1. runde i bokhylleutfordringa

Den første runden i bokhyllelesinga er gjennomført (sjølv om det kjem til å komme fleire bidrag utover veka og, mellom anna frå meg, som er litt forsinka på grunn av influensasjukt barn). Likevel er det på sin plass med ei oppsummering så langt.

Det har blitt lese eit variert utvalg skandinavisk 1900-talslitteratur i ulike bloggar, den siste veka.

Silje har lese De gjorde et barn fortred av Tove Ditlevsen. Ho skriv om boka som “Kort og utrolig godt”, og gir ei varm anbefaling av ei bok det var brutalt å lese. Ho skriv: “Jeg følte at hjertet mitt ble røsket ut, trampet på og stappet inn igjen.”

Monika har lese Fuglane av Tarjei Vesaas, og stiller seg uforståande til korfor så mange ikkje kan fordra denne boka. Ho framhever landsbyidioten Mattis si framstilling av seg sjølv, som spesielt interessant.

Groskro har lese Syndere i sommersol av Sigurd Hoel, ei bok frå mellomkrigstida, som rett og slett blei ganske kjedeleg.

Ingrid har lese Vredens børn av Jeppe Jensen Aakjær, ei bok om eit barn som er født utanfor ekteskapet og må ut og forsørge seg sjølv som 11-åring. Boka blei ein brannfakkel og starten på ei rekke sosiale reformar i Danmark, og er slik sett ei historisk viktig bok.

Berit har lese Prost Gotvins geometri av Gert Nygårdshaug. Denne boka får terningkast fem av Berit og er ei tankevekkjande bok om forholdet mellom relgion og vitskap.

Elida har lese (ein av mine favorittromaner) Jenny av Sigrid Undset. Elida anbefaler ho ikkje til andre enn dei som er opptatt av å ha lese det beste norsk litteratur har å by på. “Eg syns Jenny er kald og tiltakslaus, og kan overhodet ikkje gjera seg opp ei meining om kven ho vil ha. Ho drøymer om kjærleik, men då den bankar på døra både ein og to gonger avviser ho den.”, skriv ho.

Hedda har lese Torborg Nedreaas sine noveller, ei novellesamling kor kvar tekst eigentleg fortener sin eigen omtale. Hedda skriv: “Nedreaas er intens og diskret. Det tar tid å lese tekstene hennes, og enda lenger tid å tenke seg igjennom dem etterpå, dekode alt, ta forsiktige hint og dobbeltbetydninger, følge konnotasjonene, vurdere sannhetsgehalt. Derfor har jeg lest mange av tekstene flere ganger, kost meg med det poetiske og musikalske språket, kjent på rytmen, sett for meg personene, tolka metaforene. Det har vært tidkrevende, men givende.”

Birthe har lese Charlotte Löwensköld av Selma Lagerlöf og har bare ein ting å seie: Les Selma Lagerlöf! (Noko eg absolutt kan seie meg einig i, dette er ein toppliste-forfattar for min del og).

Edit: Etter at innlegget blei skrive, har eg blitt gjort oppmerskom på eit til innlegg om Jenny:

Haruhi har lese Jenny av Sigrid Undset og skriv: “Dette blir derfor mer en litt fomlende kjærlighetserklæring enn en faktisk omtale. Consider yourself warned.”

Har du deltatt på bokhyllelesinga utan at eg har klart å få deg med på lista? I så fall må du gjerne legge inn ein kommentar, så skal du få vere med.

Neste periode går turen til Afrika. For å melde deg på, kan du registrere deg her.

8 comments

    • Takk for at du seier det. Eg ville ikkje at heile samlesinga bare skulle drukne i cyberspace, så eg har tenkt litt på korleis eg kunne gå fram for å samle trådane. Og eg trur det kan bli fint med ei sånn lita oppsummering av kvar runde.

      (Og eg og. Veldig rysta).

    • Lagerlöf er fin. Eg skal lese Jenny-innlegget ditt og redigere deg inn i bloggposten, Haruhi. Eg har eit lidenskapeleg forhold til bohemlivet Jenny lev, eg trur eg hadde trivst godt i Roma eller Paris på 1920-talet. Så eg er veldig glad i den romanen.

  1. Kjempefint innlegg og oversiktelig 🙂 Du gjorde det så enkelt å klikke inn på de andre deltakerne. Og kanskje jeg deltar på Afrika, er ikke sikker enda, men da melder jeg meg på i lenken du oppgir.

  2. Se det, du er ikke den eneste som ikke makter å henge med på alt du skulle gjøre, lese å delta på. Jeg hadde alle intensjoner om å lese 1900tall – men ingen vei kom jeg. Neste gang….

Legg igjen ein kommentar