2014 har vore eit litt bratt år, med mykje sjukdom og lite overskot til både lesing og skriving. Derfor går eg inn i 2015 utan dei store forsetta og eg prøver å styre unna dei mest hårete lesemåla. Førsteprioritet framover kjem framleis til å vere på helse, familie og eventuelt jobb, dersom eg kjem i god nok form til å jobbe litt. Så bloggen står framleis på ein fjerdeplass og blir henta fram innimellom, når skrivelysta blir veldig sterk.
Derfor er eg framleis veldig glad og takknemlig for at Hedda, som sende meg ein hyggeleg e-post i fjor vår, og tilbaud seg å overta bokhyllelesinga medan eg var sjuk, framleis kan trekke i dei trådane. For skamlaus og utan beskjedenheit som eg er, synest eg idéen om å samlese gamle bøker frå bokhylla var så god, at eg er veldig glad for at det ikkje bare blei ein god idé som eg ikkje klarte følgje opp. Dei som framleis er interesserte i å redusere mengda med støvete bøker frå bokhylla si, kan henge seg på for eit år til, og det er Hedda som administerer utfordringa inntil vidare. Du kan altså melde deg på i hennar blogg.
Årets utfordring ser slik ut:
Eg har finne fram denne stabelen:
1. Inn i elden av Aina Basso, er ei bok med grønt omslag. Det stod mellom denne og Min kamp 3, som eg ikkje har lese, fordi eg måtte ta ein pause i Knausgård-lesing, då det stod på som verst. Og eg er framleis litt i tvil, men eg trur eg begynner med Basso si bok nå i januar. Så lar eg heller Min kamp 3-6 vere eit sjølvstendig lesemål for 2015. Eg var og inne på tanken om å lese Et annet kjønn av Simone de Beaviour, som eg synest å hugse er grønn. Men eg klarte ikkje finne denne i bokhylla mi, så eg blei litt usikker på om eg hadde denne likevel. Men i første omgang blir det altså Inn i elden, ei grønn bok som eg har venta altfor lenge med å lese.
2. Kong Oidipus, er eit skodespel frå Antikken (som også har grønt omslag). Eg var usikker på denne eller Medeia, også frå Verdensbiblioteket-serien. Og igjen tenker eg at det kan hende eg prøver å lese begge, men at eg i alle fall sett opp Kong Oidipus som mål.
3. Den tredje boka er ei europeisk dikt- eller novellesamling. Og her har eg veldig mykje å velgje mellom, men valet landa til slutt på Sylvia Plath. Dette er ein forfattare eg har lese veldig lite av, men som eg har likt veldig godt, når eg har lese. Derfor nytter eg anledninga til å bli betre kjend med Sylvia Plath sine dikt, som har stått i bokhylla sidan eg var i Paris og handla på Shakespeare & co i 2009.
4. Den fjerde runden skal vere ei bok som opprinneleg er skriven på russisk. Her stod det mellom Dr. Zhivago og Krig og fred. Det er dei to russiske bøkene som står igjen i bokhylla, etter at eg høyrde meg gjennom Forbrytelse og straff på e-bok nå for nokre veker sidan. Her har eg ikkje bestemd meg endeleg, men eg trur eg kjem til å gå for Dr. Zhivago. Likevel, eg har lese ein del av novellene til Tolstoj og Anna Karenina, og eg vil gjerne lese Krig og fred ein eller annan gong. Så det kan hende eg ombestemmer meg her.
5. Ei bok som handler om Barndom føler eg meg rimeleg sikker på at blir Coetzees Barndom Ungdom. Eg vurderte også denne til grønt omslag-utfordringa, fordi mi utgåve er grønn. Men eg endte opp med å plassere denne her. Dette er ei bok eg har hatt liggjande veldig lenge og Coetzee er nok ein forfattar eg liker veldig godt, men har lese altfor lite av. Så denne gleder eg meg til å lese.
6. Bok frå 1990-talet blir S-trilogien til Stig Sæterbakken, Siamesisk, Selvbeherskelse og Sauermugg 2007, frå 1997, 1998 og 1999. S-trilogien har stått i bokhylla mi i fleire år og eg skjønner eigentleg ikkje heilt korfor eg ikkje har lese desse bøkene endå. Men eg ser veldig fram til å gjere det i år.
7. Eg har mange forfattarar som skriv på fransk i hylla mi, og også her var eg usikker på kva eg skulle velje. Eg har foreløpig plukka Anna Gavalda sin roman Saman er ein mindre aleine, fordi eg tenker at det kanskje kan vere fint å planleggje eit litt lettare feel good-innslag i bokhausten. Men eg er langt frå sikker på at dette blir den endelege franske boka eg skal lese, når eg kjem til september. Likevel tok eg ho med, for fotografiet si skuld.
8. Eg har veldig mange ulesne bøker i Verdensbiblioteket-serien til Bokklubbene. Då eg begynte å abonnere på desse bøkene ved starten, tenkte eg at dette var jo ein veldig god anledning til å lese ein klassikar annankvar månad, viss eg klarte å lese dei fortløpande, etter kvart som dei kom. Men som de ser av biletet, gjekk det ikkje slik. Derfor bruker eg 1800-talet til å lese Rødt og svart av Stendhal, eit av dei klassiske verka eg ofte har komme over i litteraturhistoriske framstillingar, og som eg håper framleis er lesverdig.
9. Den siste boka, ei bok skriven av ein nobelprisvinnar, blir Den gyldne notatbok av Dorris Lessing. Nok ei bok eg har tenkt lenge på å lese.
Dersom du er på instagram, kan du følgje utfordringa under hashtaggen #bokhyllelesing.
Fleire av desse bøkene gir også 1001-kryss, men som eit sjølvstendig mål for 2015 har eg òg planer om å lese tolv bøker som gir nye 1001-kryss. Det har blitt merkbart lettare å telje 1001-bøker, etter at eg innstallerte appen med ulike versjonar av lista. Foreløpig har eg lese 78 bøker frå Complete-lista (altså lista som samler opp alle versjonane av 1001-listene). Og eg har 114 bøker i bokhyllene mine som eg ikkje har lese, som står på denne lista. Det er altså gode sjansar for overlapp mellom 1001-lesing og bokhyllelesing i mange år framover.
For nokre år sidan sette eg meg som mål å lese fleire bøker frå land som eg ikkje har lese så mange bøker frå. Og dette målet har eg lyst til å ta opp igjen i 2015. Eg har bestemt meg for at eg skal lese 12 bøker frå ulike land i fortrinnsvis Asia, Afrika og Aust-Europa i løpet av året.
Jeg er så glad for at det blir en ny runde med Bokhyllelesing i år, for det er et veldig bra konsept. Hurra for både deg og Hedda! Jeg fikk ikke deltatt så mye som ønsket i fjor, men i år blir det mer orden. Jeg har meldt meg på alle ni og er i gang med grønn bok :-).
Er den appen kun på IPhone/Ipad, eller finnes den også til Android? Hva heter i såfall appen?
Ønsker deg et riktig godt nytt år, Bjørg! Klem fra Silje
Takk for det, Silje og godt nytt års-klem til deg og! Eg gleder meg og til ny bokhyllerunde, og er veldig glad Hedda orger. Viss ikkje ville det ikkje blitt.
Eg har ikkje Android, så eg veit ikkje. Men han finst i alle fall til iphone og ipad. Han heiter 1001 books. Eg har 1001 movies og. Den har eg ofte brukt, når eg blar litt formålslaust på NetFlix på jakt etter noko å sjå på.
Flott og ærleg bloggpost om kvifor ting ikkje blir som ein har tenkt. Eg syns det er vondt å lesa om menneskje, og særleg menneskje eg liker veldig godt, som av ein eller anna årsak har det vondt. Eg håper og trur at ein dag har du, Bjørg, trukket det lengste strået og kjem sterkare ut av det.
Over til bokhyllelesinga. Coetzee har eg og lest altfor lite av, men med målet om å lesa med større geografisk spredning håper eg at nemnte forfatter kjem inn under i løpet av året. Anna Gavalda-boka har eg lest, og den passer godt som ei feelgood om hausten. Filmen er forøvrig og nydeleg. Russere generelt har eg og lest altfor lite av, men eg har plassert to Tolstoj-bøker i classics-utfordringa så tanken er der hvertfall.
Gler meg til dine bloggposter, og ikkje stress. Bloggen er jo meint som hobby:-)
Takk for det, Elida. Innimellom går livet litt i bølger og då må ein vel ta det som det kjem. Så får ein heller senke ambisjonane på andre område.
Eg trur Gavalda kan vere fin, ja. Medan eg leita i hyllene etter titlar som passa årets kategoriar, fann eg strengt tatt ganske mykje spennande. Så eg kan nok bure meg inne med bokhyllene og klare meg ganske fint.
Eg tenkte på å sjekke ut den classics-utfordringa. Eg har ikkje vore så aktiv på Goodreads, men etter å ha sett bileta på instagram vurderer eg den eg og.
Heilt riktig med senka ambisjoner, og prioriteringer i livet må til 🙂
Eg syns classics-utfordringa er veldig fin. Eg er med på fjerde året, men ifjor gjekk det dårleg. Dette året har eg planer om å få lest dei fleste kategoriane, og når bøkene ligg i ein haug på golvet så auker det motivasjonen (eller staheten) om å minske haugen 🙂
Eg må sjå nærmare på den classics-utfordringa. Eg tipper det er ganske mange overlappande mål med dei måla eg allereie har sett meg. Og du har rett angåande bøker i stabel på gulvet. Før jul rydda eg ein del leseeksemplar som eg har lyst til å lese, men ikkje har tid til å lese akkurat nå, inn i bokhylla, og det var litt befriande. Eg fekk frigjort meg litt frå kjensla av å “burde” lese det nyaste og det blei lettare å velje bøker frå bokhylla.
Det var kjekt å høre fra deg, Bjørg! Jeg setter alltid pris på innleggene dine når de dukker opp her på bloggen. Jeg håper også på mer overskudd i 2015 til å skrive og diskutere bøker. Håper du også finner roen og inspirasjonen.
Det var flotte kategorier du har funnet frem til når det gjelder i årets bokhyllelesning! Jeg gleder meg til å følge med på dette!
Takk for det, Anne. Eg håper og at eg skal ha overskot til å delta meir aktivt i bokbloggarmiljøet. Innimellom saknar eg å følgje med på både din og andre sine bloggar, men det kjem for langt ned på lista og eg kjem aldri til botnen på den lista.
Hedda skal ha cred for kategoriane, altså. Vi har sett litt på dei saman, men det er i stor grad ho som har plukka dei. Kjekt at du blir med vidare.
Synes denne utfordringa er veldig fin. Jeg falt av veldig fort i år, og har ikke meldt meg på i år, men mulig jeg detter innom underveis likevel. Har for eksempel ganske tilfeldig åpnet leseåret med en helt grønn bok fra egen bokhylle, så tenker jeg kan slenge meg på første runden med omtale av den 🙂
For øvrig mye fine bøker du har plukket ut. The Golden Notebook er en av mine absolutte favorittbøker noensinne, og har en følelse av at det er ei bok du kommer til å like også. Det minner meg på at jeg burde laget meg et lesemål om å lese mer av Doris Lessing i år. Jaja, det kan jeg selvsagt gjøre uten å ha det med på den offisielle lista. Flere 1001-kryss kan det gi også!
Ønsker deg et godt (lese)år i 2015, og setter pris på å få lese dine tanker om bøkene og litteraturen generelt!
Altså, formuleringsevnen var visst ikke helt på topp i dag. Jeg falt av i fjor, og har ikke meldt meg på i år var det jeg prøvde å si. Ikke lett sånn helt på starten av året 😉
Eg er faktisk litt usikker på om eg kjem til å lese bokhylleversjonen av Den gyldne notatbok, eller om eg kjem til å få tak i The Golden Notebook. Eg har lese The Grass is Singing før, og eg ser liksom føre meg at Lessing må lesast på engelsk. Når eg tenker meg om trur eg har den boka på engelsk og i bokhylla mi, det må eg sjekke. Eg lager meg stadig lesemål om å lese meir av Lessing, men eg gløymer dei alltid bort igjen.
Og det er heilt lov å bare hoppe på i siste liten. Eg synest sjølv at det er eit poeng å gjere utfordringa så lite formell som mogleg. Strenge reglar kan andre ta seg av … Det å lese ei grønn bok nå, er god nok “påmelding”.
Problemet med ukas grønne bok er at jeg har oppdaget jeg hadde overraskende lite å si om den, så vi får se. Jeg har lest noe Lessing på norsk og noe på engelsk, og har så langt likt bøkene jeg har lest på engelsk best. Noe som kan støtte din teori, men det kan selvsagt være bøkene også. Gitt valget, ville jeg lest The Golden Notebook på engelsk.
The Grass is singing had jet ikke lest ends, men den står i bokhylla her, og jet had planer om å lese den under Lines lesesirkel i år.
Er du tett i nasen, eller? 😀
Eg blir litt nysgjerrig på kva slags grønn bok du har lese. Og eg trur du har rett angåande språk, ja. Og eg har faktisk begge.
Eg har gløymd å sjekke Line-lesesirkelen for i år. Eg pleier melde meg på og gløyme å følgje opp…
Hehe, nei ikke tett i nesa, bare litt for rask på tastene ser jeg.
Jeg har lest Marguerite Duras sin lille “Å skrive” som ble oversatt til norsk i fjor. Jeg liker Duras veldig godt, men jeg har litt problemer med å finne noe å si om akkurat denne. Veldig kort og tidvis nesten som en samling aforismer. Tror ikke det blir noe blogginnlegg av den, får heller henge meg på seinere.
Hei Bjørg,
jeg slenger meg med noen ganger i år også. Fant en bok til årets første kategori, og det er jeg fornøyd med. Synes du og Hedda er flinke til å finne kategorier, det er vanskelig å komme opp med noe originalt, men det har dere klart 🙂
[…] innhogg. I den forbindelser har jeg valgt å slenge meg med på årets Bokhyllelesing hos Hedda/ Bjørg. Kategorien i første runde er “bøker med grønne omslag”, og det var frustrerende […]
[…] dag starter runde to av Hedda og Bjørg sin lesesirkel Bokhyllelesing. Temaet denne gang er et drama fra antikken. Så enkelt, men […]