Ei romjulsoppdatering

Eg har hatt ei fin jul med mykje familiekos og lite nettid. Og det har strengt tatt vore ganske godt med ein pause frå daglege oppdateringar på alle kantar.

I dag er eg aleine heime har fått tatt meg tid til å etterforske kor den fine nissepakken min kom frå, for Ragnhild bak Lattermilds bokblogg har arrangert hemmelig nisse i år, eit veldig fint initiativ!

Romjul

I tillegg til reinsdyrhorn-bøyle (som var stor suksess men dessverre nå er istykkerleika av familiens yngste), candy-stenger, lakris og te fekk eg to bøker eg gleder meg til å lese av nissen som eg gjetter på at er Vibeke frå Boka mi (det var i alle fall du som nominerte Ethan Frome til 174-beste-bøker-lista). Nissen skriv i kortet at ho liker Oslo, noko Vibeke òg har nemnd i ønskeliste-innlegget sitt, så eg trur eg må vere på sporet av noko her. Eg fekk altså Ethan Frome og Store stygge dikt ei bok eg har høge forventningar til, etter å ha lese Urd. Tusen takk Vibeke (trur eg)! Eg har allereie spist opp både lakrisen og candy-stengene og ser fram til å lese bøkene og drikke teen.

I år såg eg spesielt fram til å åpne julegaven frå Line, som har anbefalt Steinar Opstad varmt ved fleire anledningar. Eg får veldig sjeldan bøker til jul, sjølv om eg prøver å ønske meg det, folk seier at eg har så mykje og at dei ikkje veit kva eg har lese, så dei våger ikkje gi meg bøker (kva er problemet? Dersom eg skulle ha ei bok frå før, er det jo bare å bytte ho i ei eg ikkje har, det er mange av dei òg). Men Line tok altså sjansen og traff blink med Å høye dag. Eg gleder meg veldig til å lese denne diktsamlinga, og håper å få tid til deg ganske snart.

Innimellom familiekos og kakespising har det blitt litt lesing, og stabelen over bøker eg har lese men ikkje blogga om endå har blitt større. Eg har lese Urd av Ruth Lillegraven og Liten av Nils- Øivind Haagensen. Nå held eg på med Skårganger av Sivert Nesbø, De håpefulle av Nicolay Houm og Bryllup og begravelser av Jens M. Johansson, alle bøker eg håper eg skal rekke å lese ferdig før nominasjonsfristen til Bokbloggerprisen 2013 går ut. Eg har i det heile tatt ein liten stabel med bøker eg håper eg skal rekke å lese før denne fristen, og eg er heilt sikker på at eg ikkje kjem til å rekke gjennom alle. Neste år skal eg begynne tidlegare å lese årets bøker!

Eg hadde ambisjonar om å lage ei oversikt over kva eg har av bøker, kva eg har lese og kva eg ikkje har lese, til Bokhyllelesinga eg starter opp over nyttår. Eg ser at det skal litt til å ha lista klar til 1. januar, men eg jobber i alle fall med saken og eg har nå laga liste over all skjønnlitteratur fram til D, noko som ser ut til å utgjere omlag 1/5 av bøkene eg har. Så eg har eit stykke arbeid framføre meg, før eg er ferdig med både ryddig og notater. Men å rydde i bokhyller er morsom rydding – eg kjem over bøker eg har gløymd at eg hadde og bøker eg har lyst til å lese om igjen.

Eg sette meg ingen konkrete lesemål for 2013, utover å lese etter innfallsmetoden. Når vi nå nærmar oss 2014, vil eg sette meg litt fleire konkrete mål. Mellom anna har eg planer om å lese fleire europeiske klassikarar. Med mastergrad i nordisk litteratur, har eg lese veldig mykje særleg norsk og svensk litteratur, men lite av det som gjerne blir sett på som verdslitteratur. Nå som eg går gjennom hylla ser eg fleire bøker som eg er litt flau over å ikkje ha lese endå, som eg håper å komme innom i løpet av 2014. Så i tillegg til å lese bokhyllebøker, vil eg lese fleire klassikarar i 2014. Men det skal eg komme tilbake til i eit eige lesemål-innlegg på nyåret.

Nå nærmer vi oss slutten på romjula og det gjenstår bare å takke for følgjet i 2013. Eg sett stor pris på kommentarar og stadig fleire bekjentskap og vennskap, både på nett og i verkelegheita. 2013 har vore eit år kor eg har blitt kjend med mange andre bloggarar, ved ulike anledningar. Eg håper 2014 vil by på fleire gode møtepunkter. Takk for eit godt år, kjære lesarar.

6 comments

  1. Det har vore eit meget godt år, Bjørg, og det jillaste var å treffe deg i levande live!

    Ser fram til fleire blogginnlegg frå denne kanten, og spesielt europeiske klassikere:-)

    Godt nytt år!

    • Ja, det var absolutt eit høgdepunkt! Eg håper ikkje eg er for ambisiøs, når eg planlegg å lese meg gjennom den europeiske litteraturhistoria. Vi får sjå korleis det går.

    • Så bra! Eg gjetta riktig altså! Eg liker pakken veldig godt og gleder meg veldig til å lese bøkene. Så den fallt absolutt i smak. Tusen takk!

Legg igjen ein kommentar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out / Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out / Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out / Change )

Google+ photo

You are commenting using your Google+ account. Log Out / Change )

Connecting to %s