Saknar du bokhyllelesinga?

Det er alltid vanskeleg å skrive eit første blogginnlegg, etter ein lengre pause. Eg føler på den eine sida at eg har eit forklaringsbehov og på den andre sida at eg ikkje har lyst til å legge ut så mange detaljar åpent, på Internett. Så eg nøyer meg med å seie at eg har vore plaga med ein del sjukdom i lengre tid og at eg har brukt mykje tid på rehabilitering og behandling i vår, noko som har gått ut over blogginga. 

Eg har tenkt på bloggen, eg har tenkt på alle bøkene eg har lese i løpet av vinteren, som eg ennå ikkje har skrive om. Og eg har tenkt på alle bøkene eg har fått og kjøpt det siste året som eg ennå ikkje har lese. Eg har og tenkt på det fine fellesskapet med andre bloggarar og lesarar, i kommentarfeltet. Men då eg starta opp Mellom linjene i september 2012, lova eg meg sjølv at blogginga alltid skulle vere eit overskotsprosjekt, noko eg gjer fordi eg liker å skrive og fordi det er kjekt å blogge. Blogging er mykje meir, men det er ikkje ein jobb og eg vil ikkje gjere det til ein jobb. Og derfor har eg relativt låg terskel for å ta pause, når resten av livet krev litt meir av meg. 

Eg har fått fleire hyggelege kommentarar, både i bloggen, på e-post og på facebook, frå bloggfølgjarar og bloggvenner som har lurt på kor eg har vore. Og det er veldig hyggeleg at de har lagt merke til at eg har vore borte. Det gir verkeleg motivasjon til å logge inn igjen. Spesielt hyggeleg var det med e-posten eg fekk frå Hedda med bloggen Boktanker i sommar. Ho skreiv:

Det jeg lurer på, er om du synes det er greit om jeg vikarierer litt for deg i bokhyllelesesirkelen din, f.eks. at jeg lager samleinnlegg eller lignende. (…) Samtidig synes jeg at lesesirkelen din er en så god idé at jeg ikke vil at den skal forsvinne. Det er jeg redd den gjør om folk ikke får påminnelser om at den fins! 

Dersom eg skal legge bort all falsk beskjedenheit, synest eg at bokhyllelesesirkelen er ein veldig god idé sjølv, og eg har vore litt lei meg for at eg drog i gang eit såpass stort prosjekt, når eg ikkje har hatt kapasitet til å følgje opp. Derfor takka eg hjerteleg, då eg fekk denne e-posten frå Hedda og eg gleder meg over at ho vil ta over lesesirkelen på ubestemt tid. Eg gleder meg og over at det er fleire enn meg som liker denne idéen såpass godt. Så viss du vil lese frå bokhylla di, bør du ta turen inn til Hedda sin blogg. Eg kan jo gjenta at lesesirkelen er av den uhøgtidelege sorten, og at det er lov å melde seg på i siste liten. 

Eg kjem sakte med sikkert til å skrive litt om det eg har lese det siste halvåret, i ro og fred. Men inntil vidare finn de som sagt bokhylleutfordringa hos Hedda! 

14 comments

  1. Så fint at du har fått vikar. Jeg har ikke vært så aktiv selv i lesesirkelen, men lest en del hyllebøker alikevel. Håper du kommer deg sakte men sikkert og koser deg og får påfyll av det som er bra og ikke det som stresser. God bedring.:)

  2. Så hyggeleg med eit livsteikn. Eg er nok mellom dei som har sakna blogginnlegga dine – men kom aldri så langt at eg kommenterte det nokon plass. Som du sjølv seier; blogginga er eit overskotsprosjekt og skal/bør vera lystbetont. Det er ei privatsak om ein føler at ein må ta ein pause – og me som blogglesarar treng inga forklaring – egentleg. Men som sagt; kjekt å “sjå” deg att.
    Bokhylleutfordringa var ein god idé – og eit interessant og nyttig prosjekt. Fint at Hedda kunne steppa inn som vikar!
    God betring!

    • Takk for det! Eg er veldig glad Hedda steppa inn, ja. Og så satser eg på å komme sterkare tilbake etter kvart, sjølv og. Men det er greit å ikkje ha så mange tidsfristar akkurat nå. Og det er jo sant det du seier at ein ikkje treng forklare så mykje. Det viktigaste er jo at ein koser seg med det ein driv med, på fritida.

  3. Eg har sakna blogginnlegga dine, og kunne meir enn gjerne ha tatt over lesesirkelen din då eg syns det er ein genial idé. Då hadde eg kanskje vore meir aktiv og 😉

    Det er ein privatsak kva som rører seg bak ein bloggskribent, og om det er sjukdom, jobb eller rett og slett tid som tar frå ein blogglysta, så kan det skje alle. Eg har og ei lita bunke med bøker som absolutt skulle hatt ein anmeldelse. Om det blir får tiden vise!

    God betring! Klem ❤

    • Hihi, ja, det forplikter jo litt meir å drifte enn å “bare” delta. 🙂

      Eg har for så vidt alltid ei bunke med bøker som skulle blitt blogga om, men akkurat nå er ho langt større enn normalt. Men eg har sjeldan eller aldri kapasitet til å skrive (godt) om alt eg les. Og det er kanskje ikkje nødvendig heller?

      • Eg syns ikkje det er nødvendig å skrive godt om alt ein les 🙂 Skriv slik du vil, så får andre akseptere det eller la vere å fylgje bloggen din 🙂

      • Joa, det er eg einig i. Men eg foretrekk faktisk å poste færre innlegg som eg kjenner meg fornøgd med, framføre å skrive noko om alt eg les. Då eg begynte å blogge, brukte eg bloggen litt som ei lesedagbok, då skreiv eg kort-kort om alle bøkene eg las og litt lenger om noker bøker innimellom. Men eg kjende det blei eit stressmoment å skulle skrive om alt eg las. Og etter kvart kjende eg sjølv at eg hadde meir glede av å skrive grundige og utfyllande innlegg om nokre bøker og heller lage lister over kva eg har lese i løpet av året. Eg ser på blogginga som skrivetrening, og vil heller levere færre gode innlegg enn mange hastverksarbeid.

      • Eg pleier og å heller skrive godt om nokon bøker. Nå leser eg fleire norske krimserier (som Unni Lindells- og Karin Fossums bøker), og eg føler ikkje for å skrive om alle bøkene (evt i eit samleinnlegg om eg får motivasjon) rett og slett fordi eg syns det blir overkill å ha eit innlegg for kvar bok. Men det er nå bare meg 😉

  4. Så glad jag är över att du är tillbaka! Ibland måste man ta en paus- som du säger, att blogga ska vara lustfyllt annars blir det “fel” , tycker jag. Hoppas att du känner dig bättre. Många kramar från Ingrid

    • Takk for det! Ja, det hender ein må ha litt pause. Og det går framover, det gjer det. Eg tenkte forresten på deg i sommar, då var vi i Sverige. Riktignok i Värmland, så det var litt for langt unna til å ta kontakt, men eg tenkte på deg likevel. 🙂

  5. Så bra å se livstegn fra deg, du har vært savnet. Og veldig snilt av Hedda å ta over bokhyllelesinga. Håper du er på bedringens vei, og selv om jeg er dårlig kommentator, så leser jeg alltid 🙂

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s