Vårens langlesing: Krig og fred

Screen Shot 2016-05-13 at 15.07.17

Denne vinteren og våren har eg dels lytta meg gjennom 58 timar og 29 minutter med Anders Ribu si opplesing av Leo Tolstoj sitt storverk, Krig og fred og dels lese den 1069 sider lange romanen. Eg har gjort fleire forsøk å på lese denne romanen tidlegare, men kvar gong har det gått i stå fordi eg ikkje har klart å halde styr på alle karakterane. Eg bestemde meg for å gjere eit nytt forsøk etter å ha sett første episode av BBC-produksjonen på NRK i januar. Og med god drahjelp av tv-serien og Sparknotes, kom eg over kneika og i gang med det som heilt garantert blir ståande som årets store lesaroppleving. Eg har veksla litt mellom lydbok og lesing og begge deler, og etter dei første tre tv-serieepisodane, fekk eg god nok oversikt til at eg kunne lese vidare utan denne visuelle støtta.

NRK krig og fred
Bilete frå nrk.no

Romanen – og tv-serien – følgjer fem familiar i sosieteten i Moskva og St. Petersburg under Napoleonskrigen. Den eldre generasjonen sine verdiar og deira ønske om å vidareføre statusen sin til den yngre generasjonen, er eit bakteppe for ei rekke kjærleiksintriger mellom dei unge. Og parallelt med dei mange konfliktane og dramatikken i overklasselivet, pågår det ein stor krig som engasjerer dei unge mennene, både som soldatar, fangar og offiserer.

Å gi eit fullstendig handlingsreferat frå ein så lang og så kompleks roman, er på ingen måte mogleg. Og etter mi meining er det heller ikkje nødvendig for å skrive om boka. For dei som først og fremst kjenner BBC-produksjonen som blei sendt i vinter, er det ganske klart at hovudfokuset i den tolkninga ligg på kjærleikshistoriene, forholda mellom familiane og intrigene som oppstår rundt forlovingar, ekteskapsinngåelsar og soldatar som ikkje vender heim frå krigen. Og Krig og fred gir eit grundig innblikk i  kvardagslivet til ei rekke einskildpersonar i perioden rundt 1812. Kompleksiteten hos personane som boka handlar om, dei uforutsigbare vala dei gjer og handlingslinja i byane gjer i seg sjølv boka både spennande og lesverdig. Likevel trur eg ikkje det utelukkande er handlinga som gjer romanen til ein klassikar.

Krig og fred 1

Den siste delen av boka er ein 60 sider lang epilog, kor vi først får ei oppsummering av kva som har skjedd med karakterane i tida etter kigen. Del 2 av epilogen er eit lengre essay om historieskriving, utvikling og kva som driv menneska framover og korleis vi forstår folk sine bevegelsar, når vi ser tilbake på hendingar i ettertid. Desse betraktningane er òg tydeleg til stades gjennom sjølve hovuddelen, både eksplisitt som essayistiske avsnitt og implisitt, gjennom måten Tolstoj vel å fortelje historia om Napoleon sitt inntog til Russland på. For samtidig som vi følgjer dei fem familiane sin aktivitet i samfunnet, blir forteljinga om dei unge mennene som har reist ut i krigen sentral. Konfliktar på heimebane, intriger og sjalusi, påverkar både soldatar og løytnantar sine val, noko som i neste omgang får storpolitiske konsekvenser. Og avslutningsvis drøfter Tolstoj korleis historieskrivarane skriv om heltane sine bevegelsar, medan historia faktisk handlar om dei einskilde personane sine bevegelsar. For sjølv om vi har heltar, som Napoleon, Ludvig den 14 og Keiser Alexander, og sjølv om det går an å trekke ei linje frå Paris 1789 til Moskva 1812 ved å sjå på desse store mennene, forklarer ikkje dette korfor 600.000 einskildpersonar vel å følgje Napoleon sin kommando. Tolstoj understreker gjentatte gonger at mennesket har ei evne til å handle etter eiga vilje, mennesket er ikkje bare partiklar som blir styrt av den krafta som kjem frå Napoleon eller Keiser Alexander. Den makta som styrer menneskene, kaller han for «massenes totalsum» og han kritiserer historieskrivinga for å ikkje handle nok om folk sine liv og for å dele opp det han kaller for ein kontinuerlig bevegelse.

Vi kan nå direkte og positivt svare på to av historiens vesentlige spørsmål:
1) Hva er makt?
2) Hvilken kraft er det som frembringer folkenes bevegelse?
1) Makt er en persons forhold til andre personer, og denne ene person deltar desto mindre i en handling jo mer den uttrykker meninger, forslag og rettferdiggjørelser av handlingene.
2) Folkenes bevegelse blir ikke fremkalt gjennom makt og heller ikke gjennom intellektuell virksomhet, ikke engang ved en kombinasjon av de to, slik historikerne har antatt, men av aktiviteten til alle de mennesker som tar del i begivenhetene.

s. 1066

I lys av denne epilogen, og i lys av dei mange drøftingane av kva som avgjer den retninga krigen viser seg å ta, undervegs i romanen, vel eg å lese den episke delen av Krig og fred – altså sjølve handlinga, kjærleiksdramaene og historiane om familiane sine sosiale og økonomiske utfordringar, soldatar som vender heim og offiserer som blir drepne i krigen, ja, heile den store og komplekse romanen – som ei eksempelforteljing på korleis den eigentlege historien ikkje handler om Napoleon og Keisar Alexander eller om Frankrike og Russland, Paris og Moskva. Den eigentlege historien handler om livet til dei tusenvis av einksildpersonane som lot seg styre og som deltok i kamphandlingane på den eine eller andre sida, med veldig ulik motivasjon. Napoleonskrigen handler om den ulykkelege unge guten som reiser i krigen etter å ha tapt faren sine pengar i spel og om den skadde offiseren som overlever på grunn av eit minne om kjærleik der heime. Krigen handler om ei ung grevinne som står igjen aleine på eit gods og om bønder som nekter å ta ordre frå denne kvinna. Krigen handler om einskildpersonar som har valet mellom å forsvare heimane sine og å reise derifrå. Og alle desse små historiene blir ein del av ei større historie om stormakter, heltar og politikk.

Krig og fred har utruleg mange kvaliteter og det er svært mange av dei store og små forteljingane som blir fortalde gjennom romanen, som gjer at romanen framleis er aktuell. Samtidig er det denne overordna koblinga mellom mikronivå og makronivå, mellom individ og nasjon, einskildpersonar og stormakter som gir romanen originalitet. Det er òg denne drøftninga som gjer storverket Krig og fred til så utruleg mykje meir enn dei intrigene som bygg opp handlinga. Og dermed gjer det heller ingenting at det er så vanskeleg å skrive eit oversikteleg handlingsreferat, få oversikt over persongalleriet i teksten eller at ein som lesar av og til går litt i surr med dei russiske fornamna, etternamna og kjælenamna. Det som driv romanen framover er ikkje bare handlinga, men den overordna skildringa av korleis dei mange einskildpersonane er ein del av ei større samanheng.

4 comments

  1. Eg er i gang med War and Peace – høyrer den via Storytel på engelsk. Nyter det, men har vore på stedet kvil i ein månads tid. I mellomtida har eg høyrt Kristin Lavransdatter, og eg gler meg til å bli ferdig med den! War and Peace er veldig bra (det eg har høyrt i alle fall) og eg ser fram til resten 🙂

    • Kristin Lavransdatter hugser eg både som litt langdryg og som veldig fin, men det begynner å bli ein del år sidan eg las den. Eg har og tatt mange lange pausar i Krig og fred, og har både lese og lytta til andre bøker innimellom. Eg trur det er ei sånn bok som krev litt pausar. Når eg la ho inn på Goodreads i dag, såg eg at eg har brukt 123 dagar på boka, og det stemmer nok.

      • Den er begge deler, og full av religiøsitet som eg kunne brydd meg mindre om. Eg trur og at lange bøker krever pauser, og sidan eg har høyrt Kristin Lavransdatter i 3 omganger har eg hatt ein grei pause mellom kvar bok.

        • Eg syntest det religiøse var veldig interessant, men eg las den og medan eg studerte religion og har alltid vore fascinert over slike ting. Eg trur du har rett i at langt bøker krev pausar – det er i alle fall tilfelle med Krig og fred, eg trur ikkje eg hadde komme gjennom den så mykje raskare akkurat.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s