2014 så langt og Bokbloggerprisen

Både Silje og Line har utfordra andre bloggarar til å skrive litt om korleis dei forbereder seg til Bokbloggerprisen 2014. Og der eg i fjor la til side alt anna på denne tida av året, for å nytte dei siste vekene av året til å få lese flest mogleg av årets bøker, blei stressa over haugen av leseeksemplar som eg ikkje kom gjennom, samtidig som eg las ein haug med første- og andrekapittel på eBokBib, for å finne ut om dette var noko det var verdt å bruke tida mi på, har eg lova meg sjølv å ikkje stresselese fram mot nominasjonen i år. Likevel ser eg jo at eg prioriterer norske 2014-bøker framføre andre bøker, når eg skal plukke ei ny bok. Så litt prega av at det nærmar seg prisnominasjon er eg jo.

I år har eg lese ganske mykje meir ungdomslitteratur enn eg vanlegvis gjer. Det heng saman med at eg har blitt med i redaksjonen til Ubok.no og NUBB, kor vi jobber med ungdomslitteratur. Og medan dette er ei gruppe bøker eg tidlegare har oversett, fordi eg har tenkt at dei i veldig liten grad angår meg, er eg nå overraska over kor høg kvalitet ein del av dei romanane som blir marknadsført for ungdom held. Innimellom stiller eg meg spørjande til merkelappen ungdomslitteratur, for sjølv om hovudpersonane i ein del av desse bøkene er unge, er det ikkje gitt at dei litterære preferansene til lesarane er aldersavgrensa. Og av ungdomsromaner som eg vurderer om fortener ein nominasjon til Åpen klasse-kategorien, er De som ikke finnes av Simon Stranger, Kaoshjerte av Lise Grimnes og Jeg blir heldigvis ikke lagt merke til av Liv-Marit Weberg. Den siste boka har eg ikkje blogga om endå, men det er ei svært god, humoristisk og sjølvironisk men samtidig ekte skildring av kvardagen til ei jente som strever med sosial angst.

Men Åpen klasse rommer mykje, òg sakprosa. Og ei av dei bøkene eg held på å lese for tida, er Bragepris-nominerte Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson. Dette er ein svært personleg dokumentar, om den prosessen forfattaren går gjennom, i tida etter at ho tilfeldigvis oppdaga at morfaren hennar har vore SS-soldat og redaktør for det nazistiske tidsskriftet Germaneren, i ein wikipedia-artikkel. Dette er ikkje bare ein annleis framstilling av den andre verdskrigen. Det er òg ei sterk bok om det å forsone seg med ei familiefortid som ein ikkje er stolt over. Eg blir stadig imponert over korleis Ida Jackson heile tida respekterer morfaren sitt val og søker å forstå han. Eg har òg begynt å lese i praktboka Fra ungdommen, ei stor bok med flotte bilete i coffee table-format, som presenterer ei rekke ulike ungdommar med ord og fotografi. Dette er òg ein verdig kandidat til Åpen klasse. Men viss eg skal plukke ut to sikre kort til Åpen klasse lander eg på De som ikke finnes og Morfar, Hitler og jeg. 

Line etterlyser novelle- og lyrikkanbefalingar, men eg må innrømme at med unntak av Manilahallen av fjorårsvinnaren Ruth Lillegraven, som eg ennå ikkje har fått tid til å lese, er det få diktsamlingar eller novellesamlingar som har vekka mi interesse, når eg har bladd gjennom forlagskatalogane i år. Eg er litt nysgjerrig på Dan Andersen si diktsamling, Miraklet. Saman med Guds barn av Lars Petter Sveen, synest eg det er spennande at bibelhistoria blir trekke fram i nye format og på nye måtar, og gitt ut i ei ikkje-religiøs samanheng.

I Årets roman-klassen har eg òg foreløpig bare to aktuelle kandidatar så langt, og det er Si at vi har hele dagen av Anne Kyoung-Sook Østfi og Innsirkling 3 av Carl-Frode Tiller. Sistnemnde er riktignok svært lite samlesing-vennleg, med tanke på at det er avslutninga av ein trilogi. Så eg er litt usikker på om eg skal nominere denne, og står dermed foreløpig bare igjen med Østfi. Men i denne klassen har eg ein del bøker eg har trua på i den berømmelege stabelen med leseeksemplar, som eg skal prøve å la vere å stresslese. Ida Hegazi Høyer sin Unnskyld, Lars Petter Sveen sin Guds barn, Velkommen til oss av Eivind Hofstad Evjemo og romandebuten til Bjarte Breiteig, Fem år som far er alle bøker eg har trua på at vil kunne gjere seg fortent til ein nominasjon, dersom eg får tid til å lese dei.

Line spør kva for ei bok som absolutt ikkje bør komme på shortlista. Og dersom vi ser bort i frå at eg, av hensyn til samlesinga, håper at det ikkje blir særleg mange oppfølgjarromanar som Råta av Siri Pettersen, Innsirkling 3 av Carl-Frode Tiller og Dødeboka av Lars Mæhle, har eg eit veldig sterkt håp om at vi skal slippe Lars Mytting og Svøm med dem som drukner. For eit makkverk!

Og sist men ikkje minst, kjære lesarar, kva er det eg har gått glipp av her? Kva er det eg burde lese, for å vere godt kvalifisert til å nominere eit par gode bøker (eg har allereie gitt opp sju i kvar kategori, det går neppe) til Åpen klasse og Årets roman?

4 comments

  1. Er helt enig angående Mytting som jeg allerede har kommentert hos deg før. For min del leder nok Stranger og Høyer i hver sin kategori. Weberg sin leste jeg så tidlig i år at jeg glemmer den litt når jeg skal anbefale videre, men jeg synes også den er veldig god og har noe Erlend Loesk over seg. Jeg likte også veldig godt Sanne Mathiassen sin Bare en time til, men mener at det var du som et sted skrev at du ikke syntes den var noe særlig.

    I Åpen klasse har jeg ellers tenkt å prioritere å lese Kaoshjerte og Brageprisvinner Anette Munch sin Badboy steroid. Det spørs om jeg rekker lyrikk og noveller, men har skaffet meg noen titler. Sakprosa får andre ta seg av. I romanklassen er det veldig vanskelig å prioritere synes jeg og det dukker opp stadig nye anbefalinger. Tiden vil vise. Akkurat nå er det Ørstavik og Linnea Myhre som gjelder og begge de to kan så langt anbefales.

    • Eg måtte faktisk sjå på lista over kva eg hadde lese i år, for å bli minna om vår-bøkene. Eg trur vi har litt lett for å sjå oss blinde på bokhausten, når vi tenker prisnominasjonar. Eg heldt på å gløyme Weberg sjølv, men heldigvis kom eg på ho, slik at eg får henne med. Eg er einig i at det er noko Loesk over boka, ho behandler vanskelege ting på ein veldig konkret og humoristisk måte. Det stemmer at eg ikkje var så begeistra for Bare en time til. Eg følte ikkje eg kom heilt på innsida av hovudpersonen og at symbolikken blei litt for påtrengande.

      Linnea Myhre har eg gløymd, men den har eg eigentleg og tenkt å lese. Takk for påminninga. Ørstavik har fått mange nok sjansar av meg (saman med Saabye Christensen og Vigdis Hjort), men eg klarer bare ikkje å like dei bøkene. Så ho har eg vel eigentleg gitt opp.

  2. Fint innlegg!:) Håper å få lest Simon Strangers bok og Morfar, Hitler og jeg før nyåret kommer. Gleder meg til de! Jeg må si jeg også likte “Si at vi har hele dagen” veldig godt, en av mine favoritter også. Ha en fin kveld!:)

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s