Denne våren har eg lese to gode bøker om sjalusi. Dei er veldig ulike samtidig som dei har mykje til felles. Den første er Sanne Mathiassen sin roman Ord som slutter på skap og den andre er Johanna Frid sin roman Nora eller brinn Oslo brinn.
Sanne Mathiassen sin roman handler om ein eg-person som opplever eit brot med sambuaren Aksel. I staden for å flytte heim til huset til farmor, der faren av og til bur og av og til ikkje bur, flytter ho inn i det klesskapet der Aksel og den nye kjærasten Marie oppbevarer skittentøyet sitt.
Johanna Frid skriv om svenske Johanna og danske Emil som flytter saman. Etter at Johanna oppdaga at Emil har kontakt med sin norske ekskjæraste Nora og vurderer å møte henne, blir ho så sjalu at det er i ferd med å slite i stykker forholdet. Emil er ikkje speiselt opptatt av eksen. Dei er venner, men dersom det er viktig for Johanna må han ikkje møte Nora. Men for Johanna utvikler tanken på Nora seg til noko tvangsprega og manisk. Ho følgjer med på både Nora og mora til Nora på instagram og er meir opptatt av kva Nora driv med enn av sin eigen og Emil sin kvardag. Samtidig har Johanna sjukdommen endometriose, ein sjukdom som fører til ekstreme menssmerter på grunn av arrvev i livmora. For ein lesar som kjenner den språklege samanhengen mellom hysteria, som er det greske ordet for livmor og Sigmund Freud si kategroisering av ulike psykiske tilstander som ramma kvinner, knytta til livmora, hormoner og syklus, er dette interessant. Johanna er hysterisk (av sjalusi) og har ein sjukdom i livmora.
Ord som slutter på skap har korte og poetiske avsnitt og ein skjør undertone. Heile plottet er ganske absurd, med denne eg-personen som heilt bokstaveleg blir sittande i ein stadig større haug med skittentøy frå eksen og nesten går til grunne i dette skapet. Nora eller brinn Oslo brinn har ein langt meir aggressiv tone, med lange setningar i kontrast til Sanne Mathiassen sitt knappe og poetiske språk. Men òg Johanna er i ferd med å gå til grunne i hysteriet og sjalusien. Og sjølv om bøkene har veldig ulik form, er dei begge med på å tematisere det same, med kvar si kvinne som er i ferd med å gå under fordi dei på kvar sin måte blir innhenta av ei fortid som ikkje lenger finst. Og dermed gir begge desse to bøkene på kvar sin måte assosiasjonar til klassikarar som Daphne duMauriers Rebecca og Charlotte Brontës Jane Eyre. For dette motivet med kvinna som er så sjalu og er nær ved å gå til grunne i sjalusi, er ikkje eit nytt motiv. Og det er ein likskap mellom eg-personen inne i klesskapet og den gale kona på Rochester sitt loft.
Det begynner å bli ei stund sidan eg las desse bøkene (eg var faktisk så heldig at eg fekk vere den aller første lesaren av Sanne Mathiassen si bok, sidan eg las boka i forkant av at Sanne var gjest på Snaplioteket ved lanseringa. Det trur eg ikkje eg har opplevd før). Men begge bøkene er bøker som sitt i meg, med den stemninga og den desperasjonen som oppstår. Og kvar gong eg litt nysgjerrig kikker på facebook-profilen til nokon eg ein gong kjende, tenker eg på Johanna og eg-personen i skapet. For begge bøkene viser på kvar sin måte fram den sjalu kikkaren, som ikkje heilt klarer å gi slipp. I Nora eller brinn Oslo brinn er sosiale medier eksplisitt ein del av romanen og kikkaren bruker instagram aktivt for å kikke. Men analogien til Instagramstalkeren er tydeleg òg i Ord som slutter på skap. Kikkaren som sitt aleine i haugen med skittentøy og kikker ut på idyllen i senga til det nye sambuarparet, blir ein tydeleg metafor. Dei observerer begge den andre kjærasten, altså Nora og Marie, på ein måte der dei heile tida samanliknar seg sjølv med den andre. Og denne måten å bruke blikket på – enten det er over Instagram eller gjennom ei åpen skapdør – er både interessant og tidstypisk. Måten vi observerer kvarandre og samanlikner oss med andre, ser på kva den andre gjer betre enn oss og kanskje til og med kva vi sjølv kan gjere betre enn den andre er noko som har eskalert veldig, med sosiale medier.
Eg synes alltid det er interessant å sjå korleis blikk utspeler seg i litteraturen. Korleis ser hovudpersonen på verda omkring seg? Kva slags perspektiv får eg som lesar formidla gjennom hovudpersonen sitt blikk? Er mitt lesarblikk på hovudpersonen likt eller ulikt hovudpersonen sitt eige blikk på seg sjølv og det som skjer rundt han eller henne? Og i begge desse to bøkene er det veldig interessant å analysere blikka til dei to kvinnene.
Ord som slutter på skap
Sanne Mathiassen
158 sider
Vigmostad og Bjørke, 2019
Gratis anmeldereksemplar frå forlaget.
Nora eller brinn Oslo
Johanna Frid
187 sider
Ellerstöms forlag, 2018
Boka er kjøpt.
Veldig godt tekst, jeg ble enda mer nysgjerrig på begge nå. Får se om jeg klarer disse i løpet av sommerferien.
Så kjekt å høyre. Dei er absolutt verdt å lese, begge to.