Kaoshjerte

Ved eit par anledningar har nokon eg kjenner gitt ut bok. Eg blir alltid litt usikker slike gonger, på om eg skal skrive om boka på bloggen eller ikkje. Skal eg strebe mot ein slags profesjonell habilitet, eller kan eg skrive om kva eg vil? Klart eg kan skrive om kva eg vil, eg er jo for så vidt min eigen redaktør og eg lager mine eigne retningslinjer. Dei gongene eg ikkje har skrive om bøker skrivne av folk eg kjenner, har eg vore mindre begeistra for den aktuelle boka. Eg har tenkt at eg ikkje vil skrive ein dårleg kritikk av boka til akkurat han eller akkurat henne. Og i og med at eg sjeldan rekk å blogge om alle bøkene eg les uansett, tenker eg at det nesten ikkje er så veldig dobbeltmoralistisk ein gong.

For litt over ein månad sidan fekk eg ein melding på facebook frå Lise Grimnes, og kjend frå bloggen knirk. Ho lurte på om eg ville ha eit leseeksemplar av debutboka hennar, Kaoshjerte. Og eg takka ja, men med forbehold om at eg ikkje villle bestemme om eg ville blogge om boka, før eg hadde lese ho (det gjeld alle leseeksemplar eg mottar, men det er litt ekstra viktig, når eg veit at forfattaren sannsynlegvis kjem til å lese bloggen, sjølv om eg ikkje skriv om boka). Eg har vore nysgjerrig på kva Lise har skrive heilt sidan i vinter. Då hadde vi eit møte med prosjektgruppa til NUBB og ho fortalde at ho hadde jobba med ein ungdomsroman i fantasysjangeren, med element frå norsk folkediktning, dei siste tre åra og at ho var spent på eit møte med forlaget, dagen etter. Og eg har gleda meg til å lese boka til Lise, både fordi eg veit at ho kan veldig mykje om munnlege forteljingar og folkedikting og fordi eg har vore glad i å lese det ho har skrive på bloggen sin, heilt sidan ho starta med å blogge. Samtidig var eg litt usikker på om eg skulle takke ja til eit leseeksemplar av boka. For kva skulle eg seie, eller skrive, dersom eg ikkje likte boka hennar? Skulle eg bare  late som om eg ikkje hadde lese ho og ikkje seie nokonting? Ho visste jo at eg hadde fått boka. Eller skulle eg seie at eg ikkje likte ho godt nok til å blogge om ho? Eg visste med meg sjølv at det hadde vore vanskeleg å skrive eit blogginnlegg om korfor eg eventuelt ikkje likte boka.

Kaoshjerte_riss.indd

Eg begynte på Kaoshjerte tidlegare i veka og las ho ut på eit par dagar. Og heldigvis kunne eg puste letta ut, allereie etter å ha lese dei første to kapitla i boka. Eg trengde ikkje late som om eg ikkje hadde lese boka for å sleppe å fortelje Lise at eg ikkje likte ho. For dette var ei god bok, ei bok eg kjem til å hugse og ei bok eg kjem til å anbefale vidare. Og det er åtte gode grunnar til at eg liker Kaoshjerte:

  • Eg liker kronologien. Boka begynner med at 17 år gamle Minja våkner i leiligheita si heime på Stovner, med hukommelsestap og nøster seg bakover derifrå, for å finne ut kva som har skjedd.
  • Eg liker at boka er så realistisk, samtidig som det er ein slags fantasyroman. Eg seier ein slags, fordi mesteparten av handlinga foregår i den verda og den verkelegheita vi kjenner, sjølv om det overnaturlege er sterkt til stade som eit bakteppe for romanen.
  • Eg liker det kulturelle universet for romanen. Det er så mange spennande møter i denne boka, nåtida møter dei gamle folkeeventyra og sagna om huldrer som bergtar og lokker med seg mennesker til underverden. Den gamle, nordiske folkediktninga møter den persiske, gjennom ordtaka som Josef så generøst deler ut. Den isolerte norske utkantungdommen møter den iranske innvandrargutten frå Stovner, og omvent. Byfolk møter bygdefolk og skog.
  • Eg liker at alle møtene mellom mennesker med ulik bakgrunn er så naturlege og truverdige, i måten dei er skildra. Det heile er så sjølvsagt. Det er like naturleg at faren til Josef snakker farsi, som at mora til Minja bleiker håret sitt og reiser til Gran Canaria.
  • Eg liker kombinasjonen av gammal folketru og 2014.
  • Eg liker Josef og dei persiske ordtaka hans.
  • Eg liker måten romanen er skriven på, i vår tid. Det er sjeldan eg les bøker kor hovudpersonen sin kvardag ligg så tett opp til vår samtid.
  • Eg liker humlene.

Kaoshjerte
Lise Forfang Grimnes
Aschehoug
Norge, 2014.
368 sider

Takk til både forlag og forfattar, for leseeksemplar. 

3 comments

  1. Dette punktet likte jeg litt ekstra godt:

    “Jeg liker at alle møtene mellom mennesker med ulik bakgrunn er så naturlege og truverdige, i måten dei er skildra. Det heile er så sjølvsagt. Det er like naturleg at faren til Josef snakker farsi, som at mora til Minja bleiker håret sitt og reiser til Gran Canaria.”

    Ja! Akkurat 🙂

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s