Listedilla: 100 beste bøker

Eg er over gjennomsnittet glad i lister. Eg liker å lage lister og eg liker å bla gjennom lister. Eg liker å sjå på lister som for eksempel lista over dei 100 beste bøkene til Modern Library, The Guardian, The Rory Gilmore Reading Challenge og Dagbladet si liste over dei 25 beste norske bøkene. Eg liker å krysse av og sjå kor mange av bøkene eg har lese og ikkje minst liker eg å tråle lister som 1001-lista eller lister over vinnarar av priser som Nordisk Råds Litteraturpris, Nobelprisen eller Kritikerprisen på jakt etter boktitlar og forfattarar eg endå ikkje har lese.

Dei siste dagane har eg gått med ein tanke om å lage ei liste over bokbloggarane sine 100 beste bøker. Bøkene på lista kan vere frå når som helst og kor som helst, det er altså inga avgrensing i tidsperiode eller nasjonalitet. For å lage lista treng eg hjelp av de som les “Mellom linjene”. Vil du vere med?

  • Foreslå inntil fem titlar du meiner høyrer til på lista, enten i kommentarfeltet eller i eigen blogg (du treng ikkje ha blogg for å vere med, altså), eller på facebooksida til bloggen.
  • Legg igjen ein kommentar her eller på facebook, dersom du skriv i eigen blogg, slik at eg blir merksam på innlegget.
  • 1. oktober lager eg lista. Då rangerer eg bøker etter kor mange som har foreslått dei. Det er altså ikkje noko problem om ein annan har foreslått boka før deg, då kjem ho bare høgare opp på lista.
  • Dersom du legg igjen kontaktinformasjon her eller på facebook, blir du med i trekninga av bokpremie for å delta.

Det hadde vore veldig morsomt om så mange som mogleg har lyst til å sende inn forslag til gode topplistekandidatar.

 

122 comments

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s