Klar for bokhausten

Eg er sikker på at hausten er laga for at den introverte bokelskaren skal få sjansen til å kvile ut etter ein sosial sommar og lade batteria fram mot vinteren. Og nettopp derfor passer det veldig bra at dei aller fleste forlaga legg brorparten av boklanseringane sine til hausten. Det betyr jo at det er mykje å ta av, når ein skal pakke seg inn i eit pledd, stenge verda ute og kose seg med ein kopp te og ei god bok, i haustkvelden. For te er best om hausten.

Bokhausten

Med bokhausten kjem invitasjonane til pressekonferanser, forlagsfester og boklanseringar. I år har eg ikkje vore på nokon av desse, men eg har sitte heime i ro og fred og bladd i dei digitale forlagskatalogane som har komme. I fjor kjende eg litt på at hausten blei ganske heseblesande, for eg skulle lese så mykje som mogleg av det som var komme ut på norsk, før nominasjonsfristen for Bokbloggerprisen gjekk ut, ved nyttår. Og eg har framleis ein god del norske bøker frå 2013 liggjande, som eg ikkje rakk lese i 2013. Derfor kjenner eg at eg har ein veldig klar tanke, nå som eg går bokhausten i møte: Eg skal lese det eg har lyst til å lese og eg skal vere selektiv med kva eg takker ja til, av leseeksemplar. Eg skal ikkje lese flest mogleg norske bøker, flest mogleg bookernominerte bøker eller sette meg andre uoppnåelege mål. Eg skal utfordre meg sjølv til å lese litt meir krevande litteratur, lese frå bokhylla mi og velje dei nyutgitte bøkene eg verkeleg har trua på. Kan hende eg ikkje kan uttale meg om dei nominerte til Bokbloggerprisen i februar (men det kunne eg ikkje i år heller, i og med at kortlista var irriterande full av bestselgjarar, som Herbjørg Wassmo og Roy Jacobsen, forfattarar eg eigentleg ikkje orker bruke meir tid enn eg allereie har gjort på). Likevel,  eg har alltid lese mykje norsk samtidslitteratur. Og eg kjem til å fortsette med det, og velje ut bøker etter dei same (relativt lyststyrte) prinsippa som eg alltid ender opp med å lese etter, uansett kva slags mål eg sett meg.

Nå er det altså august, haustlistene er klare og når eg blar gjennom katalogane, ser eg nok ein gong at det er mange titlar som vekker nysgjerrigheita mi. Så eg samler opp dei norske bøkene eg håper eg skal få tid til å lese. Og så rekner eg det som mest sannsynleg at eg kjem til å lese omlag halvparten av desse i løpet av hausten.

Eg ser at det er fleire «gamle kjende» stemmar frå bloggosfæra som er aktuelle med bøker i haust, både debutantar og tidlegare eller nåverande bloggarar som er i ferd med å etablere seg som forfattarar. Det som er litt ekstra spennande med desse bøkene, er at eg føler eg «kjenner» forfattaren, skrivemåten og skrivestilen.

JacksonIda Jackson var lenge ein toneangivande stemme i den norske bloggosfæra. Ikkje bare hadde ho ein god penn, men ho var personleg og sårbar det eine øyeblikket og i neste øyeblikket var ho klar og tydeleg, når ho skreiv om alt frå nettikette til politikk. Bloggen hennar var sentral som oppslagsverk for meg, i den perioden kor eg – litt famlande – forsøkte å finne ut av dei uskrivne reglane som gjaldt på det store Internettet. I haust kjem ho ut med boka Morfar, Hitler og jeg, ei personleg bok om då ho sjølv fann ut at morfaren hennar var SS-mann.

Og så må eg bare gratulerer Lise Grimnes, ein gammal bloggvenn, som debuterer skjønnlitterært med ein fantasyroman i haust. Gratulerer, Lise! Eg ser fram til å lese Kaoshjerte. Delvis fordi det er i ferd med å gå opp for meg at den norske fantasyen, som bygger på myter eg sjølv har vekse opp med, er annleis enn den amerikanske dataspel-liknande fantasyen. Og delvis fordi det er litt ekstra morsomt å lese bøker, skrivne av nokon ein kjenner.

Heilt sidan før eg begynte å gjere meg kjend med bloggmediet, har eg fulgt kortprosa-bloggen til Jakob Arvola. Og nå kjem han (endeleg) med ei novellesamling, som Elikken allereie har rekke å lese. Det går ikke over er ei samling noveller som fortel om små episodar som sett spor for resten av livet til hovudpersonane. Eg gleder meg til denne!

Linnéa Myhre er og aktuell igjen med romanen Kjære. Sjølv om eg eigentleg er litt for gammal, var eg fan av bloggen «Alt du vet er feil», då Linnéa skreiv denne. Og i Evig søndag som kom hausten 2012, møtte vi ei endå meir sårbar og nakent ærleg Linnéa. Ifølgje katalogen til Tiden, skal Kjære vere ei samling brev om å vere så synleg som ho har vore og om spiseforstyrrelsar og det å komme tilbake til livet igjen etter ein nær-kollaps.

Aina Basso er jo blitt ein etablert forfattar, men ho starta som bloggar, ho og. Ho er ein av dei få norske forfattarane som har vore nominert til den nesten nye barne- og ungdomslitteraturprisen til Nordisk råd. I år kjem ho med ein ny historisk roman, Finne ly, ein roman frå Finnskogane på midten av 1800-talet, om romanifolket, som nok og vil vere aktuell i dag.

Og den siste blant bloggarane, som eg har høge forventningar til, er Thomas J. R. Marthinsen som kjem med romanen Selvportrett ved en gravstøtte. Eg likte novellesamlinga Du, som kom for nokre år sidan godt. Bruken av andrepersons personleg pronomen gjennom tekstane, er eit veldig spennande forteljarteknisk grep. Og forfattarbloggen finn du her.

Etter Urd, ei av dei store litterære opplevingane frå 2013, gleder eg meg veldig til å lese Manilahallen av Ruth Lillegraven. Eg har endå ikkje rukke å blogge om Urd, men eg er veldig begreistra for dette episke diktet og eg gleder meg over å sjå at årets bok òg er eit episk dikt. Eg håper og trur at Lillegraven har funne si nisje som forfattar her, for Urd var nyskapande, både språkleg og sjangermessig, samtidig som det var ei veldig lettlesen bok. Forteljinga om dei to kvinnene Seselja og Cecilie beveger meg og eg håper at dette formatet kan vere med på å gjere lyrikken meir tilgjengeleg, òg for folk som vanlegvis synest det å lese dikt er litt vanskeleg.Innsirkling

Innsirkling 3 er endeleg ute! Eg kjøpte boka, som eg har venta på sidan eg las Innsirkling 2 i 2010, på ebok.no denne veka (og fekk samtidig testa ut “Lever til Kindle”-funksjonen, som fungerte knirkefritt). Eg er framleis bare halvvegs, men eg nyt kvar side og kvar skildring av møter mellom mennekser. Og nok ein gong slår det meg at Tiller er ein utruleg dyktig observatør av mellommenneskelege relasjonar.

Gaute Heivoll begynner å ha etablert seg som eit fast namn på haustlistene. Sjølv synest eg framleis at Himmelarkivet frå 2008 er den beste boka eg har lese av han. Men fjorårets bok, Over det kinesiske hav ligg dessverre framleis i stablane med bøker eg ikkje har hatt tid til å lese endå. Eg håper eg skal få lese både denne og haustens bok, De fem årstidene i løpet av hausten. Eg liker veldig godt skrivestilen til Heivoll. Han blander saman fakta og fiksjon, på ein heilt særegen måte og gjennom den dokumentariske stilen, blir romanane hans eit annleis innblikk i ei tid som både er nær og fjern på same tid. Eg ser at De fem årstidene har fått blanda kritikkar foreløpig, men ho står like fullt på lista mi over bøker som bør lesast.

876.Bokomslag_fil.160Ei av dei nyare stemmene som er i ferd med å bli ein etablert forfattar, er Ida Hegazi Høyer. Ho kjem ut med ein ny roman i haust, for tredje år på rad. Og forsida på haustens bok, med boligblokkene som peiker ned i bakken, er ganske enkelt vakker (sjølv om eg ville gjetta at det var ei Flamme-bok, viss eg bare hadde sett forsida). På forlaget si side om Unnskyld står det:
«Man må være to, sa du, og jeg skulle vært en bok, og jeg skulle vært uendelig. Jeg skulle stått i hylla di, eller ligget på bordet ditt, eller hvilt i hendene dine. Og du skulle bladd i meg, lest i meg, tegna kruseduller i margen min, små dyr og strekmennesker, lev vel og la stå. Jeg skulle ikke ønsket mer. Jeg skulle ikke ønsket lenger. Men at du ville tilgitt denne boka. De minste orda, og de aller største.»
Eg lar dette utdraget tale for seg sjølv. Eg gleder meg til å lese denne boka.

Eg har fleire gonger erklært min store kjærleik til Simon Stranger sin fantastiske roman Mnem, som stadig står på førsteplass over dei beste, norske bøkene som er gitt ut. Trur eg. Det er ein roman som fortener å leve vidare, så eg nytter framleis kvar anledning eg har til å anbefale boka varmt og uforbeholdent: Les Mnem! I haust kjem Stranger ut med ikkje mindre enn to bøker, ungdomsromanen De som ikke finnes, som er avslutninga på Barsakh-trilogien, og voksenboka Tamarind. 

Eivind Hofstad Evjemo har skrive ein modig roman, med utgangspunkt eit spørsmål eg sjølv har stild meg mange gonger. Korleis kan ein sørge, etter 22. juli? I romanen Velkommen til oss skriv han om den åtte år gamle sorgen til eit ektepar som har mista dottera si, som blusser opp igjen under den nasjonale sorgen i 2011.

Fra Ungdommen er ei samling portretter av norsk ungdom. I forlagsomtalen står det: «Fra ungdommen portretterer en generasjon som har opplevd den høyeste materielle velstand noensinne. Men en generasjon som også har de høyeste statistikker med psykiske problemer og diagnoser. Den 22.07. ble også uskylden borte for alltid.»

Ida Løkås fekk veldig gode kritikker for debuten Det fine som flyter forbi. Nå er ho aktuell med ungdomsromane Pappa er et db210ae060d0b8e42fbeac7dcc6cb618postkort. Eg får umiddelbare assosiasjoner til Johan Borgen-novella «Bestefar er en stokk», både av tittelen og av forlagsomtalen. I boka møter vi ei ung jente som får eit postkort av faren kvar bursdag. Og når ho kjem litt opp i tenåra, begynner ho å undersøke kor desse postkorta eigentleg kjem frå. Eg er nysgjerrig på denne. Og også denne har eit omslag som appellerer veldig sterkt til meg.

Maria Amelie kjem med boka Takk som handler om tida etter at Ulovlig norsk kom ut, om oppholdet på asylmottaket Trandum, i perioden før ho blei sendt ut av landet i 2010. Vi hugser godt dei dramatiske bileta i media, og eg ser fram til å lese hennar framstilling av det som hende.

Eg har plukka ut nokre sakprosabøker eg vil lese i løpet av hausten og. For det første gleder eg meg til Med ørene på stilk av Finn-Erik Vinje. Ein av følgjene ved å vere over gjennomsnittet interessert i språk, er at eg synest andre sine skrivefeil kan vere utruleg morsomme. Så denne ser eg fram til.

9788248914938 Dei siste åra har det komme ganske mange bøker om morsrolle, feminisme, kvinna si rolle i familien og arbeidslivet og beslekta tema. Eg er litt usikker på om det er eit nytt fenomen, eller om det bare er eg som har begynt å legge merke til desse bøkene etter at eg sjølv blei mamma, men det er i alle fall ikkje tvil om at det er ein debatt det er interessant å følgje, særleg for meg som er midt oppi småbarnsfasen sjølv. Både mammabloggarar (og nå og pappabloggarar), etablerte forfattarar og klare og tydelege samfunnsdebattantar har gitt ut bøker om kvinne, yrkesliv, familieliv og tidsklemme. Eg har tidlegare blogga om Olaug Nilssen si bok Kjøkenbenkrealisme. Og i den tidlegare omtalte bunka med bøker eg ser fram til å få tid til å lese har eg Linn Stalsberg si Er jeg fri nå? Og nå i haust kjem tvillinggravide Helena Brodtkorb, som er gift med Sivert Høyem, med boka Mammasjokket. Og etter at eg las denne dønn ærlege kronikken, kjøpte eg boka i e-bokutgåve.

Av dei heilt åpenbare bøkene eg gleder meg til, er Æ av Knut Nærum. Eg er fan av Knut Nærum og fordi eg ler av alt han skriv. Treng eg seie noko meir?

På barnebokfronten kjem eg til å gå til innkjøp av Brannmann Sam Til unnsetning! Toåringen er blodfan av Brannmann Sam (det var faktisk eit av dei ti første orda han lærte å seie) og nekter å sjå andre former for barne-TV. Så til tross for at eg er skeptisk til ei brannbilbok med lydpanel, trur eg den må kjøpast inn. Det kan vel uansett ikkje bli verre enn kjenningsmelodien på DVD-en. Eg ønsker meg og det fine Mummihuset med tre bøker, frå Cappelen Damm. For små barn er det å kombinere leiking med bøker med på å stilmulere til leselyst. Og når mamma er glad i Mummi, bør ungen og bli det, ikkje sant? Den siste barneboka som står på innkjøpslista, er myldreboka Mamako frå Fontini forlag. Bøker med detaljerte teikningar og illustrasjonar, som Kubbe-bøkene, er veldig populære her i huset. Og så har eg veldig lyst til å finne ut om ungen er moden for Jakob og neikob-bøkene. Dei ser så fine ut.

Her finn du eit utval katalogar, som eg har basert dette blogginnlegget på:
Aschehoug
Cappelen Damm
Flamme forlag
Gyldendal
Kagge
Samlaget
Tiden
Vigmostad & Bjørke

6 comments

  1. Høsten kom brått i år syntes jeg, men egentlig gjør det ingenting for hver årstid har sin sjarm syntes jeg.Det er ingen fare for at en skal stå uten lesestoff denne høsten heller,og her var det mye jeg kunne tenke meg å lese. “Kaoshjerte”,”Finne ly” er på min liste også, mens “Manilahallen” og “Pappa er et postkort” har jeg lest allerede. Etter mange lovord rundt omkring har jeg kjøpt “Mnen” og ser frem til å bli kjent med forfatterskapet til Stranger. “Innsirkling” har jeg også hørt mye bra om så jeg må kanskje få med meg den også. Knut Nærum liker jeg godt men har ikke lest noe av ham enda, så han må også opp på listen. Tusen takk for flotte boktips! Ha en fin kveld:-)

    • Ja, du har rett i det. Overgangen frå strålande sol til hustrig vind var ganske brå. Samtidig kjenner eg eg liker dei litt meir påkledde årstidene ganske godt. Det er deilig å kunne pakke huden som aldri blei solbrun nok litt inn, bak strømpebukser, cardigans og skjerf.

      Du må glede deg til å lese Mnem. Det er verkeleg ei bok som fortener alle lovorda ho kan få. (Eg ser på det som mitt prosjekt å prakke ho på så mange som mogleg).

  2. Så hyggelig at du nevner boka mi! Det er kjempe rart å lese mitt eget navn, jeg får helt ut-av-kroppen-følelsen. Hæ? Hvorfor nevner hun meg lissom. :o) Veldig hyggelig da.
    Ellers er jeg nysgjerrig på den “Unnskyld” boka, og så skal jeg lese Stranger (jeg har Mnem stående i hylla jeg også – ulest) og Ida Jackson.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s