Moxie av Jenifer Mathieu

Eg har lese Moxie av Jennifer Mathieu, etter at Malin aka @readygoread (på instagram) anbefalte boka. Og det var ei bok det var verdt å lese, altså, så takk for anbefalinga, Malin!

Vivian er ei nokså anonym og konfliktsky jente som stort sett oppfører seg slik ei snill jente bør oppføre seg for å unngå å havne i trøbbel. Men ein dag blir ho sint, då rektorsønnen og football-stjerna Mitchell Wilson avbryt den nye jenta i klassen med sjåvinistiske kommentarar og læraren ignorerer opptrinnet. På East Rockport High, i ein småby i Texas, er dette normalen. Sonen til rektor og resten av football-laget har fritt spelerom og jentene er fritt vilt. Vivian blir inspirert av at mora har ei fortid som  Riot Grrrl og lager ei fanzine som ho legg på alle jentetoalettene. Her oppfordrer ho alle jenter som er lei av sjåvinistiske kommentarar til å teikne hjerter og stjerner på hånda si, kommande fredag. Dette blir starten på ei mystisk rørsle, som ingen heilt veit kven det er som står bak.

Screenshot 2019-03-20 at 09.01.43

Eit av spørsmåla på Goodreads er “Is it a good read or just feminist rethoric?” Spørsmålsstillaren stiller eit av dei spørsmåla eg ofte stiller meg, når eg les om litteratur med ei politisk undertone. For det er ikkje til å komme utanom at ein del politiske og ideologiske kampskrift gjer seg betre i sakprosaformatet enn som skjønnlitteratur. Eg har ofte stilt meg det spørsmålet sjølv, når eg har komme over skjønnlitterære bøker som blir framheva fordi dei trekk fram viktige tema. Det treng ikkje vere noko negativt med ei bok som presenterer eit politisk, etisk eller ideologisk syn, sånn i seg sjølv. Men etter ei studietid med mykje norsk og nordisk skjønnlitteratur frå ulike periodar, har eg ein tendens til å foretrekke samfunnskritiske bøker i satireformatet framføre politisk litteratur der det er samsvar mellom overbevisninga til hovudpersonen og budskapet i teksten. Eg trur erfaringa mi ofte er at det siste har lett for å gi tekstar med lite kompleksitet. Og dermed blir det ofte uinteressant som roman, fordi det er ein sjanger som krev litt kompleksitet.

Moxie er ikkje bare feministisk retorikk. Det er ei god bok. Og ein av grunnane til at eg meiner at Moxie ikkje faller i den grøfta mykje politisk litteratur kan falle i, er at hovudpersonen, Vivian, ikkje er ein karakter som har ei sterk politisk og ideologisk overtyding frå starten av. Ho tviler seg fram til prosjektet, ho tviler på prosjektet og ho tviler seg fram til ein bruk av feminisme-omgrepet som ho sjølv er komfortabel med. Og akkurat dette gjer at eg kan relatere til henne. Tidleg i boka møter vi ei jente som er redd for å heve røysta si. Ho våger ikkje å seie mot, når gutane kjem med sexistiske og trakasserande kommentarar og ho våger ikkje å stå fram som den som har satt i gang Moxie-prosjektet. Den første fanzina ho lager har ei oppmoding om at alle som reagerer på adferda til guttane og skuleleiinga skal teikne stjerner og hjarter på hendene sine. Og ho er sterkt i tvil om kor vidt ho skal gjere dette sjølv. Gjennom boka veks det fram ei styrke og ei overtyding om at Moxie-prosjektet er stort og viktig. Og dette gjer at Vivian er ein karakter eg trur på. Det at Vivian utvikler seg og at vi får følgje henne i ein prosess, er ei stor styrke ved boka. Og eg kjenner at det er dette som gjer at boka ikkje havner i “just feminist rethorics”-kategorien, men at den faktisk er “a good read”. 

Moxie er ei god og lettlesen bok, som inneheld alt ei god YA-bok skal innehalde: Ein hovudperson eg trur på; Ein god porsjon romantikk; Vennskap; Relasjonar i utvikling og ikkje minst: Eit godt plott. Bodskapen og den feministiske retorikken er ein bonus som samtidig løfter boka ytterlegare.

(Eg skulle gjerne ha skrive inn nokre fine utdrag frå teksten, men boka var ei biblioteksbok på hurtiglån, så den er dessverre levert tilbake).

Jennifer Mathieu
Moxie
Omsett av Hilde Stubhaug
326 sider
Kagge forlag, 2018

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s