Leseåret 2015 – nokre høgdepunkt

Vi har skrive 2016 i drøyt to veker nå og det er kanskje for seint å begynne å skulle oppsummere fjoråret og sjå framover i det nye. Men eg gjer det likevel – det kjennest naturleg å starte der, når det er lenge sidan forrige blogginnlegg. For sjølv om 2015 var eit år prega av sjukehusinnleggelsar, behandling og utredningar snarare enn lesing og blogging, har eg fått unna heile 67 bøker (av 52, som var det målet eg sette meg i goodreads). Kun 10 av desse er vanlege e-bøker eller papirbøker. Og 57 av bøkene er lydbøker eg har lytta til gjennom Storytel. Det er noko med det at lydbøker synest mindre konsentrasjonskrevande enn bøker på papir eller lesebrett og det har passa meg god i 2015. Det at eg har lese mange lydbøker gjennom Storytel, har gjort noko med utvalet av bøker eg har lese:
Eg har kun lese ei norsk bok frå 2015.
Eg har lese fire 1001-bøker (ei ebok og tre lydbøker).
Eg har lese veldig mange bøker frå slutten av 90-talet og fram til for eit par år sidan. Eg vil anta at det er rettigheitsproblematikk som gjer at desse bøkene er i overvekt på Storytel.
Eg har gått frå å vere ein som ikkje les krim, til ein som lytter til krim.

Island
Ei av verkeleg gode lyttaropplevingane mine i 2015 har vore bøkene til Arnaldur Indridason om etterforskaren Erlendur Sveinson og kollegaane hans.

indridason

Dette er mørk og saktegåande krim med ei heilt spesiell stemning og karakterar som har djubde. Landskapsskildringane, klimaet, dei lyse sommarnettene, dei mørke vintrane og den røffe, islandske naturen med vatn og fjell, isråkar og ville landskap er svært mektige og sentrale. Kombinasjonen av ein oversikteleg hovudstad som stadig veks og dei mange små, gudsforlatte fiskevera langs kysten kor alle veit alt om alle lager eit bilete av ulike miljø som eg som nordmann og kan kjenne meg igjen i. Samtidig får vi gjennom bøkene ei grundig innføring i historien til eit land som låg strategisk plassert mellom USA og Sovjetunionen under den kalde krigen. Fleire av bøkene viser seg å dreie seg om gamle saker som av ulike årsaker blir reaktualisert og vidare oppklart. Og som ein raud tråd gjennom heile serien, kjem vi stadig tettare innpå etterforskarane, og særleg Erlendur, ein eldre politimann som ber med seg eit indre mørkre. Ivar Nørve sin stemme passer spesielt godt på denne karakteren.

I tillegg til å høyre på bøker frå Island, har eg strikka ei Lopapeysa, ei islandsk kofte frå boka Islandsk strikk. Eg har alltid strikka mykje og dei siste åra har eg fått ei stadig større interesse for mønsterstrikk frå Island, Shetland og Færøyene. Dette er jo hardføre øyer, med mykje sauehald og garnproduksjon. Og ein veldig spennande mønstertradisjon. Så når eg ikkje les bøker, forsøker eg blant anna å bli betre kjend med denne tradisjonen.

Krim
Via Storytel har eg pløya gjennom fleire norske og svenske krimforfattarar, mellom anna Anne Holt, Karin Fossum, Hans Olav Lahlum, Lars Keppler, Vibeke Groth og Eystein Hanssen. Ingen av desse kan måle seg med Indridason sine bøker, som verkeleg er heilt spesielle. Og fleire av dei har rett og slett for mykje action i bøkene sine, etter min smak. Eg har ikkje sansen for å lytte eller lese meg gjennom dramatiske scener og politijakter. Slikt er definitivt best på film. Likevel, eg sitt igjen med ei kjensle av at eg har fått tetta eit stort hull i mi personlege litteraturhistorie og det er kapittelet om nyare krim.

Til tross for at Lahlum sine bøker tidvis har vore litt pretensiøse, har eg likt stilen hans best. Han skriv krim frå Oslo på 60-talet, kor mesteparten av spenninga ligg i det taktiske. Det er (litt for?) åpenbart at Agatha Christie er eit stort førebilete for Lahlum. Og når ein høyrer alle bøkene på lydbok blir gjentakinga av ein del velbrukte fraser som «Dette er et mysterium i mysteriet» og refleksjonar rundt «det åpne roms forbannelse» versus «det lukkede roms mysterium» gjentatt litt for mange gonger. Formen på bøkene er og veldig gjentakande. Politietterforskaren får servert ei sak han tilsynelatande løyser aleine, til tross for at det eigentleg er venninna Patricia som løyser sakene for han. Eg vil likevel tru at det som opplevest som repetetivt under denne typen maratonlytting, ikkje vil vere eit problem for lesarar som les bøkene med nokre års mellomrom. Kan hende er desse bøkene best i mindre porsjonar?

Karin Fossum er òg ein forfattar eg vil trekke fram. Eg trur eg kjenner igjen plottet frå nokre av bøkene frå TV-seriar eller filmar. Det er ein særleg kvalitet over bøkene hennar. For det første går utforsker ho psykologien til gjerningspersonane på ein måte som – så vidt eg kan vurdere – er unik. Fossum sine bøker står i stor kontrast til den gjentakande formen på Lahlum sine bøker. I Konrad Sejer-bøkene varierer det veldig om forteljarperspektivet ligg hos offer, gjerningsperson eller etterforskar. Og denne vekslinga imponerer meg, fordi ho skriv fram truverdige kriminelle som ofte samtidig er ofre. Og samtidig er etterforskar Konrad Sejer hovudperson gjennom bøkene, samla sett. Særleg interessant er boka Drapet på Harriet Krohn, som ikkje kan lesast utan assosiasjonar til Dostovjevskijs Forbrytelse og straff. Her er både oppbygginga og etterforskinga svært lik.

1001-bøker
Eg har framleis lista over 1001 bøker eg må lese før eg døyr, både i bokform og som ein app kor eg fører reknskap med bøker etter kvart som eg  har lese dei. I år har lista mi fått fire nye kryss:

To Kill a Mockingbird av Harper Lee, boka som eg – og heile resten av den lesande verda las i vår, for å vere klar til Go set a Watchman skulle komme ut – står som eit av høgdepunkta i 2015. Både Atticus og Scout er litterære karakterar eg kjem til å hugse. Og eg elsker dei tørrvittige kommentarane til Atticus, kor han får sagt så mykje med så få ord. Forteljarteknisk er To Kill a Mockingbird ei utruleg god bok. Boka blir fortald gjennom det litt barnslege ordelaget til den ni år gamle jenta Scout, noko som gir boka ein dobbel botn. Vi får ein stadig demonstrasjon av korleis eit barn får med seg meir enn dei vaksne trur, samtidig tida med ei dobbelheit mellom det niåringen forstår og det lesaren forstår at niåringen ikkje forstår. Og dette inviterer lesaren til å heile tida sjølv ta stilling til det som blir fortald. Sjølve historia om barna til advokaten som skal forsvare ein svart mann, er eit interessant innblikk i amerikansk historie. Boka fortel om forholda i sørstatane, om korleis svarte og kvite lever i kvar sine små samfunn i same bygda, og om grenser som helst ikkje skal kryssast.

I haust brukte eg nesten 35 timar på å lytte til lydboka Greven av Monte-Cristo av Alexandre Dumas, lese av Knut Risan. Og eg må bare seie at det er noko spesielt med desse store, europeiske 1800-talsromanane! Som fleire andre lange romanar frå den tida, var boka opprinneleg skriven som føljetong i ei avis. Hovudpersonen i romanen, Edmound Dantès, blir feilaktig anklaga for å vere bonapartist og dermed fengsla for landsforræderi. Han blir ført bort frå den gamle faren sin og frå sin store kjærleik, den vakre Mercédès, som begge trur han er død. I fengselet møter han ein gammal prest som påstår at han har ein skatt som er skjult på øya Monte-Cristo. Etter eit dristig, men vellykka rømningsforsøk, reiser Dantès til Monte-Cristo, finn skatten som presten har fortald om og lever vidare under namnet Greven av Monte-Cristo. Denne mystiske figuren, som vekker oppsikt i sosieteten, bruker resten av livet sitt på å hemne dei tre som stod bak dei falske anklagene mot han, som ung. Intrigene og dramatikken som foregår i kretsen rundt den sjølverklærte greven er så innfløkte og så kompliserte at bare dette aleine gir boka stor underhaldningsverdi. I det heile tatt er det ei spennande og velskriven bok, som heile tida blir drive framover av greven sitt hemnønske.

Der Greven av Monte-Cristo får si hemn og blir ein verdig mann, er skjebnen til borgermesteren i boka Borgermesteren av Thomas Hardy den motsette. Der den gode hovudpersonen til Dumas får den gjenreisinga han fortener, blir den tåpelege og korttenkte borgarmestaren straffa, i god, naturalistisk stil. Opprinneleg var han ei fyllebøtte, som selde kona og dottera si til ein sjømann under ei fyllekule. Vidare klarer han på eit vis å bygge seg opp til å bli ein sentral handelsmann i byen Casterbridge, kor han etter kvart blir borgarmester, før den tidlegare kona hans og den voksne dottera oppsøker han igjen. Til tross for at han har klart å arbeide seg opp, viser det seg at borgarmestaren har ei rekke uforsonlege og uforanderlege karaktertrekk. Dette fører – i tråd med den naturalistiske rettferden – i neste omgang til at lykka ikkje kan vare. Den smått ironiske undertittelen The Life and Death of a Man of Character viser seg å vere svært passande på denne romanen som nær sagt utvikler seg til ei farse. Romanen er både djupt tragisk og samtidig svært humoristisk viss ein les boka med ei ironisk distanse til karakterane.

Dr. Jekyll og mr. Hyde av Robert Louis Stevenson står på omtrent alle burde lese-lister eg har sett, trur eg. Og boka har og blitt opphav til ei rekke myter om multippel personlegheit som fenomen og «Jekyll og Hyde» har nærast blitt eit omgrep. Og boka er for så vidt verdt å lese, men eg var skuffa over kor overflatiske skildringane av den berykta doktoren med to ansikt viste seg å vere. Dette er ikkje ei bok som er betre enn sitt rykte, snarare tvert i mot. Historien om dr. Jekyll og mr. Hyde blir fortald av dr. Jekyll sin venn og advokat mr. Utterson. Samtidig som det skjer ei rekke kriminelle handlingar i London, angiveleg utført av ein mystisk mr. Hyde, trekker den gode doktoren seg meir og meir bort frå andre venner, noko som vekker advokaten si uro og han forsøker å finne ut kva det er som foregår rundt vennen. Eg var som sagt skuffa over boka og eg er litt usikker på om det skyldest at eg åpenbart visste at Jekyll og Hyde var same person. Det kan hende mystikken rundt desse to ville vore sterkare om boka ikkje hadde hatt det ryktet ho har. For nå venta eg nær sagt bare på at karakterane rundt dr. Jekyll skulle skjønne det åpenbare. Og det er kanskje eit dårleg utgangspunkt for ein roman som strengt tatt blir driven fram av spenning og mystikk.

2016
For å oppsummere, har 2015 vore eit annleis leseår. Både fordi eg har lese så mange lydbøker og fordi eg dermed har vald andre bøker enn dei eg normalt vel. Og samtidig har eg samla opp ei rekke bøker eg håper å få lese i 2016.

Eg håper at eg endeleg skal få til å delta på Bokhylleutfordringa (som framleis blir organisert av flotte Hedda, som har steppa inn), 1001-lesesirkelen til Line og samlesinga av dei nominerte bøkene til Bokbloggerprisen. I år har eg bare lese ei av bøkene på langlista, og der eg tidlegare år har hatt ei kjensle av å ha oversikt over norske utgivelsar er det nå fleire ukjende titlar på lista. Det må jo bety at samlesinga utover våren og sommaren vil bli spennande.

Godt nytt år, Internett. Håper 2016 blir eit år med mange gode bøker.

18 comments

  1. Godt nyttår Bjørg. Fint å se at andres lesevaner også er hijacket av storytel. Tror tallet mitt ble 67 for 2015. Mye engelsk samtidslitteratur. Arnaldur lånte jeg i sin tid på biblioteket, et vinnerkombinasjon med Nørve, ikke like begeistret for de aller nyeste, men jeg kommer vel for alltid til å vente på at Erlendur skal komme ned fra fjellet.

    • Godt nytt år, Ingalill!

      Nei, kan seie meg einig i det. Eg har bare høyrd dei som er på Storytel, altså ikkje dei aller nyaste. Men Nørve gjer verkeleg dei bøkene, altså.

  2. Hei Bjørg! Håper du kjem med små drypp av lesekvardagen din innimellom, men eg har forståelse for at livet til tider er i vegen 😉

    Krim har i fleire år vore mitt alibi for underhaldning, og Storytel er i så måte perfekt då det ikkje krever for mykje av meg. Eg las både Karin Fossum og Unni Lindell for nokre år sidan, og Fossum er meget bra. Anne Holt har eg lest omtrent alle bøkene av, mangler den siste om Inger Johanne og bøkene saman med Even Holt. Vart dog skuffa over den siste til Holt om Wilhelmsen. Eg har lest dei to første til Lahlum og det går fort gjennom, men eg trur du kan ha rett i at det kan gå ei tid mellom kvar bok. Eg trur eg hadde ca ein månad mellom kvar og det var bra.

    Appen til 1001 bøker er genial, eg digger den! Borgermesteren er ei god Thomas Hardy-bok, har du lese “Under a Greenwood Tree?” Den er ikkje på 1001-lista, men eg liker den godt. Usikker på om den er på Storytel.

    Eg håper du får lest ein del i 2016 og, med eller utan mobilitet (trur eg las ein kommentar om det ein stad). Snakkes snart! ❤

    • Takk for det, Elida. Etter eit såpass elendig bloggår som 2015, ligg i det minste ikkje lista for forverring sånn altfor høgt.

      Eg digger og 1001-appen og kjem definitivt til å lese (lytte?) fleire av Thomas Hardy sine bøker. Det er noko med forfattarar som klarer å lage avstand mellom lesaren og hovudpersonen på den måten.

      Eg har lytta gjennom Anne Holt, anbefaler dei to ho har skrive saman med Even Holt. Den siste Inger Johanne-boka er vond. Den vurderte eg å legge bort, men eg måtte få med meg løysinga. Men den handler om eit barn som døyr, noko som gjer den til tøff lesing. Unni Lindell har eg sett mykje av på TV, så hennar bøker har eg ikkje gidda å høyre. Eg synest ofte ho er veldig fordomsfull i personkarakteristikkane og meir forutsigbar. Men krim som underhaldning er eit godt poeng. Eg les desse bøkene på ein annan måte enn andre sjangrar, gjerne med strikketøyet samtidig.

      Godt 2016 til deg og! ❤

      • Bøkene med Even Holt er herved satt på høyrelista, saman med Inger Johanne. Krim les eg og på same måte (eller høyrer) medan eg gjer andre ting. Eg trur at ein treng slike bøker som flyter avgårde utan at det krever for mykje. Eg veit om bloggere som “bruker” science fiction til det formålet blant anna.

  3. Jeg har også vært gjennom den prosessen, fra en som ikke leser krim – til en som hører på krim. Lenge var det bare krim jeg hørte i lydbokform, nå hører jeg på det meste, men har fremdeles en forkjærlighet for lydbok + krim. I motsetning til resten av bloggnorge bruker jeg ikke Storytel, men Audible – og har derfor ikke tilgang til islendingen..ble nesten fristet til å skaffe meg Storytel i tillegg nå.

    Gleder meg til å se mer til deg i 2016.
    Godt nytt leseår!

    • Eg har prøvd meg på Audible og, men fann ut at det ikkje var vits å ha to parallelle abonnement. Så planen min er å gå over til Audible og pause Storytel når eg føler Storytel begynner å bli oppbrukt.

      Og takk! Godt nytt år til deg og.

  4. Riktig godt nytt år, Bjørg! Og så koselig å lese et innlegg skrevet av deg. Dette var en flott oppsummering, med gode innblikk i både klassikere og krim. Jeg syns så absolutt du skal være fornøyd med leseåret – både med tanke på format og antall.

    Bokhyllelesing 2016 er i gang fra og med i morra, og du er hjertelig velkommen til å delta, om du ønsker det. Og når du er klar, får du sjølsagt hele leseutfordringa tilbake.

    Jeg ønsker deg alt vel for året som kommer, og håper du får mange, mange fine dager.
    Beste hilsen Hedda

    • Takk for det, Hedda. Eg forsøkte faktisk å kommentere hos deg i går, men det ser ut til at iPad-kommentarar og blogspot ikkje passer saman. Eg tenker å bli med på nokre av utfordringane frå gong til gong, men er usikker om eg får til den første.

  5. Godt nyttår, Bjørg!
    Så fint å få dele noen av dine leseopplevelser igjen, håper å få se mer av dem i året som kommer. Utover det har jeg ikke så mye å si om bøkene du skriver om denne gangen, siden verken lydbøker eller krim er noe jeg har et spesielt nært forhold til, og Thomas Hardy har jeg til gode å lese. For meg er fantasy og science fiction sjangrene jeg går til for underholdningens skyld, det er viktig med en balanse i lesingen også. Så, altså, ikke mye fornuftig å si i dag annet enn at det var kjekt å se deg her på nett igjen 🙂

    • Takk for det, Elisabeth!
      Eg begynte mi lydbokkarriere med Harry Potter-bøkene lese av Stephen Fry for halvanna år sidan. Og har og lese fleire av dei mest kjende YA/fantasy-seriane for underhaldinga si skuld. Den siste (som var i 2016 og som fortener eit eige blogginnlegg) var Engelsfors-trilogien til Strandberg/Elfgren. Så begge deler til meg, sjølv om eg er langt frå like avansert på fantasy/sf som du er.

  6. Godt nyttår! Så kjekt med innlegg fra deg igjen, håper det blir mer av det i 2016:-) Jeg leste en del krim, spesielt på videregående, og en god stund etter det og så gikk jeg helt i metning, spesielt på norsk krim. Det var særlig noe med den mannlige hovedpersonen som gikk så igjen i mange av bøkene. Min favoritt var Karin Fossum som jeg også skrev om på særemnet. Jeg liker fortsatt hennes måte å skrive krim på og har vel funnet ut at jeg foretrekker mer psykologisk krim eller thrillere og gjerne enkeltstående. Konrad Sejer synes jeg forsåvidt ikke er så aller verst:-) Jeg har ikke lest Indridason, men det virker som det er verdt å prøve. Av de andre du nevner har jeg lest Holt og Lindell, og føler meg egentlig ferdig med dem, spesielt Lindell.

    Krim på lydbok er ellers helt genialt og jeg har vel gått fra en som tidligere leste krim, til en som nå av og til lytter til det;-) Som Stine har jeg abonnement på audible, så det blir nok krim på engelsk en stund fremover, men kjøper meg av og til noen lydbøker på tilbud også. Har ikke vært helt i lydbokmodus det siste halvåret da jeg har fått så kort vei til jobben, men har som mål å finne nye situasjoner å lytte til lydbøker i. Akkurat nå har jeg kjøpt og begynt på første bok i Hellemyrsfolket som er utrolig godt innlest av Eilif Armand. Etterpå satser jeg på krim eller YA:-)

    Ønsker deg et godt 2016 på alle måter!

    • Indridason har mykje til felles med Fossum, synest eg. Men bøkene er endå litt mørkare og historia til etterforskaren er meir sentral gjennom serien enn historia til Sejer blir. Men det er absolutt i psykologisk krim/thriller-landsskapet.

      Eg hadde og ein krimraptus på vidaregåande kor eg las mykje Lindell og Varg Veum-bøkene. Deretter følte eg meg metta, så eg kjenner meg igjen i det du skriv.

      Morsomt at du høyrer Hellemyrsfolket. Eg har nyleg begynt å lese den. Eg såg at den ligg på Storytel og, men den har eg lyst til å lese på papir.

  7. Jeg ble så glad da jeg så at du blogget litt igjen, Bjørg, at jeg ikke klarte å komme på noe mer vettugt å skrive enn: Hurra!
    Gleder meg til å følge deg videre 🙂

Leave a reply to Haruhi Cancel reply