Nyttårsforsett: Å lese verdslitteratur. Episode 1: Illiaden, etappe 1

Eit av nyttårsforsetta mine var å lese fleire av dei store, internasjonale klassikarane eg har ståande i bokhylla. Det har på mange måtar vore eit forsett som har blitt liggjande litt “baki der”, medan eg har lese mykje lett litteratur og mange av vårens ungdomsromanar. Men nå har eg altså minna meg sjølv på nyttårsforsettet mitt og funne fram Illiaden frå bokhylla. Eg gleder med til å lese både denne og Odysseen, som av mange blir rekna for nokre av dei tidlegaste litterære tekstane i vår kultur. Det er tekstar eg kjenner på at eg burde kjenne til. Så nå er altså første steg unnagjort. Eg har tatt Illiaden ut av bokhylla og lese forordet.

Då eg studerte litteratur, hende det at eg las store episke dikt. Og eg likte dei alltid, men det var alltid tungt å komme inn i språkføringa. Eg trur det heng saman med at eg ofte forventer at dikt ikkje skal vere episke, men at dei skal vere ei skildring av ei stemning eller ei kjensle. Eg forventer og at dikt skal vere korte og meiningsberande, eg forventer ikkje at dikt skal strekke seg iver mange sider og fortelje ei samanhengande historie. Eg veit ikkje korfor eg tenker slik, for eg burde ha lese mange nok episke dikt, til at eg hadde skjønt at det ikkje er slik. Men nå som eg åpner Illiaden og les dei første sidene, ser eg at eg nok ein gong må omstille meg litt mentalt og at eg på ny må lære å lese eit episk dikt som eit dikt som fortel ei samanhengande forteljing. Det er ei treningssak, eg veit det. Det handler bare om komme i ham og å komme inni det.

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s