Ei lita bok i eit stort univers

Frøydis Sollid Simonsen
Hver morgen kryper jeg opp fra havet
Kortprosa/lyrikk
Gyldendal norsk forlag, 2013
eBokBib-utgåve, 115 sider.

Frøydis bak bloggen “Nesten som en tegneserie” debuterte i haust med boka Hver morgen kryper jeg opp fra havet, ei lita bokperle som det er vanskeleg å plassere sjangermessig. Dei korte tekstane har klare lyriske trekk, samtidig som det er ein forteljande, tråd gjennom tekstane. Dei korte tekstane har òg klare essayistiske trekk. Om boka er ei samlig prosadikt eller ei kortprosasamling er kanskje ikkje så viktig. Det viktige er at eg som lesar får eit innblikk i ein eg-person, som beveger meg.

Den narrative linja i boka er veldig enkel. Vi får innblikk i eit einsamt invidid, som sørger. Eget i boka har blitt dumpa, onkelen er død, samtidig les ho til eksamen på café, går rundt i Oslo, kjøper frukt og reiser med trikken. På handlingsplanet er det ingenting som er nytt i norsk samtidslitteratur, snarare tvert i mot. Men det er ikkje så viktig, for det er ikkje handlinga som står i sentrum i denne boka. Handlinga ligg som ei så diffus linje i bakgrunnen, at eg eigentleg ikkje er sikker på om eg har lyst til å kalle denne boka ein episk tekst.

Hver morgen kryper jeg opp fra havet er ei bok som både foregår på eit mikronivå og på eit makronivå, samtidig. Vi følgjer denne eg-personen, gjennom den diffuse handlinga som eigentleg ikkje opplevest som sentral for meg som lesar i det heile tatt. Og samtidig så følgjer vi eit individ som forsøker å plassere seg sjølv og livet sitt i ei større ramme, i universet, i naturvitskapen og i evolusjonshistorien. For samtidig som eget reflekterer over kva som foregår rundt henne som individ, på individ-nivå, plasserer ho seg sjølv i denne store samanhengen. Dette ser vi allereie i tittelen på boka, Hver morgen kryper jeg opp fra havet. Boka handler om det kvardagslege, det som skjer kvar morgon og ho handler om eksistensen og livet, det som ein gong kraup opp frå havet. Gjennom dei korte tekstane reflekterer Sollid Simonsen over det einsame livet i den store samanhengen og det uendelege universet. Tekstane beveger meg og dermed blir òg min eksistens sett inn i eit større perspektiv, medan eg les. Det kvardagslege blir heile tida samanstild med det som er uendeleg, både i tid og rom.

20140124-092836.jpg

På det episke planet får vi bare glimt og brotstykker frå forteljinga om eget. Men det er ikkje forteljinga som står i sentrum og som gjer boka verdt å lese. Det er tankane til eget, som gjer boka verdt å lese. Tankane om å vere eit lite invidid i eit uendeleg stort univers, tankane om å tenke på dette og forsøka på å forsøke å flykte frå tankane. Det å tenke blir og eksplisitt tematisert i teksten, noko som gjer at dei enorme tankespranga, om insekt i dusjen og blåkvalar i Pakistan, fungerer godt i boka som heilheit. Dei mange spranga til naturvitskapen, evolusjonslæra og verdsrommet blir aldri påtrengande og faglege. Dei høyrer til i boka, og dei viser fram korleis dette skjøre individet er ein del av ein større samanheng.

20140124-092941.jpg

Det er ein sterk melankoli og eit mørkre som preger eget i Hver morgen stiger jeg opp fra havetHo har ein sterk lengsel etter lyset og ein sterk lengsel etter å vere eitt med universet, samtidig som ho lengter bort frå alle dei store samanhengane og inn i den enkle kvardagen, som består av IKEA-katalogar og kattevideoar på nett. Samtidig lengter ho etter å forstå dei store samanhengane i universet, og dei små samanhengane, dei som ligg bak den øydelagde relasjonen.

20140124-093007.jpg

Hver morgen kryper jeg opp fra havet er ein original debut. Og sidan det på ingen måte er gitt at ein sjangermessig uklar og eksperimentell tekst skal fungere, må eg innrømme at eg var skeptisk, då eg begynte å lese boka. Men Hver morgen kryper jeg opp fra havet er ei bok kor det originale og eksperimentelle fungerer imponerande godt. Eg må bare seie meg einig med Silje, som skriv «selv om selve temaet ikke er nyskapende, så opplever jeg at måten historien blir skildret nettopp er det.».

11 comments

    • Eg skal og kjøpe ho, det er ei slik bok som må stå i bokhylla og som eg må bla i. Foreløpig har eg bare lese eBokBib-utgåva. Men denne skal eg samle på.

      • Den var rett og slett fantastisk bra. Jeg tror faktisk at det var den beste norske boka jeg leste for hele 2013. Synd da, at jeg leste den etter nominasjonsdatoen for bokbloggerprisen gikk ut. Takk! Den er nå lånt videre til ei i kollokviegruppa på nordisk studiet. Jeg antar at jeg får den igjen når hele gruppa har fått lest boka 🙂

  1. Du fikk meg til å tenke på Helle Helle mens jeg leste. Det med å formålsløs virre rundt og lese eller late som man leser til eksamen. Å være bitteliten i stor kontekst. Jeg er overraskende nok fristet. Jeg er også fascinert over mobilbatteriet ditt – og hva som skjedde mellom 98 og 94% – fantastisk bilde på tiden som går!

    • Eg begynte å klippe bort batteriet og klokkeslettet, først, men så fann eg ut at det var litt fint at det stod slik. Det putter på ein måte lesinga inn i ein samanheng.

      Helle Helle, ja, der er du inne på noko.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s