Renhet, eller Purity om du vil

renhet

Eg har brukt lang tid på å lese Renhet av Jonathan Franzen, likevel er det ein roman eg har lese i store jafs, når eg først har lese. Renhet er ein så mangesidig og kompleks roman, at det er vanskeleg å gi ei kort oppsummering av kva boka handlar om. Når eg forsøker å begynne med presentere hovudpersonen, blir eg usikker på om det eigentleg er Pip Tyler eller Andreas Wolf som står i sentrum. Og når eg forsøker å skrive eit handlingsreferat, blir eg usikker på om eg skal begynne der romanen begynner, i Oakland i vårt tiår, eller om handlinga eigentleg starter i Øst-Berlin under den kalde krigen. Og det same gjeld det tematiske, derfor vel eg å presentere boka med Hanna Fahl sine ord, frå DN.se:

Romanen ”Renhet” är hans femte, och den handlar om internet. Man skulle också kunna säga att den handlar om föräldraskap. Eller om Östtyskland, eller ett mord, eller sökandet efter sanning, eller om att vara i en kärleksrelation som sedan länge surnat och ruttnat. Den går också att beskriva som en uppväxtroman, ett myllrande dickenskt coming of age-äventyr. Förmodligen är det mest korrekt att säga att den handlar om allt ovanstående samtidigt.

Renhet er ein roman i sju delar, der forteljarperspektivet og synsvinkelen skifter frå del til del. I første del, «Purity i Oakland» følgjer vi den nyutdanna unge kvinna Purity – eller Pip – som ho blir kalla, med åpenbar referanse til Dickens. Pip er husokkupant og jobber som telefonselgjar med har dårleg økonomi og stort studielån, og ein litt underleg relasjon til den einsame mora som ho har vekse opp saman med. Mora til Pip nekter å fortelje noko som helst om livet sitt før Pip blei født, inkludert kven faren til Pip er. Pip veit at fødselsdatoen hennar er fiktiv og at mora skifta namn og identitet då ho sjølv blei født. Dette gjer det vanskelegare for Pip å søke opp informasjon om mora si fortid og mora si historie. Den første delen av romanen slutter med at Pip tar kontakt med den internasjonalt kjende varslaren Andreas Wolf for ein praktikantstilling hos han. Ho håper at ho ved hjelp av hacker-miljøet og research-metodane til Wolf skal kunne spore opp faren sin. Gjennom denne første delen, får vi presentert ei ung kvinne som framstår som rotlaus på fleire plan, både økonomisk, familiemessig,  i forhold til menn og i arbeidslivet.

I del to, «Bad taste-republikken», har vi forflytta oss til Øst-Berlin. Her starter historia til Andreas Wolf, og på mange måter starter òg romanen si overordna forteljing her, dersom vi ser bort i frå kronologien i teksten. Andreas står i konflikt med foreldra, både faren som er sentral i Sosialistpartiet og den ustabile mora. Han flytter inn i kjellaren i ei kyrkje, kor han jobber som ungdomsarbeidar og forfører unge jenter. Ei jente, Annagret, skil seg frå mengda av kvinner som oppsøker Andreas. Ho blir misbrukt av stefaren og Andreas hjelp henne med å ta hevn over denne mannen. Når muren faller, blir Andreas nødt til å fjerne mappa si frå det østtyske statsarkivet. Han blir fanga opp av ein journalist på veg ut, og den unge mannen som eigentleg bare er ute etter å skjule sine eigne spor, blir ein symbolsk representant for åpenheit og offentleggjering av materiale i arkivet.

Innblikket i den velståande østtyske familien skil seg frå alle tidlegare skildringar eg har lese frå denne perioden. Sjølv om vi kjenner det historiske bakteppet og dei store internasjonale konfliktane som foregår rundt Wolf-familien, blir Andreas presentert som ein tenåring med ei ustabil mor og ein fråverande far. Vi kunne ha finne han igjen kor som helst i verda og når som helst i historia. Han sloss mot puberteten og hormonene, før han omfavner dei. Det er ein mørk historie og om ein einsam og skada ung gutt med nok ein ustabil morsfigur. Lesaren veit frå del ein at denne gutten skal bli ein verdsberømt varslar, som blir samanlikna med Julian Assange og Edward Snowden. Og kontrastane mellom den Andreas vi blir kjend med gjennom Pip sitt blikk og denne trøblete tenåringen er store. «Bad taste-republikken» er ei tung forteljing om ein østtysk tenåringsgutt. Og sjølv om han seinare blir ein verdsberømt samfunnskritikar, er historia som fører han dit full av tilfeldigheiter. Motivasjonen for å stele mappa si i det østtyske statsarkivet var verken heltemodig eller ein protest mot republikken han hadde vekse opp i. Motivasjonen var å redde sitt eige skinn, alt anna var tilfeldig.

Tilbake i USA i vår tid i tredje del, «For mye informasjon», er hovudpersonen den dyktige reporteren Leila Helou. Pip dukker opp i Denver som ein researcher som søker praktikantstilling hos henne og redaktøren og sambuaren Tom Aberrant. Dei inviterer henne til å flytte inn hos dei, tross at Leila har ei dårleg magekjensle rundt forholdet mellom Pip og Tom. Pip sitt nærvær vekker ei rekke minner hos Tom, som blir dratt mot det livet han levde før han møtte Leila. Vi får vage referanser til ei historie frå Berlin i 1991, samtidig som det er den stadig meir sjalu Leila som har synsvinkelen. Ho kjenner på at ho er ekskludert frå ein viktig del av Tom sitt liv, gjennom å ikkje ha tilgang til minnene hans.

Denne delen er særleg interessant som politisk og samtidskommenterande del. Her demonsterer Franzen kor omfattande jobben til ein journalist er, gjennom Leila Helou sitt grundige arbeid med å få stadfesta det ho har frå usikre kjelder. Det stilles høge krav til kjeldekritikk og kjeldebeskyttelse blant journalistar som jobbar for tradisjonelle medier. Og samtidig er dei under eit enormt press fordi oppdateringane skjer så fort på Internett. Leila gjer ein grundig jobb med opplysningane ho har fått frå Pip, samtidig som ho kjemper mot tida, for å unngå at scoupet hennar skal bli publisert av nokon andre før henne. Den samtidskommentaren som ligg i denne delen av romanen er svært interessant. Den peiker på ei av dei store utfordringane i Internett-alderen, nemlig forholdet mellom grundig arbeid og hurtige publikasjonar. Samfunnskritikken går igjen i heile romanen, men dette er kanskje den delen kor det kritiske blikket på nyare medieteknologi og informasjonsspredning blir fletta best inn i handlinga.

Det skjer eit nytt sprang i tid og stad og i del fire, «Moonglow Dairy», følgjer vi Pip sine opplevingar som praktikant for Andreas Wolf i ein bortgøymd dal i Bolivia. Pip skjønner raskt at ho skil seg frå dei andre praktikantane i The Sunlight Project, fordi ho er den einaste som ikkje er der av ideelle grunnar. Ho blei rekruttert av med-husokkupanten Annagret, og lesaren skjønner at dette må vere den same kvinna som Andreas Wolf hadde eit forhold til i Berlin. Relasjonen mellom Pip og Andreas utvikler seg til ein relasjon der dei både tiltrekker seg kvarandre og støter kvarandre bort. Historia om Pip som praktikant i Bolivia ender der del tre begynte: med at ho reiser til Denver for å oppsøke Tom Aberrant og gi han informasjon direkte frå Andreas Wolf.

Dei fire første delane av romanen, strekk seg over 366 sider. Og så langt er det ein svært sterk roman, med komplekse intriger, eit kritisk blikk på samfunnet, sterke og overbevisande karakterskildringar og eit intenst driv som held meg som lesar interessert. Denne delen av romanen får til det kunststykket det er å skrive samfunnskritisk samtidig som det ikkje går ut over handling eller det litterære. For noko av utfordringa med tekstar som har ein klart politisk eller samfunnskritisk agenda, er ofte at den agendaen blir så sterk at det går ut over sjølve teksten. Det skjer ikkje i dei første fire delane av Renhet. For ein kvar lesar vil det vere åpenbart at historiane til dei forskjellige karakterane skal bli fletta inn i kvarandre, i eit større bilete enn det vi ser i dei tidlege møtene. Likevel kjem avsløringane eg har sett komme overraskande på meg som lesar. Denne blandinga av forutsigbarhet og uforutsigbarhet er ei styrke ved teksten.

Den femte delen, [le1o9n8a0rd] har namnet etter passordet som rommer det hemmelege dokumentet som Tom Aberrant har skrive, memoarene hans, som ingen har lese. Det kjem ikkje klart fram før etterpå at dette er eit dokument skrive av den fiktive karakteren Tom, derfor undrer eg meg over førstepersonsforteljinga i denne delen som står i motsetning til tredjepersonsforteljinga i resten av romanen. Ei stund stilde eg spørsmålsteikn ved om det kunne bety at Tom var den «eigentlege» hovudpersonen, sidan forteljargrepet skifta halvvegs i romanen. Men det kjem altså etter kvart fram at denne delen er eit dokument skrive av Tom. Her fortel han si historie om møtet med milliardærarvingen og kunstnaren Anabel som ikkje vil ha noko med foreldra sine å gjere. Det ti år lange ekteskapet deira er både eit usunt avhengigheitsforhold og eit stormande og konfliktfylt kjærleiksforhold. Eg klarer aldri å gripe Anabel. Ho blir aldri ein overbevisande karakter og det er noko absurd og lite truverdig over heile denne delen. Eg veit ikkje om det bare er knytt til Anabel som karakter, for eg opplever ikkje Tom sine beretningar om reisa til Berlin i 1990 og møtet med den då ukjende østtyske dissidenten Andreas Wolf som meir truverdige. Det oppstår eit slags bånd mellom dei to mennene, men eg får aldri tak i korleis dette båndet oppstår. Er det er ei gjensidig erotisk tiltrekning, eller bare den same magnetiske utstrålinga som Wolf har på alle han møter? Tom blir uansett vikla inn i Andreas Wolf sitt mørke, på ein måte som framstår som uklar for meg som lesar. Men når Tom reiser tilbake til USA og lever livet sitt vidare, er Andreas knytt til Tom, noko som vil prege han for resten av livet. Og sjølv om denne delen ikkje held same nivå som dei første delane, er det med på å styrke romanen gjennom dei svara vi får.

I sjette og sjuande del av romanen, «Morderen» og «Regnet kommer», taper romanen seg betydeleg. Det er først Andreas deretter Pip som har forteljarperspektivet i desse to delane. Andreas si beretning om livet i Berlin etter besøket frå Tom, samlivet med Annagret, er for så vidt ein interessant historie med ei rekke sjølvstendige kvaliteter. Men som lesar er eg litt metta på Andreas sitt mørkre så langt ut i romanen. Og denne delen tilfører heller ikkje så mykje nytt til romanen. Forteljinga til Andreas ender i eit nytt møte mellom han og Tom, og det viser seg at dei mange tilfeldige møtene er langt frå tilfeldige, men heller regissert av Andreas Wolf. I den siste delen blir alle trådane samla og Pip forsøker nok ein gong å finne seg sjølv og stable saman sitt eige liv, mellom Tom, Andreas og mora sine liv som er blitt fletta saman rundt henne. Sjølv om denne delen gir ein slags closure, er det nok ein del som ikkje tilfører romanen så mykje nytt. Dermed er eigentleg store deler av dei siste 150 sidene overflødige. Dei er dels prega av passasjer som overforklarer teksten og dermed undervurderer lesaren si evne til å sjå samanhengar sjølv og dels prega av gjentakingar. Det i utgangspunktet ganske komplekse romanuniverset kollapser dermed i desse to siste delane. Og eg sitt igjen med at den boka som begynte så utruleg bra, er langdryg og svak mot slutten.

Tross den svake avslutnigna er boka verdt å lese. Ved fleire anledninger lar eg meg imponere over korleis Franzen får til å skrive om politiske og samfunnsaktuelle tema, utan å bli over-pedagogisk eller å la det gå utover det litterære. Samanstillinga av det totalitære og sensurerte regiment i DDR og åpenheita som varslaren Andreas Wolf og The Sunlight Project er ein sentral del av viser fram dei store kontrastane i den nyare historia vår. Og dette var eit sterkt grep, heilt fram til side 520, der Jonathan Franzen med Andreas Wolf sine ord ikkje klarer å la vere å påpeike denne parallellen for lesaren, men presenterer ei tankerekke om Interenett som ein totalitær stat. Dette er eit av mange eksempel på at romanen blir overforklarande og undervurderer lesaren. Og eg trur teksten ville stått sterkare om vi kunne blitt spart for slike avsnitt. Det at ein av dei sentrale karakterane har ei rolle som Internett-kjendis, hacker og varsler er i utgangspunktet med på å gi romanen ei samfunnskritisk ramme som ville vore ei styrke, dersom den hadde fått lov til å stå på eigne bein.

Andreas sitt prosjekt er tematisk interessant gjennom heile romanen, dersom vi ser på drivkrafta hans. Han blir driven av eit sterkt indre mørkre som er i ferd med å slite han i stykker. Og samtidig er han internasjonalt kjent som mesterhjernen bak The Sunlight Project. Mørkre/lys-metaforen er åpenbar, Andreas sitt livsprosjekt er å hente det andre skjuler fram i sollyset. Han lever av å avsløre andre og er òg opptatt av hemmeligheitar i personlege relasjoner. Han definerer blant anna både tillit og makt utifrå kva ein person veit om ein annan. Og samtidig som heile hans karriere handler om å bringe det skjulte ut i sollyset, lever han med ei konstant frykt for at hans eige mørkre skal bli avslørt.

Andreas er heile tida opptatt av å vere rein og samanliknar eksplisitt si eiga reinheit med sex-anklagene mot Julian Assange. Dette leder meg over til tittelen, Renhet eller originaltittelen Purity. Allereie når eg blir introdusert for Purity Tyler sitt opprinnelege namn, stusser eg på oversettinga av tittelen. Viser originaltittelen Purity til karakteren Purity eller til eigenskapen, å vere rein? Her har åpenbart oversettaren, Monica Carlsen og forlaget, Cappelen Damm gjort ei fortolking av tittelen som eg skulle ønske hadde vore overlatt til meg som lesar. Sjølv las eg den norske oversettinga i form av ei bok eg hadde gløymd å avbestille i De norske bokklubbene, men dersom eg hadde kjøpt boka med overlegg ville eg vald å lese ho på engelsk. Det er ei dobbel betydning i tittelen og i namnet til Purity som forsvinn i oversettinga. Og saman med Andreas Wolf si sterke strebing mot det reine, blir både tematiseringa av det reine og namnet på den unge kvinna interessant for lesinga av romanen. Som tidlegare nemnd er det ei sterk spenning mellom Pip og Andreas, både i form av at dei tiltrekkes kvarandre og i form av at dei støter kvarandre bort. Og samtidig som Andreas, med ulvenamnet, blir tiltrukke men ikkje kan få Purity, lever han i eit stadig spenningsforhold mellom ønsket om å vere rein og den mørke fortida si.

På same måte som Renhet er ein roman som er så kompleks at det er vanskeleg å seie noko kortfatta om handlinga, er det ein roman det er vankeleg å summere opp i ein eintydig konklusjon. Kompleksiteten er ei styrke og romanen er ei sterk, aktuell og original analyse av samfunnsutviklinga i vesten dei siste tiåra. Samtidig er romanen ujamn, og han kunne ha profittert på ei sterkare redaksjonell gjennomgang, særleg av dei tidvis langdryge siste 150 sidene. Men sjølv om nokre av partia er svake, er det ei bok det er verdt å ta seg tid til å lese.

Jonathan Franzen
Renhet
Oversatt av Monica Carlsen
Originaltittel: Purity. Amerikansk
Cappelen Damm 2015
651 sider

(Mitt eksemplar er kjøpt gjennom De norske bokklubbene). 

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s