eg trur “Den har eg høyrd om”-effekten er svært viktig. Viss ikkje hadde ikkje marknadsfolka vore så viktig for forlaga. Så til tross for at voksne folk kan gjere sjølvstendige val, ser det ikkje ut som om “folk flest” er interessert i anna enn Nesbø akkurat nå.

      • Hm, ja du har rett når det gjelder oss voksne, og derfor synes jeg innlegget ditt er så bra. Ikke minst for å avbalansere det kommersielle vs andre. Til og med da jeg svingte inn på rema 1000 stod det store plakater om Nesbø, og innenfor var han hedret med egen hylle. Ikke at jeg har noe i mot ham, jeg har jo ikke lest en eneste av bøkene, men det er påfallende.

      • Rema1000, Narvesen… Alle skal ha ein del av pakka. Eg synest bøkene til Nesbø er gode eg, eg har lese åtte av dei ni første Harry Hole-bøkene. Så det er ikkje det dette handler om i det heile tatt, for min del. Men det er veldig påfallande korleis store reklamekampanjar og avgjersler om at dette kjem til å bli ein suksess frå forlaget si side, fører til at det blir ein suksess. Og dei mekanismene kunne forlaga med fordel ha utnytta betre, for å formidle andre titlar enn bare eit fåtal.

  9. […] kjenner eg blir full av forventing over det den visjonære gründeren fortel. Han deler min frustrasjon over den åpenbare tendensen til å satse på eit fåtals titlar i norsk bokbransje, og han forsøker å gjere noko med […]

    • Takk for at du seier det. Dette er eit innlegg eg brukte lang tid på å skrive og eg trur det framleis er veldig aktuelt. Nedskjæringane i litteraturredaksjonane i avisene som vi har sett i haust, gir større grunn til bekymring over marknadsavdelingane og forlaga sin posisjon som einerådande. Og det er veldig, veldig trist. Det er mange spennande stemmar som drukner til fordel for sterke marknadskampanjer.

    • Takk for det – det ante meg faktisk at ein eller annan hadde delt det ein plass, for statstikkverktøyet gjekk litt av hengslene her. Så vidt eg ser i mailboksen min, kjem det ei ny Nesbø-bok i år, så då er det bare å stålsette seg og resirkulere gamle innlegg.

      • Ja, jeg har tusener som leser på tidslinja mi – da jeg la ut en liten videosnutt før jul, fikk den raskt 1200 unike seere – men det er bare en håndfull som våger å innrømme offentlig at de leser det jeg skriver, og klikker der… 🙂

        Mange i bransjen er livredde for å bli assosiert med meg, selv om de aller fleste selvsagt vet at det jeg skriver er helt korrekt (det har endog noen pamper innrømmet privat), og er glade for at jeg skriver det.

        Dessverre er det mange som sitter på tynne greiner der ute. De våger ikke å tale bransjen imot.

  10. Meget bra innlegg! I tillegg til alt du belyser så godt her, vil jeg nevne noe som mange kanskje ikke tenker på: Jeg er forfatter og har naturlig nok utviklet meg som skrivende menneske gjenom mange år. Målet mitt har hele tiden vært å skrive stor litteratur, noe som setter dype, litterære spor etter seg og får betydning for mange mennesker. Ikke sikkert at man noen gang vil greie det, men slik har jeg i alle fall tenkt, og forsøkt å strekke meg etter den ambisjonen.
    Jeg ser ingen grunn til å strekke meg lenger. Det du beskriver her har ødelagt for mulighetene til å nå ut, så hva er vitsen da? Jeg er overbevist om at jeg bare er en av mange forfattere som tenker det samme. For min del på det personlige plan, er alt jeg har drømt om i livet knust, men for samfunnets del er det meget ille at man går glipp av god litteratur som kunne ha hatt stor betydning for veien videre.

  11. Reblogged this on mellom linjene and commented:

    Det er på sin plass å hente fram dette innlegget igjen. Nok ein gong er innboksen min full av Nesbø-spam, som om dette er den einaste forfattaren som gir ut bok i år. Det er nok nå, Aschehoug.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s