Eit år i kjærleikens by

Parissyndromet
Heidi Furre
212 sider
Flamme Forlag, 2013.

Heidi Furre har over lengre tid skrive bloggen “Kval&Actionfilm”. For to år sidan blei ho kontakta av Flamme Forlag, som ville ho skulle skrive ein roman, og i juni debuterte ho med romanen Parissyndromet. Det er noko med Furre si stemme, det er som om stemma i teksten ligg veldig nært opp til mi eiga stemme. Eg kjenner meg igjen i måten ho formulerer seg på, samtidig gjer eg det ikkje. Eg opplever ein slags samklang, som gjer at det blir nært og framand på same tid. Dette gjer noko med lesaropplevinga både på godt og vondt. Eg liker ho og eg liker ho ikkje, fordi stemma i teksten blir nær på ein fin måte og på ein ubehageleg måte på same tid.

Eg las Parissyndromet på båten mellom Stavanger og Hirtshals i sommar. Det er ei kort og lett bok, godt eigna som ferielesing, som fortel om det å reise til ein framand by utan å kunne språket, om å lengte heim til bestemor og til eks-kjærasten og det som ikkje blei som det skulle blitt, om kjærleikssorg, om å kjenne seg lita i eit stort univers og om tilfeldige møter som fører til gode og nye vennskap. Innimellom klarer Furre å sette ord på desse tinga på ein veldig fin måte. Innimellom blir det litt monotont. Og innimellom blir klisjéane i overkant dominerande:

“Eg skulle ønske eg var like intenst forelska i Paris som Solène, eg prøver, men det kjennest som om eg står midt i ei kulisse”. (s. 87)

Handlingsmessig er Parissyndromet  stilleståande. Hovudpersonen reiser til Paris for å lære fransk. Den namnlause eg-personen reiser frå han, ein namnlaus ekskjærast, til kjærleikens by kor ho ikkje kjenner nokon. Introduksjonen er dyster, eg-personen er einsam og relativt likegyldig. Det er slutt med kjærasten og ho reiser til Paris, byen som bestemora alltid har ønska å reise til, for å lære seg fransk. Det er eit anslag som får meg til å tenke på Alberte og Jenny. Etterkvart finn eg-personen seg meir og meir til rette i den store byen, men det blir aldri heilt som ho hadde sett føre seg. Boka strekk seg over eit år, med nokre få tilbakeblikk til livet i Oslo og barndommen saman med bestemor. Og det at det er tidsrommet som avgrenser handlinga, og ikkje omvent er eit originalt grep. Som oftast fortel ein roman ei historie frå det begynner til det er over. Parissyndromet fortel eg-personen sitt år i Paris, frå det begynner til det er over, men historia er klippa ved avreisa til Paris og ved heimreisa. Vi får nokre hentydningar til livet før Paris-året men romanen blir avslutta då ho reiser heim igjen. Det er mange lause trådar knytta til eg-personen si emosjonelle utvikling, helsesituasjonen og forhaldet til både eks-kjærasten i Oslo og Bruno i Paris som ikkje blir samla.

Eg-personen er gjerne ein flanør, ein hovudperson som vandrer rundt i gatene og betraktar storbyen. Blikket er fotografisk og ho er midt i den store byen, men ho kjenner seg ikkje heime der. Heidi Furre er fotograf, og det er ei styrke i Parissyndromet. Det visuelle, blikket eg-personen betraktar byen med når ho vandrar gatelangs og er einsam, eller når ho etterkvart får venner som ho betraktar, er veldig godt. Den melankolske skildringa av einsemda ho opplever i byen og saman med venner er og godt skildra, men blir litt for grundig understreka:

Eg har skrive orda det går bra eller det går bra til slutt  fire gonger i mailen. Jo fleire gongar eg skriv det, desto meir usikker blir eg på om det er sant. Eg skriv om alt eg har sett, gjort eller kjøpt. Eg har sett ein haug med Picasso-måleri og kjøpt makronar i St. Germain. Eg har sett paparazzofotografar springe etter ein fransk kjendis. Eg prøver å seie pardon og merci til så mange som mogleg i løpet av ein dag. Eg skulle ønske eg forstod kva folk skanna om på gata. I mailen står det at eg har gått tur langs Seinen, vært på mange kafear, sett permanentutstillinga på Centre Pompidou og tatt alle rulletrappene opp til toppen og sett ut over heile byen, eg har stått utanfor Sacre Cœur og sett utover heile byen, eg har tatt heisen opp i toppen av Eiffeltårnet og sett ut over heile byen, eg har stått på toppen av Parc de Belleville og sett ut over heile byen. Eg har tatt bilde av meg sjølv på alle desse plassane. Eg tenker på dei gamle albuma heime hos bestemor, bed bilde av bestefar på motorsykkelen sin, eller bestemor på kjøkkenet, i rutete forkle. Dei er alltid to, eller fleire. Ein framom kamera og ein bak. Heile familien samla rundt bordet på julaftan ein gong lenge før amerikanarane landa på månen. Bilde frå sekstitalet, då dei fekk råd til å kjøpe bil og kunne reise på bilturar om sommaren. Ingen er åleine på dei bilda. (s. 32).

Eg-personen, som har reist til Paris for å lære fransk, synest språket er vanskeleg og ho har problemer med å våge å snakke på fransk. Ho begynner på eit franskkurs, men til tross for at ho etterkvart klarer å uttrykke seg rimeleg greit og gjere seg forstått på fransk, foretrekk ho å snakke engelsk med dei franske vennene sine. Ho vegrar seg for å snakke fransk. Denne tematiseringa av det å leite etter sin eigen stemme og sitt eige språk på eit nytt språk er veldig god og dei passasjene kor eg-personen reflekterer rundt det å finne si eiga stemme i det franske språket er blant dei eg liker best.

Heidi Furre les får Parissyndromet under Flamme forlag si haustlistelansering, 12.08.2013
Heidi Furre les får Parissyndromet under Flamme forlag si haustlistelansering, 12.08.2013

Parissyndromet har fått svært gode kritikker, mellom anna av Leif Ekle i NRK. Eg er i stor grad einig med Bokmerker-Rose, som konkluderer med at boka er “ujevn”. Til tross for at klisjeane blir litt for mykje og til tross for at motivet med den vesle jenta i det enorme universet blir gjenteke til det kjedsommelege, håper eg absolutt vi får lese meir frå Furre i åra som kjem, for ho har skrive ein debutroman med mange styrker.

5 comments

    • Omslaget er veldig fint, ja. På baksida står det at parissyndromet er ei reell diagnose, som japanske turistar får når dei kjem til Paris og oppdager at byen ikkje svarer til forvnentingane dei hadde. Og så er det eit japansk flagg på baksida av coveret, som saman med den knallraude sola gir ein ganske fin symbolikk.

Legg igjen ein kommentar