Bokhyllelesing

 

 

Om 2015: Bokhyllelesinga fortsett, men blir foreløpig administrert av Hedda med bloggen boktanker. Du kan melde deg på her

På denne sida vil eg samle kategoriar, påmelding, informasjon og lenker til deltagarar i bokhylleutfordringa mi. Først av alt ein repetisjon av opplegget:

Eg deler året inn i åtte bolkar, med omlag 1,5 månad på kvar bolk. Eg trur ei bokhyllebok i månaden blir litt heseblesande og eg vil ikkje konkurrere med allereie eksisterande lesesirklar.

Kvar bolk får eit kriterium, som for eksempel “Skandinavisk bok frå før 1950″, “Bok frå eit u-land”, “Nobelprisvinnar”, “Bok frå 2000-talet”, “Novellesamling” eller “Bok som opprinneleg er skriven på spansk”, eller noko heilt anna. Poenget er at kategoriane skal vere vide nok til at alle kan delta med det dei har i sine bokhyller, samtidig som dei skal vere avgrensa nok til at vi har noko til felles.

Eg vil lage ei eiga fane her på bloggen, kor du kan melde deg på og skrive kva for ei bok du har lyst til å lese, i dei ulike bolkane. Du kan vere med på ein eller åtte etapper i året, det bestemmer du heilt sjølv. Du treng ikkje melde deg på før i siste liten, heller. Og det er lov å slenge seg med i løpet av bloggveka, for dei som vil det.

Det blir sett av ei veke til å blogge om dei ulike bøkene. I løpet av veke nummer 6, 12, 18 og så vidare, skal ein skrive om boka ein har lese. Dersom du har lyst til å delta utan at du har eigen blogg er det og mogleg. Om du vil, kan du delta ved å skrive kort i kommentarfeltet og om du har lyst til å skrive meir, kan du skrive eit gjesteblogginnlegg her på “mellom linjene” om di bok.

Eg kjem til å lage ei oversikt over bøkene eg har i bokhylla mi, før 1. januar. Det er ikkje eit krav, men dersom du har lyst, kan du og lage ei slik liste.

Viss du vil vere med på å lese bokhylla di, kan du melde deg på i kommentar under. Skriv kva for ein bolk du melder deg på i, og kva bok du vil lese. Du kan melde deg på når som helst, dette skal vere ei uhøgtideleg utfordring, men det er morsomt viss du seier i frå når du har tenkt å vere med, slik at eg får samla lenker her. Eg rydder opp og legg inn lenker til alle som vil vere med, med jamne mellomrom.

Kategoriar og bolkar:

1. Les ei skandinavisk bok frå 1900-talet. Bloggveke veke 6 (3.-9. februar).
Påmeldte:
Bjørg, mellom linjeneNedstörtad ängel av Per-Olof Enquist.
ElidaJenny av Sigrid Undset.
Birthe: Bind 2 og 3 av Löwenskiold-trilogien av Selma Lagerlöf.
NinaSiamesisk av Stig Sæterbakken
Marianne: Kristin Lavransdatter av Sigrid Undset
IngridVredens börn av Jeppe Aakjær
AnnaNils Holgerssons underbara resa genom Sverige av Selma Lagerlöf
ElisabethEn prests dagbok av Sigbjørn Obstfelder
Haruhi: Jenny av Sigrid Undset
LineMenneske og maktene av Olav Duun eller Sangen om den røde rubin av Agnar Mykle
SiljeDe gjorde et barn fortred av Tove Ditlevsen
GroskroSyndere i sommersol av Sigurd Hoel
Monika: Fuglane av Tarjei Vesaas
AnitaProst Gotwins geometri av Gert Nygårdshaug
BeroeneProst Gotwins geometri av Gert Nygårdshaug

2. Les ei bok frå Afrika. Bloggveke veke 12 (17.-23. mars).
Påmeldte:
Bjørg, mellom linjeneEn halv gul sol av Chimamanda Ngozi Adichie.
MoonstarWarrior Princess av Mindy Budgor
Birthe: Den afrikanske farm av Karen Blixen
NinaKong Leopolds arv av Adam Hoschild
MarianneDen afrikanske farm av Karen Blixen
AnnaEn blomma i Afrikas öken av Wadis Dirie og Cathleen Miller
ElisabethMønsteret rakner av Chinua Achebe
HaruhiArrow of God av Chinua Achebe
SiljeDen fremmede av Albert Camus
MonikaTrekket mot nord av Tayeb Salih
AnitaDen afrikanske farmen av Karen Blixen

3. Les ein europeisk klassikar. Bloggveke veke 18. (28. april-4. mai).
Påmeldte:
MoonstarBambi av Felix Salten.
NinaLolita av Vladimir Nabokov
Anna: Nana av Émelie Zola
SiljeLolita av Vladimir Nabokov
GroskroTilværelsens uutholdelige letthet av Milan Kundera
MonikaMadamme Bovary av Gustave Flaubert
ElidaSteppeulven av Hermann Hesse
AnitaForbrytelse og straff av Fjodor Dostovjevskij

4. Les ei bok av ein forfattar som skriv på engelsk. Bloggveke veke 24. (9.-15.juni).
Påmeldte:
Moonstar: The Twistrose Key av Tone Almhjell.
BirtheDen ensomme polygamisten av Brady Udall
NinaDrep ikke en sangfugl av Harper Lee
AnnaNaked Lunch av William S. Borough
GroskroSnøbarnet av Eowyn Ivey
MonikaRegnkongen av Saul Bellow
AnitaDrep ikke en sangfugl av Lee Harper
ElidaThe Catcher in the Rye

5. Les ei bok som opprinneleg er skriven på spansk. Bloggveke veke 30. (21.-27. juli).
Påmeldte:
BirtheOm kjærlighet og skygge av Isabell Allende
NinaDon Quijote av Miguel de Cervantes
AnnaÄngelns lek eller Himlens fånge av Carlos Ruiz Zafón
GroskroAurora – et portrett i sephia av Isabell Allende
Monika: Ville detektiver av Robert Bolano
ElidaEva Luna av Isabelle Allende
AnitaØya under havet av Isabelle Allende
BeroeneMaya av Isabelle Allende

6. Les ei bok frå Asia. Bloggveke veke 36. (1.-7. september).
Påmeldte:
ElidaThe Interpreter of Maladies av Jhumpa Lahiris
NinaAfter Dark av Haruki Murakami
AnnaNorwegian Wood av Haruki Murakami
SiljeTrekkoppfuglen av Haruki Murakami
GroskroJeg kommer med en gang av Shin Kyoung-Sook
Monika: En fortelling om kjærlighet og mørke av Amos Oz
BeroeneAfter Dark av Haruki Murakami

7. Les ei bok frå 2000-talet. Bloggveke veke 42. (13.-19. oktober).
Påmeldte:
MoonstarJulie av Anne Fortier
NinaThe Year of the Flood av Margaret Atwood
AnnaBlonde av Joyce Carol Oates
Silje: The Snow Garden av Cristopher Rice
Groskro: Slakteren av Øystein Wiik
MonikaLinfruen av Julia Frank

8. Les ei bok av ein forfattar som har vunne Nobelprisen i litteratur. Bloggveke veke 48. (24.-30 november).
Påmeldte:
Elida: Thomas Mann
Nina: Kort fortalt av Ernest Hemmingway
AnnaOm möss och människor eller Vredens druvor av John Steinbeck
GroskroTante Julia og han som skriver av Mario Vargas Llosa.
MonikaPianolærerinnen av Elfriede Jelinek
AnitaDet grønne huset av Mario Vargas Llosa

81 comments

      • Kjenner jeg meg selv rett så kommer jeg ikke til å bestemme meg før boka skal leses. Har nok av kandidater å ta av iallefall. Skal si i fra så fort jeg har bestemt meg.

      • 1. Fuglane av Tarjei Vesaas
        2. Trekket mot nord av Tayeb Salih
        3. Far Goriot av Balzac
        4. Regnkongen av Saul Bellow
        5. Ville detektiver av Robert Bolano
        6. En fortelling om kjærlighet og mørke av Amos Oz
        7. Linfruen av Julia Franck
        8. Pianolærerinnen av Elfride Jelinek

        Alle 1001-bøker, 4 nye land og 2 nobelprisvinnere. Mange kryss for 8 bøker! Gleder meg til å lese alle innleggene, mange spennende bøker som er med.

  1. Dette har jeg veldig lyst til å være med på, om jeg klarer å finne tilbake tilbake til bøkenes verden, da … Har vært flink(ere) i 2013 å hente bøker fra bokhylla, men har maaange flere å ta av 🙂 Kommer tilbake til kategorier, men satser på 1 og 2 i alle fall!

    • Så bra! Eg blir så glad for at folk har lyst til å vere med. Eg har sjølv plukka bøker til kategori 1 og 2 nå og lagt inn lista. Bare gi beskjed når du veit kva du vil lese, du og.

      • Dette hadde jeg nesten glemt helt ut. Rekker ikke å være med denne gangen, men satser på disse:
        Bok frå Afrika: Den gale natten av Tahar Ben Jelloun
        Bok frå Asia: Jeg kommer med en gang av Shin Kyung-sook
        Og så må jeg ha bokhylla foran meg for å komme på andre bøker …

    • Ja, det er det eg og tenker – når det blir konkrete mål for kvar “periode”, er det lettare å faktisk prioritere å lese frå hyllene og ikkje bare lese alt det nye.

  2. Jag anmäler mig också. Vad det blir för böcker återkommer jag till när jag har letat och funderat. Väldigt trevlig utmaning och nyttig!!

    • Veldig kjekt at du og vil vere med! Eg trur det blir nyttig ja, eg kjenner sjølv at eg treng litt motivasjon for å ikkje bare lese nye bøker (sjølv om eg på ingen måte kjem til å slutte å lese nye bøker, heller!).

      • Det gjør det helt sikkert Bjørg, og nå har jeg gått gjennom alle kategoriene på nytt og vet jeg har flere bøker i alle. Men jeg vil ikke binde meg til titler for hele året enda, tenker jeg tar det underveis. Skal komme med bøker for de to første ganske snart. De fleste gamle hyllebøkene mine ligger i aksser i kjelleren nå, så de er ikke så lette å få tak i før jeg flytter til ny leilighet igjen. ,en jeg har en del nyere uleste hyllebøker i stua.. Og uansett kan jeg alltids låne dem jeg vet befinner seg i kasser i kjelleren, som feks Kristin Lavransdatter ( eller annet av Undset) , Mennsket og maktene, e.l. hvis jeg velger dem.. Regner med en norsk klassiker på den første kategorien. Og kanskje jeg gjør som flere velger Den afrikanske farmen på nr to, siden jeg har den i lydbok her i stua. Mulig jeg har noe Toni Morrison i kassene også, men de er så vanskelig tilgjengelige akkurat nå..

      • Eg kjenner veldig godt til den probelemstillinga. På grunn av oppussing, hadde eg alle bøkene mine i esker på loftet ein fireårsperiode, så då blei det gjerne til at eg lånte bøker eg visste eg hadde på biblioteket. Bare gi beskjed når du har bestemt deg for kva du skal lese, så legg eg deg inn i lista. Og du må som sagt ikkje bestemme nokonting før bloggdatoen, men viss du vil ha lenke inn i oversikta, er det fint om du gir beskjed.

      • Jeg melder meg på med 2 og 3 bind av Löwenskölds-trilogien (Selma Selma Lagerlöf), leste første for en stund siden og etter det har de to andre blitt stående. En bok fra Afrika, kan det være en med handling fra Afrika, og ikke en forfatter fra landet? Jeg har nemlig Karen Blixens “Den afrikanske farm” som jeg lenge har villet lese.

        • Då eg laga kategoriane, tenkte eg først og framst bok med forfattar frå landet. Men dette skal vere uhøgtideleg og åpent, så det er ingen grunn til å ikkje godkjenne Blixen. Boka er jo i aller høgaste grad frå Afrika.

    • Åh, den er kjempefin! Eg får lyst til å reise til Roma på 20-talet når eg les den. Den og Alberte og friheten er slike veldig flotte kunstnarromanar som eg er veldig glad i. Klart den kvalifiserer – ho er jo skandinavisk og frå 1900-talet.

      • Det er notert! 🙂 Thomas Mann har eg ikkje lese endå, det kan hende eg og må melde meg på med noko av han. Eg har både Buddenbrocks og Trolldomsfjellet i bokhylla.

      • Buddenbrooks har eg lest, men eg har både “Trolldomsfjellet” og “Lotte i Weimar” ståande. Førstnemnte er lang, og sistnemnte er kort, så eg får sjå kva som passer best på slutten av året. Eg anbefaler Buddenbrooks; las den i 2011, og elsket den.

        • Ja, Buddenbrocks har eg eigentleg hatt lyst til å lese, heilt sidan vi var i Lübeck, sommaren 2007. Eg ser at Trolldomsfjellet er lang. Eg har litt lyst til å sette opp Krig og fred på europeisk klassikar, men eg må sjå kva eg får tid til, når det nærmar seg.

      • Eg prøvde meg på “Krig og fred” i år i forbindelse med Lines lesesirkel. Det funka heller dårleg, så eg trur eg tar nokre enklare russisk før eg gir meg i kast med den;-) Eg fant Isabel Allendes “Eva Luna” i hylla, og melder den på i kategori 5. I kategori 3 vil eg ha med Hermann Hesses “Steppeulven.”

      • Eg sparer Krig og fred litt til, har eg funne ut. Eg blei positivt overraska over Anna Karenina, så eg har liksom trua, eigentleg. Men det er eit omfattande prosjekt å ta fatt på, merker eg. Eg har ikkje bestemt meg for europeisk endå, men viss eg får lese Odyseen først, trur eg det blir Ulysses.

    • Noh! Har eg kikka gjennom alt ulest i hylla, og har valgt ut følgende:
      1. Skandinavisk bok frå 1900-talet: Stig Sæterbakken – Siamesisk
      2. Afrika (handling): Adam Hochschild – Kong Leopolds arv
      3. Europeisk klassikar: Vladimir Nabokov – Lolita
      4. Av ein forfattar som skriv på engelsk: Harper Lee – Drep ikke en sangfugl
      5. Opprinneleg skriven på spansk: (Lykkelig gjenlesning, det enest spanske jeg fant..) Miguel de Servantes Saavedra – Don Quijote
      6. Asia: (Murakami-debuten min) Haruki Murakami – After Dark
      7. 2000-talet: Margaret Atwood – The year of the flood
      8. Nobelprisen i litteratur: Hemingway – Kort fortalt – noveller i samling

      Eg kjem kanskje ikkje til å blogge om dei på Ubok, men gler meg til å få lest mye som har stått lenge!

      • Herlig påmeldingsliste! Eg liker det! Og dersom du har lyst til å blogge om titlar som ikkje passer på ubok, må du bare gi beskjed, så kan du få eit gjesteinnlegg her. Don Quijote har eg lese dei første 200 sidene av to gonger, men eg kjem ikkje gjennom ho. Kan hende eg skal gjere eit tredje forsøk?

  3. De to første var enkle. De resterende må jeg få komme tilbake til. Begge bøkene nedenfor er allerede kommet så langt som til nattbordet – der har de ligget og kikket på meg en stund…
    1. Kristin Lavransdatter – Sigrid Undset
    2. Den afrikanske farm – Karen Blixen

    • Den afrikanske farm las eg i sommar, den er veldig fin! Kristin Lavransdatter vurderer eg stadig å lese på ny, eg las ho på vidaregåande, og har litt lyst til å lese ho med eit voksent blikk og. Eg hugser eg likte ho veldig godt første gongen, men eg hugser lite av boka nå.

  4. Björg, här kommer min första bok i din utmaning: “Min” skandinaviska bok från 1900-talet blir Jeppe Aakjaers “Vredens Börn”. (Den ser jag verkligen fram emot att läsa, äntligen).

  5. Detta vill jag försöka vara med på! 🙂

    1. Les ei skandinavisk bok frå 1900-talet. Bloggveke veke 6 (3.-9. februar).
    Nils Holgerssons underbara resa genom Sverige av Selma Lagerlöf

    2. Les ei bok frå Afrika. Bloggveke veke 12 (17.-23. mars).
    En blomma i Afrikas öken av Wadis Dirie och Cathleen Miller

    3. Les ein europeisk klassikar. Bloggveke veke 18. (28. april-4. mai).
    Nana av Émile Zola

    4. Les ei bok av ein forfattar som skriv på engelsk. Bloggveke veke 24. (9.-15.juni).
    Naked Lunch av William S Borough

    5. Les ei bok som opprinneleg er skriven på spansk. Bloggveke veke 30. (21.-27. juli).
    Ängelns lek eller Himlens fånge av Carlos Ruiz Zafón

    6. Les ei bok frå Asia. Bloggveke veke 36. (1.-7. september).
    Norwegian Wood av Haruki Murakami

    7. Les ei bok frå 2000-talet. Bloggveke veke 42. (13.-19. oktober).
    Blonde av Joyce Carol Oates

    8. Les ei bok av ein forfattar som har vunne Nobelprisen i litteratur. Bloggveke veke 48. (24.-30 november).
    Om möss och människor eller Vredens druvor av John Steinbeck

  6. Jeg skal være med, men orker ikke planlegge for mye av gangen. Tar de to første temaene nå i første omgang:

    Skandinavisk fra 1900-tallet:
    Her hadde jeg egentlig tenkt å lese Alberte og Jacob, men siden den er lesesirkelbok hos Line litt senere, tar jeg den der. Fant i stedet ulest i hylla “En prests dagbok” av Sigbjørn Obstfelder. Den kan jeg trenge en dytt for å få lest.

    Afrikansk:
    Jeg har “Mønsteret rakner” av Chinua Achebe i hylla. Jeg tror dette er anledningen til å lese den.

    • Mønsteret rakner har eg òg i hylla. Viss eg klarer fleire afrikanske bøker på den perioden, skal eg lese den og.

      Og du kan planlegge akkurat så langt eller kort fram i tid som du sjølv ønsker. Dette er eit ganske fleksibelt opplegg. Sjølv skal eg endre den påmeldte skandinaviske boka mi nå, eg kjenner eg har meir lyst til å lese Nedstörtad ängel av Per-Olof Enquist.

  7. Hei, eg melder meg på nummer fire, les ei bok av ein forfattar som skriv på engelsk. Boka eg vil lese er “The Cuckoo´s Calling” av Robert Galbraith 🙂 Kanskje eg melder meg på fleire etterkvart, men eg vore flink til å rydde i bokhyllene, og difor har eg ikkje så veldig mange ståande 😀 Men eg har ikkje lese alle endå!

    • Målet mitt er òg å komme dit på eit eller anna tidspunkt – at eg ikkje har så mykje ulese i hyllene mine. Det er dessverre (eller heldigvis?) ei stund til eg er der. Eg skriv deg opp på Robert Galbraith! Det er ei av dei få krimbøkene eg og er nysgjerrig på.

  8. I første omgang vil jeg melde meg på med Sigrid Undsets Jenny i i bolk en og Chinua Achebes Arrow of God i bolk to.

    Dette blir gøy! Gleder meg til å lese alle omtalene av div. Selma Lagerlöf bøker.

  9. Jeg skal lese enten Menneske og maktene av Olav Duun eller Mykles Sangen om den røde rubin. Hvilken av dem det blir tar jeg på sparket. Begge bøkene har stått ulest i hyllen i mange år, og nå er det på tide å gjøre noe med det. Bokhyllelesing er et så bra initiativ! Det er nok det som må til for at jeg endelig skal få lest de eldste bøkene mine. Jeg kommer tilbake til hvilke andre bøker jeg skal lese i år etter hvert.

    • Ja, det er det som er tanken min òg. Å få lese nokre av dei eldste bøkene mine, altså. Eg har bare lese Medmenneske av Olav Duun, men eg tenkte eigentleg at eg skulle lese meir av han. Men eg har ikkje komme så langt endå. Sangen om den røde rubin las eg den sommaren eg flytta til Oslo for å studere. Det var litt absurd å lese ein roman om å flytte heimefrå og studere samtidig som eg gjorde det. Det er ei fin bok, og eg kjende eg blei veldig glad i Ask Burlefot, gjennom både den og Lasso rundt fru Luna (som eg meiner er langt betre enn rubinen).

  10. Hei Bjørg, for en god ide!! Jeg er med på sju av av åtte “temaer”, og de er som følger:
    1) Syndere i sommer sol av Sigurd Hoel
    2) ikke med
    3) Tilværelsens uutholdelige letthet av Milan Kundera
    4) Snøbarnet av Eowyn Ivey
    5) Aurora – et portrret i Sepia av Isabel Allende
    6) Jeg kommer med en gang av Shin Kyung-Sook
    7) Slakteren av Øystein Wiik
    8) Tante Julia og han som skriver av Mario Vargas Llosa

    Er det noen av disse som ikke passer inn i kategoriene så si gjerne i fra, men jeg tror alle er kvalifisert.

    • Poenget er ikkje at eg skal sitte og godkjenne eller ikkje godkjenne, poenget er at vi skal få rydda litt opp i bokhyllene våre, så det må jo vere opp til den einskilde kva ein putter i kategoriane. Eg synest det ser ut som du har vald spennande bøker. Shin Kyung-Sook fekk eg med meg frå bokbloggartreffet, den har ikkje eg lese endå.

      Eg skriv deg opp på dei bøkene du har meld inn, eg.

      • Jeg trodde du var like streng som Ingalill i Biosirkelen, men det er du altså ikke 🙂 Det var derfor jeg tok et forbehold! Ha en fin dag 🙂

    • Forløpig melder jeg meg på følgende tema:
      Skandinavisk bok fra 1900 -tallet: De gjorde et barn fortred av Tove Ditlevsen.
      Bok fra Afrika: Den fremmede av Albert Camus
      Bok fra Asia: Trekkoppfuglen av Murakami
      Bok fra 2000-tallet: The snow garden av Christopher Rice

      Det er mulig at jeg blir med på europeisk klassiker med Ulysses, men må se hvor mye tid jeg har til å lese den på det tidspunktet.

      • Ditlevsen har eg òg fleire bøker av som eg ikkje har lese. Og Camus. Sukk, det er så mykje eg har lyst til å lese.

        Eg skal prøve på Ulysses under europeisk klassikar, men det føresett at eg rekk lese Odyseen og Illiaden først, så eg har ikkje meld meg på endå.

  11. Nå håper eg lista skal vere oppdatert hittil. Dersom det er nokre kommentarar som har drukna i mengda, må de bare purre på meg så skal eg få det inn. Det gjekk litt i surr med dei kommentarane som la seg inn under tidlegare innlegg. Men eg trur som sagt eg har fått med alle påmeldingane fram til 7. januar nå.

  12. Hei! Da fører jeg opp følgende titler, enn så lenge (mfb om endringer underveis):
    1. Gert Nygårdshaug: Prost Gotwins geometri
    2. Karen Blixen: den afrikanske farm
    3. Fjodor Dostojevski: Forbrytelse og straff
    4. Lee Harper: Drep ikke en sangfugl
    5. Isabel Allende: Øya under havet
    6. Asia?
    7. Fra 2000-tallet (her har jeg så mange at jeg får se hva jeg ahr lyst å lese når tiden kommer)
    8. Mario Vargas Llosa: Det grønne huset

      • Eg beklager at eg var treig med å oppdatere, men nå er det gjort.

        Eg har bare bestemd dei to første epokane sjølv, men eg tenker litt på Forbrytelse og straff til Europa, eg og. Eg kjenner eg har litt lyst til å lese den. Men eg har så mange europeiske klassikarar eg har litt lyst til å lese…

    • Ja, det har du heilt rett i. Eg har så mykje at eg veit ikkje heilt kva ende eg skal begynne i sjølv, så eg rekner med det blir fleire år med bokhyllelesing framover.

  13. Hei igjen!
    Eg er seint ute, men sidan eg akkurat no driv og avsluttar lesinga av ‘Prost Gotvins geometri’, melder eg på denne når det gjeld den fyrste utfordringa – bolk nr. 1. Eg ser Anita har meldt på den same boka, så det skal bli interessant å samanlikna leseopplevingane våre. Eg skal ha klart eit blogginnlegg i løpet av veke 6.

    Eg har også funne bøker som passar når det gjeld kategori 5 og 6 – og for kategori 7 skal eg nok klara å finna ei som passar inn. Det lyt eg komma tilbake til seinare.

    Førebels påmelding vert altså:

    1. Gert Nygårdshaug: Prost Gotvins geometri
    5. Isabel Allende: Maya
    6. Haruki Murakami: After Dark

    • Flott! Det er aldri for seint å melde seg på, dette skal vere eit litt uhøgtideleg opplegg. Nå har eg lagt inn dine påmeldingar i lista.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s