Lørdagslenker

Bokmerker.org har laga eit flott flytskjema for å formidle litteratur til ungdom. Lurer du på kva du skal lese? Vil du flykte til ei anna verd eller halde deg i Oslo? Vil du lese science-fiction eller om gamle dagar? Vil du lese om homofil eller heterofil kjærleik? Ved hjelp av dette skjemaet kan du finne fram til kva bok du skal lese neste gong. Besøk bokmerker.org for å sjå skjemaet i lesbar storleik.

bokmerker.org

Hege Duckert har skrive kronikken “Stolthet og fordommer” i Dagbladet. Her reiser ho spørsmålet om det er forskjell på forfattarar og kvinnelege forfattarar og viser eksempler på kvinner som har skrive under mannlege pseudonym gjennom historia, frå Jane Austen til Joanna Rowling. Og seinast denne våren har Wikipedia måtte endre på kategoriane, etter at dei opplevde mediestorm då det blei oppdaga at dei skilde mellom “American novellists” og “American female novellists”.

Det begynner å bli nokre år sidan “Gilmore Girls” gjekk på tv, men du kan framleis teste deg sjølv for å finne ut kor mange av bøkene på Rory Gilmore si leseliste du har lese. Sjølv landa eg på 36. Det som slår meg kvar gong eg ser slike lister, er at eg har svært mange av desse liste-bøkene ståande i bokhylla mi, det er bøker eg har kjøpt fordi eg har tenkt å lese dei. Men eg har ikkje komme så langt endå. Det er jo ein god grunn til å delta på Line sin omfattande lesesirkel, kor målet etterkvart er å komme gjennom 1001 bøker du bør lese før du dør-lista. Og som eit apropos til lesesirklar kan eg tipse om at Lyran drar i gang ei ny reise jorda rundt. Eg har tenkt å bli med på den.

Ninanord i NRK Bokbloggen stiller spørsmålet Kva bøker vil du ikkje bli sett offentleg med? Er du “litterært forfengeleg”? Tenker du deg om to gonger før du tar med boka di på venterommet til legen, eller bryr du deg ikkje om kva andre tenker om boksmaken din?

Fritt ord melder at dei har delt ut 2,1 millioner kroner til formidling av skandinavisk litteratur. Resultatet av denne tildelinga er blant anna ei rekke spennande arrangement på biblioteka framover. Blant anna skal Deichmanske bibliotek på Majorstua og Røa presentere skandinavisk samtidslitteratur gjennom foredrag og forfattermøter.

7 comments

  1. Jeg endte på 40 i Rory Gilmore’s reading challenge, men som deg er flere av dem jeg ikke har lest bøker som står i bokhylla. Og i tillegg har jeg begynt på noen av dem, men ikke fullført.

    Jeg var med på den andre runden av Lyrans reise, og syntes det var veldig givende. Hun er flink til å velge ut bøker, og jeg ble introdusert for masse nytt som jeg likte godt. Har ikke anledning til å være med denne gangen, men anbefaler andre som har tid å gjøre det!

    • Eg var med på første runde og det var veldig bra. Eg har trua!

      – Og ja, bøker eg har begynt på og ikkje fullført er det og fleire av på Rory-lista.

    • Det ser ut som om det er mange som har fleire av Rory-bøkene ulesne i hylla, ja. Det er jo ein del slike burde-lese-titlar på lista, så det blir vel fort slik at ein kjøper dei med seg.

    • Hihihi! Eg fekk rare bilete i hovudet, då eg las den siste kommentaren her. Før det hadde eg ikkje komme på å assosiere til andre former for kateter i det heile tatt. 🙂

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s