Lørdagslenker

Det er blitt diskusjon om kjønn og lesevanar denne veka, ein viktig diskusjon, som dessverre druknar litt i Aftenposten sitt feilaktige oppslag om at guttar lånte 2880 bøker i fjor, samanlikna med jenter som lånte 355 556 bøker. Jan Arild Snoen i Minerva kontrollerte påstandane og fann ut at det riktige talet var 82280. Likevel er diksujonen om kjønn og lesing interessant, jenter låner over fire gonger så mange bøker som guttar.

Vidar Kvalshaug, yndlingskritikaren min i Aftenposten har gitt ut boka Det var en gang en sommer, ei bok om terroren 22. juli for barn og foreldre. Boka skal handle om 22. juli og om korleis vi snakker med barn om det som skjedde denne dagen, ei bok som er plassert på ønskelista mi.

Det er litteraturfestival på Lillehammer. Eg skulle sjølvsagt veldig gjerne ønske eg kunne reist dit, men det har ikkje blitt praktisk mogleg i år. Eg får seie som eg sa i fjor, neste år, skal eg og til Lillehammer! Men med litteraturfestivalen er det fleire nasjonale og internasjonale forfattarar i landet, mellom anna J. M. Coetzee. Og endeleg har Dagbladet gitt oss fasiten, den Sør-Afrikanske forfattaren sitt namn skal uttalast kuutsi. Eg skal altså frå nå av slutte å seie kåtsai, som eg innbilde meg var riktig uttale.

Litteraturfestival betyr prisvinnarar. Karin Moe og Torgeir Rebodello Pedersen har vunnet Doblougprisen. Dei nominerte til Nordisk Råds barne- og ungdomslitteraturpris blei óg offentleggjort denne veka. Frå Norge er Aina Basso med boka Inn i elden, Inga Sætre med boka Fallteknikk og Signe Iversen og Sissel Horndal med boka Mánugánda ja Heike. Inn i elden har eg liggjande og eg gleder meg veldig til å lese ho!

The Polycymic har plukka ut åtte must-read noveller, som er godt egna til busslesing. Her er det gode tips til novellelesing for dei som måtte vere interesserte. Eg har sjølv nokre tankar om å få lese litt noveller i løpet av sommaren. Det er jo ein sjanger eg er veldig glad i, men som eg les altfor sjeldan.

For den som er interessert i kunsthistorie, kan eg anbefale eit besøk på Kunstutstillinga ved British Institution i Pall Mall i London. Den interaktive utstillinga What Jane Saw er ei digital rekonstruksjon av den kunstutstillinga Jane Austen besøkte 24 mai 1813. Og utstillinga er godt laga og interessant i eit kunsthistorisk perspektiv, uavhengig av at websida er knytta til Austen-jubileet.

WJS

4 comments

    • Du får trøyste deg med at eg har vore like langt unna. Eg har imidlertid ofte prøvd meg på “…han derre sørafrikanaren, kva er det nå han heiter igjen… Vanære-forfattaren”, for å unngå å seie namnet sjølv. Eg har fått mange ulike variantar av “Åh, meiner du Coetzee?”

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s