Bokbloggerprisen 2013

Som så mange andre bokbloggarar, sende eg òg inn forslag til den nyinnstifta Bokbloggerprisen 2013. Eg innser at eg ikkje har lese mange nok norske bøker, til å ha oversikt over heile breidda, men kven klarer vel det?

Av dei norske bøkene eg har lese, som er utgitt i 2013, er det desse eg meiner fortener ein nominasjon:

Roman: 

1. Leksikon om lengsel av Hilde Østby

2. Hvis noen ser meg nå av Benedicte Meyer Kroneberg

3. Liten av Nils-Øivind Haagensen

4. Bryllup og begravelser av Jens M. Johansson

Åpen klasse:

1. Nattevakt av Synne Lea og Stian Hole

2. Urd av Ruth Lillegraven

3. Stein til stein. 39 dikt og 1 salme av Jon Fosse

Av desse bøkene er det foreløpig bare Leksikon om lengsel eg har rekke å blogge om. Eg innsåg på eit eller anna tidspunkt i desember at eg hadde lese for få norske bøker gitt ut i 2013. I alle fall hadde eg lese for få gode norske bøker gitt ut i 2013, eg har lese fleire bøker som ikkje høyrer til på noko nominasjonsliste. Men innan utgangen av året, og takka vere eBokBib, som tross tekniske svakheiter begynner å vekse på meg, rakk eg lese fleire av dei norske bøkene eg hadde trua på.

Det eg har skrive om norske bøker gitt ut i 2013, finn du her.

6 comments

  1. Så gøy å lese listen din, Bjørg 🙂 Min blir også publisert i dag. Vi har nominert to av de samme bøkene ser jeg; Leksikon om lengsel og Urd. Det skal bli spennende å se om de har kommet med på lista, jeg gjetter på at begge står på longlisten.

    Men er det ikke “Bokbloggerprisen 2013”? Jeg mener Line skrev det i Siljes tråd i Facebook-gruppa 🙂

    • Du har rett, Mari. Eg surrer. Eg har redigert innlegget mitt, takk skal du ha.

      Så kjekt at du og har nominert favorittane mine! Då er det jo større sjans for å få dei med vidare. Eg er veldig spent på lista, eg og.

      • Forundrer meg mye om Urd ikke er med. Jeg har garantert ikke lest noen av bøkene på listene, for jeg har lest lite nytt norsk det siste året dessverre. Får rett og slett bare skjerpe meg for 2o14! Skal bli spennende å se hvilke det blir.

  2. Spennende liste. Jeg har ikke lest noen av disse bøkene, men jeg har lest såpass mye om Urd, Leksikon om lengsel og Hvis noen ser meg nå, at jeg ønsker å lese dem.

  3. Eg gløymde heilt å lese fleire bøker på norsk med tanke på nominasjonane, men no har eg vore hos biblioteket og lånt ma “Liten” og “Leksikon om lengsel”. “Bryllup og begravelser” hadde dei og, men haugen min blei så stor at ho må vente så lenge. Eg var så heldig å vinne Samlaget sin julekalender, så eg får ein bokpakke i posten med enda fleire godbitar snart, Jon Fosse og fleire. No har eg mykje bra (reknar eg med) å lese framover, først ut blir “Parissyndromet” av Heidi Furre.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s