Sophie Starks liv og død

Når eg skal skrive om Sophie Starks liv og død er det naturleg for meg å begynne med omslagsbiletet. Det viser eit kvinneansikt i tre deler. Det er overlapp mellom pannen på den nederste delen og pannen på den midterste delen, medan det mangler eit felt i nasepartiet mellom det øvste biletutsnittet og og det i midten. Hakepartiet og munnen kjem øvst og toppen av hovudet kjem nederst. Og akkurat slik er denne romanen.

anna%2bnorth%2bsophie%2bstarks%2bliv%2bog%2bd%c3%b8d

Historia om Sophie Stark blir fortald av seks ulike personar, elskerinna Allison, broren Robbie, ektemannen Jacob, regissøren George, den tidlegare medstudenten Daniel og filmkritikaren Benjamin Martin. Dei ulike forteljarane har ulike historier å fortelje om Sophie. På same måte som forsidebiletet, er dei forskjellige delane i boka delvis overlappande samtidig som dei bare delvis passar saman. Dei danner eit ufullstendig bilete av kven Sophie Stark var, gjennom forteljinger om korleis ho påverka menneskene nær henne. Sarah Crown i The Guardian samanliknar framstillinga av Sophie med eit venn-diagram:

Their accounts overlap like the circles in a Venn diagram, but rather than finding the real Sophie at the centre, we are confronted instead by a conundrum: a series of angles that refuse to come together into a recognisable shape. 

Noko av det som slår meg når eg les dei ulike forteljarane sine historier, er at Sophie Stark alltid sett kunsten over alt anna. Ho er heile tida villig til å ofre relasjoner for å lage den filmen ho vil lage. Til og med i kjærleiksforholda til både Allison og Jacob prioriterer ho filmen og sluttresultatet over forholda. I ein krangel med Allison seier ho dette rett ut:

«Allison, du vet hvordan det er når du vil at noe skal bli helt perfekt?»
«Nei!» skrek jeg.
«Du vet i hvert fall hvordan det er når jeg vil at noe skal bli helt perfekt?»
Jeg snudde meg mot henne. Blodet dunket i ørene.
«Noen ganger er det så sterkt at jeg ikke tenker på hva som vil skje, eller på andres følelser. Jeg kan ikke tenke på det, selv om jeg vet at jeg burde det.»
(s. 38).

I tillegg til å vere ein velskriven og god roman, er Sophie Starks liv og død eit interessant innlegg i debatten om kunst og verkelegheit, etikk og kor grensa går for å utlevere andre gjennom kunsten. Boka som originalt blei gitt ut i New York i 2015 har av åpenbare grunner ikkje blitt skrive som eit innlegg i debatten om Karl Ove Knausgård, Geir Gulliksen eller Vigdis Hjorth sine bøker. Likevel viser Anna North, gjennom historia om den kompromisslause kunstnaren, korleis menneskene rundt henne blir påverka av å få hemmeligheitane sine bretta ut på filmlerretet. I ein av filmane hennar, Skogen, fortel ho om omstendigheitene rundt svigermora sitt dødsfall, noko som blir øydeleggjande for ekteskapet. Seinare seier ho:

Sophie ristet på hodet. «Nei, det var min feil. Jeg visste at Jacob ville ha en lykkelig historie, som handlet om at moren fikk fred. Og jeg lot ham tro at det var det jeg skulle lage. Jeg trodde jeg kunne det. Men så kom jeg i gang, og jeg skjønte at det fantes en mye bedre måte å lage den på som ville bli veldig vakker og interessant. Og jeg visste at jeg måtte velge mellom lykkelig slutt eller god film.»
(s. 162).

Under ein pressekonferanse får ho spørsmål om ho ikkje får dårleg samvit for å bruke menneskene i livet sitt som materiale. Svaret ho kjem med då er òg veldig klart:

«Jeg forstår ingenting av det du sa nå. ‘Dårlig samvittighet’ – jeg vet hva det betyr, men jeg skjønner ikke poenget med det. og ‘bruker’ – folk sier det som om det er så forferdelig, men det betyr bare at du lager om noe til noe annet, og folk gjør det hver dag. Og ‘materiale’ – det er som å si at det fins noe definert som man har og kan lage film av, som leire eller noe, og alt annet kan man droppe. Det er mulig at noen lager filmer på den måten, men det er drittfilmer.»
(s. 139)

Gjennom alle dei seks ulike forteljarane i boka, blir Sophie framstild som ei fascinerande og tiltrekkande kvinne, som samtidig er usympatisk og hensynslaus og tidvis direkte egoistisk i måten ho behandler folk rundt seg på. Denne dobbeltheita, den nesten magnetiske tiltrekkingskrafta Sophie har på folk før ho støter dei frå seg igjen, gjer at eg aldri heilt klarer å gjere meg opp ei mening om Sophie. Ho er verken ein utprega sympatisk eller ein utprega usympatisk karakter. Det er som om denne doble utstrålinga Sophie Stark har på menneskene rundt seg blir overført til meg som lesar. Eg blir fascinert og betatt av henne, samtidig som eg blir oppriktig skuffa over måten ho kan finne på å behandle folk på.

Det forteljartekniske grepet til Anna North, der perspektivet heile tida veksler mellom ulike karakterar, er i tillegg til å vere eit interessant forteljarteknisk grep med på å bringe inn eit metaperspektiv. Ein av årsakene til at Sophie Stark stadig kjem i konflikt med både skuespillarar og mennesker rundt henne, er knytta til det at ho heile tida er ein tilskuar. Ho bruker kunstnarblikket på ein måte som objektifiserer menneskene rundt henne. Og her er kanskje særleg karakteren Daniel interessant. Daniel er ein medstudent som ho følgjer etter på stalker-aktig vis og som blir hovudpersonen i den første filmen hennar utan å vite om det. Og samtidig som Sophie Stark blir skildra som ein person som objektifiserer menneska rundt seg, oppstår den same effekten mellom lesaren og karakteren Sophie. Blikket eg som lesar får på Sophie blir overførbart til det blikket Sophie sjølv har på mennesker rundt seg.

Dette metaperspektivet blir òg kommentert i romanen. Og eg må bare seie at det er slike avsnitt som dette, som verkeleg fascinerer meg som lesar og som gjer dette til ein roman eg vil hugse:

Marianne ligner faktisk nesten mer på livet enn livet selv. Gjennom karrieren har Stark perfeksjonert et spesielt heltotalbilde, med kamera plassert like over skuespillerne og med nesten 180 graders panorama. Det er ikke en synsvinkel noe menneske faktisk er i stand til å oppnå – det virker som Stark er mer interessert i å transcendere livet enn i å reprodusere det, og viser oss hvordan det ville sett ut hvis vi var i stand til å ta et skritt utenfor grensene av det som er menneskelig mulig.
(s. 151)

Desse orda, her lagt i munnen på filmkritikaren Benjamin Martin, bli ein nøkkel til lesinga av Sophie Starks liv og død. Anna North plasserer òg «kameraet» over hovudet på Sophie Stark, og gjennom dei mange ulike synsvinklane blir synsvinkelen på livet til Sophie og unik. På same måte som filmane til Sophie Stark likner meir på livet enn livet sjølv, har romanen om filmskaparen noko av det same i seg.

Anna North
Sophie Starks liv og død
Originaltittel: The Life and Death of Sophie Stark
Omsetjar: Hilde Stubhaug
Pax forlag 2016, 248 sider.

Mi utgåve er eit gratiseksemplar eg har fått tilsendt på bestilling.

 

6 comments

  1. Sånn umiddelbart gikk tankene til Innsirkling. Ulike karakterer som gir sitt perspektiv på en person vi aldri blir direkte kjent med. Som ikke får fortelle om seg selv (jeg har for øvrig kun lest nr. 1). Det er et fascinerende utgangspunkt. Man lærer mer om personen, bit for bit, uten at alle bitene noensinne passer helt sammen.

    Jeg liker at du klarer å gi oss et ganske grundig innblikk i boken uten at du gir vekk noe særlig av handlingen. Ikke at det er noen nyhet, men du skriver utrolig godt. Denne fikk jeg lyst til å lese.

    • Ja, på ein måte minner den litt om Innsirkling, med tanke på oppbygginga. Likevel ikkje, fordi Sophie Stark ikkje er David. Men jo, biter som både passer og ikkje passer saman gir noko av den same effekten.

      Og takk. ☺️ Det var kjekt å høyre. Dette er ei relativt enkel bok å skrive om, med tanke på å avsløre handling, fordi kronologien er oppstykka. I første del veit vi at ho er ein kjent regissør. I del to er ho student på college, og vi veit allereie mykje om framtida. I tillegg avslører allereie tittelen at ho kjem til å døy.

      Men ja. Les denne!

  2. Denne har jeg hjemme, men den druknet plutselig litt i alt annet. Nå bekreftet du at den er verdt å bruke tiden på. Gleder meg til å lese innlegget ditt igjen når jeg en gang får lest boken, for som Labben sier, skriver du så grundig og godt uten å avsløre noe særlig.

    • Eg har stussa litt på dei (både forlag og kritikarar) som samanlikner Anna North med Gillian Flynn. Eg trur at ein del lesarar får feil inntrykk av boka, når dei vektlegg thriller-stempelet så mykje. Og det er jo ingen thriller heller, så dei når feil lesarar med dette fokuset. Og så sitt folk der utan å ane at dette er ei god bok og ikkje ein dusinvare-thriller.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s