Hei Bloggen, eg har sakna deg

Det er alltid så skummelt å skrive på Internett at nå, nå skal det bli betre tider her på bloggen. Er det noko eg har lært dei siste åra, så er det at kronisk sjukdom er svært uforutsigbart og at svingningane kan vere store. Dermed blir eg veldig redd for at det at eg nå åpner bloggen igjen er det same som å jinxe heile greia. Likevel, eg har lyst til å gjere eit forsiktig forsøk på å stikke hovudet fram og seie at nå les eg igjen. Eg klarer å konsentrere meg om å lese og eg klarer å konsentrere meg i lengre strekk om gongen.

Akkurat nå les eg Renhet av Jonathan Franzen og eg har drøyt hundre sider igjen av boka. Dei første 70 sidene brukte eg heile sommaren, altså juni, juli, august og deler av september på å lese. Og det er ikkje boka si skuld, for boka er god, i alle fall dei første delane. Dei siste vekene har eg imidlertid våkna litt til igjen og oppdaga at eg har ein fungerande hjerne som klarer å absorbere tekst igjen. Det er ei utruleg god kjensle, for er det noko eg har sakna, så er det å lese. Og derfor kikker eg litt forsiktig fram over bokkanten og seier: “Hei Bloggen, eg har sakna deg.”

Det blir feil å seie at leselysta er tilbake, for den har alltid vore der. Eg har hatt ein lengre periode nå kor mangelen på konsentrasjon og evne til å lese har vore så stor at eg ikkje har klart å lese, sjølv om eg har hatt lyst. Men nå kjenner eg på eit sterkt ønske om å pløye gjennom bokstablane som har samla seg på skrivebord og i bokhyller. Og det er ei god kjensle, ei kjensle eg har sakna.

Så her er eg altså, Bloggen. Med nyvunnen konsentrasjon og ein stabel bøker eg har lyst til å lese utover hausten. Eg våger ikkje komme med verken hårete mål om kva eller kor mykje eg skal lese eller lovnadar om hyppige oppdateringar. Men eg er her og eg les igjen. Og eg ser fram til å både lese og skrive meir enn eg har gjort det siste året i alle fall.

 

12 comments

  1. Så glad jeg ble! Både over å lese AT du skriver, og å lese at DU er bedre. Du er litt heltinne i Bokblogglandia for meg, sånn er det bare og sånn vil det alltid være. Hjerte!

  2. Så kjekt å lese fra deg igjen:-) Håper å lese mer fra deg i høst og lang tid fremover. Først og fremst for at det gjerne betyr at du har det bedre, og selvfølgelig fordi du skriver så bra. Din åpenhet er inspirerende for mange. Har selv slitt med mye migrene det siste halvannet året og har kjent på det med uforutsigbar helse. Har i gode perioder følt at jeg kan klare det meste og så kommer de dårlige og så blir man så skuffet. Vanskelig balansegang. Lesingen går det likevel ganske greit med, og det i år som jeg har satt meg veldig konkrete mål og alt. Var litt redd det skulle bli stress, men i år har det fungert som god motivasjon. Håper og tror du finner noen gode leseopplevelser i den bunken der:-)

  3. Jag blev så glad att se att du är på gång med skrivandet igen. Jag ser fram emot att läsa dina tankar om böckerna på ditt läsbord . Varmaste hälsningar från Ingrid.

  4. Hei Bjørg! Så kjekt å sjå at deg her igjen. Det er jo ein god bunke bøker du har der. Eg har fleire av dei i min haustbunke. Har også Frantzen sin kolossale roman i hylla og tenkjer stadig på å lese, spesielt når du skriv så varmt om den. Får sjå kva det blir til. Håper det går rake vegen framover. Du er ein av dei tøffaste eg veit, og da tenkjer eg både på at du er open om det du slit med OG at du har bein i nasen i sosiale media. I love it!

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s