Realisme utan heimelaga køppkæiks

kjøkBoka Kjøkenbenkrealisme. Ærlege historier om tidsklemma blei skriven av Olaug Nilssen på oppdrag frå Samlaget. Samtidig som ho arbeidde med boka om korleis ulike kjende og ukjende foreldre har vald å balansere forhaldet mellom karriere og familieliv, endrer kvardagen til forfattaren seg, ved at eldste sonen hennar får ei diagnose. Nilssen sine dagboksnotat kring utredninga har fått plass i boka, innimellom intervjua. Dermed blir Kjøkenbenkrealisme ikkje bare ei svært interessant samling intervju, men og eit innblikk i korleis livet kan gjere sine eigne vendingar.

Kjøkenbenkrealisme. Ærlege historier om tidsklemma gir – som tittelen lover – eit realistisk og ærleg innblikk i kvardagen til småbarnsforeldre. Kontrasten til husmorbloggar med designarmøbler, nysteikt gjærbakst, blomar på bordet og freistande franske makroner er stor. Boka held det ho lover i forordet:

Ingen av dei du møter i denne boka hatar ungane sine eller angrar på at dei stifta familie. Likevel våger dei å fortelje om utfordringane i småbarnslivet, utan å peike på alt det positive samstundes.
(s. 10-11).

Kjøkenbenkrealisme. Ærlege historier om tidsklemma presenterer, gjennom ei rekke intervju, familiar kor foreldra har gjort ulike val, for å finne løysingar som fungerer i ein travel kvardag. Vi får høyre om familiar kor begge foreldra kombinerer karriere i kultursektoren med småbarnsliv, familien som har au pair for å få hjelp til å handtere ein krevjande turnus med 60-timars veker, familiar med heimeverande mødre, familiar med heimeverande fedre og aleinemora som jobber netter for å ha fri på dagtid og mødre som jobbar frivillig deltid. Boka blir avslutta med eit intervju med kulturforskar Hilde Danielsen, som har forska på kvinnerolle på femtitalet og i dag.

Det er viktig å ha eit kritisk blikk på normsystemet i privatsfæren, ein skal ikkje bagatellisere korleis det bind opp tida til folk. Viss det er dei som tatt tida si tilbake som skal bestemme over andre si tid, då kan det bli ganske dårleg stemning på klassemøta i tida framover. Valfridom og mangfald er svært viktige verdiar i Norge i dag, og det kan bli tatt dårleg imot dersom nokon går inn og vil bestemme kva som er best for andre, anten det gjeld deltid eller kakebaking.*
(s. 175).

Ein får ofte inntrykk av at det å dele permisjonen 50-50, sende den 10 månadar gamle ungen i barnehage og komme seg tilbake i jobb etter at permisjonstida er over, er Løysinga™. Kontantstøtta er bakstreversk, ei hindring for likestillinga og kvinner har eit ansvar for å vere samfunnsnyttige i takksemd til kvinnene som har kjempa for retten til å delta i arbeidslivet. Olaug Nilsen si bok er eit bidrag til å nyansere dette biletet. Dei ulike familiane ho intervjuer, har gjort sine eigne val. Ein familie har prioritert bort husarbeid og vel yrkesliv, fritidsaktivitetar og posesuppe. Ein annan familie har vald bort SFO til fordel for rolege ettermiddagar kor mor hjelp barna med leksene, på bekostning av oppsparing av pensjonspoeng. Gjennom desse glimta inn i ulike familiar sine val, teikner Kjøkenbenkrealisme eit nyansert bilete av familielivet.

– Før blei du provosert over kvinner som ville vere heime og stelle for mann og barn.

– Ja, eg blei det. Eg meinte heimeverande kvinner var ei katastrofe for likestillinga og eit steg tilbake til kjønnsrollene på femtitalet, men det var før eg var i denne situasjonen sjølv. (…) Eg synest ikkje det er bra om kvinner taper terreng på arbeidsmarknaden, og eg skulle ønskje at fleire menn valde å arbeide redusert også. Men det er den store samanhengen. Vi må sjå dei små samanhengane også, og i min situasjon føles det som om likestillingspolitikk ikkje har noko med saka å gjere lenger. Dette er vårt liv.
(s. 112)

I intervjuet med Cathrine Sandnes, fortel ho om korleis ho og mannen Aslak Sira Myhre har vald å få barn og samstundes behalde jobbane sine. Her kjem ho inn på kjønn og kjønnsroller, og kor unikt det er å kombinere karriere og familie, slik norske kvinner gjer, både i eit historisk og i eit internasjonalt perspektiv:

Det fall på plass då eg begynte å lese Toril Moi og Simone de Beavoir. Sjølvsagt er ein kvinne, ein er den kroppen ein går ut i verda med. Den kroppen og den historien ein går ut i verda med, er med på å styre kva for blikk verda møter deg med. (…) Samstundes har begge filosofane understreka at å vere ei fri, intellektuell kvinne er å vere ei kvinne utan barn. Dette kjenner vi og att frå historia, til dømes frå nonnetradisjonen. Den fridommen kvinner har hatt, historisk sett, til å verke intellektuelt eller fritt, har vore å velje bort familie og barn. Vi ser det skjer i verda i dag også. Japan er det tydelegaste eksempelet, der mange kvinner vel å ikkje gifte seg og ikkje få barn. For ved å gifte seg og få barn ville dei inngå i etablerte patriarkalske strukturar.
(s. 20).

Ei av styrkene til Kjøkenbenkrealisme er at ho presenterer dei ulike vala og prioriteringane til intervjuobjekta utan å konkludere eller moralisere. Boka er blotta for “alle burde velje som meg…”-utsegn, slik samfunnsdebatten elles gjerne blir prega av. Boka drøfter ikkje og ho konkluderer heller ikkje, men ho gir eit veldig fint innblikk i ulike måtar å velje å løyse kvardagen på. Det at boka bare presenterer, utan å trekke linjer og konkludere, gjer at det blir opp til meg som lesar å vurdere dei ulike alternative livsvala. Dette er ei stor styrke med boka. Boka blir avslutta med eit intervju med kulturforskar Hilde Danielsen, som stiller husmortrenden opp mot kvinnas kår i arbeidslivet på 70- og 80-talet og gir ei påminning om kva velferdsgoder ein mister når ein frivillig vel å gå ut av arbeidslivet og med dagboksnotatet til Olaug Nilsen, som har bytta ut  innsvinga jakkar på flyplassar med kafébesøk utan sminke og i regnjakke.

Innimellom intervjua får vi eit åpent og sterkt innblikk i (då) tobarnsmora Olaug Nilssen sin kvardag. Når boka åpner, er ho ei karrierekvinne som er i ferd med å bli lei hotellfrokost. Same dag som ho intervjuer Cathrine Sandnes, er BUP og observerer eldste barnet i barnehagen. Det er noko med han. Samtidig som forfattaren Olaug Nilssen intervjuer ulike mødre om deira val, blir mora Olaug Nilssen konfrontert med sonen sine utviklingsavvik og utredninga av guten. Ho gret på møtene som handlar om sonen og blir stild ovanfor vanskelege val, før ho går over til å bli ei deltidsarbeidande kvinne som må kutte ned på reiseverksemda og dei spennande oppdraga. Ho glamoriserer det ikkje, det er eit val som tvinger seg fram, med erkjenninga av at barnet hennar har særskilde behov og treng ekstra oppfølgjing og rutinar.

Både dei mange djubdeintervjua og innblikket i forfattaren sitt eige val om å gå over til frivillig deltid, er utforma slik at eg sitt igjen med ei kjensle av det å finne balansen mellom småbarnsliv og karriere, handler om å prioritere og om å gjere val. Det er opptil kvar familie å velje i kva grad ein vel å prioritere jobb, fritidsaktiviteter, husmorblogging og plettfrie heimar eller andre interesser høgast. Og det som er felles for intervjuobjekta, er at dei presenterer kvardagen sin som om dei har eit val. Dei har tatt ansvar for sin eigen kvardag og funne ei løysing på tidsklemmeproblematikken som gjer kvardagen leveleg. Og dei har gjort det på ulike måtar.

Takk til Samlaget for leseeksemplar. Det er lenge sidan eg fekk boka, og eg hadde tenkt å skrive ein vittig kommentar kor eg skulda på ammetåke og småbarnskaos. Men det er ikkje sant, sanninga er at eg har prioritert å bruke tida mi på andre ting enn å lese denne boka.

*Då eg las dette avsnittet, satt eg på ein kafé. På nabobordet satt ein familie og spiste lunsj. Samtalen dreier seg om dugnadsarbeidet dei er pålagt. Mora spør om dei kan levere frå seg ei kjøpekake på 17.mai. Tiåringen seier at ho vil bake. Mora veit ikkje om ho klarer det, ei kake frå eit bakeri koster vel ein 3-400 kroner, det er kanskje verdt det, seier ho til faren. Eg vil bake, seier tiåringen. Kanskje det er ein idé å kjøpe ei kake, seier faren. Vi skulle heller sagt ja til å rydde, seier tiåringen, det er gratis. Jenta bruker lang tid på å drikke opp kakaoen sin. Til slutt drikk faren opp slutten, slik at dei kan skunde seg vidare til det dei skal rekke. Eg les om normsystemet som pålegg mødre å bake kake til arrangementer, medan eg overhøyrer samtalen mellom familiemedlemma. Eg tenker at Hilde Danielsen har rett. Eg tenker at det ville vore fint for denne familien om dei kunne brukt denne halvtimen på kafé på å nyte lunsjen sin og ta seg tid til å drikke opp kakaoen, istadenfor å bekymre seg for denne kaka som skal bakast. Eg får lyst til å gi boka vidare, slik at denne mora kan få lese om andre mødre som prioriterer TORO-kaker til dugnaden. Eg gjer det ikkje. Eg vil lese ferdig boka.

12 comments

  1. Elsk på ordet køppkæiks! Jeg skal definitivt begynne å bruke dette aktivt fra nå av 🙂

    Hva boken angår er jeg over småbarnsperioden og er sådan ikke helt i målgruppen, men ser for meg dette som en potensiell gavebok til whom it may concern. – Også likte jeg veldig godt P.S.’et ditt på tampen. Mye lærdom å hente i å observere andre.

    • Absolutt ei god gavebok, kanskje særleg til dei som måtte slite med dårleg samvit for at dei ikkje tilfredsstiller alle normer, krav og forventningar frå alle hald. Og kva ps-et angår, var det veldig påfallande korleis denne kakebakediskusjonen stadfesta det Hilde Danielsen sa i sitt intervju. Normsystemet i privatsfæra, som Danielsen peikar på, er veldig sterkt, sjølv om det ofte er sjølvpålagt. Etter å ha lese boka, tenker eg at å løyse tidsklemmeproblematikken handler om å prioritere og velje kva ein sjølv synest er viktig. For det er ikkje mogleg å rekke alt. Idet ein gir slepp på “alt” og gjer nokre gjennomtenkte val ein kan stå for, vil ein ikkje oppleve å miste kontroll over si eiga tid, på same måten. Eg trur det er veldig viktig å innsjå at ein kan velje sjølv, i denne samanhengen.

  2. Hmmm, jeg leste denne boka i høst og er helt enig i konklusjonen din. Det handler om valg og det handler om prioriteringer. Og ikke minst, det handler om å stå for sine valg, både når man ser rundt seg hva andre gjør, men også ovenfor seg selv. Naturligvis så bør man jo alltid reflektere rundt valgene sine, men det er like viktig at man selv ikke blir gynget ned av dårlig samvittighet for alt man skulle ha gjort m.m.

    Jeg blir stadig litt forundret over det siste, over de som ikke ser ut til at de klarer å velge og som er evig i tidsklemma. Det er ikke alltid gøy å prioritere, feks da jeg jobbet (nå har jeg jo perm igjen) så dro jeg på jobb før halv sju for å kunne dra tidlig fra jobb for å hente i barnehagen. Naturligvis var det ikke særlig moro å stå opp tidlig, men gleden over å ha lange, late ettermiddager med lille frk hysj gjorde at det var verd det. Det gjelder å ha tro på de valgene man tar.

    Men, som jeg synes denne boka får godt frem er også at veien blir til mens man går den. Barn er individer og de trenger oppfølging på forskjellig måter, det er derfor viktig tenker jeg å finne den løsningen som passer både barn og voksne….

    • Eg trur du har veldig rett i det du seier. Og eg trur at ved å bli bevisst det at ein sjølv kan gjere val og prioriteringar, vil ein og oppleve å ha kontroll i større grad. Eg tenker at om ein sitt med ei kjensle av at tida bare forsvinn, utan at ein har kontroll på det, vil ein bli meir sliten enn om ein tar kontroll på sin eigen kvardag og seier til seg sjølv at dette prioriterer eg over dette. Og at ved å reflektere over val, tar ein kontroll og blir bevisst det at ein faktisk kan styre sjølv. Eg trur det er viktig.

      Eg tenker mykje på korleis det skal bli å jobbe igjen. Eg synest på den eine sida det høyrest lurt ut å reise på jobb halv sju, slik at ein får fri på ettermiddagen. På den andre sida er eg veldig glad i aleinetid etter leggjetid. Eg ser jo at eg må velje ein av delane, eg kan ikkje sitte oppe til 00.15 og stå opp 5.30. Det må bli enten-eller. Og igjen handler det om å velje og om å slå seg til ro med dei vala ein har tatt.

      Dette med at vegen blir til medan ein går, trur eg er viktig å ta med seg, ja. Ting skjer. Livet blir annleis enn ein hadde planlagt og i nokre tilfelle har ein andre behov enn ein først trudde og dermed må ein gjere andre val enn ein først hadde tenkt. Eg synest det er veldig fint at dette kjem fram i fleire av intervjua og óg i Olaug Nilssen sine dagboksnotat og refleksjonar rundt den kursendringa ho gjer.

  3. Denne boka var det fint å lese om. Veldig fint at du har tatt deg tid til å skrive om den! Som småbarnsfamilie er det et vell av problemstillinger å forholde seg til – og jeg opplever at en i tillegg til å velge, stadig må forsvare seg. En ting er at det offentlige delvis legger til rette for at en kan velge, en annen er at de valgene en tar skal bli akseptert av det eksisterende normsystemet i samfunnet, sjøl om de kanskje er litt annerledes. På mange måter henger vi litt etter. Kanskje boka bidrar til å få økt fokus på at vi ikke skal dømme. Å velge mellom barn og karrière kan være forferdelig vanskelig, fordi det handler om så mye mer.

    • Du har rett i det, Hedda. Det er vanskeleg. Og eg synest boka er veldig fin, fordi ho får fram akkurat dette. Karrierekvinna Olaug Nilssen i begynnelsen av boka og den deltidsarbeidande mora Olaug Nilssen i slutten av boka går gjennom ein prosess, før ho bestemmer seg for å vere heime med eit barn med spesielle behov. Eg trur det er viktig å få fram at dette ikkje dreier seg om enkle val.

    • Det skjønner eg godt at du gjorde! Eg var ikkje reint lite begeistra eg heller, eg trur Det er viktig med ei slik stemme som nyanserer samfunnsdebatten litt.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s