Når minus og minus blir pluss

For ei drøy veke sidan kom eg til det punktet at eg sakna å lese bøker og å skrive om dei. Og eg kjenner at det er fint etter ein lang periode kor eg ikkje har vore i form til nokon av delane. Eg saknar det sosiale fellesskapet mellom bloggarar og blogglesarar på nett og eg sakner å sortere bokstablane og lure på kva eg skal lese neste gong. Akkurat nå les eg Vi var løgnere, eit leseeksemplar eg har fått frå Fontini, kor dei første 70 sidene lover godt.

Til tross for ganske omfattande lesetørke den siste tida, har eg gjort ei ny oppdaging. Eg som verken liker krim eller lydbøker, liker krim i lydbokformat. Ein av grunnane til at eg ikkje har likt lydbøker, er at eg vil bestemme tempoet i bøkene eg les sjølv. Men nå i vinter har eg altså prøvd meg på krimbøker på Storytel. Og sjølv om eg veit at spørsmålet om kor vidt distinksjonen språk- og handlingsdriv er fruktbar, kan bli diskutert i det uendelege, er lydboka definitivt betre eigna når bøkene er handlingsdrivne. Eg treng ikkje stoppe opp, lese avsnitt om igjen eller studere spennande språklege vendingar to eller tre gonger. Krimbøkene som sjanger krev ikkje dette av meg som lesar.

Det er fleire fordelar med lydboka. Når ein høyrer på ei lydbok, får ein distrahert seg sjølv frå tankar som elles i alle fall ikkje gjer ein friskare, eller ein kan få fylt søvnlause netter med innhald. Ein kan gjere noko anna samtidig, for eksempel trene eller strikke, gå tur eller spele Candy Crush på mobilen. Og for min del har det vore med på å skjerpe konsentrasjonen, den som elles bare flyt ut og blir til luft, når eg har forsøkt å lese ei vanleg bok. Og dermed blir kriminalromanen, som eg elles synest blir litt kjedelege som lesestoff, eit spennande og underhaldande alternativ til TV-serien. Og dermed har eg konkludert med at minus og minus, det vil seie lydbok og kriminalroman, blir pluss. Dei passar særdeles godt saman.

Screen shot 2015-04-06 at 9.04.04 PM

Eg trur eg blir litt mindre kresen når eg lytter til ei bok, samtidig som eg strikker eller går tur. Det at boka har eit så annleis format, at eg bruker andre sansar, er av betydning for meg som lesar. Men eg blir ikkje ukritisk. Og eg er rask med å avskrive bøker som har irriterande opplesarar. For eksempel høyrde eg første boka om Conrad Sejer Evas øye av Karin Fossum. Det var ei veldig positiv lytteoppleving, så eg gjekk vidare på bok to i same serie, Se deg ikke tilbake (eg elsker forrresten at Storytel har sortert seriar og merka dei med nummer, slik at ein slipper å leite seg fram til rekkefølgjen på bøkene). Denne blei lesen av Trini Lund, som av ein eller annan uforståeleg grunn insisterte på å lese politibetjent Skarre sine replikkar på ein dialekt ho ikkje beherska. Etter 45 min. med irritasjon, har eg derfor avskrive resten av serien, som dessverre blir lesne av same opplesar, og svartelista denne opplesaren. Akkurat nå har eg lytta meg gjennom dei første to bøkene til Anne Holt om Inger Johanne Vik, medan eg har strikka ei halv ullbukse. Og her er både bøkene og opplesaren verdt å bruke tid på.

 

15 comments

  1. Eg er veldig glad i lydbøker, men det er ikkje alle bøker som eignar seg like godt. For min del må det vera handlingsdrevne bøker, men det kan ikkje vera slik at eg går glipp av noko om eg skulle sone ut litt. Krim er faktisk ein av dei sjangrane eg og likar best i lydbokformat.

    • Det er vel akkurat det eg og har oppdaga nå i vinter. 🙂 Det er som om det er ei heilt ny verd av underhaldningslytting der ute nå. Eg har alltid tenkt på lydbok som eit alternativ til å lese, og ikkje fått det til å fungere. Men når ein ser på det som noko litt anna, blir det noko som fungerer godt!

  2. Krim egner seg fint som lydbok, men jeg anbefaler deg ikke å høre ‘Panserhjerte’ av Jo Nesbø som lydbok. Den er så grotesk og med lydbok blir det så sakte og utbroderende. Det er også vanskelig å spole fram, man vet ikke når det fæle stopper, med vanlig bok er det enklere å bare sveipe forbi slike partier.

    Akkurat nå hører jeg på Lucinda Riley, men hun kunne med fordel ha strammet opp bøkene sine litt og forkortet dem. Det er forresten noe man legger merke til med lydbøker, enkelte forfattere skriver alt for langt.

    • Harry Hole-bøkene har eg allereie lese, så dei kjem eg ikkje til å høyre på, nei. Og eg må innrømme at eg legg merke til at ein del forfattararar skriv for langt når eg les papirbøker og. 😛

  3. Krim er ypperleg i lydformat, det hjalp meg gjennom Karin Fossum i fjor 🙂

    Når det gjelder Storytel så har dei ein heil del innan både krim (og eg digger sorteringa deira slik at eg slepp å huske kvifor ei bok som kom først i ein serie) og klassikere. Om du fortset med klassikere etterkvart må du sjekke om dei er avkorta eller ei. Det er ein heil jungel der ute med avkorta bøker!

    • Ja, eg synest og sorteringa er heilt genial. Karin Fossum kjem eg nok ikkje til å lytte meg gjennom, men det er opplesaren si skuld.

      Og det med avkorta klassikarar har irritert meg lenge. Det er for eksempel ikkje mogleg å få tak i heile utgåva av De elendige på norsk, dei har kutta bort lange parti i alle oversettingane. Det same gjeld Gullivers reiser, som eg forsøkte å finne til undervisningsbruk for nokre år sidan.

      Klassikarar på lydbok fungerer og. Eg høyrde Anna Karenina for nokre år sidan og Forbrytelse og straff i haust. Det er og veldig opplesar-avhengig, men likevel. Dei som fungerer, fungerer godt.

  4. Jeg gikk gjennom akkurat den samme prosessen i 2013. Slukte thrillere i lydbokform; selv om det aldri tidligere har vært en sjanger som har gitt meg noe. Trodde aldri det skulle gå lenger enn det, lettbeint underholdning på øret. Nå, to år senere, hører jeg Julian Barnes og Emily Brontë, og tar meg selv i å ville lese nyutgitte thrillere: siden jeg ikke har tid til å høre dem.

  5. Kult! Og godt å høre at blogglysten er på vei tilbake.
    Krim har lenge vært det eneste som har fungert på lydbok for meg, da helst I bil på lange turer. Etter at lytting til Odysseen (med bok for hånden) er jeg blitt mer motivert til å lytte til lydbok mens jeg går tur. Fortsatt er det krim og thrillere som fungerer best til bare lytting. Bruker Scribd – en abonnenttjeneste der jeg betaler 9 dollar I måneden og får tilgang på både lyd – og e- bøker.

    • Det er jo ganske mykje rimelegare enn Storytel. Foreløpig liker eg utvalget av norske bøker på Storytel, men eg ser jo at det vil gå ei stund og så vil eg ha lese det eg kan tenke meg å lese eller lytte til der og, så det er fint å ha alternativ eg kan bytte til seinare.

      Å kombinere lytting og lesing av tunge verk høyrest ut som ein veldig lur måte å jobbe seg gjennom klassikarar på. Eg har brukt det av og til i undervisningssamanheng, når elevane skal bli kjend med (utdrag frå) klassiske tekstar, men eg har aldri prøvd det ut for min eigen del.

  6. Så kjekt at du har fått leselysten tilbake, og har fått smaken på krim. Skal bare se du snart leser krim også 🙂 Jeg hører mye på lydbok, og har merket meg at jeg ikke bør gjøre så masse annet til jeg har kommet inn i boken. Jeg er også i gang med å strikke ullbukse, men akkurat nå har jeg ikke lydbok. Har ikke testet ut Storytell ennå, men det ser ut som jeg må til pers snart.

  7. Morsomt at så mange har begynt med krim på øret for så å gå videre til klassikere. Det samme gjelder meg. Nå har jeg lyttet meg gjennom flere klassikere innimellom hele krimserien til Lee Child om Jack Reacher. Storytel er mitt beste abonnement ever! (Selv om jeg misliker sterkt at ebøkene deres ikke kan leses på lesebrett, men krever nettbrett eller telefon..skam seg!) Leste nettopp et innlegg i Stavanger Aftenblad om en langtransportsjåfør som brukte lydbøker til å roe seg ned i trafikken. Det samme har jeg opplevd. Jeg blir mer observant og sitter ikke og lar tankene fly. Snakker meg om effektivisering av lesedagen 🙂 Kjekt å se at du er tilbake på bloggen igjen!

    • Eg har faktisk ikkje lese e-bøkene til Storytel endå, men eg ser absolutt fordelen med lese/lytte-komboen av tyngre verk. Så det kan hende det kjem.

  8. Jeg ble vilt begeistret over storytel da jeg oppdaget at, ja, jeg var faktisk i stand til å lytte! Jeg synes det var superkjekt å høre engelske ungdomsromaner mens jeg la sammen klær og ellers gjorde hist og pist. Men så stoppet det litt opp, og jeg irriterte meg over at jeg bruker lenger tid på å høre en lydbok enn om jeg hadde lest selv. Jeg gir imidlertid ikke opp enda, og tenker at det er en fin måte å forsøke å komme seg gjennom alle klassikerne jeg fremdeles ikke har lest. Nå har jeg bla kommet til andre bok i Hellemysfolket. Men det er ikke ofte jeg hører på; bare når jeg venter i bilen og forskjellig. Hører jeg på i senga, sovner jeg bare med en gang (det kan jo også være positivt, hehe).

    • Det er den erfaringa eg har gjort tidlegare – at eg blir så irritert over tempoet på lesinga i lydboka at eg ikkje får det til å fungere. Men det har vore annleis nå som eg har vald heilt andre sjangrar enn dei eg ville ha vald viss eg skulle lese ei vanleg bok. Det er jo eit anna medium.

      Eg lurer på om inngangsporten min eigentleg var The Serial på Podcast, når eg tenker meg om…

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s