Hei Bloggen

Innimellom, når det er lenge sidan sist eg har skrive her hos deg, blir eg litt usikker på kva eg skal gjere. Skal eg skrive ei lang forklaring på korfor eg av meir eller mindre tilfeldige grunner har prioritert deg bort til fordel for andre ting, eller skal eg la vere? Det er jo ikkje alt som er så interessant for resten av Internett. Og slike forklaringar blir gjerne ganske sjølvsagte. Så eg hopper glatt over den store bolken som handler om øyrebetennelse og omgangssjuke og andre bakterier og virus som følgjer med det å ha ein eittåring i barnehage og går rett til konklusjonen: Eg er lei for det Bloggen, det har blitt lite tid til oss to dei siste månadane.

Viss vi ser bort i frå det kjedelege og trivielle, har eg brukt tid i redaksjonen til ubok og NUBB dei siste månadane. Nå nærmer NUBB-bloggen seg klar for åpning og eg er veldig spent på arbeidet med NUBB framover. Det er veldig spennande å få anledning til å vere med på eit slikt prosjekt, frå oppstarten av. Og sidan det er mykje fokus på oversett litteratur for ungdom i dei nordiske landa, håper eg at arbeidet vil bidra til at vi får løfta fram dei nasjonale forfattarane i større grad. Følg gjerne med på facebooksida til NUBB viss du er nysgjerrig.

Som ein konsekvens av det frivillige arbeidet med NUBB og ubok, har eg begynt å lese meir ungdomslitteratur. Og det slår meg igjen at det er utruleg mange gode bøker eg ikkje har lese endå. Ein dag snart, når eg har tid, skal eg skrive eit varmt innlegg om nyare skandinavisk ungdomslitteratur. Og etterkvart skal eg òg skrive ein eigen bloggpost om romanen En sekund i taget av Sofia Nordin, som kjem på norsk i løpet av våren.  I mellomtida må eg bare nøye meg med å fortelje at denne romanen, som er noko så sjeldan som ein samtidsdystopi (nå blei eg usikker på om det er eit ord som finst, eller om dystopi er knytta til framtid, per definisjon?), og at det er noko av det beste eg har lese på lenge.

Og sidan eg les meir ungdomslitteratur, har eg bestemt meg for å utfordre den litterære komfortsona mi litt. Ved årsskiftet snakka eg mykje om å lese klassikarar, Odysseen og Ulysses og slikt. Så langt har eg ikkje komme endå, men det er heldigvis mykje igjen av 2014 endå. Istadenfor å lese gamle klassikarar, har eg begynt å sjå nærmare på nokre av dei nyare norske fantasy-bøkene som har komme i det siste. Eg er ambivalent, eg kjenner eg liker best realistiske romanar. Samtidig, nå som eg les Odinsbarn, merker eg at ei godt skriven bok er ei god bok, uansett sjanger.

Ein annan nyoppdaga favoritt er Benedicte Meyer Kroneberg. Eg fekk anbefalt romanen Hvis noen ser meg nå av Line i desember, akkurat i tide til å lese boka før fristen for å nominere til Bokbloggerprisen gjekk ut. Nå held eg på med En rettferdig krig. Eg er ikkje like udelt begeistra for denne boka som den forrige eg las, men Kroneberg er absolutt ein forfattar det er verdt å lese.

Det er omlag eit år sidan eg las mi første digitale e-bok, gjennom eBokBib og konkluderte med at appen var lite brukarvennleg. Eg trekk det tilbake. Det har tatt litt tid å bli venner med denne appen. Eg meiner framleis at det er ei svakheit at eg ikkje kan notere i bøkene, noko som har vore den store fordelen med e-bøker på andre plattformar. Men sidan jul har eg lese fem heile og tre påbegynte bøker gjennom denne appen. Og eg liker han. Eg liker utvalet. Eg liker at dei litt sære bøkene eg har lyst til å lese som regel er tilgjengelege, uansett når på døgnet eg måtte komme på at eg skal lese boka og eg liker at det er gratis. Og i og med at eg har ganske overfyllte bokhyller og stablar med bøker liggjande omtrent overalt her heime, liker eg betre og betre å lese digitalt. Eg har vend meg til at eg må «lagre» sida eg er på før eg kan lukke e-boka (men det må ein jo i vanlege bøker og) og eg har vend meg til at eg må velje om eg skal ha boka på telefonen eller iPaden. Og ikkje minst, eg har lært meg å låse skjermen på telefonen. Så nå kan eg lese omtrent kva som helst av nyare norske bøker på telefonen min, under dyna, midt på natta. Eg liker det. Det er litt som då eg var lita og låg med lommelykt og las bøker etter leggetid.

Eg altså lese ein del, hittil i 2014, sjølv om eg ikkje har skrive stort. Dermed har eg òg mange sider med notater, mange skjermdumpar frå eBokBib og fleire utkast til bloggpostar om dei bøkene eg har lese i det siste. Så eg håper på hyppigare oppdateringar her framover.

10 comments

  1. Så kjekt å sjå livsteikn på bloggen din! Eg har det litt på same måte.
    Har faktisk venta på at du skulle skrive nokre linjer 😊

    Spennande med NUBB.

    ( Beklager elendig nynorsk. ..jeg øver meg)

  2. Det var koselig å se livstegn her på bloggen din! Hverdagen legger av og til begrensinger for bloggingen, dessverre, men så kommer vi sterkere tilbake 🙂 Det er spennende å høre om jobben NUBB og u-bok. Jeg er sikker på at dette blir bra! Bloggen min har også hatt lite aktivitet i år pga sykdom og mye jobbing, men nå kjenner jeg at overskuddet begynner å komme tilbake. Jeg gleder meg til nye innlegg på bloggen din!

    • Ja, det er jo ofte slik. Kvardagen kjem først. Eg tenker at det er eit poeng i seg sjølv at blogginga skal vere eit overskotsprosjekt og ikkje eit pliktprosjekt og. I alle fall for mi eiga del. Då eg tok pause frå gamle-bloggen, før eg starta opp igjen her, var det jo nettopp fordi det blei for lite kos og for mykje plikt. Så eg lova meg sjølv det, då eg oppretta den nye bloggen, at i det blogginga blir plikt, skal eg ta pausar.

  3. Velkommen tilbake! (håper all sykdom er historie)
    Det er ikke så mye aktivitet på oss andre heller, eller ihvertfall noen av oss andre, ok, navlebeskuelsen tok over igjen – so rephrase – det er ikke så mye aktivitet på meg heller. Bloggaktivitet. Jeg leser jo som et uvær. Til trøst har jeg bare maktet å produsere 4 omtaler på 26 bøker – så ingen grunn til bekymring.

    Pøs gjerne på med norske ungdomsbøker. Jeg er full av fordommer, unngår som regel sjangeren, men sier aldri nei takk til gode tips!

    • Eg tenkte eg skulle ta ein rundtur og oppdatere meg på aktiviteten rundtomkring ein av dei nærmaste dagane. Viss eg ikkje har gått glipp av stort, er det jo ingenting som er betre. Og innimellom er det fint å bare lese og ikkje skrive, ein må jo ikkje alltid skrive om alt ein les. 26 bøker hittil i år er jo veldig godt lesetempo, i det minste! Eg skal reklamere høglydt for alt eg kjem over av gode norske ungdomsbøker – foreløpig er det svenske Sofia Nordin som har vekka stor begeistring, for ei bok!

  4. Dette var kjekk lesing! Kanskje eg skal prøve meg på nettlesing sjølv. Desse mobiltelefonane er jo så irriterande små, men eg saknar lesing på senga. God helg!

    • Eg sakna og veldig lesing på senga, etter at eg fekk barn. Så eg anbefaler mobillesing på det varmaste. Jo, skjermen er litt liten, men eg trur det er ein vanesak. Eg bruker Kindle-appen og mykje. Og ein annan fordel med mobillesing er at ein som oftast har boka tilgjengeleg, anten ein er på bussen eller på venterommet.

Leave a reply to Anne / Bokofilia Cancel reply