eBokBib

Screen shot 2013-03-27 at 4.21.24 PM

Frå 5. mars tok Deichmanske bibliotek i bruk appen eBokBib, ein app kor lånarar tilknytta Deichmanske bibliotek med bustadadresse i Oslo kan få gratis tilgang til å låne bøker på iPhone, iPad og iPod touch. Eg las først om eBokBib hos Dez, for ei veke sidan og lasta umiddelbart appen ned til telefonen min.

Nå har eg lese Linn Rottem sin debutroman Forestillinger om et hjem. Det er enkelt å installere appen, logge seg på og bla i bokkatalogen. Bøkene er imidlertid lagt inn i tilsynelatande vilkårleg rekkefølge utan eit overordna system. For meg som foretrekk å alfabetisere bøkene mine etter forfattaren sitt etternamn i bokhylla mi, er dette eit lite irritasjonsmoment, men eg kan leve med det. Det som er langt meir irriterande er at søkemotoren ikkje fungerer. Når eg for eksempel søker på “linn” får eg bare opp Linnéa Myhre sin roman, Evig søndag. Linn Rottem sin roman, som eg fann då eg bladde i den usorterte katalogen, kjem ikkje opp ved eit slikt søk. Når det ikkje er system i katalogen og det heller ikkje går an å søke på forfattarnamn, blir det vanskeleg å finne fram til bøker. Men om ein har god tid, kan ein godt sette seg ned og bla gjennom katalogen, slik eg gjorde. Og er ein heldig, finn ein noko ein vil lese.

Når ein har vald bok, er det bare å sette seg ned og lese boka. Det er imidlertid ikkje bare-bare å leggje seg ned og lese boka, på sengekanten, for eksempel. Det er ingen funksjon i appen som forhindrer boka frå å rotere, bokstavane snur seg i vannrett stilling på skjermen, den vegen telefonen blir halde. Eg har tidlegare brukt både Kindle-appen og ARK sin leseapp på telefonen, begge to fungerer godt, fordi det går an å låse skjermen slik at skjermbiletet ikkje roterer. Men i eBokBib er altså dette ein funksjon som manglar. For min del reduserer dette bruksverdien til appen ganske mykje, fordi det stort sett er når eg ligg på senga og vil lese utan å vekke mann og barn som søv i rommet, eg har behov for å lese på mobilen. Når eg kan ha på lys og/eller sitte oppreist, synest eg eigentleg det er betre å bruke lesebrett eller papirbok. Men denne appen er altså best egna til å lesast på, når ein sitt oppreist. Etterkvart finn eg ein måte å halde telefonen på, kor skjermbiletet held seg i riktig retning utan å rotere. Det går riktignok hardt ut over handleddet mitt, men såpass må ein kunne ofre for å slippe å fysisk gå til biblioteket og hente boka med seg heim igjen.

ebokappEg kjem til å tenke på at iPaden har skjerm kor ein fysisk kan låse retningen, så eg innstallerer appen der og logger meg på. Eg blir litt overraska over at eg ikkje automatisk kjem inn på boka eg allereie les, når eg logger på med same brukar. Etter å ha brukt både Kindle og ARK sine leseappar for ebøker, har eg nemlig vendt meg til at desse synkroniserer godt mellom iPhone og iPad. Men ved å velje “På andre enheter” rekner eg med at eg kan finne boka eg held på å lese på iPhonen og lese vidare på iPaden. Det går ikkje an. Ein kan bare låne ei bok på ein enhet samtidig. Eg må altså innfinne meg med at boka eg har lånt på iPhonen kun kan lesast på denne skjermen som roterer i tide og utide. Særleg i utide.

Eg legg bort iPaden og åpner appen igjen på iPhonen. Boka åpner seg på side 32, og eg begynner å lese. Eg les eit par setningar, men oppdager fort at eg har lese desse før. Eg blar litt framover, og må bla heilt til side 67, før eg finn igjen avsnittet eg las før eg la frå meg telefonen. Appen er ikkje i stand til å hugse kor i boka eg var, då eg la ho frå meg. Eg noterer meg dette, og begynner å notere sidetal, før eg legg frå meg boka. Det er ingen bokmerke-, understreking- eller notatfunksjon i appen i det heile tatt. Det beste med ebøker er jo at det går an å skrible i dei, lage eseløyrer og streke under fine setningar og gode passasjar, utan å øydelegge boka.Eg har nemleg eit ambivalent forhold til det å notere i bøker. Eg liker å enkelt finne tilbake til fine passasjar, setningar og avsnitt eg bit meg merke i, men eg liker at bøker er blanke og fine, sjølv om eg les dei for andre gong. I vanlege papirbøker bruker eg gjerne post-it-lappar for å markere passasjar eg vil hugse til ei seinare gjennomlesing. Og deler av mi begeistring for ebøker er nettopp highlight-funksjonen og notatfunksjonen. Utan denne, er det noko som manglar for meg. Eg kan jo ikkje fysisk lime inn ein post-it-lapp i mobiltelefonen min, heller. Det blir for eksempel vanskeleg å skrive eit blogginnlegg om ei bok, når eg ikkje kan markere ting eg vil trekke fram. Og det er relativt irriterande å måtte bla seg fram til kor i boka eg var, for kvar gong eg har lagt ho frå meg.

Då eg las Dez sitt blogginnlegg, for ei drøy veke sidan, tenkte eg at det var jo flott at det endeleg var komme ei slik løysing. Det å ha tilgang på bibliotekbøker rett inn på iPad og telefon, utan å måtte hugse å levere dei tilbake i tide, er noko som passer meg veldig bra. Då eg bladde gjennom katalogen og leitte etter den første boka eg skulle lese, såg eg mange fristande titlar og eit godt utval av nye utgivelsar. Eg var veldig positivt før eg prøvde appen ut. Men etter å ha lese Forestillinger om et hjem er eg såpass sliten i håndleddet og såpass lei av å måtte leite meg fram til kor i boka eg var, før forrige pause, at eg tviler på at eg kjem til å bli ein storforbrukar av eBokBib. Men skulle eg bli stranda på ei øde øy med godt trådlausnett eller god mobildekning, er det jo greit å kjenne til denne teknisk sett svært lite brukarvennlege oasen av bøker.

Edit: Kristin frå Bokmerker.org har gjort meg oppmerksom på at det går an å låse skjermen på sjølve iPhonen. Det har eg ikkje funne utav sjølv, før nå. Det største irritasjonsmomentet mitt då eg las Rottem si bok, var den roterande skjermen. Når det problemet nå viser seg løysbart likevel, er appen langt meir brukarvennleg enn eg i første omgang opplevde.
08.04.2013. 

7 comments

  1. Eg kjem ikkje til å benytte meg av dette tilbodet då eg ikkje bur i Oslo, men alle tinga du nemnte som var “feil” med appen hadde eg og irritert meg grønn over. Roterande skjerm i tide og utide, ingen bokmerker, ingen sitatfunksjon eller at den husker kor du er i boka er essensielle ting med ein leseapp (syns eg).

    Ein kan jo ha eit håp om at det er ting det går an å rette opp i ved ein seinare anledning (med ein oppdatering frå Deichmanske biblioteker).

    God 2. påskedag, Bjørg!

    PS. Du kopierte mi 1001 liste, riktig? Eg har funne ein feil i den, og tenkte du ville kanskje vera interessert i å rette på di liste og (min kronologiske hjerne syns hvertfall det;-) Friedrich Dürrenmatts bok “Dommeren og hans bøddel” er skrevet i 1950, og ikkje 1952 som det står i lista du kopierte. DS.

    • Takk og god 2. påskedag til deg og!

      Ja, eg er einig i at desse tinga er viktige for ebokløysinger – det er derfor eg trekk dei fram. Særleg mangelen på bokmerkefunksjon og roterende skjerm gjer det til eit styr å lese gjennom appen. Det er synd at det tekniske ikkje er på plass, for det er ein veldig god tanke bak tilbodet.

      Eg har ikkje rekke å oppdatere 1001-lista, det har ikkje blitt prioritert i barselkaoset, så førebels er det Line si liste eg har kopi av. Men takk!

    • Takk for løysingsorientert innlegg! Eg skal gi appen ein ny sjanse, når eg har funne ut korleis eg kan låse skjermen på iPhone permanent (eg bruker jo aldri sidevisning, så eg har sakna det i fleire appar).

  2. […] er omlag eit år sidan eg las mi første digitale e-bok, gjennom eBokBib og konkluderte med at appen var lite brukarvennleg. Eg trekk det tilbake. Det har tatt litt tid å bli venner med denne appen. Eg meiner framleis at […]

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s