«Du må ikke sove»

De som ikke finnes

Det er ikkje så ofte eg les bøker som verkeleg ryster verdsbiletet mitt. Men den tredje – og desidert sterkaste – boka Simon Stranger har skrive om Bærumsjenta Emilie, gjer akkurat det: De som ikke finnes er ei bok som aktiverer sterke kjensler i meg. Mesteparten av boka forgår i velkjende kulisser, i eit nyoppussa hus med flatskjerm i stova, reint vatn i dusjen og mat i kjøkkenskapet. Som lesar kjenner eg meg igjen i kvardagen til Emilie. Eg har alt det ho har, eg kan identifisere meg med henne, heilt til Samuel kjem inn i heimen hennar. Samuel er ein av dei som ikkje finst, ein papirlaus flyktning, som har reist til Europa for å tene pengar som han kan sende heim til familien sin. For Europa er eit lykkeland, kor alle har nok. Eit land han har drøymd om, heilt sidan han var liten. Men Europa svarer ikkje til forventningane. Europa tar ikkje imot Samuel.

Containeren ble åpnet fra utsiden, og lyset strømmet inn. Samuel strakte ut hånden og holdt igjen Amadou, i tilfelle det var politiet. En mann sa på gebrokkent engelsk at de kunne komme ut. Samuel kikket over kanten på trekassene. Vinket Amadou opp fra gulvet. Så klatret de over. Ble tatt imot av to hvite menn med bustete hår og arbeidsklær. De ble tilbudt en dusj og noe å spise, før de ble bedt om å vaske seg ut av containeren. Tømme dobøtten og skrubbe gulvet.
Dette var så langt unna det bildet folk hjemme hadde av Europa som man kunne komme. Hvor mange av dem var det som så for seg denne skitne containeren når noen sa Europa, eller det skitne vaskerommet der de måtte dusje etterpå, med nakne føtter mot det iskalde betonggulvet? (s. 80)

De som ikke finnes åpner med at Samuel banker på soveromsvindauget til Emilie. Det har gått nokre år sidan Emilie var på charterferie på Gran Carnaria i boka BarsakhDet var her ho møtte Samuel frå Ghana, som hadde flykta over sjøen, for første gong. Emilie får vite at etter at han blei arrestert på Gran Canaria og sendt tilbake til Ghana, har han nok ein gong flykta gjennom Europa. Og nå står han plutseleg utføre vindauget hennar på Blommenholm, kledd i ein fillete og skitten dress, med eit kutt i hånda og ein papirlapp med adressa hennar på, som han fekk før dei skilde lag på Gran Canaria. Han lukter vondt og er svolten og han ber henne om hjelp.

Emilie blir redd det mørke i blikket til Samuel. Han er desperat og ho er usikker på om han eigentleg er stabil. Ho er òg redd for framtida si. Ho har ein betinga dom, etter aksjonen ho deltok i, då ho var med i Verdensredderne i forrige bok. Viss ho blir tatt for å hjelpe ein papirlaus, illegal flyktning, kan ho risikere fengsel. Med dette i bakhovudet, avviser ho Samuel, etter å ha gitt han litt mat og ein dusj og sender han ut i Oslo igjen, i den same, skitne skjorta som han kom i. Ho som ein gong kyssa den afrikanske flyktningen, er redd for at foreldra hennar skal kunne lukte at han har lånt dusjen. Ho som ein gong ville redde verda, gjennom aksjonar mot handelsstanden, møter seg sjølv i døra, når ein av dei trengande, som ho ville redde, dukker opp på trappa hennar.

         – Kan jeg få låne doen deres? spør han og setter glasset fra seg inntil en hagespade. Emilie skyver vekk en ødelagt håv som holder på å falle over henne. Vet ikke hva hun skal svare, for hun vil ikke ha Samuel inn i huset, er redd, men tør ikke si det, tør ikke innrømme det engang. Hva er alt engasjementet hennes for verden egentlig verdt da, hvis hu avviser en som så åpenbart trenger henne? (s. 26-27)

Dermed blir De som ikke finnes ein roman som (meir direkte enn dei to første Barsakh-romanane) stiller spørsmål ved rettferd og fordeling av goder i verda. Denne gongen  er eg imponert over kor direkte Simon Stranger våger å vere, når han kritiserer den vestlege materialismen. Og sjølv om De som ikke finnes er ein roman med moral, er det ikkje ein moraliserande roman. For der Verdensredderne hadde ein tendens til å tippe litt over og til å ha ein del moralistiske parti, er De som ikke finnes langt meir balansert. Og det er dét som gjer boka så brutal! De som ikke finnes viser fram to verkelegheiter, Emilie si verkelegheit og Samuel si verkelegheit. Og så gjer ikkje romanen noko meir. Romanen er verken kommenterande, vurderande eller moraliserande. Kommentarane og vurderingane blir det opp til lesaren å gjere. Og den tankeprosessen De som ikke finnes, sett i gang hos meg som lesar, er viktig. Boka tvinger meg til å ta av meg skylappane og tenke på dei som ikkje finst, her i verdas rikaste land.

For snart femten år sidan, blei eg for første gong kjend med etikken til John Rawls, gjennom studiene mine. Den amerikanske filosofen har rettferd for alle involverte, som moralfilosofisk rettesnor. Han meiner at bare den som er uvitande om sin eigen posisjon i eit samfunn, vil vere i stand til å fordele goder rettferdig. Og med omgrepet slør av uvitenhet (Veil of Ignorance), konstruerer han eit tankeeksperiment: For å kunne fordele goder rettferdig, må dei som skal gjere dette ha eit slør av uvitenhet om sin eigen posisjon. Bare då vil dei kunne fordele goder på ein sånn måte at sjølv dei svakaste vil oppleve fordelinga som rettferdig. I den brilliante romanen Mnem (ja, eg veit eg stadig trekk denne fram, men det er nå ein gong slik med favorittbøker. Dessutan snakker vi jo tross alt om same forfattar nå), prøver Stranger ut Rawls sin teori i romanform. Bak den fiktive byen Mnem, står det ei gruppe som skal fordele goder. Og etter at planen for korleis bustad, yrke, inntekt og alt anna er sett opp, trekk dei lodd om posisjonane. Dei som fordeler, har med andre ord med eit slør av uvitenhet om sin eigen posisjon i samfunnet, når dei fordeler godene.

Ein av dei siste setningane i De som ikke finnes er: «Det er ikke din skyld at du er født her. Vær glad for de mulighetene det gir deg». Og med desse orda, minner Stranger gjennom Samuel meg på kor lite rettferdig fordelinga av goder er, på verdsbasis. Som Emilie, kan vi forsvare eigendomsretten vår, vere sparsomme med kva slags goder vi deler av. Men vi kan ikkje forsvare dette. Særleg ikkje viss vi ser bort i frå vår eigen posisjon i det globale fellesskapet. Verdiane våre, lovane og reglane om rett til å eige hus og heim, mobiltelefon og TV, den skeive fordelinga av goder på globalt plan, kan bare forsvarast dersom vi ser bort i frå dei vi ikkje vil erkjenne at finst. De som ikke finnes er ein roman som roper – i kor med Arnulf Øverland: «Du må ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv.» Samuel har gjort inntrykk på meg. Eg håper eg aldri kjem til å gløyme han.

Og for dei som lurer på om ein kan lese De som ikke finnes utan å ha lese Barsakh og Verdensredderne, er det heilt uproblematisk. Vi møter Emilie og Samuel i dei to tidlegare romanane og, men De som ikke finnes kan lesast frittståande og den nødvendige bakgrunnshistoria blir kort oppsummert for nye lesarar. Så det er faktisk inga unnskulding for å ikkje lese De som ikke finnes.

De som ikke finnes
Simon Stranger
Cappelen Damm
Norge, 2014
174 sider.

Takk til Cappelen Damm for leseeksemplar. 

3 comments

  1. Veldig bra skrevet. Jeg ble også satt ut av denne boken og hadde et sterkt behov for å rope ut til alle at de burde lese den. Om ikke det er årets sterkeste roman, er det ihvertfall den sterkeste leseopplevelsen for meg i år.

    Mnem har jeg hatt på leselisten min i flere år nå etter sterke anbefalinger. Jeg håper bokhyllelesingen fortsetter til neste år for da skal jeg definitivt være med. Jeg tok en titt på det jeg har lest så langt i år og da var kun 3 av bøkene fra bokhyllen, så det må være et viktig mål for neste år.

    • Ja, definitivt ei bok alle burde lese! Eg hadde litt same kjensla då eg var ferdig.

      Mnem bør du lese, ja! Og neste års bokhyllelesing er i planleggingsfasen. Hedda organiserer det ein periode til framover, medan eg konsentrerer meg om å få orden på helsa mi. Men det kjem nye kategoriar neste år, ja.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s