Lørdagslenker

Knut Nærum har gitt ut ein flammesingel kor han bruker nødrim om norske kjendisar. I Nordmenn som rimer. Til Dagbladet seier han at han streber etter nødrim og ønsker å opphøye nødrimet til litteratur. Ein del av målsetninga med dikta, er å få folk som vanlegvis ikkje les kjendisstoff til å lese om kjendisar, fordi det er ein stor del av samfunnet sin felles kultur. Smakebitar frå diktsamlinga, kan du finne her.

Svenska Akademien har denne veka gjort klar fem forslag til vinnarar av årets nobelpris i litteratur, melder Göteborgposten. Med kunngjeringa, fortel Peter Englund om det marerittaktige ved å våkne 40 minutter før nobelprisen skal kunngjerast. I feil by.

87 år gamle Harper Lee saksøker agenten sin for rettigheitane til suksessen To Kill a Mockingbird (som for øvrig er lesesirkelbok hos Line i august). Harper Lee meiner at agenten har utnytta det svake synet og hørselen hennar og lurt til seg rettane til boka, og krev nå økonomisk kompensasjon.

Det er fremma forslag om å sensurere deler av Anne Franks Dagbok til undervisningsbruk i USA, på grunn av avsnitt kor den unge jenta utforsker kroppen sin. Ti organisasjonar for ytringsfridom har skrive eit brev til den aktuelle skulen i Michigan og protestert mot forslaget.

Tronsmo bokhandel i Oslo feira 40-årsdagen sin tidlegare i veka. Det var ein bursdagsfest med innslag frå mange gjester, ei velfortent feiring av den flotte, uavhengige bokhandelen i Oslo sentrum, den vesle butikken som står til tross for presset frå dei store kjedane.

Det er alltid ekstra koseleg å bli feira, og i går var det Norge som blei feira. Og sidan det har vore eit negativt fokus på 17.mai-feiringa frå svensk hald i år, etter at Henrik Arnstad kritiserte den norske, naive nasjonalismen i boka Älskade fascism, er det ekstra hyggeleg å bli feira av gode nabo-bloggarar som Lyran som gjennomgjekk sine subjektive høgdepunkt i norsk litteratur og Peter Malmberg som markerte dagen med å presentere fem bra norska skivor

Vekas morsommaste lesing har vore Agnes Ravatn, som i si undersøking av sjølvhjelpsbøker forsøker å trene opp viljestyrka, slik at ho skal slutte å trykke på lenker som handler om Vågå-saken.

Til slutt ein søt liten film om “The Girl who Hated Books”:

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s