Eldorado

Eg har gjort opptil fleire forsøk på å skrive ein god ingress utan det åpenbare ordspelet om eit eldorado for lesande i alle aldre, men eg klarer ikkje komme unna det. Eg har vore på omvisning i nyåpna Eldorado bokhandel, og førsteinntrykket er at butikken som har åpna i dei gamle kinolokalene i Torggata verkeleg lever opp til namnet sitt.

20130917-103818.jpg
Gamle Eldorado kino sitt særpreg er tatt vare på, med plakatmonter i inngangspartiet.

Gründer Christian Skrede har åpna det han omtaler som eit kommersielt litteraturhus midt i Oslo sentrum, der det skal vere plass til både ammande, lesande, leikande og vindrikkande bokentusiastar i alle aldre.

20130917-104420.jpg
Den enorme barneavdelinga gir inspirasjon og leselyst til barn i alle aldre.

Prosjektet er ambisiøst og gründeren er uredd. Medan bokbransjen blir truga av digitaliseringa og dei frie bokhandelane i byen blir lagt ned, fordi dei ikkje tåler presset frå dei store kjedane åpner Skrede Nordens største bokhandel, med papirbøker og lydbøker og utan å ha ein stor kjede i ryggen. På spørsmål om han ikkje er redd for trugslane frå digitaliseringa trekk Skrede på skuldrene. Han forklarer at trugselen frå e-bok-marknaden i hovudsak dreier seg om skjønnlitteratur for voksne og delvis sakprosa. Ein stor del av marknaden er bøker for barn og Coffee Table-bøker, som sel like godt. Eldorado har ein enorm barnebokavdeling, her ligg forholda godt til rette for at folk kan komme inn på jakt etter barnebøker eller gåvebøker, og gjerne kjøpe med seg eit par andre titlar og.
– Dessutan er det noko spesielt med papir, seier han, med eit smil.

20130917-104343.jpg
Scena med åpning mot butikken gjer terskelen låg for å delta på litteraturarrangement. Her samtale mellom forfattar Helene Uri og gründer Christian Skrede.

Når eg kjem inn i Eldorado bokhandel blir eg ikkje møtt av dei sedvanlege bunkene med bestselgjarar. Eg blir møtt av fleire hundre hyllemeter med bøker med fronten mot meg. Lokalene er romslege og lyse, det høgt under taket og eg kjenner at det er ei god atmosfære i denne butikken. Førsteinntrykket er at dette er ein butikk som skil seg frå dei andre bokhandelane, som er relativt like. Konseptet er enkelt. Det er forlaga som leiger hylleplass til sine bøker.

På spørsmål frå Gøril i Leselykke om ikkje kundane vil bli forvirra av denne forlagssorteringa, svarer Skrede at det er 650 andre bokhandlarar i Norge som er heilt like, så då kan dei gå ein annan plass. Og det er nettopp dette som er styrken bak Eldorado bokhandel. Eigaren våger å skilje seg ut, han våger å vere annleis og han våger å starte sitt eige konsept. Det trur eg er ein suksessfaktor for Eldorado. Dei våger å tilby kundane noko som er annleis enn dei bokhandlarane vi har frå før.

20130917-104357.jpg

Christian Skrede viser stolt fram hyller kor bestselgjarar og klassikarar er fronta, side om side. Han vil satse på bredde og lengre levetid for bøker.

Eg kjenner eg blir full av forventing over det den visjonære gründeren fortel. Han deler min frustrasjon over den åpenbare tendensen til å satse på eit fåtals titlar i norsk bokbransje, og han forsøker å gjere noko med det.

– Bøker er i stadig større grad ferskvare, dei blir selde ut fastprisperioden, deretter blir dei selde på mammutsalg. Etter mammutsalget er dei borte, forklarer Skrede. Dette vil han endre, han lover at i Eldorado bokhandel skal vi få tak i eldre titlar, også etter mammutsalget.

20130917-104409.jpg
Medan store forlag kan leige heile reolar, kan mindre forlag få plass til sine titlar i spesialbestilde boksar.

Eg håper konseptet til Skrede og Eldorado bokhandel vil lykkast. Den norske bokmarknaden treng dette initiativet. Vi treng ei plass kor vi kan leite oss fram til titlar som er oversett i dei store marknadskampanjane og Skrede har heilt rett, vi treng ein plass kor vi kan kjøpe backlisttitlar, kor bøkene kan få lenger levetid.

10 comments

  1. Jeg synes konseptet er spennende. Har vært på Read sin bokhandel på Vestby og synes den var bra. Jeg liker det at eldre titler får plass. Vet du forresten om det er forlagene som bestemmer hvilke bøker som skal være der og hvor de feks skal stå i hyllene som forlagene har kjøpt?

    Jeg husker også at de har en god barneavdeling på Vestby, masse bøker jeg ikke hadde sett andre plasser. Tenker jeg må innom Eldorado neste gang jeg er i Oslo:-)

    • Eg har ikkje vore på Vestby. Men Skrede snakka om at han hadde prøvd ut konseptet der, så det er nok mykje av det same. Eg fekk inntrykk av at det er forlaga som bestemmer kva bøker som skal frontast i hyllene, ja, men eg er litt usikker. Butikken hadde i tillegg nokre hyller som var deira, kor dei hadde sine anbefalingar.

      Eg var veldig begeistra for barneavdelingen, ja. Eg gleder meg allereie til å ta med Ungen dit.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s